Stikkordarkiv: musikkhistorie

Ivar Medaas – Dar kjem Dampen – var på Kystturne

«Ein pangstart på kystturnéen i går! Stappfullt hus på Breidablikk samfunnshus Olav måtte gje frå seg garderobesofaen for at folk skulle få sitja. Eit fantastisk publikum og ei stor oppleving for oss i Dampen. I kveld er det Grendatun i Uggdal», står det på Ivar Medaas – Dar kjem Dampen side eigen Facebookside. 

Kystturneen gjekk heilt på tampen av august, og haldt fram i indre strøk før den enda i Bergen på Lille Ole Bull Scene med ekstraforestillingar utover i oktober.

Claus Sellevoll var frontfiguren som også imiterte Ivar Medaas, med seg på scena hadde han Olav Stedje, Annlaug Børsheim og Aage Vaksdal. I kabareten Dar kjem dampen følgde vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Vi vart tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet vart framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne. vi fekk og eit gjenhøyr med kjente og kjære viser. Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund i Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geir Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk.

Forestillinga i Sævareid i Fusa var starten på kystturnéen som gjekk vidare til Uggdal på Tysnes, Oseana i Os, Bømlo kulturhus på Bømlo og Holmeknappen i Meland, i tillegg til nokre stader som ikkje er i kystsogeregionen. Etter kystturnéen vart forestillinga vist på Lille Ole Bull Scene med fleire ekstraforestillingar. Arrangørane i Fusa meldte om gode tilbakemeldingar frå artistane. Utruleg fin stemning. Folk hadde ikkje lyst å gå hem att!

Reaksjonar frå Tysnes kan du sjå i Tysnesbladet, der syntes dei det var heit Fantastisk! På kaien på Holmeknappen i Meland skreiv avisa Strilen at Folk stod som sild i tønne for å få med seg kystkultur og førestillinga «Ivar Medaas-Dar kjem dampen», og oppslag frå kaien fyller framsida med overskrifta Kystsogesuksess.

Dagleg leiar fekk med seg forestillinga i Os og var mellom dei som opplevde Stor stemning og flotte tilbakemeldingar frå publiken i Oseana i kveld. Her fekk publikum både mimre og le, høyre fin musikk og sjølve Oster si hese fløyte, og sjølvsagt signatursongen Dar kjem Dampen. 

Ta gjerne ein kikk på IvarMedaasDarKjemDampen sine eigne sider, der dei har rapporterar både frå forestillngane langs kysten, og ikkje minst frå då forestillinga vart sett opp i Bergen.

Reklamer

Kom bli med på landet – med Fjellkoret


vårvise

Fjellkoret inviterte til to Kleppevikkveldar i Liaskjærshallen i byrjinga av september. Det var ei kjempeflott oppleving som eg fekk dele med ei nær fullsett Liaskjærshall på fredag 5. september. Då fekk vi vere med Fjellkoret til tida før i tida, med kabaret, song og skodespel frå strilakulturen og kystkulturen som Johannes Kleppevik skildra i mange av songane sine.

Forestillinga var  bygga opp kring nokre figurar, som Knut’n som tek seg hyra i utenlandsfart, og familien hans før han dreg og når han kjem heim med nye impulsar frå den store verda. Vi møter også Anne-Linn som var kjærast med ein kar utanbygds i frå som hadde både trekkspel og gitar, og dessutan bygdeoriginalen Simon får seg jobb på den nye uljebasen på Ågotnes.

Heile forestillinga gjennom får vi høyre Fjellkoret synge songar av Johannes Kleppevik og publikum får sjølve ta del i songane gjennom allsong. Koret har følgje av eit husband som stødig vert leia av Olav Ulveseth på trekkspel.

Fjellkoret fekk seg ein pause då Sigrid-Marthe Kleppevik entra scena for å fortelje om far sin, Johannes Kleppevik. Ho har nyleg saman med Olav Kobbeltveit, gjeve ut ein bok om faren, som også inneheld tekstar og notar til mange av dei kjente og kjære songane frå kystkulturen.  Ho fortel også små anektotar om faren både frå hans oppvekst og liv.

Etter pausen vart det både Uteseglarvals og Striladans, Motorbåt og ein laurdagsdans, med både kor, allsong og musikk. Gjengen på scena såg verkeleg ut til å trives, og dette smitta i rikt monn over på oss publikum. Heile kvelden var ei hyggeleg stund som i stor grad skuldast den (i hvert fall tilsynelatande) avslappa gjengen på scena som var godt sveisa saman. Dei koste seg, og vi koste oss! Vi vart kjent med typar og fakter, og lo med mang ein gong. Dette var ein kjekk kveld med mykje latter, lun humor, strilakultur og kystkultur. Det var god musikk, god song og gode blikk. Vi gjekk alle heim med smil om munnen som vara lenge!

Tusen takk til Fjellkoret, musikarar og Sigrid-Marthe Kleppevik. Ikkje minst tusen takk til Jonannes Kleppevik som gav oss eit blikk på kystkulturen og gjorde stilane stolte over kulturen vår!

Andre omtaler at forestillinga:

No ska med kosa oss – i Vestnytt

Gjentar Kleppeviksuksess – i Vestnytt 

Filmklipp frå kvelden på YouTube

Kruttrøyk over Engevik Gaard!

24. august var det Kystsogedag på Engevik Gaard, og denne dagen sto i militæret sitt teikn. I år er det 250 år generalmajor Christian Wilhelm Segelcke døydde, han grunnla av offisergarden Engevik Gaard,  tidleg på 1700-talet. Kva passa då betre enn å invitere Kong Frederik IVs Tambourafdeling af 1704 som har ambisjon om å gjenskape og formidle datidens soldater og offiserers liv i felt og innenfor festningsmurene. C. W. Segelcke var kommandant for Søndre Bergenhusiske Infanteriregiment, han kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard.

Det var verkeleg eit staseleg inntrykk då tamburavdelinga kom marsjerande inn på tunet på Engevik. Dei tok seg verkeleg godt ut, men dei apperlerte også til andre sansar, både lyd og lukt. Tamburavdelinga har ei einig som står for musikken, eller spelet som dei kallar det, og her var det både tambourer, dvs trommeslagere, og signalhornister, eller trompetblåsere. Instrumentene dei nytter seg av er så langt det let seg gjere, kopier av instrumenter fra 1700-tallet. Musikken vi fekk høyre var i hovedsak av gamle signaler, marsjer og fanfarer som ikkje har vorte spelt på ca 250 år, og lyden vi fekk høyre denne dagen kan ha lagt tett opp til om Segelcke sjølv hadde ein avdeling på garden i sin levetid.

Tambouravdelinga er også opptatt av Trommeslåtter, ein gamal norsk trommetradisjon som i hovedsak kommer fra Vestlandet som i motsetning til feleslåtter  mens trommeslagerens speleteknikk var i ferd med å dø heilt ut. Johannes Sundvor`s samlinger av trommeslåtter fra begynnelsen av 1900-tallet var kanskje hovedgrunnen til at trommeslåttradisjonen lever videre, og denne dagen fekk vi høyre Eivind Sundvor spele og fortelje om slåttane bestefaren skreiv ned.

Midt på dagen fekk Engevik meir celebert besøk, då Shetlandsbussen KNM  Hitra kom til gards med ein delegasjon frå forsvaret. Hitra vart tatt i mot med kanonsalutt og honnør frå Tambourtroppen. Til gjengjeld vart troppen inspisert av kontreadmiral Bernt Grimstvedt frå Fusa, han fekk også avduke minnesmerket over C W Segelcke.

Det var ein fanstastisk dag på Engevik gaard!

For mange, mellom anna delegasjonen ombord i KNM Hitra, fortsette denne med festmiddag på Sævareid ungdomshus, der det var kåseri og ikkje minst utdeling av Kulturvernprisen 2013 i Fusa Anders Kåre Engevik-prisen. Årets vinnar vart Tønnegarden Economuseum v/Jostein og Kari Gangstø – for det store arbeidet dei har gjort for å ta vare på og formidla bøkkartradisjonen i Fusa.