Stikkordarkiv: Kystkultur

Gøy på landet på Hordamuseet 2016

På Hordamuseet er det alltid kjekt, men 21. august var det Gøy på landet, eit arrangement med vekt på livet på landet i gamle dagar.

På landet er det både gårdsbruk, gamle hus, gamle håndverk og gjeremål, båtbruk og leik. Det vil sei at for oss i dag er det gøy, men i gamle dager var det kvardagsslit og arbeid. Likevel, med eit kort glimt inn i gamle dagar, når det att på til er nydelig vær, vert gamledagar både lærerikt og gøy.

Det var også eit godt høve for prat på tvers av generasjonar, og praten gjekk livvleg når dei vaksne fortel, og ungane spør og prøver. Her kunne besteforeldre og foreldre fortelje om gjenstandar og gjeremål dei hadde minner om, eller som dei hadde høyrt sine foreldre eller besteforeldre fortelje om.

På friluftsmuseet Hordamuseet på Stend, inst i Fanafjorden, var det smed i smia, skulemester i skulestova, koner som karda og spant, ølbryggar i bryggerhuset og bakstekoner i huset.  Ute i klyngetunet var det vassbering med åk, og klesvask i stamp, der dei nyvaska kleda vart hengt til tørk mellom husa i solen og den milde vinden. Alt dette fekk publikum vere med å prøve seg på.

Litt tid til leik var det også i gamle dagar, og då var det leikar som stylter, sprettert og ballar på boks, eller hoppetau og hesteskokasting, noko dagens ungar også fekk prøve seg på.

Denne dagen fekk borna også bygge seg eigne båtar med strikkmotor eller segl, og prøve dei på «havet», eit basseng som var sett opp i tunet. Det var også mogeleg å komme seg ut på sjøen med Fanafjorden tradisjonssegling, eit båtlag som held til ved Hordamuseet.  Nokre rodde seg ein tur rundt Stendaholmen i robåt, og og andre fekk til og med prøve seg på med segl i ein av tradisjonsbåtane.

I kafeen på kaien steikte dei fiskekaker, og det gjekk med mange boller med fersk fiskefarse. Foreningen for brislingens fremme, Sprattus sprattus var også på plass med sine brislingprodukt.

Folk hadde høve til å komme seg standsmessig frå Stend til Hordamuseet, då dei hadde samarbeid med Osbanens venner som hadde open dag på Stend stasjon.

Hordamuseet er eit av mange museum i Bymuseet i Bergen. Dei har mange kjekke familiearrangement med vekt på ulike tider gjennom året, alt frå steinalder, via jernalder og vikingtid, til livet i gamle dagar på garden ved sjøen, eller på stølen til fjells.

Tusen takk til Hordamuseet og alle deira samarbeidspartar, frivillige lag og organisasjonar som gjorde at vi fekk ein dag med Gøy på landet, både store og små!

 

 

Hamnedagane ved Kleppesjøen i Sund

Hamnedagane i Kleppesjøen i Sund på Søre Sotra vart arrangert fredag 19. august og laurdag 20. august. 

Fredagen var det både Hamnemila og Hamnekonsert  med Vivian Steinsland og spelemenn. Ho spela og syng viser, pop/rock og folketoner under sjangeren Havpop. Denne fredagen var det også  første gang Vivian Steinsland song i duett med Helge Grønhaug. Helge er kjent som vokalist og låtskriver i Dvergene og skal denne hausten opptre fleire gongar saman med Vivian Steinsland.

Hamnemila er eit motbakkeløp på ei nautusk mil, 1852 meter opp frå Kleppesjøen og til Kleppeaksla, med 200 meter i høgdeforskjell. Både born og vaksne kunne stille til løp – det gjorde ikkje dagleg leiar, som berre fekk med seg andre dagen av Hamnedagane.

Laurdag var det sjølve Hamnedagen, med marknad, aktivitetar, fiskekonkurranse, kakekonkurranse, dyr, musikk, utstillingar og meir.

Det var fiskekonkurranse i kategorien i indre hamn og utom hamna. Vi tok del i klassen utom hamna, men hadde kort tid på oss, men jammen fekk vi fangst – ein liten fisk til katten… men guten var kry. Han er erfaren fiskar, men for andre var det Den første fisketuren. Sund trulag inviterte til fisketur på ei lita ferge, både for nyekomne og gamle sundsokningar for å gje eit høve til integrering og bli kjente med kvarandre. Mange av våre nye landsmenn vart med på turen, og for mange av dei var det første fisketur, medan dei erfarne fiskarane frå Sund heller drog ut med sin eigen båt, eller sto på berga rundtom.

I indre hamn fekk vi vege inn fangsten, her kunne vi også sjå fisk, krabbar og sjødyr i eit akvarie. I nausta var det ustillingar og salgsboder, og utanfor ein Kaikafe. Inne i det store hengjo der konserten hadde vore kvelden før, var det fotoutstilling på veggen, kafebord og dessutan kakebord med kaker frå konkurransen. Etter kåringa kunne vi kjøpe oss eit stykke kake frå vinnaren eller dei andre deltakarane.

Vivian Steinsland hadde ein liten konsert også på laurdagen i høve utdelinga av Johannes Kleppevik Minnepris, som i år gjekk til Audun Hausberg, som har eigd og vore skipper på Loyal, men som no har overlete skuta til nye eigarar. Han var velfortent prismottakar, og haldt ein fin takketale, der han tala varmt om kystkulturen.

Etter endt arrangement, var det artig å ta veteranbussen tilbake til parkeringsplassen ved skulen.

Vi hadde nok ein kjekk kystsogedag med mykje flott kystkultur, kjekke aktivitetar, god stemning og kjekke folk på Hamnedagane.

Tusen takk til Kleppe grendalag, og alle frivillige som sto bak Hamnedagane på Kleppesjøen i Sund!

Pressedekning i Vestnytt:

Vant-kaketevling-med-sjo-og-anker

Den første fisketuen

Utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris

På veg til opninga på Litlebergen – og heim att – med Stord 1 og Vestgar

Arrangørane av den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 hadde lagt opp til at det skulle vere høve til å få oppleve å komme sjøvegen til Litlebergen frå bydn, slik folk gjorde før i tida.

Stord 1 hadde oppgåva å frakte passasjerar frå Holbergkaien til Litlebergen på morgonen, medan Vestgar kunne ta med seg passasjerar same turen klokka ti-øve-to, slik fjordabåtane gjorde før i tida på laurdagane. Diverre var det alt for få som tok turen i denne laurdagen, både første og andre avgangen. 

Vi som tok turen med Stord 1 hadde likevel ein fin og kjekk tur på denne flotte båten. Undervegs fekk vi informasjon om stader vi passerte og Indre farleia over høgtaleranlegget. Passasjerane fekk prate og kose seg, sjå seg rundt i båten, både i maskina, salonger og på dekk.

Spenninga var stor då Stord 1 sakka farten då vi nærma oss Krossnessund for å gå under brua. Det er lett å gløyme at desse gamle båtane ikkje har same manaureringsevnene som moderne båter. Her er det ikkje trustera og baupropeller, men det store roret er styrt med rattet som dreg i kjettingane som ligg i kanaler langs dekk. Det er ikkje endring i kurs med ein gong, men sakte og seigt. Det gjeld å stake ut kursen tidleg og peile seg inn mot målet. Det gjekk fint og Stord 1 kunne sige inn mot flytebryggene på Litlebergen, der folk sto og venta.

Stord 1 var på plass, passasjerane gjekk på land, og den offisielle opninga kunne gjerast. Her hadde alt vore aktivitetar på Litlebergen sidan kl 11. Sjølve opningsdagen er alt omtala.

Stord 1 lå til ved flytebryggene utover dagen, og folk kunne komme ombord og sjå seg omkring, og hadde retur til Bergen kl 17.

Klokka ti-øve-to gjekk Vestgar frå bydn, slik fjordabåtane gjorde før i tida. Det tek vel ein time ut til Litlebergen, og Vestgar låg til kai, slik at folk skulle få komme ombord og sjå seg omkring, eller kjøpe betasuppe eller skillingsbollar og kaffi.

Vestgar hadde retur etter at festframsyninga var over i Møllehuset. Vi var ikke mange som skulle vere med på returen til bydn, men vi fekk ei oppleving vi kjem til å hugse lenge. Vi vart inviterte til brua og fekk sjå oss omkring her, og ikkje minst prate med kapteinen og mannskapet. Den største opplevinga fekk nok guten på 9 år som fekk trekke i skipsfløyta midfjords og helse på ein møtande båt – snakk om stas!

Dagen slutta som den starta, med vått og grått ver, og vindauga dogga og regnet rant ned på rutene. Likevel – ein verkeleg flott avrunding av en fin opningsdag!

Tusen takk for turen til både Stord 1 og Vestgar!

 

Frå Litlebergen og offisiell opning av Kystsogevekene 2016

Her er mange bilder fra opningsdagen av Kystsogevekene 2016 på Litlebergen. Ein våt, men flott dag! 

Ved den offisielle opninga av dei 20. Kystsogevekene var det talar ved ordførar Øyvind Oddekalv, som trakk fram Litlebergen sin historie og kystsoge. Nyvalgt styreleiar i Stiftinga Kystsogevekene Børge Haugetun talte på vegne av stiftinga om dei 20. Kystsogevekene, og årets kystsogeveker. Varaordfører i Hordaland fylkeskommune, Pål Kårbø sto for den offisielle opninga av Kystsogevekene.

Kystsogevekene har gjennom alle desse 20 åra vore støtta av fylkeskommunen, og arrangement har gjennom alle desse åra funne stad i 22 kommunar på heile Vestlandskysten.

Det var første gong i Kystsogevekene sin 20 år lange historie at den offisielle opninga var lagt til Meland kommune, og dessutan første gong at det var arrangement i Kystsogevekene på Litlebergen. Det passa fint å ta i bruk ein ny arena på Litlebergen, når opninga skulle vere i Meland.

Arenaen var Litlebergen båtlag sitt hamneanlegg med båtplassar og gjestehamn. Det gamle Møllehuset er pussa opp og sett i stand av båtlaget. Det var rigga til scene på kaien, og kafe og salsboder på land. Det var aktivitetar for born, ein gamal traktor og båtmotorar å sjå, og ikkje minst høyre på.

Det var lagt opp til at ein kunne nytte heile dagen på Litlebergen, med underhaldning, fiskekonkurranse, båttur i Fløtøyosen, kajakkpadling, og mykje anna. Det var svært leit at ikkje veret var på vår side, dette gjorde nok sitt til at mange ikkje våga å ta turen ut i det grå og våte veret.

Dei som kom, fekk likevel ein flott dag, gjennomført og mangfaldig sett saman av ein flink arbeidsgruppe. Åge Skjelvik sto bak roret, og hadde med seg eit flott manskap av erfarne arrangørar  frå Kystsogedagane i Meland. I tillegg var det også knytt til seg lag og grupper med tilhøyre i denne delen av kommunen.

Nordhordland Padleklubb, som hadde ei flott oppvising med mange kajakkar, og demonstrerte kunstar, ruller og kameratredning.

Kuttaren MK Fyksesund gjekk turar i Flatøyosen og hadde guide med seg ombord som fortalte om kulturhistoria på ulike starer kring osen, både på Håøy, Flatøy og Fosse.

Sangkoret Vågen sin festforestilling Frå Broadway til Litlebergen vart på grunn av veret flytta inn i tredje høgda  Møllehuset. Her var det fullsett sal mellom råbjelkene, i det ikkje heilt ferdige lokalet. Det var ei flott ramme kring ei flott forestilling som fenga og underhaldt alle, både songarar og publikum. Vi fekk ei flott stund med musikk med Bjørn Berntsen og Ingelin Skei som solist, og Kristine Fluge som dirigent.

Det var god stemning og godt humør, der songarane gjorde raske og enkle omkledningar på scena, og enkle rekvisittar sette rammene og flytta oss med frå ene musikalen etter den andre, frå Bør Børson, Cats, Mamma Mia og Spelemann på taket.

Tusen takk til Meland kommune, arbeidsgruppa for Kystsogedagane, lag og organisasjonar, enkeltpersonar, frivillige og andre som sto på for å gje oss alle ein fin, om enn grå, opningsdag for Kystsogevekene 2016 – den 20. i rekka!

Den offisielle opninga i pressa:

Avisa Nordhordland sin billedserie frå opninga

Strilen sin reportasje frå opningsdagen

Kystsogevekene 2016 – takk for denne gong!

No er dei 20. kystsogevekene historie, og opplevingane har stått i kø. For ikkje å blande saman arrangement som har vore med kommande arrangement undervegs i Kystsogevekene, har vi venta med å rapportere frå alt som er opplevd.

Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 var på Litlebergen i Meland kommune. Det hadde vore ein våt og grå sommar, og vi håpte at vi skulle endeleg få litt godver på seinsommaren. Diverre var laurdag 13. august mykje lik på mange av sommardagane i 2016 – våt og grå, men arrangementet var flott likevel.

Dersom litt gråver og regn skulle stoppa oss, hadde vi ikkje fått gjort mykje, vi kystfolk på Vestlandet.

Heldigvis var veret betre etterkvart, og det vart til slutt fleire riktig fine dagar og helger no på seinsommaren.

Framover kjem dagleg leiar til å poste biletrapportar frå alle arrangementa ho rakk å vere med på i år.

Tusen takk til alla arrangørar som har stått på for å gje alle oss andre gode opplevingar!

Tusen takk til alle som møtte fram og tok del på alle arrangementa! 

Saman har vi vist at kystkulturen betyr mykje for folket i Vest –
i alle dei 22 kommunane som er med i Kystsogevekene. 

Alle foto er henta frå @kystsoge på Instagram

 

Modellbåter av fjordabåtar

Sjå mange av dei gamle fjordabåtane i skalert til liten størrelse ombord i M/S Vestgar på  Kystsogedagane i Meland, Holmeknappen. 

Bergen Skala Modellbåtklubb er ein gjeng båtentusiastar som legg mykje arbeid ned i å bygge modellar bygge modeller av båter som folk langs kysten kjenner igjen, anten det er fjordabåtar, ferger, hurtigbåtar, hurtigruter eller marinefartøy.

Det er særs begrensa med byggesett å få kjøpt av slike fartøy, og dei har utvikla metoder for å bygge båtene sjølv, slik at i dag vert langt dei fleste modellene bygd heilt fra scatch basert på teikninger og bilete. Mykje arbeid vert lagt ned for å finne fram til mest mogeleg informasjon om kvar av båtane dei bygger.

Dei siste to til tre åra har dei hatt eit prosjekt med å bygge fjordabåter og sjøbusser som trafikkerte områdene vest og nord for Bergen. Gjerne kalt «kvart over to-båtene» (då dei gjekk fra Bergen kvar lørdag kl.14.15 –  då var det helg!)

Det er eit 10-tals modeller av denne båttypen dei kjem til å vise fram på utstillinga om bord på Vestgar på Kystsogedagane i Meland, Holmeknappen søndag 28. august. Følgene modeller er med på utstillingen; Seimstrand, Hosanger I, Oster, Vestgar, Melanddrott, Alversund, Midthordland og Hernar.

Bergen Skala Modellbåtklubb gjer eit viktige bidrag til å ta vare på kystkulturen – ikkje minst i vårt distrikt, då det er mye historie i kjølvatnet av desse båtane.

Bergen Skala Modellbåtklubb (BSMBK) består i dag av litt over 35 medlemmer, kor 15 er aktive. Klubben vart starta på 1970-tallet ved at eit beskjedent antall entusiaster med interesse for båter kom sammen. BSMBK har i dag sitt møtested (annankvar tirsdag) på Godvik skole, Bergen vest. I kjelleren har klubben sitt byggelokale kor dei som har mulighet til det, kan komme saman på dagtid for å bygge. Dette gjev selvsagt inspirasjon i tillegg til det sosiale aspektet.

Tusen takk til Frode Bjelland, for alle bilder og informasjon frå i Bergen Skala Modellbåtklubb.

Sjå programmet for Kystsogedagane i Meland, Holmeknappen.

Modellbåtane kjem søndag, men programmet på Holmeknappen startar alt fredag kveld med Kulturkveld i stove og løe. Lørdag og søndag blir det marknad, underholdning og aktivitetar.

Program for opningsdagen på Litlebergen

Det vert Kystsogeveker for 20. gong når startskotet går laurdag 13. august på Litlebergen i Meland kommune.

Litlebergen Båthamn vert arena for sjølve opninga med underhalding, aktivitetar, men også meir at området vert tatt i bruk denne dagen. Du skal få høvet til å verte meir kjent med heile området kring Flatøyosen.

Ta turen til Litlebergen laurdag 13. august. Kom gjerne med båt – ein fjordabåt eller din eigen.

Her er kan du sjå programmet for dagen, det vert både fiskekonkurranse, båturar, omvisingar, festframsyning og mykje anna.
offisiell opning 2016 wprogram for opningsdagen

Litlebergen Båthamn sett frå Håøy. Foto: Ane Bysheim
Litlebergen Båthamn sett frå Håøy. Foto: Ane Bysheim

Tilbakeblikk i jubileumsåret

Når startskotet for Kystsogevekene 2016 går, vert det for tjuande gong. Det har vore ei utruleg soge så langt, og skuta seglar vidare. I eit slikt jubileumsår er det naturleg å sjå seg litt tilbake. Her kan du sjå forsidene på programma gjennom alle desse åra. Bilettekstene fortel kor den offisiell opninga fann stad kvart år, og litt kort om programmet.

Eit raskt overslag og anslag fortel at det må ha vore nær 3000 arrangement som har vorte skipa i stand, og godt i overkant av 700 000 menneske har tatt del i desse arrangementa.

Det er mykje god kystkultur, det! Og på seinsommaren vert det høve for fleire gode kystopplevingar når dei tjuande kystsogevekene går i gong.

Kystsogevekene for 20. gang!

Kystsogevekene 2016 vert dei 20. i rekka, første gang var i 1997.Kystsogevekene 2016, 13. august til 18. septemberDen offisiell opninga vil i år gå føre seg på Litlebergen i Meland kommune, laurdag 13. august. På Litlebergen har det ikkje vore arrangement under Kystsogevekene tidlegare, så det er flott at dei  ønskjer å starte noko dei håpar vert ein ny tradisjon i området.

Fartutsnitt, flyfoto Litlebergen, Håøy, Flatøy og Knarvik
Kartutsnitt Litlebergen, Håøy, Flatøy og Knarvik

Litlebergen ligg på på Holsnøy, godt skjerma av Flatøy og Håøy, dette var på 1900-talet ein aktiv både ein aktiv stad med både bakeri og mølle, landhandel, smie og småindustri. Her vart det produsert både leiketøy, møblar og plastutstyr og brødkassar.No er det eit aktivt båtlag, Litlebergen Båtforening som vil samle folk som er glade i sjøen. Båtforeninga har både marina, gjestebryggjer og dessutan lokalet Møllen, som er sett i stand på dugnad til klubbhus, og som får servicefunksjonar knytt til gjestehamna.

På den offisielle opningsdagen vil det verte høve til å komme seg på sjøen på fleire måtar, og lokale lag og foreiningar, både seilforening, padleklubb, sogelag og mange andre, vil gå saman for å lage ein festdag for kystkultur. Då vil dei vise fram yrande liv med aktivitetar både frå ny og gamal tid, og for folk i alle aldre.

Ei arbeidsgruppe er alt godt i gong med planlegginga,
og vi kan alle glede oss!

Litlebergen Båtforening, båthavn og marina, gjestekai
Litlebergen Båtforening, båthavn og marina

Vinner av Julekalenderen 2015

Her er fasit på alle bileta får årets julekalender.

Det  vart trekt ut først ein dag, og så ein vinnar ut frå alle dei som likte og kommenterte den akutelle dagen sitt kalenderbilete dagen.

Til trekkinga nytter vi ei nettside www.random.org som trekkjer tilfeldig vinnarar. Her vil eg først trekkje ein tilfeldig dag, og så etterpå nummerere alle som har likt eller har kommentert.

Dagen som vart trekt ut vart 16. desember, då var det Vigdis Hovind som vart trekt ut. Gratulerer!

Vinnaren får ei flott bok: Fjorden var vegen, Fotopioneren Anders Poulsson Wallevik, av Elisabet Vallevik Engelstad. 

Her er alle bileta frå kalenderen samla, med fasit.

Godt Nytt Kystkulturår!