Stikkordarkiv: middelalder

Middelalderfestival på Bergenhus festning

Festningsdagene blei arrangert på Bergenhus festning siste helga i august. Då var festningen fylt med middelaldermenneske og aktiviteter.

I Kystsogevekene er det mykje kystkultur, og mykje historie og gamle dagar, men på Festningsdageene vert det litt meir av soge og det som var utgangspunktet for Kystsogevekene, nemleg konger og spel om makt og dominans. Håkonarspela var første byggesteinen i Kystsogevekene og spela handla om utviklinga av kongemakta i Norge.

Festningsdagene går føre seg på Bergenhus festning eit viktig maktsentrum i Norge i middelalderen. På Festningsdagaene  er det ikkje sogespel eller skodespel, men levandegjering av mellomalderen i form av middelaldermennesker, med både handverkarer, krigarar og handelsfolk.

Det visast fram handverk og kriging, med sverd og skjold, pil og boge, kastemaskin og kanon. Publikum fekk vere med å skyte med pil og boge, nokre heldige fekk trekke  den store kastemaskinen Magnus, som Bjørgvin handverkslag viste. Dei demonstrerte artilleri for publikum. Det var kampoppvising med Kongshirden 1260, sverdleik med Tidsreiser og dessutan ein liten kastemaskin som born kunne forsøke å treffe ein liten mur med.

På marknaden kunne ein kjøpe ullstoff og garn, glas, smykker, leikevåpen og andre mellomaldervarer. Det vart vist fram urter og varer laga av urter og planter, til medisinsk bruk, til såper, oljer og mat, og sal av mat i frå fleire kafetelt.

I Rosenkrantztårnet holdt den unge dronning Ingeborg til, og borna kunne gå på hoffskule og lære seg å te seg rundt og hilse på den unge dronninga, og etterpå vise fram dans og hoffetikette nede på marknaden.

Canardus horribilis sørga for middelalderstemning med deira fengande middelaldermusikk. På kvelden sette dei også stemninga i telta borggården der det var oppvarming før Wardruna skulle ha konsert inne i Håkonshallen, både laurdag og søndag. Vi fekk ein fantastisk opplevelse lyd, lys og ikkje minst stemning i den store kongelege steinhallen.

Festningsdagene er et samarbeidsprosjekt mellom aktører på Bergenhus Festning; Kommandantskapet på Bergenhus, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg nasjonale festningsverk og Bymuseet i Bergen.

Tusen takk for ein flott middelalderopplevelse!

Følg gjerne Festningsdagene på Facebook

 

Reklamer

Bogatunet – opning av kystsogevekene i Radøy

Radøy brukar  å markere startskotet for sine kystsogeveker, og i år var deira opning lagt til Bogatunet den 14. august.

Kystsogevekene og seinsommaren heng saman, det er ei god tid, då møtes vi igjen etter ferietid, og vi har gode stunder saman. Da gjer vi som fuglane, vi samlast og starter på hausten, sa ordførar Jon Askeland innleiingsvis.

At Radøy i år valgte å legge opninga si til Bogatunet var ikkje tilfeldig.  Ordføraren var glad for å kunne sleppe ein politisk lekkasje, at Radøy kommune har fått tilbod om å overta Bogatunet frå Nord- og Midthordland sogelag, regionssogelaget som no legg ned drifta, på grunn av lite rekruttering til laget. Det er ikkje endeleg avgjort, det skal ei politisk handsaming til før endeleg vedtak. Det er føl dessutan mykje ansvar med å overta eit slikt kulturminne, men han lover dei skal gjere sitt beste for å få til ei god løysing, slik at også kommande generasjonar skal få sjå, lære av og oppleve Bogatunet.

Dette er vår Mariakirke sa ordførar Jon Askeland om Bogatunet, og trakk fram kor viktig Boga er som kulturminne, ikkje berre for Radøy, men for heile Nordhordland.

Nils Georg Brekke, var invitert for å fortelje om byggeskikken og på Bogatunet. Han slutta seg til Askeland, og sa at Bogatunet er kulturminne i Europaklassen, og burde vore betre skilta. Nils Georg Brekke er tidlegare fylkeskonservator i Hordaland, har vore direktør på Kulturlandskapssenteret, står bak Kulturhistorisk vegvisar, andre liknande bøker, og mykje meir. Han held i desse dagar på å oversette boka Norsk arkitekturhistorie til engelsk. Han trakk dei lange trådane tilbake til mellomaldersk byggeskikk og synte plansjer og forklarte kvifor denne byggeskikken frå Strilalandet hører til mellom dei viktigaste kulturminna i Europa, og korleis tunet kan vere nøkkelen til å forstå norgeshistoria.

Etter Nils Georg Brekke sitt interessante foredrag fekk vi ei spennande innføring i laksefiske med not frå Berit Kvalvik. Ho fortalte korleis det hadde vore innretta i Boga og Kvistekrinsen, med fangstrettar, om systemet med å sette ut nota og sjekke, om gode prisa og om Laksefly som flaug over for å sjekke at nota ikke sto ute lenger enn regelverket tillot.

Vi fekk også høve til å sjå inni husa i tunet, til å prate med kvarandre, og til å sjå og mimre for dei som hadde kjenskap og erfaring med dei mange gjenstandanstypene som fins i huset.

Keipane kystlag var også del av arrangementet, og hadde aktivitetsløype for born, og dessutan fiskekaker og nubbesild og heimelaga saft for sal i Nordrevågen til Boga. Her kunne vi også få prøvd oss utpå vågen, anten vi ønskte å ro eller padle.

Etter Bogatunet og Nordrevågen kunne vi ta turen bort til grendahuset og ta søndagsmiddag i form av rømmegraut med  spekemat, vaflar og kaffi.

Også denne dagen var det litt grått og vått, men det var likevel ein positiv og fin dag. Tusen takk til Radøy kommune, Radøy sogelag, Keipane kystlag og Kolstad grendehus for ein kjekk dag!

Silje Namtveit song denne vakre songen av Erik Bye og Henning Sommero på opninga:

Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

Tekst Erik Bye/ Melodi Henning Sommero Blå salme

Førehandsomtale i Strilen av arrangementet

Frå Bergenhusdagene / Festningsdagene

Siste helga i august var det klart for middelalderfestival på Bergenhus festning, Bergenhusdagene, eller Festningsdagene 2015.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bymuseet i Bergen, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg Nasjonale Festninger og Bergenhus Kommandantskap.

Det er eit stort apparat i sving når ein inviterer til eit slikt arrangement, ikkje minst er det mange frivillige involverte. Bjørvin Handverkslag er ei aktiv, viktig og synleg part i Bergenhusdagene. Dei siste åra har dei vore med å gje action på Koengen under Bergenhusdagene. Gjengen har laga ein stor valslynge eller kastemaskin som har fått namnet Magnus, etter den første kongen som tok slike i bruk her i landet. Denne får publikum vere med å trekke når den slynger sine kålhovud langt, og for ikkje å snakke om høgt over gressmatta på Koengen.

I fjor var nyvinninga pilregn med tunge stridspiler, som hagla over marka. I år var det også pilregn og heile oppvisinga slutta av med avfyring av handkanon.  I det heile tatt var det ein del historisk artilleri på festningen desse dagane.

Bjørgvin handverkslag driv sjølvsagt også med handverk på Bergenhusdagene, eller Festningsdagene , og viste også fram mange forskjellige handverk.

Bildene er tatt av Kutschera/Fortidsfamilien som til tider sammenfaller med Kutschera/Kystsogevekene. Fortidsfamilien er nemleg familien til dagleg leiar i Kystsogevekene.

Fra Bergenhusdagene 2014

Korleis var livet i middelalderen? Bergenhusdagene forsøkte å gje publikum eit lite innblikk i dette helga 6. -7. september 2014, slik dei gjer kvart år. Då levandegjer ein historia på Bergenhus Festning, med marknad, musikk, aktivitetar, omvisingar og ikkje minst ei mengde mennesker staseleg kledd opp i middelalderklede. Her var trubadurar, flammeslukar og marknadsfolk, krigare og dronning med hoffskule for born for å lære små gutar og jenter å danse og føre seg ved hoffet. Bergenhusdagene formidlar middelalderens Bergen og Bergenhus på ein todagers fest for heile familien.

Heile dagen og utover kvelden kunne dessutan middelaldermusikk høyrast over festningsområdet, frå middelaldermusikkgruppa Canardus Horribilis som spredde musikk og god stemning på heile festningsområdet. Eit stort gildetelt var sett opp på Paradeplassen, og her kunne folk sette seg ned og handle seg middelalderinspirert mat tilberedt av forsvaret sine kokkar. På kveldstid vart lykter og bålpanner tent og folk kunne nyte middelalderstemning.

Filmen Bergen Anno 1300 er ein rekonstruksjon av Bergen på 1300-tallet. Rekonstruksjonen er laga av Arkikon og er basert på arkeologiske og historiske kilder, og utarbeidd i samarbeid med Byantikvaren i Bergen og Riksantikvaren. I filmen ser vi korleis festingen og byen kan har vore i middelalderen, på Bergenhusdagane forsøker Bymuseet og alle samarbeidspartnarane å gjenskape miljøet med levande middelaldermennesker i aktivitet, og inviterer publikum til å få eit innblikk i dette.

På Koengen var ein gruppe krigarar i aksjon med pilregn og valslyngn Magnus. Tidsreiser hadde sverdleik for ungane, og Kongshirden 1260 hadde oppvising av kamp med blankvåpen. Fekting, pil og boge og kastemaskinar appellerar til dei fleste, og ekstra kjekt er det når ein verkeleg kan utfalde seg i leikekamp for både store og små.

Bymuseet er arrangør i samarbeid Statsbygg som forvaltar mellom anna Håkonshallen, Portkastellet, ringmuren og Rosenkrantztårnet. Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon ved Bergenhus Festning er representert ved Kommandantskapet, Festningsmuseet og Sjøforsvarets Musikkorps, og er også samarbeidspart i Bergenhusdagene. Det samme er Nasjonale Festningsverk, som er ein del av Forsvarsbygg, har hovudansvaret for å forvalte dei nasjonale festningane som opne og tilgjengelege kulturminner, samt utvikling av festningane som arenaer for historie- og kulturformidling, turisme og næringsverksemd. På Bergenhus Festning forvaltar NFV samtlige bygg bortsett frå middelalderbygningane.

Følg Bergenhusdagene på Facebook, så vert du oppdatert når det nærmar seg neste Bergenhusdagene.

Kulturminnedag – Vindenes og Høybøen

Det var ei kulturminnedag med stor spennvidde vi fekk i Fjell, den 15. september!

Dagen starta med arrangement i Notloftet på Vindenes, loftet på nothengjo som Hans O. Vindenes fekk bygd i 1946, og som kunne tørke opp til 9 snurpenøter på ein gong. Loftet som i dag fungerer som festlokale og har utstilling av gamle bilete og fiskereidskap frå tida med aktivt fiskeri i fiskarhøvdingen Hans O. Vindenes si tid, fram til1973. Han var storfiskar og fiskebåtreiar, og jobba aktivt for å modernisere fiskeria. Olav Kobbeltveit fortalte oss meir om han, medan Jarle Vindenes fortalte om Notloftet. Vi fekk også høyre om folket på Hevrøy av bygdebokforfattar Halvor Skurtveit, medan Gudveig Lillebø fortalte om forfattaren Zinken Hopp si tid på Vindenes, ho var ofte gjest hos Hans O. og familien, og bygde også seg ei hytte her. Olav Ulveseth gav oss musikalske innslag i forma av velkjente songar av Johannes Kleppevik. Galeasen Loyal kom også til arrangementet og la til ved Vindenes kai, her fekk vi høve til å komme ombord og få omvising, og etterkvart kjøpe fiskesuppe.

Nokre valde å avslutte arrangementsdagen på Vindenes, medan en stor gjeng også ville ha med seg vandring med arkeolog Knut Andreas Bergsvik som guide, for å fortelja om dei arkeologiske funna i området. Heile området her er det gjort arkeologiske undersøkingar, sidan dette var eit av dei akutelle områdene for olje og gassutbygging før Kolsnes vart valt. Vi passerte ei rekkje steinalderbuplassar på austsida av Vindenesstraumen, dei eldste frå tidsrommet kring 9700-9400 før notid, før landhevinga var dette ei ope sund og gode fangstplassar. Også frå seinare perioder i steinalderen, 5000-3000 år før notid, har området vore brukt, og det kan endåtil oppfattast som fast busetjing i området i yngre steinalder, med våningshus, husdyr og korndyrking. 

Mellomaldergarden Høybøen var målet før vi skulle returnere. Her kan vi framleis sjå tufter etter mellomaldergarden som har vore heilt utgravd, her var det to fleirromshus som vart lagt øyde ved Svartedauden, det hadde då vore busett sidan 1100-talet. Det har diverre grodd kraftig til i tunet dei seinaste åra, og store husdyr beitar i området, som slit på kulturminna. Folket på Høybøen måtte anten gje tapt for pesten eller dei valde å flyttet til betre gardar som hadde vorte ledig etter den store Svartedauden, og sidan har området berre vore utmark, noko som gjer at spora frå middelaldermenneske i stor grad var urørt og kunne fortelje arkeologane mykje då dei gjorde utgravingane på 1980-talet. 

Det var ein kjempeinteressant og lærerik dag i Fjell, med mange interesserte menneske og turdeltakarar som fekk del i kunnskapet til foredragshaldarane og guiden. Heldigvis haldt regnet seg borte mesteparten av dagen slik at det berre var returen frå Høybøen som var verkeleg våt. Det var verkeleg ein frisk og fin kulturminnedag i godt selskap!

Sjå programmet for dagen

Det kastes! 1 – 2 – 3!

Kong Harald fór vestetter langs med lande og hadde ein ovende stor her, og denne vetteren kalla dei muge-vetteren. Kong Harald kom til Bjørgvin joleftan og lagde seg med floten i Floruvaagar, daa han ikkje vilde slaast i joli, for helgi si skuld, men kong Magnus laga seg til i byen. Han lét reisa ei valslyngje ut-paa Holmen og lét gjera ei lense av jarnlekkjur og timber og leggja tvert yvi Vaagen fraa kongsgarden (Frå soga om Magnus Blinde).

Julen 1134 lot kong Magnus byggje ein valslynge på Holmen i Bergen (Bergenhus festning), for å verna innløpet til Vågen. Dette er første gong ein kastemaskin er omtala  i Norge. I resten av den langvarige borgerkrigstida på 11-og 1200-tallet vart dei brukt hyppig, både mot skip og festningar.

Valslyngen «Magnus», vart innvia på Koengen under Bergenhusdagene, den er bygd av Bjørgvin Handverkslag, ei gruppe som særskilt interesserar seg for historisk handverk og teknikkar.  Skipa på Vågen fekk ligge i fred denne gongen, men vi fekk likevel ein slagkraftig oppvising med eit heftig middelaldervåpen. Valslyngen var utan tvil ikkje berre årest nyhende, men også årets hendig på Bergenhusdagene 2013. I forkant hadde handverkslaget jobba hardt og intenst både med å komme fram til konstruksjonsmåte og sjølvsagt å bygge vidunderet. Alle deler er tappa saman, utan skurer eller spiker, hogge til med stemjern og kniv. Dette gjer «Magnus» til eit byggjesett som kan takast fra kvarandre og fraktast. Jernbanda til å halde sjølve akslinga har dei sjølve smidd.

Kvar heile time i løpet av arrangementet som varte to dagar, vart det ropa med høg og kraftig røst Det kastes! 1- 2 – 3! og like etter snødde det med kvitt over den grøne sletta på Koengen. Det var blad frå kålhovuda som vart slynga 100 meter gjennom lufta som dalte stilt ned på det avgrensa området. Utanfor sperringane og spesielt oppe på festningsvollen samla publikum sett for å sjå vidunderet. Det var stort stemning kvar gong, og ved kvart timeslag fauk det mange ladingar over sletta – høgt og stabilt omlag same stad kvar gong.

Det var ikkje så mye kystkultur på Bergenhusdagene, men til gjengjeld er det mykje soge på Bergenhus Festning som i middelalderen gikk under nemninga Holmen. Kong Øystein Magnusson flytta kongssetet  til Holmen på 1100-tallet og bygde opp ein kongsgard. Då borgerkrigane gjekk mot slutten i første halvdel av Håkon Håkonsson sin regjeringstid (1217–63) og Norge ble mer varig samlet, vart det bygd opp ein ringmur av stein på Holmen. Den skulle beskytte trehusa mot brann og mot fiender. Bergen ble då hovudstad i Norge og Holmen det politiske sentrum. (Kilde Wikipedia).

Bergenhusdagene vert arrangert av Bergenhus Kommandantskap, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg/Nasjonale Festningsverk og Bymuseet i Bergen.

Arrangementet har fått støtte av Bergen kommune, Visjon Vest, Hordaland fylkeskommune og Kystsogevekene.