Kategoriarkiv: spel

Kystsogevekeopning med Johannes Heggland

Når den offisielle opninga  av Kystsogevekene 2015 vert lagt til Tysnes er det naturleg at Johannes Heggland vert via merksemd.

Stiftinga Kystsogevekene hatt stor glede av Johannes Heggland sitt imponerande forfattarskap. Dei fem sogespela om Håkon den gode som Heggland skreiv, var fundamentet for Kulturformidlinga Håkon den gode som seinare vart Stiftinga Kystsogevekene. Sogespela representerer såleis den raude tråden i dei årlege Kystsogevekene, den store kystkulturmønstringa på vestlandet.

Johannes Heggland sitt kunstnarliv med fascinerande produksjon og enorm bredde vert vist i ei utstilling i Onarheim kulturkyrkje. Dette er ei utstillinga som vart produsert i samband med 80-årsdagen hans.

Forestillinga som vert den første i Onarheim som kulturkyrkje, vert Anna Gyria som er basert på romanserien Brødet frå havet som Johannes Heggland har skrive.

Forteljeframføringa skildrar den unge Anna Gyria når ho sel mjølk til fiskarane som ventar på silda i losjiskipet, men dei er svoltne på meir enn mjølk, etter vekesvis med venting, langt heimanfrå. Ein av dei blir Anna Gyria sin fyrste ektemann, men han blir slett ikkje den siste… Året er 1846, og vi får fylgje Anna Gyria og dei andre som bur kring Svartesjøen dei neste tjuefem åra.

Framsyninga byggjer på dei fire romanane i serien Brødet frå havet av Johannes Heggland, og er skrive og framført av Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved Sunnhordland museum.

johannes heggland
Johannes Heggland. Foto lånt av Hjørdis J. Heggland
Reklamer

Frå Håkonarspelet – Kongen med Gullhjelmen

Første helga i september var det igen klart for Håkonarspel på Fitjar. Johannes Heggland skreiv i si tid fem Håkonarspel som alle var med i Kystsogevekene. Det vert berre sporadisk sett opp, og Kystsogevekene er svært glade dei gongane eitt av dei vert framført. Vi fekk eit lite utdrag av Håkonarspelet – Kongen med Gullhjelmen i fjor, då Fitjarsoga vart vist, og dramaet kring Håkon den gode er ein viktig del av dette, dette utdraget vart vist inne i kultur og idrettssalen, og utan kostymer eller kulisser. I år vart spelet vist i fullskala ute i Moahagen igjen, slik det var i 2010.

Før sjølve spelet begynte var det høve til å få ei historisk innføring i Håkon den Gode og arven etter han, Kjetil Evjen haldt føredrag i biblioteket i Kultur- og idrettshallen. Det vrimla av statistar og aktørar i vikingklede i området, og det var ei viss spenning kring i og lokala, mange born og vaksne skulle vere med på spelet. Etter føredraget gjekk dei fleste vidare til Moahagen og spelplassen.

På veg dit støtte vi på nokre vikingar som slakta ein hjort, og ei gruppe som sat samla kring eit bål, og praten surra både vikingane i mellom og  i publikum. Frå bortaste bakken i Moahagen kom den karakteristiske lyden av ein smed i arbeid, og bålukt låg over heile området og skapte stemning. Mens vi sat der og venta på at spelet skulle byrje kom det born forbi med ein geit i band, grupper av born, unge eller vaksne gjekk spaserande forbi medan dei småprata eller styrte med sitt, folk helste på kvarandre når dei passerte. I det heile tatt tablå som skulle gje inntrykk av kvardagsliv på ein stor og travel vikinggard.

Så kom spelet i gong, og vi kunne ta inn over oss historien om Kongen med Gullhjelmen, med dramatikk, kjærleik og stid. Eit flott gjennomført spel og verkeleg imponerande at det skal ha vore 94 aktørar på scena under spelet, og med orkester, sminke og kostymefolk var totalt 130 personar involvert! Dette er eit dugnadsløft det står stor respekt av!

Fitjarposten har ei større reportasje frå førestillinga.

Før spelet kom i gong var det også eit tablå framført av skuleelevar i høve grunnlovsjubileet.

 

Flotte glimt frå Fitjarsoga

Fitjar har ei lang soge og Håkon den gode står sterkt i medvitet hjå fitjarbuen. 12. september var det sogekveld med glimt frå fitjarsoga. Forestillinga starta med eit utdrag frå Håkonarspelet. Alle skodespelarane kledd i svart og det var berre få og utvalde rekvisitter. Dette fungerte likevel veldig bra, og fekk formidla viktige trekk i denne delen av fitjarsoga.

Mellomalderen i Fitjar vart illustrert med middelaldermusikk av flinke, unge kulturskuleelevar. Deretter gjekk vi videre inn i tida for hekseforfølgingar med ei historie om Ingeborg Olsdotter, ei lokal heks, før andre kulturskuleelevar dansa Heksedans kring ei dampande jerngryte til musikk frå Which witch. Så kom det historier både om mølledrift, foreningsliv og misjonskvinnene. Det var også informasjon om Osternes festning og Fitjar sogelag, desse og Håkonarspelet, hadde også stand i foajeen som publikum kunne høyre meir om, eller melde seg inn i som medlem.

Det var ei heiskapleg og flott forestilling som hadde ei ledig og fin stil, ei blanding av skodespel, kåseri, opplesing, fortelling og framvising av bilete. Særs flott var det at fleire av aktørane hadde funne fram og tatt på seg klede som understreka historia dei fortalde, som dressen til ein amerikaonkel eller uniformen til ein slektning. Desse enkle, men virkningsfulle grepa gjorde sitt til å levandegjere fitjarsoga. Det var særs mange aktørar på scena og involverte i produksjonen, og kultursjef Bente Bjelland hadde regien på sogekvelden.

Alle gjorde ein imponerande innsats, og gav ei nesten fullsett kultursal ein fantastisk lærerik, interessant og ikkje minst kjekk kveld!

Sjå meir om forestillinga i Fitjarposten Fitjarsoga på 100 minutt, Frå Facebook om arrangementet. Sogekveld var også arrangement i Kulturminnedagene

Risikosport anno 1770 – om brugdefangsten

Gjennom musikk, dikt og drama vert vi med på harpunfangst etter den nest største fisken i verda. Lokalhistorikaren og lyrikaren Johan Tufteland kjende sogene kring denne spennande fangsten som i dag er gløymd. Han formidla mykje kunnskap frå det gamle fiskarlivet i skriftene sine. Forestillinga er ei dramatisering av brugdefangsten på Vestlandet frå 1770-1850. Forestillinga er regissert og vart framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod.

Gjennom dikta av Johan Tufteland og musikk av Jan Tufteland legg vi til havs med gamle harpunar og segl som råme. Musikken er originalkomponert og nokre av dikta er tonesett. I samband med markeringa av 100 år sidan Tuftelands fødsel blir stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleve den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda.

Det var ei spent forsamlng som benka seg i Tøsdalsløa på Hordamuseet på Stend. Dette var same dagen som arrangementet Gøy på landet! og det var nok nokre av publikum som fekk med seg både familiearrangementet og denne forestillinga, men det var og mange som kom nettopp for å få med seg Brugdefangsten. Då forestillinga kom i gong fekk vi både stillfaren musikk og ikkje minst fortelling.

Innleiingsvis fekk vi høyre litt om korleis losen vart varsla då det kom båtar inn i farvatnet, og det var om å gjere å kome først fram å få oppdraget. Deretter fortsette det med ei dramatisering om ein unggut som skulle ut for å ta del i brudgefangsten for første gong, og som ikkje visste kva han gjekk til. Han vart til tider litt bleik om nebbet då han fekk skildra og forklart kva denne fangsten eigentleg gjekk ut på. Dette var ein elegant måte å formidle kor dramatisk denne fangsten var – reine risikosporten i gamal tid. Vi fekk både skritta opp storleiken på fisken og skildra korleis ein måtte gå fram for å få tak i den verdfulle levera til fisken som gav oljen som gav fangsten utbytte. Scena og storleiken var også understreka av det store originale seglet frå ein gamal brugdebåt.

Då vi kom til det dramatiske punktet då storfisken var i sikte vart det ei hektisk aktivitet med løping, hente utstyr, og tau, storkniv og flensekniv – alt i «sakte film» medan musikken spelte raskt og understreka dramatikken. Eit flott grep! Då den lange kniven sakte sveipa over hovuda på publikum for å rekkje fram til fisken var det eit tett og nært augneblink.

Då applausen etter forestillinga var lagt seg, fekk vi høve til å sjå nærare på alle dei originale gamle fiske- og fangstreidskapen som dei hadde med seg, som har vore i naustet i Austevoll sidan dette fisket gjekk føre seg for fleire hundre år sidan.

Det var ei kjekk oppleving og lærerikt om kulturhistoria vår og eit stykke fiskeri som er eit ukjent kapittel for dei fleste!

Storhelg i vente!

Denne helga er det særs mange arrangement i Kystsogevekene, og kor du enn måtte befinne deg på Vestlandskysten, skulle du ikkje vere langt unna ei flott kystkulturoppleving.

Det er i periferien det skjer, og Periferifestivalen er ei av storhendingane, ein festival der havsus møte populærmusikk på Glesvær i Sund.

Også på Langøy i Fjell vert det god stemning, her vert det to dagar med Langøymarknad  med sal av husflidvarer, aktivitetar, og bryggjedans laurdagskvelden.

I Gulen er det open dag i Treskoverkstaden i Sellevåg på laurdag, og her kan ein utforske den freda treskoverkstaden, og nye gods selskap, kaffe og prat,  Dagen etter kan ein sjå stampa, kvernen og slipesteinen i Takle når dei inviterer til Vassbruksmiljødag på søndag.

På Holsnøy i Nordhordland er det Kystsogedagar i Meland, med marknad, underhalding, utstillingar – her er det både kunst, husflidsvarer og kulturhistorie. Til kaien ligg DS Oster og Vestgar, kan hende tek Hurtigruten ein tur bortom også!

På Radøy kan du høyre godlyden av gamle motorar når Guttorm Storheim inviterar alle til å sjå den store samlinga hans på over 200 av motorar. På Radøy kan du også ta ein kopp kaffe og utforske det restaurerte Nothuset på Kviste, eller ta turen til Sæbø for lyrikkveld, eller til Risnesmarknaden på Rossnes kai.

I Lindås er det både Mellomalderdag på Lyngeisenteret, og du kan få foredrag og bokkafe i Eknesvågen.

På Osterøy er det Mjøsdalsdagar i Hosanger, her er det også ein treskoverkstad, her er utstillingar, aktivitetar og underhalding.

I Strusshamn inviterer dei til Familiedag og her kjem den staselege Galeasen Loyal på besøk!

På Hordamuseet i Bergen inviterer dei til Gøy på landet kor du kan møte båtbyggjaren, smeden, landhandlaren, bestemor i Madlastova, garnbøtaren og skulelæraren, eller ta ein tur på fjorden i robåt eller med segl. Etter Gøy på landet kan ein sjå forestillinga Brugdefangsten – risikosport anno 1770.

Oselvarfestivalen finn du i heimbygda til sjølvaste nasjonalbåten Oselvaren, i Os, her er det også Bondens marknad.

I Fusa er det duka for storstilt 250 årsjubileum for militærgarden Engevik, og dei får besøk av Kong Frederik IV Tambourafdeling av 1704, som vil skape liv og røre med eksersis i sine staselege uniformar.

I Kvinnherad er det open museumsdag på Bygdetunet Rød, med aktivitetar og foredrag, og forestillinga l ljoset frå eld og ljore.

Sveio inviterer til open dag på Ørevik Grendahus i Liareid.

Så kor du enn skulle være denne helga, så er det alltid eit Kystsogearrangement nær deg. Ta turen!

Sjå heile Kystsogeprogrammet

Opplevingar i kø langs heile kyststripa denne helga også
Opplevingar i kø langs heile kyststripa denne helga også

Brugdefangsten – Risikosport anno 1770. Eit spel i Kystsogevekene 2013

Det er lange tradisjonar for spel under Kystsogevekene, og i år får vi oppleve spelet Brugdefangsten – risikosport anno 1770.

Gjennom musikk, dikt og drama vert vi med på harpunfangst etter den nest største fisken i verda. Lokalhistorikaren og lyrikaren Johan Tufteland kjende sogene kring denne spennande fangsten som i dag er gløymd.  Han formidla mykje kunnskap frå det gamle fiskarlivet i skriftene sine.

Forestilinga Brugdefangsten – risikosport anno 1770 er ei omarbeiding av ei forestilling Eit anna hav som vart sett opp av Sogn og Fjordane teater i Kulturbyåret 2000.

Spelet er ei dramatisering av brugdefangsten på Vestlandet frå 1770-1850. Gjennom dikta av Johan Tufteland og musikk av Jan Tufteland legg vi til havs med gamle harpunar og segl som råme. Musikken er originalkomponert og nokre av dikta er tonesett.

I samband med markeringa av 100 år sidan Tuftelands fødsel blir stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleva den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda. Spelet er regissert og blir framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod. Framsyninga blir sett opp på nytt på Kystsogevekene i august 2013.

Brugdefangst anno 1770
Brugdefangst anno 1770

Båten

Båten er skapt i auga si form
i handa sitt lag
i hjarta sitt salte hav
som bølgjer innanfrå
mot hud og negler
                                      (utdrag av diktet Båten)

Boklansering under Kystsogevekene

I år er det 100 år sidan Johan Tufteland vart fødd og det kjem ei fin lita bok med utvalde dikt, prosa, omsetjingar, salmar og brev. Noko har ikkje før stått på trykk. Idar Stegane skriv om forfattaren og Einar Økland fortel om brevvenen Johan. “Litt av ein sensasjon i nynorsk lyrikk” skreiv Dagbladet.

Sj meir om Johan Tufteland sitt forfattarskap og virke på Lokalhistoriewiki. http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Johan_Tufteland

Spelet om brugdefangsten vert sett opp på Stangeland gard, Stolmen, laurdag 10. august kl. 17 og i Hengjo i Bekkjarvik søndag 11. august kl 14. Det skal også setjast opp på Hordamuseet på Stend i Bergen 25. august kl 17.

Om forestillingane
Om forestillingane

På ramnens dag – kveldstur til Skjerjehamn

Jammen ble ikke en tur til Skjerjehamn og Gulen! Det musikkdramatiske stykket På ramnens dag så spennende ut, og var noe jeg ønsket å få med meg. Turen gikk sjøveien med skjærgårdsjeep, for da er også Skjerjehamn innen rekkevidde på en kveld.

På ramnens dag har den historiske ulykkesdagn 11. mars i 1822 som bakteppe for å fortelle om kystarbeiderens livsvilkår. Denne dagen som også kalles Den galne måndagen gikk det tapt hundrevis av menneskeliv i et uventet uvær. På ramens dag tok også for seg et tre trekantdrama med væreierdatteren, en ugift mor og en dyktig fisker som alle forsøker å fri seg fra den mektige væreierens lenker.

Det var et imponerende antall skuespillere i sving, nær 50 i tallet, og sikkert minst like mange andre involverte parter i arrangementet, som vakter, med sminke, kostymer, scenerigg, musikk, lys og all annet.

Handelstaden Skjerjehamn var en flott arena for spelet. Når scenografien også inkluderte den staselige Bakkejekta som stornotbåten, og mange mindre robåter var i aktiv bruk i stykket, var dette en flott ramme rundt det mer romantiske dramaet som utspilte seg på den nærmeste scenen. Stormen ble illustrert med vrakgods og forliste menn som karret seg opp på et skjær, og mestertyven Gjest Baardsen som satt i arresten på Byrknes, gjorde en helteinnsats for å redde de skipsbrudne.

På ramnens dag var en underholdende og hyggelig stund i sommerkvelden blant myggen. Mest av alt sto det respekt av det store apparat som hadde fått det hele i sving og gjennomførte på en god måte.

Se mer om På ramnens dag

Arrangementet var med i kystkulturmønstringen www.kystsogevekene.no