Stikkordarkiv: mannskor

Oselvarfestivalen

Tradisjonsrike Oselvarfestivalen vart gjennomført
lørdag
3. september i Osøyro, mellom Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden. 

Opningstalen var ved Kjell Magnus Økland nett har sendt boka Oselvaren – den levande båten i trykken. Han oppfordra til bruk av båten, fordi bruk at båt også vil gje trong for bygging av båt, og både det å bygge og bruke oselvaren er ein levande tradisjon og ein kulturarv som må lærast vidare, om ein skal kunne ta vare på kunnskapen og kunsten.

På Oselvarfestivalen vert oselvaren brukt, seinare på dagen var det klart for kapproing, og startskotet var gjort med «dødsing», ein ungdom hoppa ut frå altanen på Oselvarnaustet. Dei som ikkje våga seg på dødsing eller kapproing, kunne sjå på alle dei fine og forskjellige oselvarane som låg i hopen, her var både båtar for kapproing, regatta, vanlege bruksbåtar og båtar for eitt til fleire par årar.

Oselvaren er kåra til Norges nasjonalbåt, takka vere stor oppslutning frå folk som er glad i denne båten. For dei som har oselvaren og os ekstra kjært, hadde denne dagen høve til å vise det også fysisk utanpå kroppen denne dagen og for resten av livet. Kjetil Osablod Grønvigh i Kultureininga i Os hadde nemleg utfordra to tattoveringskunstnarar frå Os, til å komme med motiv frå Os, det var Tid for å forevige osidentiteten, som Os og Fusaposten skreiv. Tattovørane hadde rigga seg til med benkar og utstyr i andre høgde i Oselvarnaustet, og viste fram valg av motiv dersom nokon vågde å merke seg for livet, og fleire lot seg freiste av osmotiva.

Os mannskor har etterkvart vorte fast innslag på Oselvarfestivalen, og stilte sjølvsagt mannsterke også i år, dei var på haustjakt etter fleire songarar. I tillegg var det musikk både nede og oppe i andre høgda på Oselvarnastet utover dagen.

Oselvarverkstaden er også ein sjølvsagt part og medarrangør på Oselvarfestivalen. Her var det også ope hus og båtbyggarar i abeid og klare for å slå av ein oselvarprat. På plenen mellom verkstaden og naustet var det sett opp basseng så ungane kunne testsegle sine eigne nybygga båter. Stas med både bygging og sjøsetting.

Alt i alt vart det ein fin familiedag i oselvaren sin teikn.  Tusen takk til alle arrangørane, Kultureininga i Os, Oselvarklubben, Oselvarverkstaden og alle andre som gav oss musikk, kaffi, aktivitetar og opplevingar!

Her er også ein stemningsvideo fra Oselvarfestivalen, laga av Lind og Lunde

Reklamer

Dobbel Os på Oselvarfestival

Oselvarfestivalen kunne skilte med dobbel Os i år, då den gjekk av stabelen laurdag 5. september.

To Os Mannskor ei stilte opp på kvar side av elveosen, eine frå Os i Hedmark og andre frå Os i Hordaland. Dirigentane vart rodd opp mot koret sitt, reiste seg i båten og dirigerte til kvar sitt Os Mannskor med sin eigen Os hyllingssong.

Publikum sto spredt omkring på brua eller ved bryggekantene på kvar side. Det var eit flott syn med alle oselvarane som rodde og defilerte i osen, og den eine oselvarseglaren som leika seg ytst mot Bjørnefjorden med fjella og fonna i syningom.

Etter hyllingssongane flytte folkemassen seg over til Oselvarhopen ved Oselvarnaustet, der ordfører Terje Søviknes ønskte velkommen. Her fekk vi meir korsong frå dei to kora, og dessutan nokre nummer saman. Det var tydeleg at folk kosa seg, både i publikum og ikkje minst blant koristane.

Så var det klart for rokonkurranse, der første lag ut var ordførar og dirigent i kvar Os kommune/mannskor, dvs at Os Hordaland sendte sin varaordfører ut i båt. Det vart etterkvart tydeleg at det var kystfolket og ikkje fjellfolket som hadde overtaket, og laget frå Os i Hordaland vann denne venskapelege konkurransen.

Seinare var det klart for politiske duellar, sidan det var valkamptider, etterkvart vart også rockeklubben utpå ein tur.

Inne i Oselvarnaustet var det taffelmusikk og vaffel, medan det utanfor var prat. Oselvarverkstaden gav ungane høve til å lage sin eigen leikebåt, og det var ope inne på Oselvarverkstaden like ved, kor ein kunne få seg ein liten båtprat og sjå oselvarar under bygging.

Artiklar i pressa om Oselvarfestivalen:
I Os og Fusaposten: Førehandsomtale, video med songen Liten Fuggel med Os mannskor x2 og artikkel Mannsterk og magisk
Storslått Oselvarfestival skreiv Midtsiden.no og Tverrpolitisk siger i rokampen