Stikkordarkiv: festival

Dobbel Os på Oselvarfestival

Oselvarfestivalen kunne skilte med dobbel Os i år, då den gjekk av stabelen laurdag 5. september.

To Os Mannskor ei stilte opp på kvar side av elveosen, eine frå Os i Hedmark og andre frå Os i Hordaland. Dirigentane vart rodd opp mot koret sitt, reiste seg i båten og dirigerte til kvar sitt Os Mannskor med sin eigen Os hyllingssong.

Publikum sto spredt omkring på brua eller ved bryggekantene på kvar side. Det var eit flott syn med alle oselvarane som rodde og defilerte i osen, og den eine oselvarseglaren som leika seg ytst mot Bjørnefjorden med fjella og fonna i syningom.

Etter hyllingssongane flytte folkemassen seg over til Oselvarhopen ved Oselvarnaustet, der ordfører Terje Søviknes ønskte velkommen. Her fekk vi meir korsong frå dei to kora, og dessutan nokre nummer saman. Det var tydeleg at folk kosa seg, både i publikum og ikkje minst blant koristane.

Så var det klart for rokonkurranse, der første lag ut var ordførar og dirigent i kvar Os kommune/mannskor, dvs at Os Hordaland sendte sin varaordfører ut i båt. Det vart etterkvart tydeleg at det var kystfolket og ikkje fjellfolket som hadde overtaket, og laget frå Os i Hordaland vann denne venskapelege konkurransen.

Seinare var det klart for politiske duellar, sidan det var valkamptider, etterkvart vart også rockeklubben utpå ein tur.

Inne i Oselvarnaustet var det taffelmusikk og vaffel, medan det utanfor var prat. Oselvarverkstaden gav ungane høve til å lage sin eigen leikebåt, og det var ope inne på Oselvarverkstaden like ved, kor ein kunne få seg ein liten båtprat og sjå oselvarar under bygging.

Artiklar i pressa om Oselvarfestivalen:
I Os og Fusaposten: Førehandsomtale, video med songen Liten Fuggel med Os mannskor x2 og artikkel Mannsterk og magisk
Storslått Oselvarfestival skreiv Midtsiden.no og Tverrpolitisk siger i rokampen

Reklamer

Konferanse og festival i periferien

Glesvær ligg i periferien, langt vest mot havet i Sund på Søre Sotra. Periferifestivalen og Periferikonferansen er faste innslag tredje helga i august.

Periferikonferansen sitt tema i år var svært aktuelt i valgtider og tok for seg kommunesamanslåing. Det var høgt profilerte innleggshaldarar og det vart ein interessant dag. Vi fekk mellom anna høyre stortingsrepresentantane Helge André Njåstad (FrP), Helga Pedersen (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) i debatt, og dessutan ordførarane i dei tre kommunane i periferien vest for Bergen, Åse Gunn Husebø frå Øygarden (Ap), Eli Årdal Berland frå Fjell (H) og Kari-Anne Landro frå Sund (H).

Det var også kulturelle innslag på konferansen. Polkabjørn og Kleine Heine jodla og spelte i starten, medan Ole Paus kom innom ved lunsjtider. Desse tre skulle også ha konsert saman i naustet på festivalen seinare på kvelden.  I avslutningen av konferansen stakk dessutan også sjølvaste Ivar Medaas, i Claus Sellevoll sin skapnad innom med litt refleksjonar kring bymann og stril, og sjølvsagt Gamle Dampen.

Så var det tid for Periferifestivalen, som tradisjonen tru opna med Frode Grytten sin opplesing av diktet Periferi. Festivalen har no tre scener som vert nytta til program, den store Plenen med hovedscena, den meir intime Naustet til Bakke, og scena i Tjednaskaget som var ny førre året. Sjøen, havet og handelsstaden Glesvær er ramma som ligg rundt nå populærmusikk møter havsus. Også i år låg det flotte båtar både av gamal og ikkje minst ny årgang i havna like ved.

I tillegg til gode konsertar er Periferifestivalen prega av god og kjekk festivalstemning i havgapet. Det tilrådas til å ta turen til Periferien, både når det er festival og elles, for det yrar av liv og aktiviteter på Glesvær kafe og i grenda Glesvær heile året.

Performancekunst på Herdla

Laurdag 30. august kunne folk få med seg Performancefestivalen Mellom himmel og hav 2014, Between Sky and Sea 2014 på Herdla fort heilt nord i Askøy. Ei rekke nasjonale og internasjonale performancekunstnarar var invitert til å vise ein performance knytt til årets tema: A given place

Det er fjerde gong Between sky & Sea vert arrangert, første gong i 2005, på Lygra i Lindås, sidan har det vore på Herdla, i 2008, i 2011 og i år, 2014. Det er i natur- og kulturlandskapet som er ramma kring framføringa, og kunstnarane er valgt ut på grunn av at dei på ein eller annan måte jobbar i spennet mellom by og villmark.

Kuratorar for performancefestivalen var Małgorzata Sady and Rita Marhaug, og kunstnarane som deltok i år var:

1   Maurice Blok (Finland/Netherlands)
2   Carpenter + Longva (duo, USA and Norway)
3   Benedicte Clementsen (Norway)
4   Sandra Johnston (Northern Irland)
5   Jolanta Krukowska (Poland)
6   Karen Kipphoff (Norway/Germany)
7   Richard Launder (United Kingdom)
8   Jan Mioduszewski (Poland)
9   Sigmund Skard (Norway)
10 Paulina Zielińska (Poland)
11 Kamoji + Warszawa (duo,  Japan and Poland)

Dagleg leiar hadde ikkje høve til å vere med på Herdla, men er glad for å ha fått låne bilete av Kari Vik. Bileta får tale for seg sjølv, klikk på bileta og få opp karusell med montasjar.  Alle foto Kari Vik, montasjar av Kystsogevekene.

Det skal ha vore ei flott, spennande og spesiell oppleving!

Askøyvæingen var også på Herdla

Her kan du også sjå litt bilete frå forrige Himmel og Hav III i 2011.

Familiefestival i Bøvågen

Hordabø Idrettslag på Radøy har arrangert Bøvågen Familiefestival også tidlegare  år, men då ikkje under paraplyen Kystsogevekene slik det var i år. Festivalen gjekk av stabelen fredag 23. og laurdag 24. august.

Det var kan hende ikkje så mykje kystkultur å spore på arrangementet, men det var i hvertfall eit program for heile familien. Det var tilbod til alle aldersgrupper – frå nattklubb på dagtid for pensjonistar med gamaldans, via ungdomskonsert med rapparen Doffen og venner, til konsert med Vassendgutane med supportbandet Say No More, og ein Creedence tribute med the Poor Boys for det vaksnare publikum. for dei borna var det ikkje måte på kor mange ulike oppblåsbare hoppe-, klatre-, og leiketing dei kunne prøve seg på. Det var også besøk av barne-tvfigurane frå Vennebyen.

Det var også eit utval av utstillarar, men då vi kom forbi Hordabø Idrettspark var det alt seint på dagen og nærma seg stengetid for familieaktivitetane. Vi fekk likevel tatt ein kikk på området på avstand. Det var også stor oppstillingsplass for bubilar ved idrettsparken, og mange tenkte seg nok å tilbringe helgen på Hordabø, og bli over natta etter konsertar i idrettshallen. Det var også plassar til båtfolket 5-10-minutters gange frå idrettsparken.

 Ta gjerne ein kikk på Facebooksidene, og så meir om Bøvågen Familiefestival.

Ei tur til Periferien – konferanse og festival i havgapet

Her er eit knippe bilete frå årets Periferifestival. Eit fast og gledeleg punkt i programmet i Kystsogevekene er Perifestivalen i havgapet på Glesvær i Sund.

Periferikonferansen gjev også ei god fagleg og interssant input i ei travel tid. Periferien er alltid knytt til eit sentrum og problematikk omkring sentrum-periferi i ein eller anna form, som handlar om kultur-, samfunns og næringsutvikling. I år var tema Urbanitet og ruralitet – kva er best, eigentleg? Kva problemstillingar og innlegghaldarar som tok del i konferansen kan du sjå i  heile konferanseprogrammet.

Etter konferansen forflytta vi oss frå ungdomshuset til sjølve festivalområdet. Hovudscena ligg på plenen i det ein eintrar handelsstaden Glesvær med sine naust- og sjøburekker, den gamle handelsstaden og den gamle butikken med Glesvær kafe.

Nytt av året var ei tredje scene. Frå før har dei nytta Plenen, og Naustet til Bakke, men i år var det også bygd ein ny scene i sjøkanten bak handelsstaden, i Tjødnaskaget.

Mellom scenene, på plassen bak den gamle handelsstaden og mot den nye scena i Tjødnaskaget var det ein flott mingleplass med servering av mat og drekka, og her var salsboder med «merch», ulike periferiartiklar. Her var også bort og benkar til å ete ved og til å henge rund og treffe venner og kjente. Til å utvikla det nye serveringsområdet har dei fått hjelp av Tippetue Arkiteker og Sotra Takstol. Eit røft og tøft design!

Matprofilen har alltid vore prega av kystkulturen, Fisk gjev fest, seier dei, og det  fisk og sjømat pregar festivalmenyen. I år hadde dei vidareutvikla matprofilen endå meir, og dei hevda med retta at Du kan både smaka, lukta og høyra sjøen når du mettar deg på denne menyen.

Sjølv om starten på festivalen vart innleia med litt regn og folk trakk i festivalponchoar, letta veret ganske raskt og vi fekk ein fin kveld med god stemning. Som festivalen seier sjølv:  Bygda, havet og naustmiljøet gjev stemning og atmosfære – der havsus møter populærmusikk. Periferifestivalen leverte god stemning i år, som alltid!  Fekk du ikke med deg festivalen i år, må du nytte høvet i til nest år, dato er alt sett:

Velkomen attende på Periferifestivalen 21. og 22. august 2015!

Frå Havfestivalen 2014

Fredag 15. og lørdag 16. august var det Havfestivalen i Storesundet på Syltøy i Fjell, det var den fjerde i rekken, etter eitt års pause. Primus motor for festivalen er Gert Nordvik, med seg har han familien Storesund, som har lange tradisjonar i på staden. Sjå meir om historien om og bagrunnen for festivalen.

Fredag kveld var det dei vaksne sin del av festivalen, med konsertar og show, med Ausekarane, Endre Nordvik, Grace&Menace, MK Marvellous Medicine  og New Age, det var scene både i naustet og ei hovudscene ute.

Starten på helga var det ein del regn, men det møtte likevel opp mykje folk for å få med seg festivalen.

Sjølv kom vi med bil på lørdag, men la merke til at det sto mange bilar parkert på Møvik, og då vi kom ut til Storesundet fekk vi forklaringa – det var sett opp skyssbåt som gjekk i rutefart og frakta folk. Eit populært og godt tiltak!

Laurdag var det familiedag med mange opplevingar og aktivitetar for familiar, med mellom anna besøk av Vennebyen. Likevel var det i stor grad Sjørøvarar og piratar som prega mykje av dagen, i hvert fall då vi var til stades. Det var eit kjekt show først frå scena, og alle måtte ta del i sjørøvaraktivitetar som minna mistenkeleg om aerobic, men kva gjer vel det? Det vekte latter og glede. Ivrige små tilskodarar fekk også ta turen opp på scena for å framføra ein song. Etter showet frå scena retta vi merksemda mot sjøen, og der låg det jammen eit lite sjørøvarskip. Alle ungar og vaksne gjekk mot sjøkanten og sjørøvaren tok fram sin store kanonsprettart for å få tatt fienden sin, og å få tak i ein skatt. Mange fekk vere med å fyre med kanonen som sende vannballongkular mot piratskipet. Til slutt fekk dei has på fienden, nokre av dei måtte gå planken, mens skipet var ført til brygga. Vel i land tok «vår» sjørøvar eit kobbel av ungar med seg for å finne skattekista – det gjorde dei, og skatten vart delt – gullpengar til alle!

Andre aktivitetar hoppeslott iform av eit sjørøvarkip, vi kunne skyte med pil og boge, kaste øks på blink, prøve små elektriske bilar, eller ride på hest.

Ein havfestival har sjølvsagt også hav- eller sjøaktivitetar, og borna kunne komme seg litt utpå i Redningsselskapet sin Eliasbåt. Dette er framleis veldig populært, og i år har Eliasbåtane også fått  ny og finare design, slik at dei liknar meir på Elias som ungane kjenner frå film og TV.

Den gamle landhandelen i Storesund er i dag omgjort til museum av Egil Storesund, med alt mulig «rart» fra «a til å». Her nytta vi høvet til å ta ein kikk innom, og vi fekk ei historie og ny lærdom med oss ut igjen.

Det var også ei mengde ungar ute i sundet i kajakkar, det var tydeleg populært og kjempegøyt! Det var stor stas å handtere farkosten sjølv, og for mange var det gjerne den første, men ikkje den siste turen med kajakk, kan hende ein framtidig hobby.

Det var sjølvsagt også høve til å kjøpe seg mat, vi fekk mellom anna prøvd Fjell kystlag sin deilige fiskesuppe!

Kystsogevekene for 18. gong!

Det nærmar seg med stormskritt offisiell opning av Kystsogevekene 2014. Når startskotet går i Øygarden laurdag 9. august er det for 18. gong den store kystkulturmønstringa synleggjer kor stort engasjement vestlendingane har for kystkulturen og for heimplassane sine.

Kystsogevekene er verkeleg ein veteran, og fleire av dei einskilde arrangementa har vore med i mange år, nokre meir eller mindre frå starten av. Sjølv om mange er årvisse arrangement, legg likevel arrangørane seg i sela for å få til eit nytt og interessant arrangement kvart år. Det er nye kunstnarar som skal stille ut, nye artistar, nye selgarar, nye føredragshaldarar og nye aktivitetar. På kaiar, i naust, samfunnshus og kulturhus, i stiar i kulturlandskap og langs vegar og sjøen – her vert det arrangert konsertar, marknad, utstillingar, revyar, kulturvandringar, båtturar og aktivitetsdagar.

Av arrangørar er det frivillige lag og organisasjonar, kystlag, bygdelag, ungdomslag eller arbeidsgrupper som er sett saman for akkurat dette arrangementet. Det er også museum, kulturhus, galleri og kultureiningar i kommunane som står bak arrangementa. I det store og heile ei stor gruppe menneske som legg ned både mykje arbeid og fritid for å få i stand alle dei gode opplevingane som publikum kan få med seg.

I år vert det både Kanaldagar, Kystsogehelg i Bekkjarvik, og Kystsogedagar både i Meland, i Os, i Langevåg og i Buavåg. Det vert Langøymarknad, Brandasunddagar og Mjølsdalsdagar og Vervadagar.

Av festivalar er det både Periferifestival, Fitjarfestival og nykommaren Uverfestival i Øygarden, og den aktive Havsportveka. Av aktivitets- og familiedagar er det også i heile regionen, fra Kaidagar i Gulen, til Familiedag i Førde i Sveio i sør.

Forestillinga Ivar Medaas – Dar kjem dampen med Claus Sellevoll med fleire, har vore vist i Sogn – og Fjordane, og Den Nationale Scene, denne skal visast fleire stader i kystregionen i løpet av Kystsogevekene – både i Os, Meland, Bømlo, Tysnes og Fusa, før den skal settast opp i Bergen.

Vi er også glade for at det igjen vert sett opp Håkonarspel. Denne gongen er det igjen Kongen med Gullhjelmen som vert sett opp på Fitjar.

Kulturvandring vert det i fiskarbondens rike på Krossøy i Austrheim, båtturar vert det med DS Oster i fleire stader i Nordhordland, og MS Midthordland går i mellom anna kommunejubileumstur i Fusa.

A pro pos kommunejubileum, så er det mange kommunar som markerer dette i år, då svært mange er 50 år i år, dette visast i programmet både i opningskommunen Øygarden, i Radøy, i Fusa og på Osterøy.

Programmet spenner også over eit stor historisk spekter, frå Steinalderhelg i Radøy, via vikingmarknader på Lygra og Herdla, og middelalder Bergenhusdagene på Bergenhus festning, til Gamle dagar i Bogatunet, og industrieventyr på 1900-talet i Knarrevik til open dag på det høgteknologiske Coast Center Base (CCB) på Ågotnes.

Her er mellom 150 og 200 arrangement å velgje mellom. Vil du vite meir kan du ta ein kikk i programmet, på nettsidene finn du oversikt både i kalender og kommunevis. Om du vil bla i programheftet kan du gjere det også i nettversjonen