Stikkordarkiv: båtbygging

Oselvarfestivalen

Tradisjonsrike Oselvarfestivalen vart gjennomført
lørdag
3. september i Osøyro, mellom Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden. 

Opningstalen var ved Kjell Magnus Økland nett har sendt boka Oselvaren – den levande båten i trykken. Han oppfordra til bruk av båten, fordi bruk at båt også vil gje trong for bygging av båt, og både det å bygge og bruke oselvaren er ein levande tradisjon og ein kulturarv som må lærast vidare, om ein skal kunne ta vare på kunnskapen og kunsten.

På Oselvarfestivalen vert oselvaren brukt, seinare på dagen var det klart for kapproing, og startskotet var gjort med «dødsing», ein ungdom hoppa ut frå altanen på Oselvarnaustet. Dei som ikkje våga seg på dødsing eller kapproing, kunne sjå på alle dei fine og forskjellige oselvarane som låg i hopen, her var både båtar for kapproing, regatta, vanlege bruksbåtar og båtar for eitt til fleire par årar.

Oselvaren er kåra til Norges nasjonalbåt, takka vere stor oppslutning frå folk som er glad i denne båten. For dei som har oselvaren og os ekstra kjært, hadde denne dagen høve til å vise det også fysisk utanpå kroppen denne dagen og for resten av livet. Kjetil Osablod Grønvigh i Kultureininga i Os hadde nemleg utfordra to tattoveringskunstnarar frå Os, til å komme med motiv frå Os, det var Tid for å forevige osidentiteten, som Os og Fusaposten skreiv. Tattovørane hadde rigga seg til med benkar og utstyr i andre høgde i Oselvarnaustet, og viste fram valg av motiv dersom nokon vågde å merke seg for livet, og fleire lot seg freiste av osmotiva.

Os mannskor har etterkvart vorte fast innslag på Oselvarfestivalen, og stilte sjølvsagt mannsterke også i år, dei var på haustjakt etter fleire songarar. I tillegg var det musikk både nede og oppe i andre høgda på Oselvarnastet utover dagen.

Oselvarverkstaden er også ein sjølvsagt part og medarrangør på Oselvarfestivalen. Her var det også ope hus og båtbyggarar i abeid og klare for å slå av ein oselvarprat. På plenen mellom verkstaden og naustet var det sett opp basseng så ungane kunne testsegle sine eigne nybygga båter. Stas med både bygging og sjøsetting.

Alt i alt vart det ein fin familiedag i oselvaren sin teikn.  Tusen takk til alle arrangørane, Kultureininga i Os, Oselvarklubben, Oselvarverkstaden og alle andre som gav oss musikk, kaffi, aktivitetar og opplevingar!

Her er også ein stemningsvideo fra Oselvarfestivalen, laga av Lind og Lunde

Reklamer

Dobbel Os på Oselvarfestival

Oselvarfestivalen kunne skilte med dobbel Os i år, då den gjekk av stabelen laurdag 5. september.

To Os Mannskor ei stilte opp på kvar side av elveosen, eine frå Os i Hedmark og andre frå Os i Hordaland. Dirigentane vart rodd opp mot koret sitt, reiste seg i båten og dirigerte til kvar sitt Os Mannskor med sin eigen Os hyllingssong.

Publikum sto spredt omkring på brua eller ved bryggekantene på kvar side. Det var eit flott syn med alle oselvarane som rodde og defilerte i osen, og den eine oselvarseglaren som leika seg ytst mot Bjørnefjorden med fjella og fonna i syningom.

Etter hyllingssongane flytte folkemassen seg over til Oselvarhopen ved Oselvarnaustet, der ordfører Terje Søviknes ønskte velkommen. Her fekk vi meir korsong frå dei to kora, og dessutan nokre nummer saman. Det var tydeleg at folk kosa seg, både i publikum og ikkje minst blant koristane.

Så var det klart for rokonkurranse, der første lag ut var ordførar og dirigent i kvar Os kommune/mannskor, dvs at Os Hordaland sendte sin varaordfører ut i båt. Det vart etterkvart tydeleg at det var kystfolket og ikkje fjellfolket som hadde overtaket, og laget frå Os i Hordaland vann denne venskapelege konkurransen.

Seinare var det klart for politiske duellar, sidan det var valkamptider, etterkvart vart også rockeklubben utpå ein tur.

Inne i Oselvarnaustet var det taffelmusikk og vaffel, medan det utanfor var prat. Oselvarverkstaden gav ungane høve til å lage sin eigen leikebåt, og det var ope inne på Oselvarverkstaden like ved, kor ein kunne få seg ein liten båtprat og sjå oselvarar under bygging.

Artiklar i pressa om Oselvarfestivalen:
I Os og Fusaposten: Førehandsomtale, video med songen Liten Fuggel med Os mannskor x2 og artikkel Mannsterk og magisk
Storslått Oselvarfestival skreiv Midtsiden.no og Tverrpolitisk siger i rokampen

Kystsogedag på Engevik Gaard Anno 1723

Engevik gard er ei kulturperle frå 1700 talet som tilbyr servering og omvising på den historiske plassen. Her er ni bygningar som skriv seg tilbake til 1700-talet. NRK sin realityserie Anno var populær i vinter, der levde deltakarane på 1700-talsvis.  Anno 1723 vart valgt som tema av arangørane i Sævareidfjordens Ungdomslag, Fusa kommune og Engevik gaard til årets Kystsogedag i Sævareidfjorden. Årstalet var valgt etter året oberstløytant Christian Wilhelm Segelcke, kjøpte garden som sjefsgard, og busette seg der. Dei ville legge vekt på 1700-tals handverk, aktivitetar, marknad, mat og leik.

Årets opnar og attraksjon var Enok Groven, kjent frå NRK Anno sin serie, for mange den moralske vinnaren, sjølv om han kom på andreplass. Han fekk forøvrig  Gullruten som Årets deltaker på tv-bransjen sin kåring.

Enok var ikkje einaste kjente ansikt frå tv-serien som var på Engevik denne dagen. Deltakarane skulle lære seg å lage tønner i løpet av opphaldet. Opplæringa i forkant og bedømming (oldermann) innan bøkkerfaget er det henholdsvis Oddvar og Jostein frå Tønnegarden i Fusa som sto for. Tønnegarden var også til stades på Engevik på Kystsogedagen. I tillegg var også oldermann i båtbygging Hallgeir Forstrønen Bjørnevik på plass for å vise og fortelje om båtbygging.

Det var også fleire innslag frå scena, både kåseri om 1700-talet, framvising og forteljing om den flotte Fusabunaden, og song og musikk ved Idar og Natasja og gruppa Standing still.

Det var også Torgdag ved Engevik gard med sal av ulike både matprodukt og handverk, og Barnas Anno med lykkehjul, krokett og andre leikar.

Inne i hovedbygninga hadde Hålandsdalen Folkedraktsaum utstilling i to vakre stover. Her var både heile bunader, draktdeler og stoff vist fra, og det var høve for å ta en prat om bunad. Det vart også vist fram og fortalt om arbeidet med fusabunaden frå scena. Dette valget av tema var vel neppe tilfeldig, de skjøna vi då det vart avslørt kven som vart tildels Anders Kåre Engevik kulturvernpris for 2015, nemleg eldsjel og initiativtakar til å få rekonstruert fusadrakten. Else Bodil Gjøn er ein kulturarbeider som i mange år har gjort ein uvurderleg innsats for å ta vare på og vidareføra lokal drakttradisjon.

Engevik Anno 1723 viste også fram ei rekkje handverk. Her var det både bøkring, båtbygging, lefsebakst, smiing, og ikkje minst prat om handverket og resultata.

Denne dagen var det også Barna sitt Anno. Det var lagt opp til ein kunnskapsquiz som gjorde at barna kunne oppsøke handverkarane innan fleire fag og få hjelp til å finne ut kva ulike verkøty var for noko og korleis dei skulle brukast, og andre spørsmål som dei kunne lære av. Vinnaren sin premie var ei sverdkamp og litt opplæring i fekting med Enok.

Programmet for dagen

Førehandsomtale i Os og Fusaposten
Cultura Anno i Os og Fusaposten
Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris 2015

Anne Hesvik – kunstnar

 

Båtbygging som i Anno 1764

NRK sender for tida ei realityserie Anno 1764 som er tatt opp på Schøtstuene på Bryggen i Bergen. Hanseatisk museum og Schøtstuene i Museum Vest har lånt ut lokala sine på seinsommaren og hausten til innspelinga, og har utover vinteren formidlingsopplegget BarnasAnno der  barn og publikum kan sjå lokala og gjere ulike aktivitetar som deltakarane også har vore gjennom. I tillegg kjem fleire deltakarar i serien på besøk dei forskjellige dagane. Der er det kvar uke eit svennestykke og meisterstykke.

Denne laurdagen var det Claus Dalvang som hadde vore gjennom svenneprøve og meisterstykke, oppgåva var båtbygging, og dette måtte vi sjølvsagt få med oss. Deltakarane fekk opplæring av båtbyggar Berit Osmundsen frå Oselvarverkstaden. Oldermannen som skulle godkjenne svenneprøven og meisterstykket var båtbyggaren Hallgeir Forstrønen Bjørnevik. Claus var tilstades saman med dei andre båtbyggarane. Annodeltakaren Enok Groven var også på plass, hans svenneoppgåve var sying, og derfor gjekk han i gong med å hjelpe til med å lage segl på ungane sine båtar, innimellom autografskrivinga.

I Barnas Anno fekk barna fikk prøve seg på å klinke bord sammen på en båt. Langbordet i den raude stova var dessutan fylt opp med trebiter, kapp og spikar slik at store og små barn kunne lage sine eigne båtar. Skal seie det var båtbygging, det hamra og det saga og det klinka og ljoma i det erverdige, gamle bygget.  

BarnasAnno var kjempekjekt og det var svært mange born som kom kry heim med sin eigen sjølvbygga og konstruert båt. Neste laurdag vert det eit nytt meisterstykke og nye aktivitetar i Schøtstuene – dette var kjekt!

PS!

Sjølvsagt måtte vi smake den eksotiske matretten frå 1700-talet – Eggebubbert – ein dessert som har vorte gjenoppdaga av NRK Anno.