Stikkordarkiv: kystlag

Kvalfangst i Sveio

Søndag 11. september inviterte Sveio kystlag til temadag om Kvalfangst i Kysttunet ved Auklandshamn. 

Sveio kystlag brukar å vere aktive samarbeidspartnarar for arrangement i Sveio i Kystsogevekene, men denne gongen ønskte dei å gjere noko sjølv også. Tema Kvalfangt engasjerer mange i kystlaget, og dei er kjent for å ha kvalkjøtt med når dei deltek på arrangement.

Sjølvsagt var det kvalkjøt med i bildet på dette arrangementet også – midt i tida søndagsmiddagen, og då vart det kvalgryte, sjølvsagt! Eg rakk akkurat tidsnok til  å meg ei tallerk med den deilige kvalgryta som Sveio kystlag hadde laga. Etterpå var det også sjølvsagt tradisjonell plommekompott til dessert, og kaffi med kaffimat.

Det er ikkje fleire aktive kvalskuter igjen i Sveio, og fast leverandør av kvalkjøt til Sveio kystlag er kvalfangaren frå Fedje, Oddvar Nilsen Husa, som også vart invitert til Sveio og for å fortelje litt om kvalfangst, og det å vere kvalfangar også gjennom ei tid med mykje internasjonal motstand. Oddvar Husa var første gong ute på fangst i 1958.  Han har fangsta i Barentshavet, Jan Mayen, Aust-Grønland, felta rundt Shetland/Orknøyane og i Nordsjøen. Her fekk vi artige anekdoter og fortelling om dramatikk og kvalfangtmotstandarar.

Etter Oddvar Husa sitt innlegg fekk vi sjå film frå då ein av dei lokale kvalfangarane var med på kvalfangst med Husa sin båt, for mange år sidan. Då fekk vi sjå levande bilete frå korleis fangsten gjekk føre seg, og fortelling og forklaring på kva vi såg – spennande og interessant!

Det var også tid til å ta seg ein runde opp for å sjå kystlaget si biletutstilling av lokale båtar, og få høyre litt og prate litt omkring desse. Mange hadde kjenskap til forskjellige båtar og mannskap, og praten gjekk livleg.

I kjellaren har kystlaget ein samlig gjenstandar, som ei museumssamling av forskjellig som er knytt både til fiske og kvardagsliv. Vi fekk sjå oss omkring der.

Tusen takk til alle i Sveio kystlag for ein kjekk, interessant og lærerik temadag om kvalfangst! Kjekt å sjå lokala dykkar!

Les meri om Kvalfangst i Kyst-Norge
Sveio kystlag sin facebookpost om arrangementet

Reklamer

Oselvarfestivalen

Tradisjonsrike Oselvarfestivalen vart gjennomført
lørdag
3. september i Osøyro, mellom Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden. 

Opningstalen var ved Kjell Magnus Økland nett har sendt boka Oselvaren – den levande båten i trykken. Han oppfordra til bruk av båten, fordi bruk at båt også vil gje trong for bygging av båt, og både det å bygge og bruke oselvaren er ein levande tradisjon og ein kulturarv som må lærast vidare, om ein skal kunne ta vare på kunnskapen og kunsten.

På Oselvarfestivalen vert oselvaren brukt, seinare på dagen var det klart for kapproing, og startskotet var gjort med «dødsing», ein ungdom hoppa ut frå altanen på Oselvarnaustet. Dei som ikkje våga seg på dødsing eller kapproing, kunne sjå på alle dei fine og forskjellige oselvarane som låg i hopen, her var både båtar for kapproing, regatta, vanlege bruksbåtar og båtar for eitt til fleire par årar.

Oselvaren er kåra til Norges nasjonalbåt, takka vere stor oppslutning frå folk som er glad i denne båten. For dei som har oselvaren og os ekstra kjært, hadde denne dagen høve til å vise det også fysisk utanpå kroppen denne dagen og for resten av livet. Kjetil Osablod Grønvigh i Kultureininga i Os hadde nemleg utfordra to tattoveringskunstnarar frå Os, til å komme med motiv frå Os, det var Tid for å forevige osidentiteten, som Os og Fusaposten skreiv. Tattovørane hadde rigga seg til med benkar og utstyr i andre høgde i Oselvarnaustet, og viste fram valg av motiv dersom nokon vågde å merke seg for livet, og fleire lot seg freiste av osmotiva.

Os mannskor har etterkvart vorte fast innslag på Oselvarfestivalen, og stilte sjølvsagt mannsterke også i år, dei var på haustjakt etter fleire songarar. I tillegg var det musikk både nede og oppe i andre høgda på Oselvarnastet utover dagen.

Oselvarverkstaden er også ein sjølvsagt part og medarrangør på Oselvarfestivalen. Her var det også ope hus og båtbyggarar i abeid og klare for å slå av ein oselvarprat. På plenen mellom verkstaden og naustet var det sett opp basseng så ungane kunne testsegle sine eigne nybygga båter. Stas med både bygging og sjøsetting.

Alt i alt vart det ein fin familiedag i oselvaren sin teikn.  Tusen takk til alle arrangørane, Kultureininga i Os, Oselvarklubben, Oselvarverkstaden og alle andre som gav oss musikk, kaffi, aktivitetar og opplevingar!

Her er også ein stemningsvideo fra Oselvarfestivalen, laga av Lind og Lunde

Bogatunet – opning av kystsogevekene i Radøy

Radøy brukar  å markere startskotet for sine kystsogeveker, og i år var deira opning lagt til Bogatunet den 14. august.

Kystsogevekene og seinsommaren heng saman, det er ei god tid, då møtes vi igjen etter ferietid, og vi har gode stunder saman. Da gjer vi som fuglane, vi samlast og starter på hausten, sa ordførar Jon Askeland innleiingsvis.

At Radøy i år valgte å legge opninga si til Bogatunet var ikkje tilfeldig.  Ordføraren var glad for å kunne sleppe ein politisk lekkasje, at Radøy kommune har fått tilbod om å overta Bogatunet frå Nord- og Midthordland sogelag, regionssogelaget som no legg ned drifta, på grunn av lite rekruttering til laget. Det er ikkje endeleg avgjort, det skal ei politisk handsaming til før endeleg vedtak. Det er føl dessutan mykje ansvar med å overta eit slikt kulturminne, men han lover dei skal gjere sitt beste for å få til ei god løysing, slik at også kommande generasjonar skal få sjå, lære av og oppleve Bogatunet.

Dette er vår Mariakirke sa ordførar Jon Askeland om Bogatunet, og trakk fram kor viktig Boga er som kulturminne, ikkje berre for Radøy, men for heile Nordhordland.

Nils Georg Brekke, var invitert for å fortelje om byggeskikken og på Bogatunet. Han slutta seg til Askeland, og sa at Bogatunet er kulturminne i Europaklassen, og burde vore betre skilta. Nils Georg Brekke er tidlegare fylkeskonservator i Hordaland, har vore direktør på Kulturlandskapssenteret, står bak Kulturhistorisk vegvisar, andre liknande bøker, og mykje meir. Han held i desse dagar på å oversette boka Norsk arkitekturhistorie til engelsk. Han trakk dei lange trådane tilbake til mellomaldersk byggeskikk og synte plansjer og forklarte kvifor denne byggeskikken frå Strilalandet hører til mellom dei viktigaste kulturminna i Europa, og korleis tunet kan vere nøkkelen til å forstå norgeshistoria.

Etter Nils Georg Brekke sitt interessante foredrag fekk vi ei spennande innføring i laksefiske med not frå Berit Kvalvik. Ho fortalte korleis det hadde vore innretta i Boga og Kvistekrinsen, med fangstrettar, om systemet med å sette ut nota og sjekke, om gode prisa og om Laksefly som flaug over for å sjekke at nota ikke sto ute lenger enn regelverket tillot.

Vi fekk også høve til å sjå inni husa i tunet, til å prate med kvarandre, og til å sjå og mimre for dei som hadde kjenskap og erfaring med dei mange gjenstandanstypene som fins i huset.

Keipane kystlag var også del av arrangementet, og hadde aktivitetsløype for born, og dessutan fiskekaker og nubbesild og heimelaga saft for sal i Nordrevågen til Boga. Her kunne vi også få prøvd oss utpå vågen, anten vi ønskte å ro eller padle.

Etter Bogatunet og Nordrevågen kunne vi ta turen bort til grendahuset og ta søndagsmiddag i form av rømmegraut med  spekemat, vaflar og kaffi.

Også denne dagen var det litt grått og vått, men det var likevel ein positiv og fin dag. Tusen takk til Radøy kommune, Radøy sogelag, Keipane kystlag og Kolstad grendehus for ein kjekk dag!

Silje Namtveit song denne vakre songen av Erik Bye og Henning Sommero på opninga:

Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

Tekst Erik Bye/ Melodi Henning Sommero Blå salme

Førehandsomtale i Strilen av arrangementet

Keipane kystlag sin fiskekonkurranse

Siste søndagen i august gjekk turen vidare sørover på Radøy og Sæbøvågen, til Keipane kystlag sin store fiskekonkurranse. Då vi kom fram var det alt mange båtar på sjøen, og kystlaget og arrangørane sine folk hadde ein roleg stund mens dei venta på storinnrykk av fiskarar med stor fangst. I vika var det sett opp dam for barkebåtar, og her var det høve for dei som ikkje kom seg utpå, til å ta seg ein liten prøvetur med sjølvspikka barkebåtar.

Vi trudde ikkje vi skulle komme oss utpå sjøen, men dei hyggelege folka på Slippen i Sæbøvågen lot oss få låne både robåt og fiskesnøre. Det var utruleg kjekt! Det var avmerka i kart kva område det var tillate å fiske i, og ytters i vågen sin munning såg vi båtane ligge og folk fiske. Vi hadde ikkje så store ambisjonar om å få fisk, og rodde berre eit stykke utover før vi kasta snøret i sjøen. Det var godt berre å komme seg utpå. Det gjekk likevel ikkje så lange stunden før vi fekk napp, og kunne hale i land ein ørliten fisk, etter ei stund fekk ein liten pale i tillegg.

Sidan vi skulle vidare på nye opplevingar denne søndagen, hadde vi ikkje så lang tid, men fekk ein hyggeleg prat med dei kjekke arrangørane, og vi fekk lov til å vege inn fangsten. Vi hadde ikkje høve til å vere så lenge på plass, men var veldig glade vi fekk dette med oss!

Avisa Nordhordland var også på plass, dei møte folk etter dei hadde kome inn frå fiske:

sæbøvågen nh w