Stikkordarkiv: Kystkultur

Gøy på landet!

Hordamuseet fekk i vinter opna Båthallen til den store båtsamlinga si. I samband med Båthallen, har det dei siste par-tre åra vore arrangert Gøy på landet! eit familiearrangement som gjev opplevingar som knytter seg til «landet», fiskarbonden og kystkultur. Her får borna byggje båtmodellar og leike i vatn med, dei får vere med ut og segle eller ro i tradisjonsbåtar. Det er garnbøting og smak på brisiling, flatbrødbakst, landhandel, krambu, skulestove og gamle leiar. I tillegg var det sjølvsagt omvising og formidling i Båthallen, der båtbyggjar Hallgeir Bjørnevik helt på å byggje ny oselvar i utstillinga.

Det var strålande sol og folk koste seg i godværet og fekk med seg alle dei ulike aktivitetane.

Kruttrøyk over Engevik Gaard!

24. august var det Kystsogedag på Engevik Gaard, og denne dagen sto i militæret sitt teikn. I år er det 250 år generalmajor Christian Wilhelm Segelcke døydde, han grunnla av offisergarden Engevik Gaard,  tidleg på 1700-talet. Kva passa då betre enn å invitere Kong Frederik IVs Tambourafdeling af 1704 som har ambisjon om å gjenskape og formidle datidens soldater og offiserers liv i felt og innenfor festningsmurene. C. W. Segelcke var kommandant for Søndre Bergenhusiske Infanteriregiment, han kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard.

Det var verkeleg eit staseleg inntrykk då tamburavdelinga kom marsjerande inn på tunet på Engevik. Dei tok seg verkeleg godt ut, men dei apperlerte også til andre sansar, både lyd og lukt. Tamburavdelinga har ei einig som står for musikken, eller spelet som dei kallar det, og her var det både tambourer, dvs trommeslagere, og signalhornister, eller trompetblåsere. Instrumentene dei nytter seg av er så langt det let seg gjere, kopier av instrumenter fra 1700-tallet. Musikken vi fekk høyre var i hovedsak av gamle signaler, marsjer og fanfarer som ikkje har vorte spelt på ca 250 år, og lyden vi fekk høyre denne dagen kan ha lagt tett opp til om Segelcke sjølv hadde ein avdeling på garden i sin levetid.

Tambouravdelinga er også opptatt av Trommeslåtter, ein gamal norsk trommetradisjon som i hovedsak kommer fra Vestlandet som i motsetning til feleslåtter  mens trommeslagerens speleteknikk var i ferd med å dø heilt ut. Johannes Sundvor`s samlinger av trommeslåtter fra begynnelsen av 1900-tallet var kanskje hovedgrunnen til at trommeslåttradisjonen lever videre, og denne dagen fekk vi høyre Eivind Sundvor spele og fortelje om slåttane bestefaren skreiv ned.

Midt på dagen fekk Engevik meir celebert besøk, då Shetlandsbussen KNM  Hitra kom til gards med ein delegasjon frå forsvaret. Hitra vart tatt i mot med kanonsalutt og honnør frå Tambourtroppen. Til gjengjeld vart troppen inspisert av kontreadmiral Bernt Grimstvedt frå Fusa, han fekk også avduke minnesmerket over C W Segelcke.

Det var ein fanstastisk dag på Engevik gaard!

For mange, mellom anna delegasjonen ombord i KNM Hitra, fortsette denne med festmiddag på Sævareid ungdomshus, der det var kåseri og ikkje minst utdeling av Kulturvernprisen 2013 i Fusa Anders Kåre Engevik-prisen. Årets vinnar vart Tønnegarden Economuseum v/Jostein og Kari Gangstø – for det store arbeidet dei har gjort for å ta vare på og formidla bøkkartradisjonen i Fusa.

Frå Periferifestivalen 2013

Det er alltid kjekt å ta turen ut til Glesvær og til Periferifestivalen. Det har også vorte fast i kalenderen med deltaking i Periferikonferansen som i år naturleg nok var prega av valget, og diskusjonen gjekk mykje omkring sentrum og periferi, og kva som ER GALE MED BERGEN? om kommune- og regionstruktur og kultur og i periferi vs hovudstad, og vi fekk politikarane Helge A. Njåstad (FrP), Jette Christensen (Ap), Kjersti Toppe (SP), Øyvind Halleraker (H) i debatt.  Kultur og næring, og kulturbasert næring, er det liv laga? fekk vi også høyre, med inspirerande døme frå Stokkøya sjøsenter.

Sjølve festivalen fredagskvelden vart som alltid innleia med Frode Grytten sitt dikt, sentrum perifer, medan Ida Jenshus var første artist ut på hovudscena, etter det gjekk det slag i slag med artistar både frå scena og i naustet. Morten Abel var i godt slag og fekk mellom anna invitert ei hårfager dame med seg opp på scena. Big Bang tok til og med spranget med stage dive frå scenekanten – det var stor stemning.

Stemninga og ramma rundt festivalen er eit vesentleg trekk ved Periferifestivalen. Her er det verkeleg havsus møter populærmusikk, og også menyen er prega av havet med Vaularwrap med laks, Abelkaker (fiskekaker og potetbåter), og BigBangBurger (lakseburger), og sjølvsagt Gryttensuppe (fiskesuppe).

Festivaldeltakarane er også i stor grad båtfolk, og gjestehamna i Glesvær var stappfull av båtar i alle storleikar. Ut i kveldingen høyrdes det salutt i det Galeasen Loyal meldte sin ankomst, og så la til langs kaien med mastane ruva over handelstaden og festivalområdet. Også fjordabåten Atløy var innom ein tur, medan kulturbåten Glesnes også var på plass. Som arrangørane sjølv seier det: Fredagen var det ein gild blanding av varme, gluggasol, og svartestidla – ein fullkommen første festivaldag.

Søndag på Fitjarfesitvalen

Vi var ein snarttur innom Fitjarfestivalen søndag 11. august, det var regntungt og grått, men likevel var det mange som møtte opp til utegudsteneste på Sjøsioi Fitjar sentrum. Den store scena ruva, her hadde reggae og hiphopartisten Admiral P får med seg mellom 800-1000 menneske kvelden før. Nå var det litt meir nedtont, med alterlys på scena, og presten i finstasen sin.

Bak scena kunne vi også sjå bodgata som hadde yra av liv i fleire festivaldagar, og som skulle opnast igjen etter gudstenesta.

Sjå Fitjarposten sine artiklar om den vellukka festivalen.

Admiral P – livet er sweet
Hanne Sørvåg skapte godstemning i Kultur- og Idresttsbygget

Det var kjempevêr for kjempefisk på fiskefestivalen

Det handla om mat, med kjendiskokkar på besøk

Sigvart Dagsland tjuvstarta på fesitvalen

Kystsogevekene 2013 er i gong!

Etter den fantastiske opninga ved Lindås sjøsluser forrige helg står arrangementa vidare i kø frametter. Denne helga er det store arrangement mange stader i fylket:

Det er Kystsogehelg i Bekkjarvik med tettpakka program for store og små. Alt i dag vert det ei forestilling for barn med dramatisering om og kring Sildajenta, og seinare ein sommarkonsert med Hjerteklang. Vidare ut i helga vert det både torgdag, rokonkurranse, god mat og ikkje minst Bjørn Eidsvåg i Hengjo og nattkonsert i Stolmen kyrkje. Søndagen roar en ned med gudsteneste på Skjeret med songinnslag, men framleis ope torg og marknad.

Også på Fedje er det aktivitet denne helga – Kulturvandring i Landsbyen i havet startar fredag kveld med konsert ved eit koret Plunge frå Litauen i Fedje kyrkje. Laurdagen vert det både foredrag, ope trafikksentral og ikkje minst Maritimt meisterskap der ein kystfolk tevlar om evner og kunnskap innan ulike maritime greiner som sløying, filettering, knuter med mer. Her er det duka for kappestrid!

I Masfjorden er det Kraftspel denne helga med Kurt Nilsen og Vinni som store namn fredag og laurdag. I tillegg vert det som tidlegare både marknadsdag, seminarer og konsertar, og ikkje minst vert helga avrunde med Bjørn Westmarsjen.

Kystsogedagane i Os vert opna på laurdag, og tradisjonen tru vert det fiskekonkurranse og regatta i Søre Øyane. Det vert også vernissage i Vedholmen Galleri og sjanse til å sjå ein moderne fiskebåt frå innsida, på Røttingøy.

Utstillingopning vert det også når Lars Tveit har Kystsogevekeutstilling i Moster Amfi på Bømlo.

Andre frittstande kystsogearrangement er Tur i fiskarbonden sitt rike – på vakre Krossøy, eller konsert med Marit Drivenes på Manger i Radøy. På Radøy har ein også høve til å lære seg å segle, på kurs om bord i Colin Archerskuta Sunniva.

Dansegalla i Tysneshallen har røtter tilbake til eit kystarrangement for ei årekkje sidan, og heng igjen som eit populært treff for dans. Her kjem folk tilreisande til Gjestehamna i Våge, eller med bubil.

Eknesvågens venner har bokkafe kvar søndag, men under Kystsogevekene dreg dei i gong ei  imponerande foredragsrekkje, denne søndagen kan folk høyre Bjarne Foss fortellje om Møbelindustrien i Nordhordland.

På I Hosanger er det også aktivitet gjennom heile sommar og seinsommaren, og her kan folk sjå vevutstilling ved Åse Eriksen og høyre konsert i Hosanger Kyrkje.

Sjå heile programmet på www.kystsogevekene.no

Du finn oss dessutan på Facebook                   

     

Arrangement i Austevoll, Os, Fedje, Masfjorden, Radøy, Tysnes og Bømlo
Arrangement i Austevoll, Os, Fedje, Masfjorden, Radøy, Tysnes, Lindås, Osterøy og Bømlo

                  

Frå Lindås sjøsluser og opninga av Kystsogevekene 2013

10. august vart ein eventyrleg dag då Kystsogevekene 2013 starta, og Lindås sjøsluser vart gjenopna etter lang tid ut av bruk og restaurering. Her kjem bilder frå dagen då MS Granvin tok turen frå Bergen, gjennom slusen og til Nedre Lindås og Lindåstorget. Det var ein varm velkomst og ein folkefest både på Spjotøy, ved slusene og på Lindåstorget.  Sola skein opp og bada båter, folk og ikkje minst landskap og sluser i sol.

Turen starta på morgonen med fjordabåten Granvin fra Bergen, med ein tur innom Knarvik for å hente fleire passasjerar. Så bar det Indre Farleia vidare mot Lindås sjøsluser. På turen hadde vi den kunskapsrike marinarkeologen fra Bergen Sjøfartsmuseum, Arild Marøy Hansen med oss som guide. Han fortalte spennande og interessante historiar om det maritime kulturlandskapet i og langs leia.

Då vi kom fram mot slusene venta det oss ei folkehav, sluseplattingen var full av folk som ville vere med på denne historiske hendinga. Det var god stemning og ein fantastisk velkomst til fjordabåten som skulle markere opninga. Her var det talar og eit historisk opptrinn og ikkje minst ein liten porsjon spenning då slusene opnast.

Turen gjekk vidare inn til Lindås og Lindåstorget der det var folkeliv og røre, og stor stemning. Her var det utstillingar, kåseri, marknad, musikk, dans, song og slusekake!

Tusen takk til Lindås kommune som var godt vertskap for ein fantastisk dag og start på Kystsogevekene 2013!

Ta del i stormønstringa av kystkultur

Vi vil gjerne ha mykje fokus på kystkulturen og oppmodar lag og organisasjonar til å ta del i stormønstringa. Ta gjerne kontakt med Stiftinga Kystsogevekene om de ønskjer å ha med eit arrangement under møstringa.

Dersom de ønskjer å vere med i det trykte programheftet er fristen for å melde inn 15. mai. Vi treng då å vite dato, stad, tittel på arrangement og gjerne litt hovudtrekk. Dersom de ikkje har alle detaljar klare er det også høve for melde fra hovudtrekka og så etterkvart som det er klart melde inn til stiftinga som legg det på nettsidene.

Kystkultur – tradisjon og utvikling… Vi er oppteken av å gje plass både til tradisjonell og moderne kystkultur.

Havsportveka

Hadde meg en flott tur til Austheim i går i snøværet. Har startet på min rundtur til de 20 kommunene for å høre om planleggingen av årets aktiviteter under Kystsogevekene. Det er alltid inspirerende og kjekt å treffe folk der det skjer, og ansikt til ansikt, ikke bare på mail.

Austrheim satser stort på havsportaktiviteter, og tar mål av seg å bli like kjent for sin Havsportveka og aktiviteter som Voss er for Ekstremsportveka og ekstremsport. Det er også besluttet å opprette et eget havsportfag på Austrheim Videregående skole.

Havportveka ble arrangert første gang i fjor og hadde over 60 aktiviteter og mange hundre aktive innenfor dykking, padling, seiling, RIB-båtturer, og en mengde varianter innenfor de ulike grenene. I tillegg var det Havcamp og fokus på god maritim mat.

Også i år satser de også friskt med Havsportveka fra 11. – 15. august. Det skal bli spennende å følge med. Jeg tanker i hverfall at jeg vil la min 11-åring få prøve seg på skattejakt i fridykking, kanskje jeg selv også kan få meg med en padletur eller to?

www.havsportveka.no/

Havsportveka 2009
Fridykking for barn og unge ved Krossøy