Stikkordarkiv: kunstutstilling

Utstilling på Vedholmen Galleri

Vedholmen Galleri ligg i Søre Øyane, i Røttingavegen 23, på Lepsøy. Kvart år brukar det å vere ei utstilling i løpet av Kystsogevekene. I 2016 var det seperatutstillinga Periskop med Line Hvoslef sine måleri.

Nå er Kystsogevekene for lengst over, men vi var innom heilt i slutten av utstillingsperioden til Periskop. Her vart vi godt tatt i mot av Vibeke Harild som står bak galleriet.

Vedholmen Galleri har fått ny galleributikk og har kunstutsal, i tillegg til ei rekkje utstillingar i løpet av året, dei har

No er det straks slutt for utstillinga Oppspenn med separatutstilling med skulpturer/mobiler av Reinhard Haverkamp som etterfulgte Line Hvoslef sin Periskop.

Laurdag 5. november er det klart for Kollektiv juleutstilling med galleriets eigne kunstnarar innen måleri, grafikk, skulptur og keramikk samt gjestekunstner Zeljko Uremovic, Kroatia, som viser ei separatutstilling med måleri i intimgalleriet. Her kan du kjøpe vakre og særprega julegåver, og samtidig få ein flott tur i vakkert omland i Søre Øyane i Os.

Pressedekning av utstillinga på Vedholmen Galleri:
www.midtsiden.no/hvoslef-tilbake-pa-vedholmen
osogfusa.no/maritim-verdspremiere-pa-vedholmen-galleri

Kommande program i galleriet 

Reklamer

Utstillingar på Galleri Rustica

Galleri Rustica brukar å ha utstillingar og arrrangement i løpet av Kystsogevekene, det hadde dei i år også. Vi tok turen laurdag
10. september.

I år har Galleri Rustica på Holmeknappen i Meland 10 års jubileum, og dei markerte det med fleire utstilingar, mellom anna ei utstilling som viste utvalgte bilete frå mange av dei som har stilt ut her gjennom alle desse åra.

Utstillingane under Kystsogedagane i Meland og resten av Kystsogevekene var mellom anna med Nordhordland kunstlag sine bilete, og Jubileumsuttillinga 10×10 kunstverk med over 50 utstillarar. Kunstlaget tok bilete frå utstillingsopninga. Det var også ei eiga temautstilling om havet tar og gjev tilbake i utstillingslokalet Floren. Der var det også film frå då stormen Nina herja.

Leif Johnsen og Anne S. Johnsen er også engasjerte i Ullveka som vert markert i Hordaland og Rogaland i slutten av oktober, med eit rikhaldig program, med både foredrag, kurs, aktivitetar, strikkekaffi, demonstrasjon av ulike handverk og mykje meir.

Galleri Rustica set opp ny utstilling i samband med Ullveka – Mangfaldige åkler frå Nordhordland, utstilling opnar 22. oktober og vil stå til 30. oktober.

Tusen takk til Leif og Anne for mange flotte bilete og kunstverk å sjå, ein hyggeleg stund og kjekk prat på Holmeknappen!

Open haustdag på Sunnhordland museum

Det var regnfullt og vått då Sunnhordland museum hadde open temadag i Sunnhordlandstunet lørdag 3. septmber. Tema for dagen var Monster i havet.

Vi kom til Sunnhordland museum  midt i ein voldsom regnbyge, og det var berre å komme seg i hus. Diverre var vi litt for seine til å få med oss foredraget til forsker på Havforskningsinstituttet Lene Buhl-Mortensen om plast og søppel i havet. Plast i havet er eit stort problem som vi står overfor i global målestokk.

Plasten er «Monsteret i havet» som vi ikkje blir kvitt, og det var i dette høvet også laga ein liten barneforestilling om dette, for høvet plastmonsteret, med dramatiske fortellingar frå Orknøyane og Noreg om monster i havet.

Sunnhordland museum hadde også to ustillingar, med tema plast, hav, bruk og kast og mer varige gjenstander i både positiv og negativ forstand. Plast er lett lage, bruke og kaste, med vert brutt ned svært sakte.

Utstillinga Plast er bruk og kast viser bruksgjenstandar i frå gamle dagar, og frå vår tid. Materiala før var gjerne tre, medan vi no til dags brukar plast, som tresko før og Crocs no, eller ein rosemalt trebomme til flatbrød før, medan vi i dag nyttar Tupperware. Tradisjonelt har gjerne ting vore vanskeligere å lage, og dermed hatt høgare kvalitet, gjerne av naturlege materialer, og med mykje lengre brukstid og som vart reparert før den til slutt vart utstitt, og som dessuten som brytest ned når gjenstanden er utslitt. Dette var ein tankevekkande og talande utstilling.

Det var også ein kunstutstilling som tidlegare har vore på Halsnøy Kloster, «Weaving Ghosts» («Vevde skrømt») av Lois Walpole frå Shetland. Dette er kunstverk og skåler som er vevde av plasttau ho har funne i strendene på Shetland. Kan hende noko som har drive i land frå oppdrettsanlegg i Sunnhordland?  Utstillinga vert å sjå på museet i heile oktober.

Stord Husflidlag hadde formingsaktivitetar som å lage leiker av utslitte moderne bruksting. Det var også flatbrødbakst der vi fekk smaksprøver med heimelaga smør på. Det vart også vist fram teknikken å lage skikkeleg tresko på gamlemåten.

Det var også utandørs aktivitetar for borna, med barkebåtdam og rognebærskyting «Pust i påsen», og i ein av stovene kunne vi lage haustkrans. Det var sjølvsagt også kafe, med vaflar, kaffi og saft, slik at folk kunne sette seg ned for ein prat også på open dag.

Vi hadde ein kjekk og på Sunnhordland museum. som også kan hende bidreg til at folk tenkjer litt meir miljøvennleg, både når det gjeld bruk og kast, handverk som gjev kvalitetsprodukt og ein meir bevisst haldning til å kaste frå seg plast i natur og hav,

Tusen takk til arrangørane Sunnhordland museum og samarbeidspartane Stord Husflidslag og SIM, og alle folka som bidrog til å gje publikum ein kjekk dag og tankevekkande dag for miljøet!

Frå Kystsogedagane i Meland på Holmeknappen

Kystsogedagane i Meland finn stad på Holmeknappen siste helga i august. Gamle Dampen DS Oster er stamgjest på desse dagane, det same har dei siste åra også Vestgar vore. Dei ligg side om side ved dampskipskaien når eit av høgdepunkta for dagen kjem, nemleg når det er tid for at Hurtigruten passerar. Dei store hurtigruteskipa brukar svinge bortom kaien på sin veg langs leia mot Bergen. Det er staseleg når dei tre båtane helsar, og folk vinkar og helsar til kvarandre frå land og frå alle båtane.

Kystsogedagane i Meland bydde på mykje, både underhaldning, mellom anna med Heimalanne, og Cato Jensen, marknad, aktivitetar og ikkje minst utstillingar. Det var utstilingar både i Holmestova, i Sjøhuset og i Galleri Rustica som i år har to lokaler etter at også kjellaren på løa er innreia til galleri. I kjellaren kunne vi sjå utstillinga med undervassfoto av Atle Ove Martinussen, I djupet er ei anna verd, i hovudedelen av galleriet er det Sverre Stokke som viste fram Tau som fortel, og i Sjøbua var det utstilt flotte åkle og ryer av Kristi Skintveit.

Dagleg leiar hadde ikkje høve til å vere med på Holmeknappen i år, men er glad for å ha fått flotte bilder av Åse Berg Lohne.

Avisa Nordhordland rapporterte etter arrangementet om Fiskelykke  for Sunniva, og Strilen fortalte om Ola sin båtlukke

Høyr Oster, Vestgar og Hurtigruten helsa på Kystsogedagane 2012

Kystsogevekeutstillinga i Moster Amfi

Årets utstillar på Moster Amfi under Kystsogevekene er Ragnar Blichfeldt Haug. 

I omtalen av utstillinga skreiv Moster Amfi at Han malar ein del motiv frå kystkulturen, og søkjer gjerne den absolutte ro i frossen vinter ved fjorden. Havner og strandlinjer, bygningar og farkostar er etterlatt som handlingslamma liv, forlatt i nedfrossen dvale og ventar mens livet går vidare ein annan stad.

Den som sto for opninga av utillinga laurdag 15. august var dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene, Lena Eikeland Kutschera, og dermed tok altså eg turen til Moster denne litt regntunge lørdagen.

I opningstalen var eg utfordra på å fortelje litt om kva Kystsogevekene er, og eg trakk då linene frå dei stille, frosne vinterkystkulturen, til den levande, yrande kystkulturen som vert presentert i Kystsogevekene. I kystsogevekene er det nettopp livet som går vidare, i desse vekene er det liv og røre langs heile vestlandskysten. Det yrar av liv, og arrangementa er møteplassar der folk deler opplevelser. Her er kunst, konsertar, marknader og festivalar. Det er turar både på sjø og på land.

Opningen av denne utstillinga var ett av desse arrangementa, og vi fekk ikkje berre sjå flotte bilete, men også høyre Hanne Bergheim synge vakkert i den stemningsfulle utstillingslokalet, også akkompagnert av kunstnaren sjølv, Ragnar Blichfelt Haug. Det var ein god del menneske som fann vegen til Moster Amfi og utstillingsopninga. Utstillinga vert ståande fram til 27. september

Etter utstilingsopninga, prat, kaffi og vaflar fekk vi omvising i utstillinga Frå heidendom til kristendom. Vi fekk også ta turen ned i ei nedlagt gruvegong som i dag rommer utstillinga Steinriket Bømlo. Spennande! Vi avrunda dagen på Moster med ein tur til den vesle middelalder steinkyrja, Moster Gamle kyrkje

Moster Amfi sin omtale av utstillinga

Utstillingar i Kystsogevekene

Det er mange galleri som heldt ope med utstillingar under Kystsogevekene. Her er det berre å nytte høvet til å få med seg flotte kunstuttrykk.

Vedholmen Galleri i Os – Os inspirerer
Utstilling i Havgapet ved Lepsøy i Os. Ved denne utstillinga har alle kunstnarane fått til oppgave å forholde seg til tittelen «Os Inspirerer» . Det er første gang i galleriet sin historie at det er så mange fotografer med i ei kollektiv utstilling!

Kystsogevekene 2015. Vedholmen Galleri. Plakat
Moster Amfi på Bømlo
Årets kystsogeutstillar  i Moster Amfi er Ragnar Blichfeld Haug, han malar ein del motiv frå kystkulturen, og søkjer gjerne den absolutte ro i frossen vinter ved fjorden. Havner og strandlinjer, bygningar og farkostar er etterlatt som handlingslamma liv, forlatt i nedfrossen dvale og ventar mens livet går vidare ein annan stad.

Kjærleiken har ført til mange besøk på Vestlandet og Bømlo, der han finn motiv med gjenkjennbar stillheit som har heilt andre aspekt i seg.moster amfi
Galleri Gamleskulen i Lindås –  Nedre Eikanger 1
Galleri Gamleskulen deltek på Kystsogevekene med kunstutstilling. Tittel på utstillinga er: Barn av det blågrøne landet. Det handlar om fortid og notid, om ulike menneske sine liv og oppvekst i den blågrøne naturen her langs kysten. Her har me sjø og hav, regn og skodde, lyse blågrøne sommarnetter i ein vakker, frodig natur. Og det er mange og ulike menneske som lever saman her. Dette vil me feira med denne utstillinga! Uttrykksikonet smile
Opningstider vert:
Fredag 28. august og 4. september kl. 16 – 19
Lørdag 29. august og 5. september kl. 12 – 16
Sundag 30 august og 6. september kl. 12 – 16

galleri gamleskulen
Galleri Gamleskulen, i Lindås. Foto Galleri Gamleskulen

 

Galleri Mjøsvågen i Hosanger på Osterøy
Sundag i Mjøsvågen kvar sundag 14-18 fram til 13. september, ope galleri og kafe. 

Richard Devereux: Bilder, egen teknikk
Richard Devereux er frå Storbritannia og studerte ved Portsmouth College of Art – 1974-1977. Heilt sidan 1979 har bileta hans fått stor merksemd og arbeida hans finns i ei rekke private, nasjonale og internasjonale samlingar inkludert: Chelsea School of Art – London, Sackner Arkiv – USA, The Scottish National Gallery of Modern Art, Tate Gallery – London, Tsukuba Dojo – Japan, Van Abbemuseum – Holland, Vancouver Art Gallery – Canada og Yorkshire Sculpture Park – Storbritannia.Han nyttar ein eigen teknikk. Sjå også meir på nettsida hans: http://www.richarddevereux.com

Gunvor Rasmussen: Trykk
Gunvor er en illustratør og jobber ut fra sitt galleri og studio på Bryggen i Bergen. Hun har illustrert flere barnebøker, tegnet for Bergens Tidende, og gitt ut boken «Champagnepiker». Illustrasjonene hennes er laget i blekk og akvarell, og hun er ikke redd for å utlevere seg selv og ha det moro med stereotyper.

Janne Olsen: Foto
Janne Olsen har budd på Hamre i fleire år. Ho er hobbyfotograf og ulike landskap er favorittmotiva. 

For andre aktivitetar i Mjøsvågen følg med på: www.gallerimjosvagen.no  og Facebook.

Mjøsvågen er kommunesenteret i tidligere Hosanger kommune
Mjøsvågen er kommunesenteret i tidligere Hosanger kommune

 

Galleri Rustica i Meland – 29. – 30. august
Utstillinga I djupet er det ei anna verd vert å sjå på Galleri Rustica i under Kystsogedagane i Meland. Undervassfoto ved Atle Ove Martinussen som dykkar og har vakre undervassfoto av skapingar vi ellers ikkje får sjå, det vert Ein glytt inn i ein stille og ukjent verden. Abyss Photo 

nakensnegl