Stikkordarkiv: fartøyvern

På veg til opninga på Litlebergen – og heim att – med Stord 1 og Vestgar

Arrangørane av den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 hadde lagt opp til at det skulle vere høve til å få oppleve å komme sjøvegen til Litlebergen frå bydn, slik folk gjorde før i tida.

Stord 1 hadde oppgåva å frakte passasjerar frå Holbergkaien til Litlebergen på morgonen, medan Vestgar kunne ta med seg passasjerar same turen klokka ti-øve-to, slik fjordabåtane gjorde før i tida på laurdagane. Diverre var det alt for få som tok turen i denne laurdagen, både første og andre avgangen. 

Vi som tok turen med Stord 1 hadde likevel ein fin og kjekk tur på denne flotte båten. Undervegs fekk vi informasjon om stader vi passerte og Indre farleia over høgtaleranlegget. Passasjerane fekk prate og kose seg, sjå seg rundt i båten, både i maskina, salonger og på dekk.

Spenninga var stor då Stord 1 sakka farten då vi nærma oss Krossnessund for å gå under brua. Det er lett å gløyme at desse gamle båtane ikkje har same manaureringsevnene som moderne båter. Her er det ikkje trustera og baupropeller, men det store roret er styrt med rattet som dreg i kjettingane som ligg i kanaler langs dekk. Det er ikkje endring i kurs med ein gong, men sakte og seigt. Det gjeld å stake ut kursen tidleg og peile seg inn mot målet. Det gjekk fint og Stord 1 kunne sige inn mot flytebryggene på Litlebergen, der folk sto og venta.

Stord 1 var på plass, passasjerane gjekk på land, og den offisielle opninga kunne gjerast. Her hadde alt vore aktivitetar på Litlebergen sidan kl 11. Sjølve opningsdagen er alt omtala.

Stord 1 lå til ved flytebryggene utover dagen, og folk kunne komme ombord og sjå seg omkring, og hadde retur til Bergen kl 17.

Klokka ti-øve-to gjekk Vestgar frå bydn, slik fjordabåtane gjorde før i tida. Det tek vel ein time ut til Litlebergen, og Vestgar låg til kai, slik at folk skulle få komme ombord og sjå seg omkring, eller kjøpe betasuppe eller skillingsbollar og kaffi.

Vestgar hadde retur etter at festframsyninga var over i Møllehuset. Vi var ikke mange som skulle vere med på returen til bydn, men vi fekk ei oppleving vi kjem til å hugse lenge. Vi vart inviterte til brua og fekk sjå oss omkring her, og ikkje minst prate med kapteinen og mannskapet. Den største opplevinga fekk nok guten på 9 år som fekk trekke i skipsfløyta midfjords og helse på ein møtande båt – snakk om stas!

Dagen slutta som den starta, med vått og grått ver, og vindauga dogga og regnet rant ned på rutene. Likevel – ein verkeleg flott avrunding av en fin opningsdag!

Tusen takk for turen til både Stord 1 og Vestgar!

 

Reklamer

Frå Kystsogedagane i Meland på Holmeknappen

Kystsogedagane i Meland finn stad på Holmeknappen siste helga i august. Gamle Dampen DS Oster er stamgjest på desse dagane, det same har dei siste åra også Vestgar vore. Dei ligg side om side ved dampskipskaien når eit av høgdepunkta for dagen kjem, nemleg når det er tid for at Hurtigruten passerar. Dei store hurtigruteskipa brukar svinge bortom kaien på sin veg langs leia mot Bergen. Det er staseleg når dei tre båtane helsar, og folk vinkar og helsar til kvarandre frå land og frå alle båtane.

Kystsogedagane i Meland bydde på mykje, både underhaldning, mellom anna med Heimalanne, og Cato Jensen, marknad, aktivitetar og ikkje minst utstillingar. Det var utstilingar både i Holmestova, i Sjøhuset og i Galleri Rustica som i år har to lokaler etter at også kjellaren på løa er innreia til galleri. I kjellaren kunne vi sjå utstillinga med undervassfoto av Atle Ove Martinussen, I djupet er ei anna verd, i hovudedelen av galleriet er det Sverre Stokke som viste fram Tau som fortel, og i Sjøbua var det utstilt flotte åkle og ryer av Kristi Skintveit.

Dagleg leiar hadde ikkje høve til å vere med på Holmeknappen i år, men er glad for å ha fått flotte bilder av Åse Berg Lohne.

Avisa Nordhordland rapporterte etter arrangementet om Fiskelykke  for Sunniva, og Strilen fortalte om Ola sin båtlukke

Høyr Oster, Vestgar og Hurtigruten helsa på Kystsogedagane 2012

Bonustur med DS Oster

Kystsogedagane i Meland gjekk mot slutten etter ei flott helg sist i august med publikumsrekord. Det byrja svirre rykter om at DS Oster skulle heim til Bjørsvik, og folk kunne få vere med til Frekhaug om dei ville – og klart vi ville!

Det var mange som vart glade for å få ein bonustur med Gamle dampen, og vi gjekk ombord og inntok plassar ved rekka. Her kunne vi sjå Holmeknappen frå sjøsida, og vinke til dei som måtte ta landvegen.

Det var kjekt å få sjå ned i maskinrommet når maskina jobba for fullt, og det var kjekt å vere på Herdlafjorden i godværet. Vi fekk gå omring og utforske båten, og nyte vinden i hår og andlet, høyre fløyta og bjella til Oster.

MS Vestgar lå innanfor DS Oster, og også der gjorde mannskapet seg klare til å legge frå, dei skulle ta turen til Bergen og sin plass ved Holbergkaien, også kalla den gamle HSD-kaien. Vestgar la frå kai litt etter Oster, men tok friskt innpå den gamle dampen.

Snakk om vellukka avrunding av ein flott helg i Kystsogevekene 2014! Og enno var det to helgar igjen av den store kystkulturmønstringa!

Frå Kystsogedagar i Langevåg

Kystsogedagane i Langevåg var tilbake for fullt i siste helga i august i 2014, etter eit års pause. No var ei ny arbeidsgruppe klar til å ta fatt og blåse liv i Langevåg under Kystsogevekene igjen. Bygdatunet i Langevåg står sentralt i arrangementet, og det er i og rundt kulturbygget det går føre seg. Det var oppstart med Sild & Pote pub og underhaldning på fredagskvelden, den 30. august, og deretter frukost laurdagen. Så gjekk det slag i slag, med messe med fokus på mat og kystkultur, det var dans med serniorane og karneval for dei minste. Det var også rokonkurranse, den fekk dagleg leiar diverre ikkje med seg denne, sidan vi også hadde eit stopp på Vervadagen på vei sørover. 

Vi møtte også andre som kom frå Sagvåg, nemleg Redningsselskapet sin båt, som vi hadde vore ombord i på Jensaneset. Dei hadde tatt turen sjøvegen, og var mykje raskare framme enn oss som tok landvegen. I Langevåg var også den lille Eliasbåten på plass. Vi møtte også på ein levande lama som var mellom dyra ein kunne sjå i Langevåg denne dagen. Langs kaiane låg det både gamle og nye båtar, mellom anna Bømlo Kystlag sin MK Sørvåg var pynta med flagg, vimplar og signalflagg. MS Gå På låg også til kai, slik at alle som ønskte kunne gå ombord og sjå nærare på den nyrestaurerte skuta. På land hadde Hardanger Fartøyvernsenter stand, det er dei som har stått for heile restaureringsarbeidet, slik at båten no framstår skinande, blank og lekker. MS Gå På hadde også satt opp tur søndagen for dei som ønskte å få kjøpe billetter til ei oppleving til sjøs.

Inne i Bygdatunet var det messe, med både salsvarer, båtmodellar, loddsal og andre informasjonsstands. Her vart også tre filmar frå Hardanger Fartøyvernsenter vist heile dagen, nemleg Då sjøen var vegen, Kvinna ved havet og Nordlandsfarten.

 

Laurdagskvelden skulle avrundast med karneval for dei minste, og revy og dans for dei vaksne, men før det kom så langt var  det klart for det store Kassabilløpet.

Det var tydeleg at Kassabilløpet var populært, folk samla seg nedst i Vodlabrekkå for å sjå fartsvidundera komme rundt svingen og ned bakken mot Bygdatunet. Det var flotte og kreative bilar med varierande fart, det var tillaup til dramatikk då ein av bilane velta, og det var heiing og jubel då nokon måtte skubbast vidare. Kjempeartig! Vi vart litt bekymra då enkelte kom rasande utan hjelm, men det gjekk bra denne gongen og – heldigvis. Etter alle var kommen vel i mål var det premieutdeling i Bygdatunet.

Det var litt leitt det var ganske regntungt utover dagen, men bra at resten av arrangementet var innomhus, med Revy med Gunnar Andersen og Kurt Johansen, og dans med The Tramps & Flying shoes på kvelden. Her var det både bobilcamp og flott marina så folk kunne kose seg utover kvelden og natta, og folk stortrivdes.

Reaksjonar frå publikum på Facebookgruppe Kystsogedagane i Langevåg fortel sitt om at dette var vellukka: Fantastisk flott arrangement…!Ei stålande helg, som ein lever lenge på! Vel gjennomført, alle mann!Kjempeflott arrangement, takk til flink komitee … og Ja ditta kan dåkå, gleda oss allerede t neste år 🙂 Det kan vi slutte oss til!

 

Flotte båtar på Vervadagane i Sagvåg

Vervadagane 2014 var 30. august og 31. august, og det var på Jensaneset i Sagvåg på Stord, det gå gjekk føre seg.

Elevar frå Sagvåg skulen har tidlegare år vore med på Vervadagen og fortel sjølv: På ”vervadagen”, som er kvart år i slutten av august, blir dei gamle maskinene teke i bruk. I smia er det smedar i full aktivitet. Den heilt spesielle oppgangssaga blir nytta til å saga opp tømmer. Bekgryta spreier lukt over delar av området og ”steamaren” blir nytta til å varma opp skipsplankar. Ein kan og sjå korleis ”naglafresen” lagar naglane som blei nytta i tusental til eit nybygg. Ved kaien ligg det båtar, fleire har historisk tilknytning til verven. Det finst og enno arbeidarar som har eit langt yrkesliv ved verven bak seg, og som kan fortelja om livet der. I eit av bygga blir det enno bygd færingar på hobbybasis. Det gjev og eit unikt høve til å sjå og læra det grunnleggande ved båtbygging. 

Dagleg leiar i Kystsogevekene har sjølv hatt gleda av å vere med på Vervadagane ved fleire høve, og kan slutte seg til elevane sine skildringar av stemninga og opplevingane av Vervadagane som vi fekk med oss laurdagen av også i år. Det var stor stas for minsteguten å få komme ombord i den store Redningsskøyta og snakke med mannskapet ombord, og at den Eliasbåten hadde meldt avbud vart flott kompensert med besøk av den artige litle farkosten Brit Besto som ein grei bestefar hadde bygd til barnebarnet, og gjeve namn etter bestemora – stor stas og eit artig syn i vågen mellom dei større båtane.

Avisa Sunnhordland har også laga ein reportasje frå årets vervadagar, med utgangspunkt i keramikaren som kjem hele vegen Frå Sandnes til Vervadagane for å selgje varene sine, og for å få med seg den flotte dagen. Vi hadde ikkje høve til å vere med begge dagar, men søndag med Vervagudsteneste er også omtala i Bydelsbloggen for Sagvåg.

På Jensanest er det eit levande båtbyggarmiljøet som har lang historie bak seg. Det hadde vore bygd båtar på staden i lang tid alt då Ottesen Skibsbyggeri etablerte seg på Jensaneset i 1825. Verksemda hald fram like til ut på 1960-talet. Då gjekk dei over til skipsreparasjonar, til ut på 1980-talet.

I dag er det framleis et vanleg syn å sjå båtar av ulikt slag ligge på slippar, i hallar, på land og ved kai, ei mengde båtar som er under reparasjon. Båtbyggarmiljøet er haldt i hevd av Skipstømraren som «… restaurerer, gjenoppbygger, innreder, skifter, utbedrer og bygger  nytt, kort sagt alt som har med en trebåt å gjøre samt alt som har noe med tre å gjøre ombord på en båt». Lista er lang over kjente og ukjente båter som har vore innom for reparasjonar hos Skipstømraren.

Sagvågen Kystlag er også viktig del av kystmiljøet på Jensaneset, og har sidan dei etablerte seg i 1993 vore ein viktig forkjempar for og drivkraft for kystkultur i Sagvåg. Det er også svært hyggeleg at dei vart heidra med Kulturprisen i Stord for arbeidet sitt med kystkulturen.  Dei driv dei med båtbyggingskurs, omvising for skuleklassar og andre grupper. Dei vøler gamle båtmotorar og har sett i stand og tatt i bruk oppgangssaga. Vervadagane på Jensaneset er kanskje det viktigaste utstillingsvindauga for å visa kva den lokale kystkulturen er, og dei to siste dagane i august var det igjen tid for Vervadagane. At det er mykje flott båtar å sjå på Jensaneset er det liten tvil om, her kan fotografar boltre seg i skuteliner og vakre detaljar.

Frå Fjordabåtdag i Bergen 16. august

16. august inviterte Veteranskipslaget  Fjordabaaten til Fjordabåtdag på Holbergkaien, eller den gamle HSD-kaien i Bergen, kor vi også til vanleg finn mange av desse gode, gamle og velkjente båtane.

På Fjordabåtdagen kunne vi ikkje berre sjå båtane frå utsida, det var også åpne skip og alle kunne komme ombord, sjå seg rundt i salongar og på dekk, på brua og ikkje minst i maskinrommet.  Båtane som låg inne for dagen var Stord 1, MS Atløy, MS Granvin og MS Midthordland. (Fleire av dei andre velkjente båtane var i oppdrag på forskjellige arrangement i Kystsogevekene). Ombord fekk vi også kjøpe litt vaflar eller kaffe, is eller anna mat. Det var også mange som nytta høvet til å skaffe seg bøker eller andre publikasjonar om desse flott båtane. Det var også foredrag i salongen til Stord 1.

På land stor det stilt opp ei rekkje flotte veteranbilar av ulik årgang, og dessutan også brannbilar av ulik alder. Bergen Brandkorps Musikkorps spilte også for pubikum før talarane Øyvin Konglevoll ønskte velkommen, og deretter gav ordet til den nye direktøren i Bymuseet i Bergen, Marianne L. Nielsen som sto for åpningstalen for dagen.

Det var lagt opp til ein heildagsoppleving med fjordabåtar, med både mat og kaffi og opne skip og høve for prat. Litt utpå dagen var det mogeleg å vere med på Byfjordcruise frå Vågen, til Eidsvåg, Strømsnesholmane, Solheimsviken og Verftet, og tilbake til Vågen. Vel tilbake frå tur kunne folk kose seg vidare med jazzkro på kaien, med Deep Dixie som skulle spele gladjazz.

Alle foto i reportasjen er tatt av Kutschera/Kystsogevekene

Her kan du også sjå fleire bilete frå dagen, av Harald Sætre, på Fjordabåtane sitt eige forum

 

Takk for flotte Kystsogeveker 2014!

Det er utruleg kjekt og viktig for Kystsogevekene å trekke frem alle dei frivillige lag og organisasjonar og enkelsmenneske som står bak alle desse flotte arrangementa som gjev oss alle så mange flotte og gode opplevingar!

Bak kvar modellbåtbygging som ungane kosar seg med å lage, står det organisatorar som lagar treemner og skaffar materialer slik at det skal vere kjapt og kjekt for ungane å lage sit eige fartøy. Bak kvar konsert eller forestilling er det ikkje berre artistar som førebur seg, det er også stolar som skal berast fram, forfriskningar som skal handlast inn, kaker som skal bakast eller vaflar som skal steikast.

Kvar av fjordabåtane som deltek på arrangement har mannskap som stiller opp, fører fartøyet og villig fortel og fomider historie til båten dei brenn for. Mange av dei sit på uvurderleg kunnskap og evne til å  handtere dei gamle maskinane og båtane.

Bak kvar marknad eller messe er det utstillarar, men også ei gjeng med menneske som skal legge til rette for at uststillarar skal kunne selgje varene sine. Det skal leitast fram utstillarar som sel varer som ein ønskjer skal passe til marknaden sin profil, det skal gjerast avtalar, det skal kan hende leggast fram straum, bord, benker, stoler og telt skal på plass. Utstillingar skal organiserast, kontakt med kunstnare, foredragshaldarar og musikarar i forkant, og sjølve det praktiske kring arrangementet.

Det skal lagast plakatar, vaktlister, oppgåver skal fordelast både i forkant og på sjølve arrangementsdagen. I det heile tatt så kan det vere lett å gløyme alt arbeidet og innsatsen som ligg bak og i forkant av sjølve arrangementet, og i tillegg til gjennomføringa når dagen er komen.

Dei skal alle ha heider som står på for å gje oss gode opplevingar og gode møteplassar. Dei ivrar for å syne fram kva dei har å by på og kva dei er stolte av. Dette gjer også at vi føler vi høyrer til, og at her vil vi vere! TUSEN TAKK SKAL DE HA, ALLE SAMAN! 

 

Bileta under får presenterer nokre få av dei hundretals som har stilt opp i løpet av desse vekene: