Kategoriarkiv: organisasjonen

Takk for meg!

Etter 10 år som dagleg leiar av Stiftinga Kystsogevekene er det tid for meg å setje kursen mot andre oppgåver. Eg takkar alle arrangørar som har stått på i alle desse åra for å gje publikum gode kystkulturopplevingar. 

Eg har fått oppleve svært mange arrangement, og vorte kjent med mange små og store stader i heile kystregionen som er med i Kystkulturmønstringa, frå Sveio i sør til Gulen i nord.

Eg har vore med på båtturar, marknader, føredrag, konsertar, utstillingar, familiedagar, revyar, padleturar, sogespel, festivalar og vandringar og mykje, mykje meir.

Eg har fått med meg alt frå små og koselege forestillingar og konsertar, til store festivalar med hundrevis av besøkande – og mykje midt i mellom.

Eg har vore utruleg priviligert å få sjå og oppleve eit stort engasjement for lokalsamfunna rundt om i regionen. Det er særs mange flotte folk som står på for å vise fram noko dei er stolte av, og som dei vil dele med andre. Saman med utruleg mange glade menneske har eg fått vere med på alt det flotte og kjekke som har vore stelt i stand rundtom.

Alle stader har noko å vere stolt av, alle har sitt særpreg, og alle har desse viktige eldsjelene og gruppene av frivillige lag og organisasjonar som står på for å gje oss gode opplevingar.

Eg takkar alle eg har hatt kontakt med oppgjennom åra, alle de som jobber med kultur i kommunane, arbeidsgrupper for kystsogearrangement  og festivalar, utstillarar, kystlag, artister, lag og organisasjonar, gallerister og alle andre.

Tusen takk for at eg har fått ta del i så mange gode opplevingar i så mange flotte lokalsamfunn!

Eg takkar for meg, og overlet roret til ein ny skippar som skal styre flåten av gode kystsogearrangement vidare!

Lykke til vidare, og stå på for kystkulturen!

Beste helsing
Lena Eikeland Kutschera
avtroppande dagleg leiar
Stiftinga Kystsogevekene

Reklamer

Stiftinga Kystsogevekene søkjer ny dagleg leiar

Vi kan tilby ei spennande og utviklande stilling i Stiftinga Kystsogevekene som er overbygging over kystkulturarrangement i 22 kommunar på Vestlandet. Dagleg leiar har ansvar for å utvikle kystkulturtilbod i regionen, samt å koordinere og marknadsføre den store kystkulturmønstringa.

Stillinga inneber utstrakt kontakt med lokale arrangørar og kontaktpersonar i kommunar og institusjonar, frivillige lag og organisasjonar.

Utarbeiding av både trykt program og nettsider, samt handtering av digitale media er ein del av oppgåvene. Dagleg leiar har også ansvar for den daglege drifta av stiftinga med økonomi, drift og arbeid opp mot styre og representantskap.

Stiftinga Kystsogevekene har ein person tilsett fast på heiltid, og leiger rekneskapstenester.

Ansvarsområder:

  • Utvikle, samle inn og gjere program for den årlege kystkulturmønstringa tilgjengeleg, både trykt og på nett
  • Utvikle kystkulturtilbod og vere fagleg instans for lokale arrangørar
  • Kontakt med frivillige, lag, organisasjonar, institusjonar og det offentlege
  • Søke sponsormidlar
  • Drifte nettsider, blogg og andre sosiale media
  • Dagleg drift av stiftinga og kulturmønstringa

Utdanning og erfaring:

  • Høgare utdanning i kulturhistoriske- eller samfunnsvitskaplege fag, eller relevant erfaring
  • Nettarbeid og bruk av digitale publiseringsverktøy
  • Fotografering
  • Førarkort

Eigenskaper:

  • Strukturert og systematisk
  • God relasjonskompetanse
  • Engasjement for kystkultur
  • Nytenkjande og kreativ

Tiltreding snarast råd. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Fast stilling i 100%. Prøvetid. Lønn i høve avtale. Pensjonsordning i Storebrand.

Opplysningar om stillinga fåast ved å vende seg til dagleg leiar kystsogevekene@hfk.no eller på telefon 91712961, eller til styreleiar Børge Haugetun. Søknad med CV og referansar sendast til kystsogevekene@hfk.no eller post Stiftinga Kystsogevekene, postboks 7900, 5020 Bergen.

Frist 12. desember 2016.

Attester og vitnemål skal sendast etter nærmare oppmoding.

Om arbeidsgjevaren

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje næringsdrivande stifting, med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Stiftinga Kystsogevekene har eit styre på fem personar frå heile regionen, og eit representantskap med medlem frå alle de 22 kommunane som er med i mønstringa.

Kystsogevekene er ei årleg mønstring av kystkultur som går føre seg i fem veker kvart år på haustparten, i august og september. Det første Kystsogevekene vart arrangert  i 1997, og vi opplever framleis stor interesse og glede over kystkulturen i mange lokalsamfunn. Kystsogevekene er synleg i regionen, og kan virke som ein samlande instans som er positiv for fellesskapskjensla også i Vestlandsregionen. Kystsogevekene omfattar 22 kommunar langs heile Vestlandskysten, frå Sveio i sør og like til Gulen i Sogn og Fjordane i nord.

Utlysinga ligg også i NAV sin stillingsbase.

Foto: Kari Vik
Er du Stiftinga Kystsogevekene sin nye daglege leiar?

Nytt styre i Stiftinga Kystsogevekene

Fredag 3. juni vart det nye styret i Stiftinga Kystsogevekene konstituert

Styret i Stiftinga Kystsogevekene 2016-20 er satt saman slik:

Børge Haugetun (styreleiar)
Beate Husa
Nina Bognøy
Hallvard Oppedal
Jorun Skåden

Varamedlem:
Olav Kvinge og Wenche Tislevoll

Per Lerøy er ny leiar i representantskapet, som er sett saman av ein representant frå kvar av dei 22 kommunane som er med i stormønstringa Kystsogevekene, og ein frå Hordaland fylkeskommune. Det er representantskapet som vel styre i stiftinga.

Velkommen i styret til Stiftinga Kystsogevekene!

Samstundes takkar vi avtroppande styre. Dagleg leiar og stiftinga vil rette ei stor takk til alle for god innsats for kystkulturen og Stiftinga Kystsogevekene denne perioden.

I perioden 2012-2016 var styret slik:

Ove Bernt Trellevik (styreleiar)
Anne Beth Njærheim
Astrid Aarhus Byrknes
Olav Martin Vik
Ruth G. Østebøvik Eriksen

1. vara Hallvard Oppedal
2. vara Kjetil Hestad

Olav Steinar Namtvedt har vore leiar i representantskapet sidan starten, og han har gjort ein stor, god og trufast teneste for Stiftinga Kystsogevekene sidan starten. Vi takkar han så mykje!

Olav Martin Vik har også særs lang fartstid i styret, og vi rettar ein stor takk til han også.

Ove Trellevik har vore styreleiar siste perioden, og har vore ein god støttespelar for dagleg leiar. Tusen takk!

Tusen takk til heile styret!

blomst

Tilbakeblikk i jubileumsåret

Når startskotet for Kystsogevekene 2016 går, vert det for tjuande gong. Det har vore ei utruleg soge så langt, og skuta seglar vidare. I eit slikt jubileumsår er det naturleg å sjå seg litt tilbake. Her kan du sjå forsidene på programma gjennom alle desse åra. Bilettekstene fortel kor den offisiell opninga fann stad kvart år, og litt kort om programmet.

Eit raskt overslag og anslag fortel at det må ha vore nær 3000 arrangement som har vorte skipa i stand, og godt i overkant av 700 000 menneske har tatt del i desse arrangementa.

Det er mykje god kystkultur, det! Og på seinsommaren vert det høve for fleire gode kystopplevingar når dei tjuande kystsogevekene går i gong.

Programmet for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2015

Her viser vi det trykte programmet for den offisielle opninga av dei 19. kystsogevekene i rekka. Heilt sidan 1997 har denne stormønstringa funne stad på kysten av vestlandet kvar august og september.

I år er det Tysnes som som skal vere vertskap for den offisielle opninga av den store mønstringa, og vi ser fram til ein flott dag på Tysnes, med start på Årbakka handelsstad og sjølve den offisielle høgtida på Alsaker bryggje på Onarheim. Her vert det både marknad, underhandning, utstillingar og aktiviteter. Mange lang og organisasjoner stiller opp for å gjere dette til ein festdag for alle.

Opningsdagen vert avrunda med å ta i bruk kyrkja som Onarheim kulturkyrkje, med forestilinga Anna Gyria, basert på kvinneskikkelsen i Johannes Heggland sine romaner. Det er Johanne Øvstebø Tvedten som gjev liv til romanfiguren.

Vi gler oss til laurdag 8. august og den offisielle opninga av Kystsogevekene 2015. 

Bli med du også!

åpning s 1åpning s 2åpning side 3

åpning s 4 copy

 

Ønskjer du å få i stand eit kystkulturarrangement?

Har de planar om eit arrangement og ønskjer å ta del i den store kystkulturmønstringa Kystsogevekene 2014?

I år går Kystsogevekene 2014 av stabelen frå 9. august til 14. september.

Kystsogevekene finn stad i 22 kystkommunar på Vestlandet, frå Sveio i sør til Gulen i Sogn og Fjordane i nord.

aktiviteter arr
Vis fram kystkulturen i ny og gamal form i gjennom båtturar, aktivitetar, konsertar, festivalar, føredrag, kulturvandringar, marknader og utstillingar eller anna

Ta kontakt med Stiftinga Kystsogevekene!

Vi vil gjerne har mykje fokus på kystkultur og aktivitetar i båter, på kaier og naust, i kystlandskap eller på sjøen, i museer, forsamlingshus eller anna. Det kan være kystkultur i ord, utstilingar og toner, eller kultur og aktivitetar i kystmiljø. Vi er opptatt av Kystkultur – tradisjon og utvikling… og ønskjer å gje plass både for det tradisjonell og moderne kystkultur.

Ta gjerne kontakt med Stiftinga Kystsogevekene om de ønskjer å ha med eit arrangement i mønstringa. Stiftinga Kystsogevekene fungerar som ein koordinator og samlande instans for lokale arrangement med fokus på kystkultur i vid forstand.

De får vere med i programhefte, nettsider, oppfølging på Facebook, Samleannonsar, og høve til å få tilskot.

Saman får vi auka:

Fokus på kystkultur og fartøyvern, Trivsel og tilhøyre blant lokalbefolkninga, Kulturtilbod, Arena for småskala næringsliv, Arena for artistar og kunstnarar, Reiseliv

Stiftinga Kystsogevekene har oppdaterte nettsider med programmet og eventuelle linkar til arrangørane sine nettsider. Vi samlar heile programmet, i fjor var det opp mot 200 ulike arrangement, i ein felles programkatalog eller programhefte. Stiftinga har dessutan annonsar i dei største avisene kvar veke under mønstringa, og er aktiv med å sende meldingar til lokal og regional presse, både avisar, radio og tv om dei einskilde arrangementa. I tillegg har Kystsogevekene eigen blogg og Facebookside der ein aktivt går ut med informasjon.

Bruk av logoen Kystsogevekene syner at arrangøren tek del i den store mønstringa.

2014mweb300

Stiftinga Kystsogevekene har eit breitt kontaktnett og kan tilby fagleg hjelp knytt til kulturhistorie, og er dessutan støttespelar for dei lokale arrangørane.

Det er kostnadsfritt for arrangørane å vere med i Kystsogevekene.

FRIST FOR INNMELDING ER 15. MAI!

 

Ta del i  stormønstringa av kystkultur!

Kontakt Stiftinga Kystsogevekene

og fortel om planane dykkar!

 Stiftinga Kystsogevekene

Postboks 7900

5020 BERGEN

kystsogevekene@hfk.no

55 23 91 73 / 917 12 961

www.kystsogevekene.no

Nytt styre i Stiftinga Kystsogevekene

22. mars var det årsmøte i Stiftinga Kystsogevekene sitt representantskap. En av sakene var valg av nytt styre i Stiftinga. 

Styret i Stiftinga Kystsogevekene 2012-16 er satt sammen slik:

Anne Beth Njærheim (Hordaland fylkeskommune)
Astrid Aarhus Byrknes ( Nordhordland)
Olav Martin Vik (Vest)
Ruth G. Østebøvik Eriksen (Sunnhordland)
Ove Bernt Trellevik (Bergensalliansen)

1. vara Hallvard Oppedal (Nordhordland – Gulen)
2. vara Kjetil Hestad (Sunnhordland)

Styret skal selv velge leder.

Olav Steinar Namtvedt fortsetter som ordfører i representantskapet, mens Tom Christer Nilsen er varaordfører.

Styreleder gjennom to perioder, Bjørn Myhren sa takk for seg, og vi sier tusen takk for svært god innsats gjennom to perioder, over åtte år.  Bjørn Myhren har vært med siden oppstarten av Kystsogevekene i 1997, først som medlem i  representantskapet, som representant fra Hordaland reiseliv, seinere som styreleder.

Vilgerd Storset Husa valgte også å gå ut av styret ved denne korsveien. Hun har gjort god, lang og tro tjeneste for Stiftinga Kystsogevekene ettersom hun har sittet i styret helt siden oppstarten.

Vi takker også Jorunn Skåden og Helge Andre Njåstad som har vært i styret de siste fire årene.