Kategoriarkiv: revy

Siste helg i Kystsogevekene 2015

Den sjette, og dermed siste helga i Kystsogevekene 2015 står for døra, og har sjølvsagt mykje å by på. 

Forestillinga om Anna Gyria – ei kvinneskikkelse i Johannes Heggland sitt forfatterskap, som Johanne Øvstebø Tvedten gav liv til så levande og flott i opningshelga, er programmet på torsdag 10. september, i Kystkulturkveld på Halsnøy kloster. Denne gongen har ho også med seg tonefølgje av Ole Jakob Hystad på saksofon.

Johanne Øvstebø Tvedten som Anna Gyria
Johanne Øvstebø Tvedten som Anna Gyria

Det vert spennande opningshelg hos Dei på Gjerdet, på Gjerdet kulturminnegard i Fjell denne helga. Dei freistar med Tidlaus luksus, med handverk, design, kunst og husflid. dei på gjerdetIvar Medaas – Dar kjem Dampen, legg til i Austrheim samfunnshus på laurdag, då vert det igjen høve til å få med seg Claus Sellevoll og gjengen. Austrheim songlag open kafe med sal av kaffi, mineralvatn. øl og vin både før og etter kabareten. ivar claus-001I Sund inviterer dei til Kystpilegrimstur. Det vert tur frå Golta til Telavåg med formidling av kulturminne i Nordsjøløypa. Det erhøve for kjøpe seg frukost på Glesvær kafe.  Turen går frå Golta til Telavåg, med servering av fiskesuppe på Nordsjøfartmuseet. Det vert kulturminneformidling og historieforteljing undervegs i løypa. Iniativtakar er kommunen saman med Kyrkja, Nordsjøfartsmuseet, Nordsjøløypegruppa Ut Mot havet, Sund Turlag og Glesvær kafe.  Kystpilegrimsturen er ledd i både Kystsogevekene og Kulturminnedagane 2015. ut mo havet sundPå laurdag vert det Open dag på Årskog museum, på Fitjar. Også her som på Stord er tema Alt kan flettast! Det vert aktivitetar, opne hus, kaffi og kaffimat i museumstunet på Årskog.

Kystsogevekene 2015 opna på Tysnes, og det vert også arrangement på Tysnes her siste helga. Husflidsmesse i Tysneshallen er det både laurdag og søndag, medan Kulturløo på Drange held opent og har foredrag på laurdag med bygebokforfatteren Ernst Berge Drange. På søndag inviterer Tysnes sogelag og Tysnes folkeakademi til Skorpo skule, der vi kan få høyre amanuensis Arild Marøy Hansen: «Leia som historieforteller», om marinarkeologiske funn kring Tysnes.

I tillegg vert det andre arrangement:
Gulen: Ope på Sellevåg Treskofabrikk
Radøy: Risnesmarknaden, med påfølgande tur.
Radøy: Ope på Nordanger gardsmuseum
Lindås: Eknesvågens venner inviterer til tur kring Esevatnet med start og mål i Vassel på Lindås skulemuseum.
Osterøy:  Kulturminnedagen – Nabolag – menneske, kulturminne og historie Vaksdal/Gullbrå kl 13
Fjell: Dei dyrebare vannressursane, med tur på Kolltveit.

Sjå heile programmet 

Kor tenkjer du å ta turen?

Ivar Medaas – Dar kjem Dampen – var på Kystturne

«Ein pangstart på kystturnéen i går! Stappfullt hus på Breidablikk samfunnshus Olav måtte gje frå seg garderobesofaen for at folk skulle få sitja. Eit fantastisk publikum og ei stor oppleving for oss i Dampen. I kveld er det Grendatun i Uggdal», står det på Ivar Medaas – Dar kjem Dampen side eigen Facebookside. 

Kystturneen gjekk heilt på tampen av august, og haldt fram i indre strøk før den enda i Bergen på Lille Ole Bull Scene med ekstraforestillingar utover i oktober.

Claus Sellevoll var frontfiguren som også imiterte Ivar Medaas, med seg på scena hadde han Olav Stedje, Annlaug Børsheim og Aage Vaksdal. I kabareten Dar kjem dampen følgde vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Vi vart tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet vart framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne. vi fekk og eit gjenhøyr med kjente og kjære viser. Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund i Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geir Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk.

Forestillinga i Sævareid i Fusa var starten på kystturnéen som gjekk vidare til Uggdal på Tysnes, Oseana i Os, Bømlo kulturhus på Bømlo og Holmeknappen i Meland, i tillegg til nokre stader som ikkje er i kystsogeregionen. Etter kystturnéen vart forestillinga vist på Lille Ole Bull Scene med fleire ekstraforestillingar. Arrangørane i Fusa meldte om gode tilbakemeldingar frå artistane. Utruleg fin stemning. Folk hadde ikkje lyst å gå hem att!

Reaksjonar frå Tysnes kan du sjå i Tysnesbladet, der syntes dei det var heit Fantastisk! På kaien på Holmeknappen i Meland skreiv avisa Strilen at Folk stod som sild i tønne for å få med seg kystkultur og førestillinga «Ivar Medaas-Dar kjem dampen», og oppslag frå kaien fyller framsida med overskrifta Kystsogesuksess.

Dagleg leiar fekk med seg forestillinga i Os og var mellom dei som opplevde Stor stemning og flotte tilbakemeldingar frå publiken i Oseana i kveld. Her fekk publikum både mimre og le, høyre fin musikk og sjølve Oster si hese fløyte, og sjølvsagt signatursongen Dar kjem Dampen. 

Ta gjerne ein kikk på IvarMedaasDarKjemDampen sine eigne sider, der dei har rapporterar både frå forestillngane langs kysten, og ikkje minst frå då forestillinga vart sett opp i Bergen.