Stikkordarkiv: NRKAnno

Båtbygging som i Anno 1764

NRK sender for tida ei realityserie Anno 1764 som er tatt opp på Schøtstuene på Bryggen i Bergen. Hanseatisk museum og Schøtstuene i Museum Vest har lånt ut lokala sine på seinsommaren og hausten til innspelinga, og har utover vinteren formidlingsopplegget BarnasAnno der  barn og publikum kan sjå lokala og gjere ulike aktivitetar som deltakarane også har vore gjennom. I tillegg kjem fleire deltakarar i serien på besøk dei forskjellige dagane. Der er det kvar uke eit svennestykke og meisterstykke.

Denne laurdagen var det Claus Dalvang som hadde vore gjennom svenneprøve og meisterstykke, oppgåva var båtbygging, og dette måtte vi sjølvsagt få med oss. Deltakarane fekk opplæring av båtbyggar Berit Osmundsen frå Oselvarverkstaden. Oldermannen som skulle godkjenne svenneprøven og meisterstykket var båtbyggaren Hallgeir Forstrønen Bjørnevik. Claus var tilstades saman med dei andre båtbyggarane. Annodeltakaren Enok Groven var også på plass, hans svenneoppgåve var sying, og derfor gjekk han i gong med å hjelpe til med å lage segl på ungane sine båtar, innimellom autografskrivinga.

I Barnas Anno fekk barna fikk prøve seg på å klinke bord sammen på en båt. Langbordet i den raude stova var dessutan fylt opp med trebiter, kapp og spikar slik at store og små barn kunne lage sine eigne båtar. Skal seie det var båtbygging, det hamra og det saga og det klinka og ljoma i det erverdige, gamle bygget.  

BarnasAnno var kjempekjekt og det var svært mange born som kom kry heim med sin eigen sjølvbygga og konstruert båt. Neste laurdag vert det eit nytt meisterstykke og nye aktivitetar i Schøtstuene – dette var kjekt!

PS!

Sjølvsagt måtte vi smake den eksotiske matretten frå 1700-talet – Eggebubbert – ein dessert som har vorte gjenoppdaga av NRK Anno.

Reklamer