Stikkordarkiv: marknad

Kanaldagane ved Kulleseidkanalen

Kanaldagane gjekk i år som tidlegare år av stabelen første helga i september, i år var datoene fredag 2. september til søndag
4. september.

Kanaldagane vart starta i 2002 som ein del av Kystsogevekene – og eldsjeler i bygda slo seg saman for å laga ei maritim messe som skulle femna vidt i Sunnhordland. Kanaldagane skulle fremja gammal og moderne kystkultur langs kysten vår. Området rundt Kulleseidkanalen er eit marknadsområde med mange ulike utstillarar og alle slag god underhaldning, og flotte båtar langs kanalsidena.

I år sto humorfiguren Bømlingen for opninga av Kanaldagane på fredag 2. sepember, og laga derfor song med musikkvideo til Kulleseidkanalen

Vi  var til stades lørdagen på Kanaldagane, og kom eit stykke utpå dagen, då var også sola på plass, og Finnås viste seg frå sin gode side. Kulleseidkanalen, veteranbåtane, utstillarboden, framfor scena og heile området i var bada i sol.

Vi kom akkurat i tide til å få med oss koret Voice of Joy som song frå scena. Det var også tid for litt mat, og vi fekk oss deilige heimelaga vårrullar frå ein av salsbodane.

Det var mange flotte båtar som låg langs kanalkanten, og det var kjekt å gå og rusle å sjå på båtane og folkelivet på heile området. Bømlo kystlag var sjølvsagt også på plass, og hadde dessutan besøk frå Halsnøy historiske senter, som hadde med seg dampmaskin og andre motorar med godlyd.

Hovudattraksjonen denne dagen var Mathea Mari, ungjenta på 16 år som er kjent frå både Norske talenter, MGPjr med #online, musikalen Annie på Folketeateret i Oslo, og fleire ganger på TV.

På Kanaldagane var også heile filmen om Melkevik gard vist, ein film som viser gamle bilete og fortel historia  Melkevik frå kommunesenter til turistmagnet.

Vi skulle heile vegen heim til Bergen igjen, og fekk ikkje med oss alt av program. Vi var likevel innom på Telegrafen før vi tok fatt på heimvegen. Telegrafen som vart bygd i 1857, er ein fisketelegrafstasjon i Søndre Vårsildfiskedistrikt. Vi hadde høve til å gå inn og sjå oss omkring, og såg telefonar av mang årgangar, kjekt å få vite meir om Historia til Kulleseidkanalen.

Takk for flotte Kanaldagar til messegeneralen og hans mannskap, som alle er knytt til lag og organisasjonar i Finnås: Finnås SportsklubbBømlo SportsdykkereVåge skulemusikklagTrekløveren Grenda UngdomslagBømlo Kystlag og Finnås Bedehuslag.

 

Reklamer

Husflidsmesse i Tyseneshallen

Tysnes Husflidslag arrangerer Husflidsmesse i Tysneshallen anna kvart år. I år var messa 12. -13. september. Det er eit stort apparat som er i sving forå få invitert og på plass over 30 utstillarar frå heile Vestlandet. Her er det husflid, handverk og brukskunst i mange variantar, mykje saum og strikk, men også trearbeid, foto og keramikk.

Sentralt like ved inngongen merker ein seg at her er noko som ikkje er så vanleg å sjå på husflidsmesser – det er Anny Gjøvåg som har tatt med seg eit utval av gamle reiskap og brukstinga som ho har på garden på Gjøvåg. I «gamlaståvo» på familiegarden, vert alle dei gamle gjenstandane oppbevarte til vanleg. Annakvart år plar Anny Gjøvåg ha ope hus på gardsmuseet sitt, slik at folk kan vitja det gamle tunet frå tidleg 1800-tal. I år vart dei utfordra på å ta med seg gjenstandar frå dagleglivet på garden i gamle dagar til husflidsmessa og dermed vere ei ekstra kjelde til kunnskap, prat og interesse mellom dei varierte husflidsvarene.

Det var også kjekt å få møte  kipemaker Samsom Øvstebø som sat i tysneshallen og laga kiper og korger. Han hadde nyleg vore og halde kurs på Sunnhordland museum og skulle dagen etter til Prskog museum på Fitjar og lage fleire kiper i samband med open dag på begge musea på Stordøya. Han har også vore å finne på fleire andre arrangement i Kystsogevekene, både i år og tidlegare.

Her var også Dokkegalleriet,  det var flotte saueskinn frå Tysnesfellen, keramikk, strikk, saum, hekling og mykje anna.

Ei anna viktig del av husflidsmessa er kafeen, med ei mengd gode kaker og anna godt, her nytta folk høvet til å sette seg ned, få seg ein kopp kaffe, eit deilig kakestykke eller to, før dei tok ei ny runde inn i hallen for å sjå på all husflid og brukskunsten. Det gjorde eg og!

Litt presse omtale av Husflidsmessa:

Med minimuseum på messe
Fann fine forkle på messa

Fra Hanevikdagen på Askøy

Heilt på tampen i årets Kystsogeveker vart det for femte år på rad arrangert Hanevikdagen, i år søndag 14. september 2014. Som elles denne seinsommaren var det herlig vær, og folk fann vegen til Hanevik. Det var sett opp veteranbuss nærast i skyttel frå Ask, for sjarmen sin del, men også av omsyn til trafikk og parkering. Då vi kom fram var det likevel lett å sjå at her var mykje folk, for her var også mange bilar.

Butikk Josefine med brukt, nytt og kare, held til på Hanevik i det gamle losjehuset til avhaldsrørsla IOGT. I høve Hanevikdagen var det i tillegg ein lite loppis på uteplassen, her fann vi og mange andre vegen. Her kunne ein finne små skattar, gamalt eller nytt, eller ta seg ein kopp kaffe eller kortreiste- og økologiske småretter.

Årets tema for Hanevikdagen var mat og matkultur. Utgangspunktet for tema var at for femti år sidan var mattradisjonene kanskje bestemt av kva ein dyrka sjøl og kva som var å få fatt i. I dag finn vi råvarer og retter fra heile verden i nærbutikken. Hanevikdagen ville finne ut om vi har noko som kan kalles lokal matkultur framleis? Med seg til å sjå nærare på matkulturen hadde dei fått Norsk sjømatsenter som haldt kokkekurs for born, eit for dei minste, og eit for born i skulealder. Det var også foredrag om mat frå fjæra ved Arne Druinker. Det var også lagt vekt på mat og mattradsjonar hos utstillarane og salsbodene i år, der også dei lokale Bakstehuset på Ask var mellom utstillarane.

Arrangementskomieen i Hanevik fortalte på Facebook etter arrangementet at dei hadde hatt oppsummeringsmøte. «Med 775 solgte inngangsbilletter satte vi ny besøksrekord! Takk igjen til alle som bidro med dugnad, til alle som stod i boder, solgte mat, til alle som bidro med aktiviteter og ikke minst – til alle dere 775 som besøkte oss og vandret smilende omkring. Som Torill sier det – Hanevikdagen er til for at folk skal komme ut av husene sine og møte hverandre! Det gjorde vi.» 

Vi er glade vi også tok turen, det er alltid like kjekt å oppleve den sjarmerande og flotte Hanevikdagen!

Askøyværingen hadde ei førehandsomtale om Kokkeliering på Hanevik før dagen.

Følg gjerne Hanevikdagen på Facebook

Søndag på Holmeknappen – Kystsogedagane i Meland

Det er ettermiddag siste søndag i august, og det nærmar seg slutten av ein travel kystsogehelg. Kystsogedagane i Meland er siste stopp for dageleg leiar, med familien på slep. Det har vore ein flott helg, og ein fantastisk avrunding av denne søndagen, som starta med punktert dekk på bilen i det vi skulle legge i veg mot Nordhordland og fleire arrangement.

I Meland på Holsnøy er vi godt kjente, og har vore mange gonger. Sola skein framleis på ettermiddagen, og ved kaien på Holmeknappen låg både Gamle Dampen, DS Oster, og den nyare MS Vestgar frå Øygardsbåtane. Gamle Dampen var innom tidlegare denne søndagen, då i form av kabareten Ivar Medaas – Gamle Dampen, denne fekk vi ikkje med oss, men det var det svært manga andre som gjorde, og folk var særs fornøgde og glade.

Den gode stemninga var der framleis, og vi fekk akkurat med oss utstillinga og opplesinga i Holmestova. Årets utstilling i Holmestova under Kystsogedagane var Heklerier, med gamle og nye hekla arbeid, her kunne vi jå ulike teknikkar og formar. Søndagen var også forfattaren Eli Fossdal Våge i Holmestova for å lese frå diktsamlinga si Hekla myter (2014). I dikta sine fortel ho om formødrene, handarbeida, familiane og liva deira, om korleis dei hamla opp kvardagsproblem på små gardar, med barnefødslar og strikka bind. Det vart ganske fullt av tilhøyrarar på benkane i den vesle Holmestova, og dikta passa fint mellom desse gamle tømmerveggene.

I Sjøbua, det lokale sjøbruksmuseet, hadde andre maritime gjenstandar enn dei som vanlegvis er her, funne vegen. Mellom skjelskrapar og fiskesøkke, garn og not, fann vi sjøfolk og havfolk, skålar og lysestakar. Tradisjonelle ausekar av tre hadde fått selskap av dekorative ausekar av keramikk. Det er Anita Holmøyvik som let seg inspirere av kysten når ho formar sin kunst i keramikk.

Litt større gjenstandar var utstilt på kaien, her var det gamle traktorar og veteranbilar som kunne takast nærare i augesyn, men ikkje handlast med. I bodar og telt var det elles båte tradisjonamat, husflid og handverk for sal, og på Skittkaien var det rigga til kafetelt med skikkeleg tradisjonsmat og kaffimat.

Det var mykje å sjå på eller gjere på, og det er god stemning, og kjekt å rusle rundt, sjå på båtar, bodar og treffe kjentfolk og slå av ein prat. Ungane kunne fiske frå svaberget og studere fangsten etterpå i ein trestamp, dei kunne bygge seg båt og prøve i bassenget, eller dei kunne få seg ein tur med Redningsselskapet sin Eliasbåt. Sjølvsagt kunne ein også gå ombord i dei store vetaranbåtane som låg ved kaien.

Det var også utstillingar og aktivitetar i Galleri Rustica på Holmeknappen under Kystsogedagane i Meland. Sjå meir frå Kystsogedagane i Meland på deira eigen side på Facebook.

 

 

Frå Kystsogedagar i Langevåg

Kystsogedagane i Langevåg var tilbake for fullt i siste helga i august i 2014, etter eit års pause. No var ei ny arbeidsgruppe klar til å ta fatt og blåse liv i Langevåg under Kystsogevekene igjen. Bygdatunet i Langevåg står sentralt i arrangementet, og det er i og rundt kulturbygget det går føre seg. Det var oppstart med Sild & Pote pub og underhaldning på fredagskvelden, den 30. august, og deretter frukost laurdagen. Så gjekk det slag i slag, med messe med fokus på mat og kystkultur, det var dans med serniorane og karneval for dei minste. Det var også rokonkurranse, den fekk dagleg leiar diverre ikkje med seg denne, sidan vi også hadde eit stopp på Vervadagen på vei sørover. 

Vi møtte også andre som kom frå Sagvåg, nemleg Redningsselskapet sin båt, som vi hadde vore ombord i på Jensaneset. Dei hadde tatt turen sjøvegen, og var mykje raskare framme enn oss som tok landvegen. I Langevåg var også den lille Eliasbåten på plass. Vi møtte også på ein levande lama som var mellom dyra ein kunne sjå i Langevåg denne dagen. Langs kaiane låg det både gamle og nye båtar, mellom anna Bømlo Kystlag sin MK Sørvåg var pynta med flagg, vimplar og signalflagg. MS Gå På låg også til kai, slik at alle som ønskte kunne gå ombord og sjå nærare på den nyrestaurerte skuta. På land hadde Hardanger Fartøyvernsenter stand, det er dei som har stått for heile restaureringsarbeidet, slik at båten no framstår skinande, blank og lekker. MS Gå På hadde også satt opp tur søndagen for dei som ønskte å få kjøpe billetter til ei oppleving til sjøs.

Inne i Bygdatunet var det messe, med både salsvarer, båtmodellar, loddsal og andre informasjonsstands. Her vart også tre filmar frå Hardanger Fartøyvernsenter vist heile dagen, nemleg Då sjøen var vegen, Kvinna ved havet og Nordlandsfarten.

 

Laurdagskvelden skulle avrundast med karneval for dei minste, og revy og dans for dei vaksne, men før det kom så langt var  det klart for det store Kassabilløpet.

Det var tydeleg at Kassabilløpet var populært, folk samla seg nedst i Vodlabrekkå for å sjå fartsvidundera komme rundt svingen og ned bakken mot Bygdatunet. Det var flotte og kreative bilar med varierande fart, det var tillaup til dramatikk då ein av bilane velta, og det var heiing og jubel då nokon måtte skubbast vidare. Kjempeartig! Vi vart litt bekymra då enkelte kom rasande utan hjelm, men det gjekk bra denne gongen og – heldigvis. Etter alle var kommen vel i mål var det premieutdeling i Bygdatunet.

Det var litt leitt det var ganske regntungt utover dagen, men bra at resten av arrangementet var innomhus, med Revy med Gunnar Andersen og Kurt Johansen, og dans med The Tramps & Flying shoes på kvelden. Her var det både bobilcamp og flott marina så folk kunne kose seg utover kvelden og natta, og folk stortrivdes.

Reaksjonar frå publikum på Facebookgruppe Kystsogedagane i Langevåg fortel sitt om at dette var vellukka: Fantastisk flott arrangement…!Ei stålande helg, som ein lever lenge på! Vel gjennomført, alle mann!Kjempeflott arrangement, takk til flink komitee … og Ja ditta kan dåkå, gleda oss allerede t neste år 🙂 Det kan vi slutte oss til!

 

Padling og handel på Langøy Kystkultursenter

Helga 23. – 24. august var det igjen tid for Langøymarknaden, Fjell kystlag var arrangør, men samarbeida med fleire andre partar, som Lokøy velforening, Algrøy bygdalag mfl.

I 20 år har Fjell kommune hatt ein avtale med grunneigarar om bruk av plassen og det har vore ei eigen stifting. Kommunen har brukt mykje pengar på vedlikehald av den gamle bygningsmassen og området på handelsstaden på Langøy Kystkultursenter. No er stiftinnga oppløyst og Langøy er tilbake på private hender når arvingar har tatt over. Som Vestnytt  skriv er ikkje dette nødvendigvis noko negativt, arvingane leiger ut to av bygningane på Langøy Kystkultursenter, og dessutan Barkaloftet som er eit flott selskapslokale.

Nye eigarar var heller ikkje noko hinder for Langøymarknaden, som har vore tradisjon sidan 2002. Den helga var det liv og røre kring handelsstaden, med utstillarar i alle bygningar, og aktiviteter i tun, på kaiar og i den flotte vika.

I vika innom sjølve handelstaden var det høve både for leike i fjæra, bade og ikkje minst ta seg ein prøvetur i kajakk eller kano. Sjølv hadde eg med ein 7-åring som forsøkte kajakk på Havfestivalen helga før, og han var ikkje vanskjeleg å få med seg til Langøy då han hørde at det var kajakkar der. Veldig stas både for han, og mange andre born å prøve.

Borna kunne også få lage seg ei tau på ein liten snordreiar saman med Husflidslaget.

Det var 30 utstillarar innanfor eit breitt spekter, frå måleri, brukskunst, husflidsvarer, lokalmat, bøker og mykje anna. Her kunne ein handle både såper, og ostar, bunadsluer og strikkasokker, glasspynt og heklevarer, barnebøker og lokalhistoriske bøker, litt av kvart for mange smakar og ønskjer.

Vi var tilstades på laurdagen og hadde ein flott dag. Det var marknad også søndagen, og då også Algrøy Bygdakor md og underholdt.

Det såg ut til at folk kosa seg på denne vakre plassen, dette året som tidlegare år!