Stikkordarkiv: fiske

Kvalfangst i Sveio

Søndag 11. september inviterte Sveio kystlag til temadag om Kvalfangst i Kysttunet ved Auklandshamn. 

Sveio kystlag brukar å vere aktive samarbeidspartnarar for arrangement i Sveio i Kystsogevekene, men denne gongen ønskte dei å gjere noko sjølv også. Tema Kvalfangt engasjerer mange i kystlaget, og dei er kjent for å ha kvalkjøtt med når dei deltek på arrangement.

Sjølvsagt var det kvalkjøt med i bildet på dette arrangementet også – midt i tida søndagsmiddagen, og då vart det kvalgryte, sjølvsagt! Eg rakk akkurat tidsnok til  å meg ei tallerk med den deilige kvalgryta som Sveio kystlag hadde laga. Etterpå var det også sjølvsagt tradisjonell plommekompott til dessert, og kaffi med kaffimat.

Det er ikkje fleire aktive kvalskuter igjen i Sveio, og fast leverandør av kvalkjøt til Sveio kystlag er kvalfangaren frå Fedje, Oddvar Nilsen Husa, som også vart invitert til Sveio og for å fortelje litt om kvalfangst, og det å vere kvalfangar også gjennom ei tid med mykje internasjonal motstand. Oddvar Husa var første gong ute på fangst i 1958.  Han har fangsta i Barentshavet, Jan Mayen, Aust-Grønland, felta rundt Shetland/Orknøyane og i Nordsjøen. Her fekk vi artige anekdoter og fortelling om dramatikk og kvalfangtmotstandarar.

Etter Oddvar Husa sitt innlegg fekk vi sjå film frå då ein av dei lokale kvalfangarane var med på kvalfangst med Husa sin båt, for mange år sidan. Då fekk vi sjå levande bilete frå korleis fangsten gjekk føre seg, og fortelling og forklaring på kva vi såg – spennande og interessant!

Det var også tid til å ta seg ein runde opp for å sjå kystlaget si biletutstilling av lokale båtar, og få høyre litt og prate litt omkring desse. Mange hadde kjenskap til forskjellige båtar og mannskap, og praten gjekk livleg.

I kjellaren har kystlaget ein samlig gjenstandar, som ei museumssamling av forskjellig som er knytt både til fiske og kvardagsliv. Vi fekk sjå oss omkring der.

Tusen takk til alle i Sveio kystlag for ein kjekk, interessant og lærerik temadag om kvalfangst! Kjekt å sjå lokala dykkar!

Les meri om Kvalfangst i Kyst-Norge
Sveio kystlag sin facebookpost om arrangementet

Reklamer

Program for opningsdagen på Litlebergen

Det vert Kystsogeveker for 20. gong når startskotet går laurdag 13. august på Litlebergen i Meland kommune.

Litlebergen Båthamn vert arena for sjølve opninga med underhalding, aktivitetar, men også meir at området vert tatt i bruk denne dagen. Du skal få høvet til å verte meir kjent med heile området kring Flatøyosen.

Ta turen til Litlebergen laurdag 13. august. Kom gjerne med båt – ein fjordabåt eller din eigen.

Her er kan du sjå programmet for dagen, det vert både fiskekonkurranse, båturar, omvisingar, festframsyning og mykje anna.
offisiell opning 2016 wprogram for opningsdagen

Litlebergen Båthamn sett frå Håøy. Foto: Ane Bysheim
Litlebergen Båthamn sett frå Håøy. Foto: Ane Bysheim

Tilbake til 1800-talet i Landrovågen i Fjell

Reisen tilbake til 1800-talet gjekk laurdag 13. september, den første dagen i årets  Kulturminnedagar i Fjell. Dette var den første av tre tidsreiser, andre turen som gjekk dagen etter gjekk til 1900-talet, til arbeidermiljø og industri i Knarrevik, medan siste tur gjekk til Framtida, eller peika mot framtida og dagens høgteknologiske kystkultur på CCB på Ågotnes.

13. september var det 1800-talet og gamle dagar sitt tradisjonelle fiske som sto i fokus, og Landrovågen er ein god representant for tradisjonelt naust og kaimiljø, og utgongspunkt for heilårsfiske. Historikar og museumspedagog Vigleik Mathiesen frå Kystmuseet i Øygarden, Museum Vest, kom og fortalte om tradisjonelt fiske og kystmiljø.

I tillegg var det musikk, sal av fisk og nykokt krabbe frå kai og båt, og kafesal. Folk kosa seg i godværet, og det var høve til å padle seg ein tur med kanoar som velforeninga har.

Viktigast for mange var likevel den store Fiskekonkurransen! Sotra og Øygarden jegar og fiskarforening sto som arrangør for den, og for mange var det berre å gå rett ut på svaberga og prøve fiskelykken. Vi hadde med oss vår eigen gut og ein kompis, og dei var også ivrige på å komme i gang med fiskinga. Dei sto ikkje aleine på svaberga, på alle små knauser og berg sto det spredd grupper av fiskarar, Representantar frå jegar- og fiskeforeninga rusla utover, slo av ein prat med håpefulle fiskarar, kom med råd og vinkt, og såg til at alt gjekk bra med stenger, slukar og sikkerhet.

Vi hadde ein flott dag i Landrovågen, folk koste seg på kaien, i sola og med fiskestonga!

Vestnytt hadde ein reportasje i forkant av 200-årsreisa.

Keipane kystlag sin fiskekonkurranse

Siste søndagen i august gjekk turen vidare sørover på Radøy og Sæbøvågen, til Keipane kystlag sin store fiskekonkurranse. Då vi kom fram var det alt mange båtar på sjøen, og kystlaget og arrangørane sine folk hadde ein roleg stund mens dei venta på storinnrykk av fiskarar med stor fangst. I vika var det sett opp dam for barkebåtar, og her var det høve for dei som ikkje kom seg utpå, til å ta seg ein liten prøvetur med sjølvspikka barkebåtar.

Vi trudde ikkje vi skulle komme oss utpå sjøen, men dei hyggelege folka på Slippen i Sæbøvågen lot oss få låne både robåt og fiskesnøre. Det var utruleg kjekt! Det var avmerka i kart kva område det var tillate å fiske i, og ytters i vågen sin munning såg vi båtane ligge og folk fiske. Vi hadde ikkje så store ambisjonar om å få fisk, og rodde berre eit stykke utover før vi kasta snøret i sjøen. Det var godt berre å komme seg utpå. Det gjekk likevel ikkje så lange stunden før vi fekk napp, og kunne hale i land ein ørliten fisk, etter ei stund fekk ein liten pale i tillegg.

Sidan vi skulle vidare på nye opplevingar denne søndagen, hadde vi ikkje så lang tid, men fekk ein hyggeleg prat med dei kjekke arrangørane, og vi fekk lov til å vege inn fangsten. Vi hadde ikkje høve til å vere så lenge på plass, men var veldig glade vi fekk dette med oss!

Avisa Nordhordland var også på plass, dei møte folk etter dei hadde kome inn frå fiske:

sæbøvågen nh w

Søndag i Sandviksdagene

31. august og 1. september var det Sandviksdagene i bydelen i Bergen. Ved Sandviksboder kystkultursenter og Norges fiskerimuseum var det liv og røre den helgen.

Sandviksdagene er det største enkeltarrangementet Sandviksboder Kystkultursenter deltar i. Daglig leder rakk turen innom søndag formiddag, som var svært regntung. Til tross for dette var det mange som fant veien, og ikke minst var tilbudet om aktiviteter like stort. Her var det gratis båtturer, fiske på Byfjorden, omvisning i historiske sjøboder, modellbåtkjøring, åpne utstillinger og aktiviteter i fiskerimuseet, kjøring av gamle båtmotorer, gjestende veteranskip, og mye mye mer.

Jeg hadde med min 6 år gamle gutt, og vi fikk sett oss omkring, og smakt på deilige fiskekaker i kafeen. Her var også mange flotte båter å se på, og motorlyden fra en rekke motorer på land. Det var vikingskip og Eliasbåt, kajakk og robåt. Et kor kom og sang i ly av paraply og vegg.

Vi fikk også tilbud om å være med utpå med en sjark, en rask tur utpå med fiskestangen – og jammen fikk vi fisk! Med i båten i var representanter fra tre forskjellige familier på denne turen, og alle fikk vi med oss makrell til familien hjem til middag. Det var stas!

Vi hadde en hyggelig stund, og så at mange andre også fant veien til tross for været. Vi regner med at at det var mye mer mennesker som fikk med seg dette fine arrangementet dagen før, da det var bedre vær.

Risikosport anno 1770 – om brugdefangsten

Gjennom musikk, dikt og drama vert vi med på harpunfangst etter den nest største fisken i verda. Lokalhistorikaren og lyrikaren Johan Tufteland kjende sogene kring denne spennande fangsten som i dag er gløymd. Han formidla mykje kunnskap frå det gamle fiskarlivet i skriftene sine. Forestillinga er ei dramatisering av brugdefangsten på Vestlandet frå 1770-1850. Forestillinga er regissert og vart framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod.

Gjennom dikta av Johan Tufteland og musikk av Jan Tufteland legg vi til havs med gamle harpunar og segl som råme. Musikken er originalkomponert og nokre av dikta er tonesett. I samband med markeringa av 100 år sidan Tuftelands fødsel blir stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleve den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda.

Det var ei spent forsamlng som benka seg i Tøsdalsløa på Hordamuseet på Stend. Dette var same dagen som arrangementet Gøy på landet! og det var nok nokre av publikum som fekk med seg både familiearrangementet og denne forestillinga, men det var og mange som kom nettopp for å få med seg Brugdefangsten. Då forestillinga kom i gong fekk vi både stillfaren musikk og ikkje minst fortelling.

Innleiingsvis fekk vi høyre litt om korleis losen vart varsla då det kom båtar inn i farvatnet, og det var om å gjere å kome først fram å få oppdraget. Deretter fortsette det med ei dramatisering om ein unggut som skulle ut for å ta del i brudgefangsten for første gong, og som ikkje visste kva han gjekk til. Han vart til tider litt bleik om nebbet då han fekk skildra og forklart kva denne fangsten eigentleg gjekk ut på. Dette var ein elegant måte å formidle kor dramatisk denne fangsten var – reine risikosporten i gamal tid. Vi fekk både skritta opp storleiken på fisken og skildra korleis ein måtte gå fram for å få tak i den verdfulle levera til fisken som gav oljen som gav fangsten utbytte. Scena og storleiken var også understreka av det store originale seglet frå ein gamal brugdebåt.

Då vi kom til det dramatiske punktet då storfisken var i sikte vart det ei hektisk aktivitet med løping, hente utstyr, og tau, storkniv og flensekniv – alt i «sakte film» medan musikken spelte raskt og understreka dramatikken. Eit flott grep! Då den lange kniven sakte sveipa over hovuda på publikum for å rekkje fram til fisken var det eit tett og nært augneblink.

Då applausen etter forestillinga var lagt seg, fekk vi høve til å sjå nærare på alle dei originale gamle fiske- og fangstreidskapen som dei hadde med seg, som har vore i naustet i Austevoll sidan dette fisket gjekk føre seg for fleire hundre år sidan.

Det var ei kjekk oppleving og lærerikt om kulturhistoria vår og eit stykke fiskeri som er eit ukjent kapittel for dei fleste!