Kategoriarkiv: Programmet

Nordanger gardsmuseum på Radøy

Nordanger gardsmuseum var siste arrangement ut i dei 20. kystsogevekene, Kystsogevekene 2016, 18. september var den gamle skulestova open.

Etter eit besøk på Radøy ridesenter gjekk turen videre frå Mangerområdet til Nordanger. Langs Radøyvegen ligg to generasjonar nedlagde Gamle Nordanger skule, den nyaste er i dag Nordanger grendahus, medan den litle kvite stova er Nordanger gardsmuseum.

Nordanger gardsmuseum er i den gamle skulen som opprinneleg vart bygd ein annan stad på Nordanger i 1864, men vart flytta dit den står i dag i 1884. Den vart då også utvida med kammers og loft som bustad for læraren.

I 1912 vart skulen nedlagt og bygninga vart brukt som bedehus fram til 1980, og det sto etter det tomt og til nedfalls fram til 1998.

Noværande eigar Johannes B. Birkeland overtok huset av kommunen i 1998, og har sidan det sett det i stand, og samla inn ei rekkje gjenstander knytt til skule, kvardagsliv, fiske, skomaking, bedehusliv og mykje anna.

Vi hadde ein fin oppleving, og fekk ein lang prat med eigaren, som fortalte oss om historien til bygningen, om gamle dagar, om ulike gjenstansgrupper og gav oss mykje lærdom.

Kvar einaste gjenstand i det litle, men fulle huset har si fortelling, og her kan ein nytte rikeleg med tid, og her er mykje å lære. Tusen takk for oss!

Reklamer

Hester og høns på Radøy ridesenter

På Kystsogevekene sin siste dag i år var det Åpen gård på Radøy ridesenter på Søndre Solend ikkje langt frå Manger. 

På Radøy ridesenter er det både hestar, hunder, høner og kaniner. Gjennom året har dei rideskole tre kvelder i veka, og tilbyr også enkelttimer, tilrettelagt riding, turar, helgekurs og rideleir med og uten overnatting – og dei har Åpen gård i blant. Rideskulen har hatt open gard fleire år i Kystsogevekene, det var kjekt å endeleg få tatt turen, og sjå og oppleve garden sjølv.

Dagleg leiar hadde som ho så ofte har, med seg delar av familien på arrangementa. Dette er særleg kjekt og nyttig dersom ein skal på eit familiearrangement, og det er aktivitetar og opplevingar for barn, då kan ein ta del i arrangementet slik andre er med, og kan få utbytte og nytte av det slik som publikum har. Niåringen er etterkvart ein rutinert deltakar på Kystsogearrangement, og likte tanken på å vere med å sjå og kan hende få ride på hest. Det var litt skummelt i starten, for hesten er stor, men etter ein stund til å tenke og mote seg opp var han klar – og det vart stas!

Det hadde vore litt ujamnt med folk på besøk på garden denne dagen, det brukte også å variere frå år til år. Då vi var det mot slutten av opningstida var det berre nokre få andre som også ville ride, men Radøy ridesenter sine egne bilder fra åpen dag i september viser at det også var ein god del folk der gjennom dagen.

Etter ein liten ridetur på bana fekk vi ein hyggeleg prat med vertskapet og smakte både på vaflar med syltetøy og heimelaga saft. Vi måtte sjølvsagt også helse på hunden på garden, og ta ein kikk på dei flotte og fargerike hønene.

Tusen takk for oss!

Utstilling på Vedholmen Galleri

Vedholmen Galleri ligg i Søre Øyane, i Røttingavegen 23, på Lepsøy. Kvart år brukar det å vere ei utstilling i løpet av Kystsogevekene. I 2016 var det seperatutstillinga Periskop med Line Hvoslef sine måleri.

Nå er Kystsogevekene for lengst over, men vi var innom heilt i slutten av utstillingsperioden til Periskop. Her vart vi godt tatt i mot av Vibeke Harild som står bak galleriet.

Vedholmen Galleri har fått ny galleributikk og har kunstutsal, i tillegg til ei rekkje utstillingar i løpet av året, dei har

No er det straks slutt for utstillinga Oppspenn med separatutstilling med skulpturer/mobiler av Reinhard Haverkamp som etterfulgte Line Hvoslef sin Periskop.

Laurdag 5. november er det klart for Kollektiv juleutstilling med galleriets eigne kunstnarar innen måleri, grafikk, skulptur og keramikk samt gjestekunstner Zeljko Uremovic, Kroatia, som viser ei separatutstilling med måleri i intimgalleriet. Her kan du kjøpe vakre og særprega julegåver, og samtidig få ein flott tur i vakkert omland i Søre Øyane i Os.

Pressedekning av utstillinga på Vedholmen Galleri:
www.midtsiden.no/hvoslef-tilbake-pa-vedholmen
osogfusa.no/maritim-verdspremiere-pa-vedholmen-galleri

Kommande program i galleriet 

Kvalfangst i Sveio

Søndag 11. september inviterte Sveio kystlag til temadag om Kvalfangst i Kysttunet ved Auklandshamn. 

Sveio kystlag brukar å vere aktive samarbeidspartnarar for arrangement i Sveio i Kystsogevekene, men denne gongen ønskte dei å gjere noko sjølv også. Tema Kvalfangt engasjerer mange i kystlaget, og dei er kjent for å ha kvalkjøtt med når dei deltek på arrangement.

Sjølvsagt var det kvalkjøt med i bildet på dette arrangementet også – midt i tida søndagsmiddagen, og då vart det kvalgryte, sjølvsagt! Eg rakk akkurat tidsnok til  å meg ei tallerk med den deilige kvalgryta som Sveio kystlag hadde laga. Etterpå var det også sjølvsagt tradisjonell plommekompott til dessert, og kaffi med kaffimat.

Det er ikkje fleire aktive kvalskuter igjen i Sveio, og fast leverandør av kvalkjøt til Sveio kystlag er kvalfangaren frå Fedje, Oddvar Nilsen Husa, som også vart invitert til Sveio og for å fortelje litt om kvalfangst, og det å vere kvalfangar også gjennom ei tid med mykje internasjonal motstand. Oddvar Husa var første gong ute på fangst i 1958.  Han har fangsta i Barentshavet, Jan Mayen, Aust-Grønland, felta rundt Shetland/Orknøyane og i Nordsjøen. Her fekk vi artige anekdoter og fortelling om dramatikk og kvalfangtmotstandarar.

Etter Oddvar Husa sitt innlegg fekk vi sjå film frå då ein av dei lokale kvalfangarane var med på kvalfangst med Husa sin båt, for mange år sidan. Då fekk vi sjå levande bilete frå korleis fangsten gjekk føre seg, og fortelling og forklaring på kva vi såg – spennande og interessant!

Det var også tid til å ta seg ein runde opp for å sjå kystlaget si biletutstilling av lokale båtar, og få høyre litt og prate litt omkring desse. Mange hadde kjenskap til forskjellige båtar og mannskap, og praten gjekk livleg.

I kjellaren har kystlaget ein samlig gjenstandar, som ei museumssamling av forskjellig som er knytt både til fiske og kvardagsliv. Vi fekk sjå oss omkring der.

Tusen takk til alle i Sveio kystlag for ein kjekk, interessant og lærerik temadag om kvalfangst! Kjekt å sjå lokala dykkar!

Les meri om Kvalfangst i Kyst-Norge
Sveio kystlag sin facebookpost om arrangementet

Utstillingar på Galleri Rustica

Galleri Rustica brukar å ha utstillingar og arrrangement i løpet av Kystsogevekene, det hadde dei i år også. Vi tok turen laurdag
10. september.

I år har Galleri Rustica på Holmeknappen i Meland 10 års jubileum, og dei markerte det med fleire utstilingar, mellom anna ei utstilling som viste utvalgte bilete frå mange av dei som har stilt ut her gjennom alle desse åra.

Utstillingane under Kystsogedagane i Meland og resten av Kystsogevekene var mellom anna med Nordhordland kunstlag sine bilete, og Jubileumsuttillinga 10×10 kunstverk med over 50 utstillarar. Kunstlaget tok bilete frå utstillingsopninga. Det var også ei eiga temautstilling om havet tar og gjev tilbake i utstillingslokalet Floren. Der var det også film frå då stormen Nina herja.

Leif Johnsen og Anne S. Johnsen er også engasjerte i Ullveka som vert markert i Hordaland og Rogaland i slutten av oktober, med eit rikhaldig program, med både foredrag, kurs, aktivitetar, strikkekaffi, demonstrasjon av ulike handverk og mykje meir.

Galleri Rustica set opp ny utstilling i samband med Ullveka – Mangfaldige åkler frå Nordhordland, utstilling opnar 22. oktober og vil stå til 30. oktober.

Tusen takk til Leif og Anne for mange flotte bilete og kunstverk å sjå, ein hyggeleg stund og kjekk prat på Holmeknappen!

Raudlista husflid i Hillesvåg

Lørdag 10. september markerte Nordhordland husflidslag Husflidens dag i Husflidens Hus i Hillesvåg.

Husflidens hus ligg nede ved sjøen i Hillesvåg, Nordhordland husflidslag har salgsutstilling med lokalproduserte husflidsprodukter og servering av kaffe og stompekake. Dei brukar å ha ope laurdager kl 10.00 – 14.00

Lørdag 10. september markerte Nordhordland husflidslag den nasjonale Husflidens dag. Tema for årets markering var Rødlisteteknikker. Nordhordland husflidslag har valgt ut Bregding, roggeband, strikka og flossa hua til herrebunaden frå Nordhordland som sine satsingsområder for å ta vare på rødlisteteknikker.

Denne lørdagen var det som vanleg kafe, handarbeid og drøs, men i  tillegg var det også demonstrasjon i å lage roggeband, spinning og brikkevev med meir. Det var også høve til å få vite meir om desse teknikkane og få seg ein prat.

Sjølv hadde dagleg leiar og mannen med seg eit handverk som også er raudlista, nålebinding, og var open for ein prat om dette. I tillegg fekk vi oss ein lang og god prat om både roggeband, kvithue og andre hovudplagg til bunad.

Sjølvsagt måtte vi som mange andre også ta ein tur inn i Hillesvåg ullvarefabrikk som ligg like ved, her kan ein boltre seg i ull og garn av beste kvalitet, og det er endåtil høve for å få seg ein tur i ullvarefabrikken som også er Economuseum. Ein kan gå gjennom fabrikken i opningstida og sjå produksjonen, eller få omvising dersom ein gjer ein avtale på førehand.

Tusen takk til Nordhordland husflidslag for ein hyggeleg og lærerik Husflidens dag i Hillesvåg!

 

Solrik søndag i Sandviken

Det var Sandviksdagene lørdag 3. september og søndag 4. september. Vi dro til Sandviken og Bergen kystkultursenter på søndagen. Det var Sandviksdagene i hele bydelen, men for Kystsogevekene var det selvsagt viktigst å få med seg det som hadde med kystkultur å gjøre. 

Det var yrende folkeliv i på hele kystkultursenteret i solen. Små og store båter i all slags fasonger var fylt med glade mennesker, fra kaiakk og robåt, til snekker og den store kutteren Erkna.

Vi hadde lyst til å få oss en tur utpå sjøen i godværet, og fikk være med Erkna utpå Byfjorden. Det var det ganske mange andre også som fikk være med på turen, det var deilig med sjøluft, og kjekt å se Sandviken fra sjøen. Vi gikk både utover i retning Elsero med Gamle Bergen, og til Skuteviken med sjøbodene og cruiseskip ved Bontelabo.

MK Erkna har ein historie knyttet til Nordsjøfarten under Andre verdenskrig, og noe av den fortellingen ble vist og fortalt med plakater ombord i båten.

På land var det et lite marked med salg av diverse håndverksprodukter, det var en bod med gamle maritime gjenstander for salg, det var selvfølgelig kafe, som svært mange hadde benyttet seg av, vi fikk i hvertfall kaffe.

Det var også krabbedam og fiskekum som kystkultursenteret har «arvet» av Fisketorget i Bergen. Det ble også drevet forskjellige håndvert, som å dampe båtbord til å reparere båter, barna fikk prøve seg som smed i smien. Ikke minst var det også en hel rekke båtmotorer som ga fra seg lystige, bankende lyder.

Det var kjekt å rusle rundt på det fine området til Bergen kystkultursenter, vi rakk så vidt en liten snartur innom Fiskerimuseet før de stengte for dagen.

Sandviken Kystlag har også base på Kystkultursenteret, og sammen med Kystkultursenteret i Bergen og Norges Fiskerimuseum står de for Bergen Båtdelering som har båter, både kajakk og robåter til utlån og utleie, ikke bare på Sandviksdagene, men gjennom båtsesongen.

Tusen takk til alle aktørene av lag og foreninger knyttet Kystkultursenteret, og til Norges Fiskerimuseum, Museum Vest som ga oss alle flotte Sandviksdager i år også!

Sandviksdagene på Kystkultursenteret er en av mange aktiviteter som er i bydelen disse dagene, alt satt i sving av kulturinstitusjoner og lokalt kulturliv i Sandviken, og som er støttet av kommunen.