Stikkordarkiv: #FÅ15

Dajen darpå i Austrheim

Søndag 16. august var det Dajen darpå i Austrheim, då var det dagen etter Fonnesdagen – dajen dar folk møtest vart arrangert, og to dager etter Dajen før dajen, med konsert på fredagskvelden.

Arbeidsgruppa for Fonnesdagen sto på for skape ei flott helg med opplevingar for store og små, gamle og unge. Då dagleg leiar og familen kom til Årvika vart det ennå litt tidleg søndag føremiddag, dagen etter den store Fonnesdagen, og det var ganske så grått og trist ver, og ikkje minst mykje stikkande smådyr i lufta. Det var ein liten gjeng på plass i den nyopparbeida badeplassen i Årvika, det var fyr i bålpanna og folk i hytta. Ein del ungar prøvde seg på havsportaktivitetar både i kajakk, i SUP-board, og i bad. Minsteguten vår fekk også prøvd seg på ein av favorittakitivitetane, nemleg padle kajakk. Det var ei stille og roleg Dajen darpå. Vi kunne seinare sjå i avisene at det hadde vore godt frammøte då det seinare på dagen vart halde friluftsgudsteneste her.

Etter ein stopp i Årvika var det naturleg å ta turen ut til Vardetangen, vestlagaste fastlandspunkt i Norge. Det var grei merka tur utover, og ein fin tur i det fuktige været. Vel framme ved på Vardetangen fann vi både varde, koordinatar og ei jettegryte. Det er Friluftslivets år, og fint å gå tur i kystlandskap.  Ein slik tur gjer at ein skjønar Austrheim  sitt slagord Opne landskap – ope sinn. 

Sidan det var søndag og Dajen darpå, fekk vi også såvidt eit lite glimt av dei andre arenaene der det hadde gått føre seg arrangement og aktivitetar den siste tida, ikkje berre Fonnesdagen på fonneskaien, men også på kaien i Mastrevik, som hadde vore arena og utgongspunkt for ei rekkje aktivitetar i Havsportveka, her sto bakken til Ta sjansen! telt og utstyr etter dei mange ulike havsportane som hadde stått på programmet. Ein ribbåt kom inn frå ein siste tur utpå bølgjene. No var det tid for å kvile ut etter ein fantastisk innsats både etter Havsportveka som hadde sin siste dag, Ein smak av Austrheim, som pakka telta og utstyret sitt ved Mastrevik torg, og på Fonneskaien og i Årvika.















Reklamer

Siste helg i Kystsogevekene 2015

Den sjette, og dermed siste helga i Kystsogevekene 2015 står for døra, og har sjølvsagt mykje å by på. 

Forestillinga om Anna Gyria – ei kvinneskikkelse i Johannes Heggland sitt forfatterskap, som Johanne Øvstebø Tvedten gav liv til så levande og flott i opningshelga, er programmet på torsdag 10. september, i Kystkulturkveld på Halsnøy kloster. Denne gongen har ho også med seg tonefølgje av Ole Jakob Hystad på saksofon.

Johanne Øvstebø Tvedten som Anna Gyria
Johanne Øvstebø Tvedten som Anna Gyria

Det vert spennande opningshelg hos Dei på Gjerdet, på Gjerdet kulturminnegard i Fjell denne helga. Dei freistar med Tidlaus luksus, med handverk, design, kunst og husflid. dei på gjerdetIvar Medaas – Dar kjem Dampen, legg til i Austrheim samfunnshus på laurdag, då vert det igjen høve til å få med seg Claus Sellevoll og gjengen. Austrheim songlag open kafe med sal av kaffi, mineralvatn. øl og vin både før og etter kabareten. ivar claus-001I Sund inviterer dei til Kystpilegrimstur. Det vert tur frå Golta til Telavåg med formidling av kulturminne i Nordsjøløypa. Det erhøve for kjøpe seg frukost på Glesvær kafe.  Turen går frå Golta til Telavåg, med servering av fiskesuppe på Nordsjøfartmuseet. Det vert kulturminneformidling og historieforteljing undervegs i løypa. Iniativtakar er kommunen saman med Kyrkja, Nordsjøfartsmuseet, Nordsjøløypegruppa Ut Mot havet, Sund Turlag og Glesvær kafe.  Kystpilegrimsturen er ledd i både Kystsogevekene og Kulturminnedagane 2015. ut mo havet sundPå laurdag vert det Open dag på Årskog museum, på Fitjar. Også her som på Stord er tema Alt kan flettast! Det vert aktivitetar, opne hus, kaffi og kaffimat i museumstunet på Årskog.

Kystsogevekene 2015 opna på Tysnes, og det vert også arrangement på Tysnes her siste helga. Husflidsmesse i Tysneshallen er det både laurdag og søndag, medan Kulturløo på Drange held opent og har foredrag på laurdag med bygebokforfatteren Ernst Berge Drange. På søndag inviterer Tysnes sogelag og Tysnes folkeakademi til Skorpo skule, der vi kan få høyre amanuensis Arild Marøy Hansen: «Leia som historieforteller», om marinarkeologiske funn kring Tysnes.

I tillegg vert det andre arrangement:
Gulen: Ope på Sellevåg Treskofabrikk
Radøy: Risnesmarknaden, med påfølgande tur.
Radøy: Ope på Nordanger gardsmuseum
Lindås: Eknesvågens venner inviterer til tur kring Esevatnet med start og mål i Vassel på Lindås skulemuseum.
Osterøy:  Kulturminnedagen – Nabolag – menneske, kulturminne og historie Vaksdal/Gullbrå kl 13
Fjell: Dei dyrebare vannressursane, med tur på Kolltveit.

Sjå heile programmet 

Kor tenkjer du å ta turen?

Friluftslivets år 2015 også på kysten!

2015 er Friluftslivets år og Kystsogevekene vil også markere dette, og vi håpar folk også tenker på kysten som arena for friluftsliv.

Bruk sjøen og kysten til friluftsliv, og ikkje berre fjellet og marka. Vi ønskjer oss eit yrande kystfriluftsår også i våre 22 kommunar i løpet av Kystsogevekene.

Ver ute i naturen ved og på sjøen, gå i lyngheiar og kysttsriper, ta båten ut og utforsk ei øy, gjer strandhogg eller kast ut fiskesnøret. Dra på dagstur, eller ta med telt eller sov i strandkanten.

Ver ute, beveg deg, få frisk luft og nyt friluftslivet også på kysten!

#FÅ15