Stikkordarkiv: vannsport

Leiken Hanevikdag

Den sjette Hanevikdagen vart arrangert 6. september og Hanevik vel inviterte til Lek og spill, og mere til… 

Vi var klare for å leike og tok turen til koselege Hanevik på Askøy. På vegen ned til sjølve arrangementet måtte vi sjølvsagt stoppe hos Butikk Josephine som hadde eit lite bruktmarked utanfor sin koselege butikk og kafe.

Nede ved Hanevik sto veteranbussen som hadde frakta folk som hadde sett bilane sine på Ask, og ved inngongen var det klart for å skrive på inngongsbillettane, som også er lodd og legge i mjølkespannet, det er ti for dei store og ti for dei små… Altså koseleg, heilt frå første møte.

Tema for i år var lek og spill og mere til… og vi gjekk straks i gong med leik, det var kaste risposar på blikkboksar, skyting med luftgevær, flotte dukkevognar sto utstilt, ungane kunne lage seg hoppetau med husflidslaget og etterpå leike seg med det, eller fine band med slyngestokkar. Det var også høve for å forsøke seg på petanque, (eller boccia, boulle, kjært born har mange namn, eller er det forskjell?), med Bergen petanqueklubb.

Sjølvsagt var det også høve for å leike seg i sjøen, Askøy kajakklubb  og Aktiv As, hadde med seg mange kajakkar til å prøve seg i, både saman to og to, eller åleine, og det var mange som ville prøve seg.

Det var også sett opp ei liten vikingleir, og Tidsreiser var på plass, og tok gjerne ein kamp med sinte latekssverd.

Folk koste seg i godværet, mellom leiker, folk og aktiviteter. Det var også sjølvsagt høve for å få seg rikeleg båda av kaffe, vaflar, saft og kaker, mange lag og organisasjonar viste seg fram kva aktivitetar dei kunne by på ellers i året også.

Nok ein gong stelte Hanevik Vel og alle samarbeidspartnarane i stand ei flott Hanevikdag for store og små!

Gammeldags kos i Hanevik i Askøyværingen

Reklamer

Dajen darpå i Austrheim

Søndag 16. august var det Dajen darpå i Austrheim, då var det dagen etter Fonnesdagen – dajen dar folk møtest vart arrangert, og to dager etter Dajen før dajen, med konsert på fredagskvelden.

Arbeidsgruppa for Fonnesdagen sto på for skape ei flott helg med opplevingar for store og små, gamle og unge. Då dagleg leiar og familen kom til Årvika vart det ennå litt tidleg søndag føremiddag, dagen etter den store Fonnesdagen, og det var ganske så grått og trist ver, og ikkje minst mykje stikkande smådyr i lufta. Det var ein liten gjeng på plass i den nyopparbeida badeplassen i Årvika, det var fyr i bålpanna og folk i hytta. Ein del ungar prøvde seg på havsportaktivitetar både i kajakk, i SUP-board, og i bad. Minsteguten vår fekk også prøvd seg på ein av favorittakitivitetane, nemleg padle kajakk. Det var ei stille og roleg Dajen darpå. Vi kunne seinare sjå i avisene at det hadde vore godt frammøte då det seinare på dagen vart halde friluftsgudsteneste her.

Etter ein stopp i Årvika var det naturleg å ta turen ut til Vardetangen, vestlagaste fastlandspunkt i Norge. Det var grei merka tur utover, og ein fin tur i det fuktige været. Vel framme ved på Vardetangen fann vi både varde, koordinatar og ei jettegryte. Det er Friluftslivets år, og fint å gå tur i kystlandskap.  Ein slik tur gjer at ein skjønar Austrheim  sitt slagord Opne landskap – ope sinn. 

Sidan det var søndag og Dajen darpå, fekk vi også såvidt eit lite glimt av dei andre arenaene der det hadde gått føre seg arrangement og aktivitetar den siste tida, ikkje berre Fonnesdagen på fonneskaien, men også på kaien i Mastrevik, som hadde vore arena og utgongspunkt for ei rekkje aktivitetar i Havsportveka, her sto bakken til Ta sjansen! telt og utstyr etter dei mange ulike havsportane som hadde stått på programmet. Ein ribbåt kom inn frå ein siste tur utpå bølgjene. No var det tid for å kvile ut etter ein fantastisk innsats både etter Havsportveka som hadde sin siste dag, Ein smak av Austrheim, som pakka telta og utstyret sitt ved Mastrevik torg, og på Fonneskaien og i Årvika.















Frå Havfestivalen 2014

Fredag 15. og lørdag 16. august var det Havfestivalen i Storesundet på Syltøy i Fjell, det var den fjerde i rekken, etter eitt års pause. Primus motor for festivalen er Gert Nordvik, med seg har han familien Storesund, som har lange tradisjonar i på staden. Sjå meir om historien om og bagrunnen for festivalen.

Fredag kveld var det dei vaksne sin del av festivalen, med konsertar og show, med Ausekarane, Endre Nordvik, Grace&Menace, MK Marvellous Medicine  og New Age, det var scene både i naustet og ei hovudscene ute.

Starten på helga var det ein del regn, men det møtte likevel opp mykje folk for å få med seg festivalen.

Sjølv kom vi med bil på lørdag, men la merke til at det sto mange bilar parkert på Møvik, og då vi kom ut til Storesundet fekk vi forklaringa – det var sett opp skyssbåt som gjekk i rutefart og frakta folk. Eit populært og godt tiltak!

Laurdag var det familiedag med mange opplevingar og aktivitetar for familiar, med mellom anna besøk av Vennebyen. Likevel var det i stor grad Sjørøvarar og piratar som prega mykje av dagen, i hvert fall då vi var til stades. Det var eit kjekt show først frå scena, og alle måtte ta del i sjørøvaraktivitetar som minna mistenkeleg om aerobic, men kva gjer vel det? Det vekte latter og glede. Ivrige små tilskodarar fekk også ta turen opp på scena for å framføra ein song. Etter showet frå scena retta vi merksemda mot sjøen, og der låg det jammen eit lite sjørøvarskip. Alle ungar og vaksne gjekk mot sjøkanten og sjørøvaren tok fram sin store kanonsprettart for å få tatt fienden sin, og å få tak i ein skatt. Mange fekk vere med å fyre med kanonen som sende vannballongkular mot piratskipet. Til slutt fekk dei has på fienden, nokre av dei måtte gå planken, mens skipet var ført til brygga. Vel i land tok «vår» sjørøvar eit kobbel av ungar med seg for å finne skattekista – det gjorde dei, og skatten vart delt – gullpengar til alle!

Andre aktivitetar hoppeslott iform av eit sjørøvarkip, vi kunne skyte med pil og boge, kaste øks på blink, prøve små elektriske bilar, eller ride på hest.

Ein havfestival har sjølvsagt også hav- eller sjøaktivitetar, og borna kunne komme seg litt utpå i Redningsselskapet sin Eliasbåt. Dette er framleis veldig populært, og i år har Eliasbåtane også fått  ny og finare design, slik at dei liknar meir på Elias som ungane kjenner frå film og TV.

Den gamle landhandelen i Storesund er i dag omgjort til museum av Egil Storesund, med alt mulig «rart» fra «a til å». Her nytta vi høvet til å ta ein kikk innom, og vi fekk ei historie og ny lærdom med oss ut igjen.

Det var også ei mengde ungar ute i sundet i kajakkar, det var tydeleg populært og kjempegøyt! Det var stor stas å handtere farkosten sjølv, og for mange var det gjerne den første, men ikkje den siste turen med kajakk, kan hende ein framtidig hobby.

Det var sjølvsagt også høve til å kjøpe seg mat, vi fekk mellom anna prøvd Fjell kystlag sin deilige fiskesuppe!

Havsportveka

Hadde meg en flott tur til Austheim i går i snøværet. Har startet på min rundtur til de 20 kommunene for å høre om planleggingen av årets aktiviteter under Kystsogevekene. Det er alltid inspirerende og kjekt å treffe folk der det skjer, og ansikt til ansikt, ikke bare på mail.

Austrheim satser stort på havsportaktiviteter, og tar mål av seg å bli like kjent for sin Havsportveka og aktiviteter som Voss er for Ekstremsportveka og ekstremsport. Det er også besluttet å opprette et eget havsportfag på Austrheim Videregående skole.

Havportveka ble arrangert første gang i fjor og hadde over 60 aktiviteter og mange hundre aktive innenfor dykking, padling, seiling, RIB-båtturer, og en mengde varianter innenfor de ulike grenene. I tillegg var det Havcamp og fokus på god maritim mat.

Også i år satser de også friskt med Havsportveka fra 11. – 15. august. Det skal bli spennende å følge med. Jeg tanker i hverfall at jeg vil la min 11-åring få prøve seg på skattejakt i fridykking, kanskje jeg selv også kan få meg med en padletur eller to?

www.havsportveka.no/

Havsportveka 2009
Fridykking for barn og unge ved Krossøy