Stikkordarkiv: militærhistorie

Aktivitetar og tur på Herdla fort

Søndag 4. september var det Aktivitetsdag på Herdla fort, med opplevingar for heile familien. Heile det store området på Herdla fort var tatt i bruk, av museet og ulike lag og organisasjonar.  Sola skein frå klar himmel, og lokka til vandring i spennande landskap, og dørane til fortet sto ope slik at vi kunne utforske hemmelege rom i fjellet. 

Då vi kom til Herdla fort denne flotte søndagen vrimla det alt av folk på heile det store området. Det var hestar som kunne ris og hundar som skulle vise sine kunster, det var taubane, diskogolf og turløype.

Vi fekk raskt med oss at vi kunne rekke eit lite høgdepunkt på dagen, nemleg kanonsalutt kl 12.15. Med kartet i hand la vi ut på vandring langs vegen rundt neset. Vi passerte utstillingshallen GUL 16 der flyet frå andre verdskrig står utstilt, og der det var kafe. Vi rakk ikkje innom denne gongen, her måtte kanonen prioriterast. Askøy Turlag markerte også Kom-deg-ut-dagen, og det var hengt opp rebusoppgåver langs løypa. Askøy jeger og fisk hadde stand der vegen bøyer rundt, og der De Zee Ploeg minnepark er.

Vi gjekk løypa videre og skunda oss ned til kaien ved torpedo-batteriet.  Det sto ein liten kanon klar på kaien, og kort tid etter var det stor spenning medan vi venta på salutten – og jammen var det smell! Då kruttrøyken hadde lagt seg, såg vi at kanonen hadde flytta seg mange meter bakover på kaien. Artig for store og små som så det, og garantert til å høyre utover eit stor område, både på land og utover fjorden.

Etter salutten hadde vi tid til å roe oss ned og sjå på krabbene som var i kummen, her kunne vi også ha kjøpt med oss krabbe, både kokt og levande.

Torpedobatteriet var også ope, og det er spennande å få gå inn i dette tidlegare militære anlegget. Her låg det torpedoar og missiler i mange storleikar, merka med dummy, heldigvis utan sprengstoff, men med ledningar, bolter, propeller og andre merkelege innretningar. Her kan ein gå rundt lenge og la seg fascinere.

Etterpå gjekk vi også inn i ein fjellhall der store kontainare hang fritt og tungt frå taket, for ikkje å gå istykker om det kom ein stor spreng som ryste bakken. Inni desse var det både soveplass, komandosentral, overvaking og alt som trengtes under den kalde krigen.

Vel ute i sola igjen gjekk vi opp til Herdla fuglestasjon der dei var i gong med å merke fugl. Vi fekk sjå fugler på nært hald, og fekk fortalt korleis ein gjer når ein målger, veger og ringmerker fugler. Dette var populært, og mange stoppa opp også her får å sjå og høyre.

Vidare var det både Vikingaktivitetar ved Askøy vikinglag, og målgang og innlevering for Askøy turlag sin rebus.

Vi og svært mange andre hadde ein flott Aktivitetsdag på Herdla fort. Tusen takk til arrangørane Herdla museum og alle samarbeidsparane Herdla fuglestasjon, Askøy turlag, Askøy diskogolfklubb, Askøy kommune, kulturavdelinga, Gone paddling, Herdla forts venner.

Reklamer

Aktivitetsdag på Herdla fort

Søndag 6. november var det Den norske Turistforening sin nasjonale Kom-deg-ut-dagen. Denne dagen har vore markert på Herdla i fleire år, og var arvtakar for Herdladagen, og arrangementet har fått namnet Aktivitetsdag på Herdla fort. Det er ei rekkje lag og organisasjonar i sving med få i stand arrangementet, saman med Herdla Museum, ei avdeling i Museum Vest.

Her var det redningshundar, ornitologforening, friluftsrådet, statens naturopplyn, turlag, korps, jeger og fiskeforening, vikinglag og fleire som alle bidro slik at publikum skulle får rikeleg med aktivitetar og opplevingar. Askøy turlag hadde også Tipp-tur, som det var naturleg å ta når ein gjekk på tur mellom aktivitetar og oppgåver, her møtte vi nemleg på postar med spørsmål undervegs, og traff samtidig på fleire av foreningane.

Vi koste oss og fekk litt trim og aktivitet denne føremiddagen på Herdla, og det var det også mange andre som gjorde kunne vi sjå i avisa Askøyværingen: Askøy Turlag vil ha deg ut i og Flere hundre kom seg ut  i Askøværingen

Veka etter aktivitetsdagen kunne vi også lese i Askøyværingen at det no var vedtatt: Herdla-torpedobatteri-fredet-av-riksantikvaren. Vi rakk ikkje å gå til torpedobatteriet denne gongen, men har vore med og sjå den spennande militæranlegge på ein tidlegare aktivitetsdag.

Kystsogevekene var i torpedobatteriet alt då det var Herdladagen, i 2010 og på Aktivitetsdag i 2012.

Kystsogedag på Engevik Gaard Anno 1723

Engevik gard er ei kulturperle frå 1700 talet som tilbyr servering og omvising på den historiske plassen. Her er ni bygningar som skriv seg tilbake til 1700-talet. NRK sin realityserie Anno var populær i vinter, der levde deltakarane på 1700-talsvis.  Anno 1723 vart valgt som tema av arangørane i Sævareidfjordens Ungdomslag, Fusa kommune og Engevik gaard til årets Kystsogedag i Sævareidfjorden. Årstalet var valgt etter året oberstløytant Christian Wilhelm Segelcke, kjøpte garden som sjefsgard, og busette seg der. Dei ville legge vekt på 1700-tals handverk, aktivitetar, marknad, mat og leik.

Årets opnar og attraksjon var Enok Groven, kjent frå NRK Anno sin serie, for mange den moralske vinnaren, sjølv om han kom på andreplass. Han fekk forøvrig  Gullruten som Årets deltaker på tv-bransjen sin kåring.

Enok var ikkje einaste kjente ansikt frå tv-serien som var på Engevik denne dagen. Deltakarane skulle lære seg å lage tønner i løpet av opphaldet. Opplæringa i forkant og bedømming (oldermann) innan bøkkerfaget er det henholdsvis Oddvar og Jostein frå Tønnegarden i Fusa som sto for. Tønnegarden var også til stades på Engevik på Kystsogedagen. I tillegg var også oldermann i båtbygging Hallgeir Forstrønen Bjørnevik på plass for å vise og fortelje om båtbygging.

Det var også fleire innslag frå scena, både kåseri om 1700-talet, framvising og forteljing om den flotte Fusabunaden, og song og musikk ved Idar og Natasja og gruppa Standing still.

Det var også Torgdag ved Engevik gard med sal av ulike både matprodukt og handverk, og Barnas Anno med lykkehjul, krokett og andre leikar.

Inne i hovedbygninga hadde Hålandsdalen Folkedraktsaum utstilling i to vakre stover. Her var både heile bunader, draktdeler og stoff vist fra, og det var høve for å ta en prat om bunad. Det vart også vist fram og fortalt om arbeidet med fusabunaden frå scena. Dette valget av tema var vel neppe tilfeldig, de skjøna vi då det vart avslørt kven som vart tildels Anders Kåre Engevik kulturvernpris for 2015, nemleg eldsjel og initiativtakar til å få rekonstruert fusadrakten. Else Bodil Gjøn er ein kulturarbeider som i mange år har gjort ein uvurderleg innsats for å ta vare på og vidareføra lokal drakttradisjon.

Engevik Anno 1723 viste også fram ei rekkje handverk. Her var det både bøkring, båtbygging, lefsebakst, smiing, og ikkje minst prat om handverket og resultata.

Denne dagen var det også Barna sitt Anno. Det var lagt opp til ein kunnskapsquiz som gjorde at barna kunne oppsøke handverkarane innan fleire fag og få hjelp til å finne ut kva ulike verkøty var for noko og korleis dei skulle brukast, og andre spørsmål som dei kunne lære av. Vinnaren sin premie var ei sverdkamp og litt opplæring i fekting med Enok.

Programmet for dagen

Førehandsomtale i Os og Fusaposten
Cultura Anno i Os og Fusaposten
Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris 2015

Anne Hesvik – kunstnar

 

Det kastes! 1 – 2 – 3!

Kong Harald fór vestetter langs med lande og hadde ein ovende stor her, og denne vetteren kalla dei muge-vetteren. Kong Harald kom til Bjørgvin joleftan og lagde seg med floten i Floruvaagar, daa han ikkje vilde slaast i joli, for helgi si skuld, men kong Magnus laga seg til i byen. Han lét reisa ei valslyngje ut-paa Holmen og lét gjera ei lense av jarnlekkjur og timber og leggja tvert yvi Vaagen fraa kongsgarden (Frå soga om Magnus Blinde).

Julen 1134 lot kong Magnus byggje ein valslynge på Holmen i Bergen (Bergenhus festning), for å verna innløpet til Vågen. Dette er første gong ein kastemaskin er omtala  i Norge. I resten av den langvarige borgerkrigstida på 11-og 1200-tallet vart dei brukt hyppig, både mot skip og festningar.

Valslyngen «Magnus», vart innvia på Koengen under Bergenhusdagene, den er bygd av Bjørgvin Handverkslag, ei gruppe som særskilt interesserar seg for historisk handverk og teknikkar.  Skipa på Vågen fekk ligge i fred denne gongen, men vi fekk likevel ein slagkraftig oppvising med eit heftig middelaldervåpen. Valslyngen var utan tvil ikkje berre årest nyhende, men også årets hendig på Bergenhusdagene 2013. I forkant hadde handverkslaget jobba hardt og intenst både med å komme fram til konstruksjonsmåte og sjølvsagt å bygge vidunderet. Alle deler er tappa saman, utan skurer eller spiker, hogge til med stemjern og kniv. Dette gjer «Magnus» til eit byggjesett som kan takast fra kvarandre og fraktast. Jernbanda til å halde sjølve akslinga har dei sjølve smidd.

Kvar heile time i løpet av arrangementet som varte to dagar, vart det ropa med høg og kraftig røst Det kastes! 1- 2 – 3! og like etter snødde det med kvitt over den grøne sletta på Koengen. Det var blad frå kålhovuda som vart slynga 100 meter gjennom lufta som dalte stilt ned på det avgrensa området. Utanfor sperringane og spesielt oppe på festningsvollen samla publikum sett for å sjå vidunderet. Det var stort stemning kvar gong, og ved kvart timeslag fauk det mange ladingar over sletta – høgt og stabilt omlag same stad kvar gong.

Det var ikkje så mye kystkultur på Bergenhusdagene, men til gjengjeld er det mykje soge på Bergenhus Festning som i middelalderen gikk under nemninga Holmen. Kong Øystein Magnusson flytta kongssetet  til Holmen på 1100-tallet og bygde opp ein kongsgard. Då borgerkrigane gjekk mot slutten i første halvdel av Håkon Håkonsson sin regjeringstid (1217–63) og Norge ble mer varig samlet, vart det bygd opp ein ringmur av stein på Holmen. Den skulle beskytte trehusa mot brann og mot fiender. Bergen ble då hovudstad i Norge og Holmen det politiske sentrum. (Kilde Wikipedia).

Bergenhusdagene vert arrangert av Bergenhus Kommandantskap, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg/Nasjonale Festningsverk og Bymuseet i Bergen.

Arrangementet har fått støtte av Bergen kommune, Visjon Vest, Hordaland fylkeskommune og Kystsogevekene.

Kruttrøyk over Engevik Gaard!

24. august var det Kystsogedag på Engevik Gaard, og denne dagen sto i militæret sitt teikn. I år er det 250 år generalmajor Christian Wilhelm Segelcke døydde, han grunnla av offisergarden Engevik Gaard,  tidleg på 1700-talet. Kva passa då betre enn å invitere Kong Frederik IVs Tambourafdeling af 1704 som har ambisjon om å gjenskape og formidle datidens soldater og offiserers liv i felt og innenfor festningsmurene. C. W. Segelcke var kommandant for Søndre Bergenhusiske Infanteriregiment, han kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard.

Det var verkeleg eit staseleg inntrykk då tamburavdelinga kom marsjerande inn på tunet på Engevik. Dei tok seg verkeleg godt ut, men dei apperlerte også til andre sansar, både lyd og lukt. Tamburavdelinga har ei einig som står for musikken, eller spelet som dei kallar det, og her var det både tambourer, dvs trommeslagere, og signalhornister, eller trompetblåsere. Instrumentene dei nytter seg av er så langt det let seg gjere, kopier av instrumenter fra 1700-tallet. Musikken vi fekk høyre var i hovedsak av gamle signaler, marsjer og fanfarer som ikkje har vorte spelt på ca 250 år, og lyden vi fekk høyre denne dagen kan ha lagt tett opp til om Segelcke sjølv hadde ein avdeling på garden i sin levetid.

Tambouravdelinga er også opptatt av Trommeslåtter, ein gamal norsk trommetradisjon som i hovedsak kommer fra Vestlandet som i motsetning til feleslåtter  mens trommeslagerens speleteknikk var i ferd med å dø heilt ut. Johannes Sundvor`s samlinger av trommeslåtter fra begynnelsen av 1900-tallet var kanskje hovedgrunnen til at trommeslåttradisjonen lever videre, og denne dagen fekk vi høyre Eivind Sundvor spele og fortelje om slåttane bestefaren skreiv ned.

Midt på dagen fekk Engevik meir celebert besøk, då Shetlandsbussen KNM  Hitra kom til gards med ein delegasjon frå forsvaret. Hitra vart tatt i mot med kanonsalutt og honnør frå Tambourtroppen. Til gjengjeld vart troppen inspisert av kontreadmiral Bernt Grimstvedt frå Fusa, han fekk også avduke minnesmerket over C W Segelcke.

Det var ein fanstastisk dag på Engevik gaard!

For mange, mellom anna delegasjonen ombord i KNM Hitra, fortsette denne med festmiddag på Sævareid ungdomshus, der det var kåseri og ikkje minst utdeling av Kulturvernprisen 2013 i Fusa Anders Kåre Engevik-prisen. Årets vinnar vart Tønnegarden Economuseum v/Jostein og Kari Gangstø – for det store arbeidet dei har gjort for å ta vare på og formidla bøkkartradisjonen i Fusa.