Kategoriarkiv: Uncategorized

Kulturhistorisk båttur i Flatøyosen

I høve den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 vert det båttur med guide ombord. MK Fyksesund tek publikum rundt i Flatøyosen, og Helge Thorsen og Henrik Flatøy vil fortelje om kulturhistoria på Håøy og Flatøy flystasjon. Det vert også informasjon om maritime samlingar og handverk, og dessutan høve til å besøke smedene i smia på Fossesjøen.

Båtturen er lagt opp slik at ein kan hoppe av og på ulike stopp og få sjå nærare  i smia på Fossesjøen.

Reklamer

Storhelg i vente!

Denne helga er det særs mange arrangement i Kystsogevekene, og kor du enn måtte befinne deg på Vestlandskysten, skulle du ikkje vere langt unna ei flott kystkulturoppleving.

Det er i periferien det skjer, og Periferifestivalen er ei av storhendingane, ein festival der havsus møte populærmusikk på Glesvær i Sund.

Også på Langøy i Fjell vert det god stemning, her vert det to dagar med Langøymarknad  med sal av husflidvarer, aktivitetar, og bryggjedans laurdagskvelden.

I Gulen er det open dag i Treskoverkstaden i Sellevåg på laurdag, og her kan ein utforske den freda treskoverkstaden, og nye gods selskap, kaffe og prat,  Dagen etter kan ein sjå stampa, kvernen og slipesteinen i Takle når dei inviterer til Vassbruksmiljødag på søndag.

På Holsnøy i Nordhordland er det Kystsogedagar i Meland, med marknad, underhalding, utstillingar – her er det både kunst, husflidsvarer og kulturhistorie. Til kaien ligg DS Oster og Vestgar, kan hende tek Hurtigruten ein tur bortom også!

På Radøy kan du høyre godlyden av gamle motorar når Guttorm Storheim inviterar alle til å sjå den store samlinga hans på over 200 av motorar. På Radøy kan du også ta ein kopp kaffe og utforske det restaurerte Nothuset på Kviste, eller ta turen til Sæbø for lyrikkveld, eller til Risnesmarknaden på Rossnes kai.

I Lindås er det både Mellomalderdag på Lyngeisenteret, og du kan få foredrag og bokkafe i Eknesvågen.

På Osterøy er det Mjøsdalsdagar i Hosanger, her er det også ein treskoverkstad, her er utstillingar, aktivitetar og underhalding.

I Strusshamn inviterer dei til Familiedag og her kjem den staselege Galeasen Loyal på besøk!

På Hordamuseet i Bergen inviterer dei til Gøy på landet kor du kan møte båtbyggjaren, smeden, landhandlaren, bestemor i Madlastova, garnbøtaren og skulelæraren, eller ta ein tur på fjorden i robåt eller med segl. Etter Gøy på landet kan ein sjå forestillinga Brugdefangsten – risikosport anno 1770.

Oselvarfestivalen finn du i heimbygda til sjølvaste nasjonalbåten Oselvaren, i Os, her er det også Bondens marknad.

I Fusa er det duka for storstilt 250 årsjubileum for militærgarden Engevik, og dei får besøk av Kong Frederik IV Tambourafdeling av 1704, som vil skape liv og røre med eksersis i sine staselege uniformar.

I Kvinnherad er det open museumsdag på Bygdetunet Rød, med aktivitetar og foredrag, og forestillinga l ljoset frå eld og ljore.

Sveio inviterer til open dag på Ørevik Grendahus i Liareid.

Så kor du enn skulle være denne helga, så er det alltid eit Kystsogearrangement nær deg. Ta turen!

Sjå heile Kystsogeprogrammet

Opplevingar i kø langs heile kyststripa denne helga også
Opplevingar i kø langs heile kyststripa denne helga også

Møteplassar kring Bjørnafjorden

Lørdag 8. september er det klart for et nytt samarbeid i Kystsogevekene, det er kommunene Os, Fusa og Tysnes som har slått seg sammen om å arrangere Kulturminnedagen. Årets tema er Møteplasser, og hva passer bedre under Kystsogevekene enn å trekke frem dampskipskaiene som møteplasser omkring Bjørnafjorden.

Starten på Kulturminnedagen vil være fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti i Oseana i samarbeid med  opning av Henrik Lyssand-jubileet. Deretter vil MS Midthordland vil ta rundturen mellom de tre kommunene, Os mannskor vil følge med båten.

I Fusa er det dampskipskaien på Vinnes som får besøk, og her vil båtenbli møtt på kaien av Strandvik blandakor. Som seg hør og bør nå båten kommer blir det postutdeling, og vi får høre nytt. Det blir også lett servering på kaien, og de som vil, kan være med båten videre til Tysnes og Våge.

I Våge vil et nytt kor stå på kaien å ta i mot, nemlig Tysnes kammerkor. Her er det mulighet til å få med seg utstillngen om Jåttseglarane i flytenaustet når båten tar en kort stopp, og de som vil kan følge båten videre til siste stopp, Osøyro.

I Os vil det være satt opp en liten fotoutstilling fra de gamle møteplassene i de tre kommunene, og det vil være et kort kåseri om møteplasser før og no i Griegsamlingen i Oseana.

I tillegg til å være en dag med fokus på møteplasser omkring Bjørnefjorden, er det også en dag for kor og sang. I forbindelse med Henrik Lyssand-jubileet vil det være en jubileumskonsert med Os Vocalis i foajeen i Oseana.

Det er også mulighet for å gjøre dette til en helaften, siden Henrik Lyssand-jubileet også inviterer til konsert og dans i Oseanasalen med Os spelmannslag og Os Durspelsamskipnad.

Ta turen!

Båtturen med MS Midthordland koster 100,-

Konsert med Os Vocalis i Oseana kr 225,-, dans og konsert på kvelden 190,-.  Samlebillett Oseana 330,-

Se samleprogram for Henrik Lyssand-jubileet 

Kystkulturaften på Stolmen

Uforutsette tilhøve gjorde at Kystkulturaften på Stolmen måtte utsetjast til 24. september.

Det var kring 50 menneske som samla seg til Kystkulturaften på Stolmen den laurdagskvelden, og dei hadde ein fin kveld. Jan Tufteland fortalte om gamle dagar i Austevoll og frå Stolmen spesielt, om interessante og dramatiske hendelser og interessante personer. Etterpå vart det musikk.

Det var Stolmen Vel og Landskapsparken Stolmen som arrangerte Kystkulturaften.

Vi har fått låne nokre bilete frå kvelden, tatt i dempa belysning.

Periferifestivalen på Glesvær i 2011

26. og 27. august 2011 blir det på ny Periferifestival på Glesvær i Sund!

Ein festival for deg som vil oppleva god musikk i eit unikt festivalmiljø. I havgapet sørvest på Sotra ligg Glesvær, det perifere sentrum for Periferifestivalen. Bygda, havet og naustmiljøet gjev stemning og atmosfære – der havsus møter populærmusikk. Det er berre til å merke seg datoane, og sjå fram mot nok ei strålande oppleving.

Billettsalet er alt igong. Sjå meir på www.periferifestivalen.no 

 

Frå Tingingsverket i 2008

 

14. august startar Kystsogevekene 2010

14. august går startskotet for Kystsogevekene 2010

20 kommuner på vestlandskysten i Hordaland og Gulen er med i denne store mønstringa av kystkultur. I løpet av dei påfølgande vekene fram til 19. september kjem det til arrangerast å  ei vell av store og små  tilstellingar – båtturar, kulturvandringar, konsertar, havsport, aktivitetar, festivalar, marknader, utstillingar og mykje meir.

Bak alle desse arrangementa står ei mengd lokale arrangørar  – frivillige lag og organisasjonar, kommunar og næringsaktørar, utøvarar og lokale grupper. Alle stiller opp for å gje store og små, unge og gamle  ei flott opplevnig!

Kystsogevekene sitt motto er tradisjon og utvikling, og det rikhaldige programmet som inneheld konsertar, festivalar, marknader, utstillingar, båtturar, padleturar, havrafting, dykking m.m.,  speglar på ein god måte intensjonane i dette mottoet.

Gje deg tid til å studere programmet, og unn deg tid til å delta !

www.kystsogevekene.no

Her er aktivitetar og opplevingar for folk i alle aldre