Kategoriarkiv: kulturminner

Nordanger gardsmuseum på Radøy

Nordanger gardsmuseum var siste arrangement ut i dei 20. kystsogevekene, Kystsogevekene 2016, 18. september var den gamle skulestova open.

Etter eit besøk på Radøy ridesenter gjekk turen videre frå Mangerområdet til Nordanger. Langs Radøyvegen ligg to generasjonar nedlagde Gamle Nordanger skule, den nyaste er i dag Nordanger grendahus, medan den litle kvite stova er Nordanger gardsmuseum.

Nordanger gardsmuseum er i den gamle skulen som opprinneleg vart bygd ein annan stad på Nordanger i 1864, men vart flytta dit den står i dag i 1884. Den vart då også utvida med kammers og loft som bustad for læraren.

I 1912 vart skulen nedlagt og bygninga vart brukt som bedehus fram til 1980, og det sto etter det tomt og til nedfalls fram til 1998.

Noværande eigar Johannes B. Birkeland overtok huset av kommunen i 1998, og har sidan det sett det i stand, og samla inn ei rekkje gjenstander knytt til skule, kvardagsliv, fiske, skomaking, bedehusliv og mykje anna.

Vi hadde ein fin oppleving, og fekk ein lang prat med eigaren, som fortalte oss om historien til bygningen, om gamle dagar, om ulike gjenstansgrupper og gav oss mykje lærdom.

Kvar einaste gjenstand i det litle, men fulle huset har si fortelling, og her kan ein nytte rikeleg med tid, og her er mykje å lære. Tusen takk for oss!

Haustdag på Årskog museum

Søndag 11. september var det open dag på Årskog museum på Fitjar. Tema i år var historia til dei reisande på Vestlandet.

Årskog museum er ein gamal vestlandsgard som har ein fascinerande historie. Brørne Lars og Olai Årskog testamenterte heimgarden sin til Fitjar kommune i 1980 til museale formål. Eit vilkår for gåva var å driva eit eldre autentisk bustadhus og mange eldre gjenstandar som museum, og å halde dei husbunad og reiskap samla. Sunnhordland museum har driftsavtale med Fitjar kommune om drifta av gardsmuseet. Frå gardstunet og ned mot sjøen ligg eit verdifullt kulturlandskap med rydningsrøysar og steingard,og naust som viser kombinasjonen jordbruk og fiske som var vanleg i kyst-Noreg.

Garden hadde då vore i same slekta i om lag 400 år, og dei hadde vore flinke å ta vare på alle slags bruksgjenstander gjennom alle år. Eit arveskifte frå 1794 viser eit verde av 3186 riksdalar. Det var det rikaste buet i Våg skipreide, fortel Kulturhistorisk veibok, Hordaland. Familien var gjennom alle år villige til å låne ut utstyr til store lag og høver, og hadde heile serviser til både bryllup, gravferd og dåp som naboar kunne låne. Dei var også særs nøysome og kasta nær ingenting, slik at på garden er det ei rik samling med tekstiler og klede frå dei siste 100-150 åra, minst.

Her er det også mange åkler som veveren Berta Liarbø vevde på oppstadveven sin. Berta Liarbø døyde i vår, men fekk i sitt 95 år gamle liv halde fram med vevinga og lært opp nye vevarar, ho og andre Fitjarvevarar vart heidra seinare i oktober med utstilling åkler. Med Berta Liarbø i spissen har dei berga husflidstradisjon frå førhistorisktid, slik at den vert ført vidare – ein viktig del av den nasjonale kulturarven.

På Open museumsdag på Årskog museum var det ikkje berre høve til å sjå seg omkring i husa, det var også kafe, teater, utstilling og hesteskokasting. Vi kunne lage haustkrans med epler, smake heimekinna smør, og sjå baking av flatbrød. Fitjar bondekvinnelag  Fitjar bygdekvinnelag sto for fleire aktivitetar på open dag på Årskog museum.

Tre ungdommar viste også ei fin dramatisering om giftarmål i gamle dager.

Fitjar Husflidslag demonstrerte ulike håndarbeidsteknikkar og hadde aktiviteter for barn, som å tvinne sitt eige hoppetau.

I løa  var det sett opp utstillinga Dei reisande på Vestlandet, ei vandreutstillig om Romanifolket. Dei reisande langs kysten av Noreg brukte ofte båtar, både som bustad og framkomstmiddel, og ver ofte kalla båtreisande. Dei var kjent for å lage og selge metallredskap av ymse slag. Trådreiskap som vispar og gryteskrubbar med meir. I utstillinga kunne vi lese meir om båtfolket og sjå døme på ting dei laga. Det var også høve til å prøve å lage sine eigne trådreiskap.

Tusen takk for ein kjekk dag til  Fitjar kommune, Fitjar husflidslag og Sunnhordland museum og Fitjar bondekvinnelag!
 –

Aktivitetar og tur på Herdla fort

Søndag 4. september var det Aktivitetsdag på Herdla fort, med opplevingar for heile familien. Heile det store området på Herdla fort var tatt i bruk, av museet og ulike lag og organisasjonar.  Sola skein frå klar himmel, og lokka til vandring i spennande landskap, og dørane til fortet sto ope slik at vi kunne utforske hemmelege rom i fjellet. 

Då vi kom til Herdla fort denne flotte søndagen vrimla det alt av folk på heile det store området. Det var hestar som kunne ris og hundar som skulle vise sine kunster, det var taubane, diskogolf og turløype.

Vi fekk raskt med oss at vi kunne rekke eit lite høgdepunkt på dagen, nemleg kanonsalutt kl 12.15. Med kartet i hand la vi ut på vandring langs vegen rundt neset. Vi passerte utstillingshallen GUL 16 der flyet frå andre verdskrig står utstilt, og der det var kafe. Vi rakk ikkje innom denne gongen, her måtte kanonen prioriterast. Askøy Turlag markerte også Kom-deg-ut-dagen, og det var hengt opp rebusoppgåver langs løypa. Askøy jeger og fisk hadde stand der vegen bøyer rundt, og der De Zee Ploeg minnepark er.

Vi gjekk løypa videre og skunda oss ned til kaien ved torpedo-batteriet.  Det sto ein liten kanon klar på kaien, og kort tid etter var det stor spenning medan vi venta på salutten – og jammen var det smell! Då kruttrøyken hadde lagt seg, såg vi at kanonen hadde flytta seg mange meter bakover på kaien. Artig for store og små som så det, og garantert til å høyre utover eit stor område, både på land og utover fjorden.

Etter salutten hadde vi tid til å roe oss ned og sjå på krabbene som var i kummen, her kunne vi også ha kjøpt med oss krabbe, både kokt og levande.

Torpedobatteriet var også ope, og det er spennande å få gå inn i dette tidlegare militære anlegget. Her låg det torpedoar og missiler i mange storleikar, merka med dummy, heldigvis utan sprengstoff, men med ledningar, bolter, propeller og andre merkelege innretningar. Her kan ein gå rundt lenge og la seg fascinere.

Etterpå gjekk vi også inn i ein fjellhall der store kontainare hang fritt og tungt frå taket, for ikkje å gå istykker om det kom ein stor spreng som ryste bakken. Inni desse var det både soveplass, komandosentral, overvaking og alt som trengtes under den kalde krigen.

Vel ute i sola igjen gjekk vi opp til Herdla fuglestasjon der dei var i gong med å merke fugl. Vi fekk sjå fugler på nært hald, og fekk fortalt korleis ein gjer når ein målger, veger og ringmerker fugler. Dette var populært, og mange stoppa opp også her får å sjå og høyre.

Vidare var det både Vikingaktivitetar ved Askøy vikinglag, og målgang og innlevering for Askøy turlag sin rebus.

Vi og svært mange andre hadde ein flott Aktivitetsdag på Herdla fort. Tusen takk til arrangørane Herdla museum og alle samarbeidsparane Herdla fuglestasjon, Askøy turlag, Askøy diskogolfklubb, Askøy kommune, kulturavdelinga, Gone paddling, Herdla forts venner.

Oselvarfestivalen

Tradisjonsrike Oselvarfestivalen vart gjennomført
lørdag
3. september i Osøyro, mellom Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden. 

Opningstalen var ved Kjell Magnus Økland nett har sendt boka Oselvaren – den levande båten i trykken. Han oppfordra til bruk av båten, fordi bruk at båt også vil gje trong for bygging av båt, og både det å bygge og bruke oselvaren er ein levande tradisjon og ein kulturarv som må lærast vidare, om ein skal kunne ta vare på kunnskapen og kunsten.

På Oselvarfestivalen vert oselvaren brukt, seinare på dagen var det klart for kapproing, og startskotet var gjort med «dødsing», ein ungdom hoppa ut frå altanen på Oselvarnaustet. Dei som ikkje våga seg på dødsing eller kapproing, kunne sjå på alle dei fine og forskjellige oselvarane som låg i hopen, her var både båtar for kapproing, regatta, vanlege bruksbåtar og båtar for eitt til fleire par årar.

Oselvaren er kåra til Norges nasjonalbåt, takka vere stor oppslutning frå folk som er glad i denne båten. For dei som har oselvaren og os ekstra kjært, hadde denne dagen høve til å vise det også fysisk utanpå kroppen denne dagen og for resten av livet. Kjetil Osablod Grønvigh i Kultureininga i Os hadde nemleg utfordra to tattoveringskunstnarar frå Os, til å komme med motiv frå Os, det var Tid for å forevige osidentiteten, som Os og Fusaposten skreiv. Tattovørane hadde rigga seg til med benkar og utstyr i andre høgde i Oselvarnaustet, og viste fram valg av motiv dersom nokon vågde å merke seg for livet, og fleire lot seg freiste av osmotiva.

Os mannskor har etterkvart vorte fast innslag på Oselvarfestivalen, og stilte sjølvsagt mannsterke også i år, dei var på haustjakt etter fleire songarar. I tillegg var det musikk både nede og oppe i andre høgda på Oselvarnastet utover dagen.

Oselvarverkstaden er også ein sjølvsagt part og medarrangør på Oselvarfestivalen. Her var det også ope hus og båtbyggarar i abeid og klare for å slå av ein oselvarprat. På plenen mellom verkstaden og naustet var det sett opp basseng så ungane kunne testsegle sine eigne nybygga båter. Stas med både bygging og sjøsetting.

Alt i alt vart det ein fin familiedag i oselvaren sin teikn.  Tusen takk til alle arrangørane, Kultureininga i Os, Oselvarklubben, Oselvarverkstaden og alle andre som gav oss musikk, kaffi, aktivitetar og opplevingar!

Her er også ein stemningsvideo fra Oselvarfestivalen, laga av Lind og Lunde

Middelalderfestival på Bergenhus festning

Festningsdagene blei arrangert på Bergenhus festning siste helga i august. Då var festningen fylt med middelaldermenneske og aktiviteter.

I Kystsogevekene er det mykje kystkultur, og mykje historie og gamle dagar, men på Festningsdageene vert det litt meir av soge og det som var utgangspunktet for Kystsogevekene, nemleg konger og spel om makt og dominans. Håkonarspela var første byggesteinen i Kystsogevekene og spela handla om utviklinga av kongemakta i Norge.

Festningsdagene går føre seg på Bergenhus festning eit viktig maktsentrum i Norge i middelalderen. På Festningsdagaene  er det ikkje sogespel eller skodespel, men levandegjering av mellomalderen i form av middelaldermennesker, med både handverkarer, krigarar og handelsfolk.

Det visast fram handverk og kriging, med sverd og skjold, pil og boge, kastemaskin og kanon. Publikum fekk vere med å skyte med pil og boge, nokre heldige fekk trekke  den store kastemaskinen Magnus, som Bjørgvin handverkslag viste. Dei demonstrerte artilleri for publikum. Det var kampoppvising med Kongshirden 1260, sverdleik med Tidsreiser og dessutan ein liten kastemaskin som born kunne forsøke å treffe ein liten mur med.

På marknaden kunne ein kjøpe ullstoff og garn, glas, smykker, leikevåpen og andre mellomaldervarer. Det vart vist fram urter og varer laga av urter og planter, til medisinsk bruk, til såper, oljer og mat, og sal av mat i frå fleire kafetelt.

I Rosenkrantztårnet holdt den unge dronning Ingeborg til, og borna kunne gå på hoffskule og lære seg å te seg rundt og hilse på den unge dronninga, og etterpå vise fram dans og hoffetikette nede på marknaden.

Canardus horribilis sørga for middelalderstemning med deira fengande middelaldermusikk. På kvelden sette dei også stemninga i telta borggården der det var oppvarming før Wardruna skulle ha konsert inne i Håkonshallen, både laurdag og søndag. Vi fekk ein fantastisk opplevelse lyd, lys og ikkje minst stemning i den store kongelege steinhallen.

Festningsdagene er et samarbeidsprosjekt mellom aktører på Bergenhus Festning; Kommandantskapet på Bergenhus, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg nasjonale festningsverk og Bymuseet i Bergen.

Tusen takk for ein flott middelalderopplevelse!

Følg gjerne Festningsdagene på Facebook

 

Gøy på landet på Hordamuseet 2016

På Hordamuseet er det alltid kjekt, men 21. august var det Gøy på landet, eit arrangement med vekt på livet på landet i gamle dagar.

På landet er det både gårdsbruk, gamle hus, gamle håndverk og gjeremål, båtbruk og leik. Det vil sei at for oss i dag er det gøy, men i gamle dager var det kvardagsslit og arbeid. Likevel, med eit kort glimt inn i gamle dagar, når det att på til er nydelig vær, vert gamledagar både lærerikt og gøy.

Det var også eit godt høve for prat på tvers av generasjonar, og praten gjekk livvleg når dei vaksne fortel, og ungane spør og prøver. Her kunne besteforeldre og foreldre fortelje om gjenstandar og gjeremål dei hadde minner om, eller som dei hadde høyrt sine foreldre eller besteforeldre fortelje om.

På friluftsmuseet Hordamuseet på Stend, inst i Fanafjorden, var det smed i smia, skulemester i skulestova, koner som karda og spant, ølbryggar i bryggerhuset og bakstekoner i huset.  Ute i klyngetunet var det vassbering med åk, og klesvask i stamp, der dei nyvaska kleda vart hengt til tørk mellom husa i solen og den milde vinden. Alt dette fekk publikum vere med å prøve seg på.

Litt tid til leik var det også i gamle dagar, og då var det leikar som stylter, sprettert og ballar på boks, eller hoppetau og hesteskokasting, noko dagens ungar også fekk prøve seg på.

Denne dagen fekk borna også bygge seg eigne båtar med strikkmotor eller segl, og prøve dei på «havet», eit basseng som var sett opp i tunet. Det var også mogeleg å komme seg ut på sjøen med Fanafjorden tradisjonssegling, eit båtlag som held til ved Hordamuseet.  Nokre rodde seg ein tur rundt Stendaholmen i robåt, og og andre fekk til og med prøve seg på med segl i ein av tradisjonsbåtane.

I kafeen på kaien steikte dei fiskekaker, og det gjekk med mange boller med fersk fiskefarse. Foreningen for brislingens fremme, Sprattus sprattus var også på plass med sine brislingprodukt.

Folk hadde høve til å komme seg standsmessig frå Stend til Hordamuseet, då dei hadde samarbeid med Osbanens venner som hadde open dag på Stend stasjon.

Hordamuseet er eit av mange museum i Bymuseet i Bergen. Dei har mange kjekke familiearrangement med vekt på ulike tider gjennom året, alt frå steinalder, via jernalder og vikingtid, til livet i gamle dagar på garden ved sjøen, eller på stølen til fjells.

Tusen takk til Hordamuseet og alle deira samarbeidspartar, frivillige lag og organisasjonar som gjorde at vi fekk ein dag med Gøy på landet, både store og små!

 

 

Møtepunkt Stend stasjon

Osbanens venner inviterte til open dag på Stend stasjon
søndag 21. august. 

Denne dagen inviterte dei også til veteranbiltreff ved stasjonen, og i samarbeid med at Hordamuseet som hadde arrangementet Gøy på landet, hyrte dei inn veteranbuss for å frakte folk høveleg frå moderne Lagunen terminal til Stend stasjon. Det var stas å møte den gamle veteranbussen, og første tur var det fullt på bussen.

Ved Stend stasjon var det også møtt fram 12 veteranbilar av forskjellige årgangar fra Bergen Veteranvogn Klubb.

Nesttun-Osbanen var en smalspora jernbane som gjekk mellom Nesttun og Osøyro. Banen ble opna1. juli 1894 og nedlagt 2. september 1935 som første jernbanestrekning i Norge.

Stasjonsbygningen på Stend vart bygd i sveitsarstil, og stod klar til Osbanen opna i juli 1894. Bygningen er no den einaste av stasjonsbygningane frå Osbanen som står att i si opphavelege utforming. Både interiør og eksteriør er stort sett som for hundre år sidan.

Osbanens venner har jobba i mange år for å ta vare på den gamle stasjonsbygningen, eit kort skinnestrekk, eit lite togsett, men ikkje minst også historia til Osbanen. Dei har laga ein utstilling i venterommet, og på opne dagar kan du kjøpe postkort og få dei stempla med stasjonens eige poststempel.

Passasjerar få bussen, veteranbilane og andre gjorde at det kom mange besøkende denne dagen. Det vart solgt rikeleg med Is, vafler og kaffe.

Dei som ville kunne få kjøre veteranbil ned til Hordamuseet og Gøy på landet. En bil, en Cevrolet 1925-modell kjørte tre turer ned dit.

Tusen takk til arrangørane Osbanens venner og deira samarbeidspartar for ein fin oppleving med gamle tog, buss og bilar!

Bogatunet – opning av kystsogevekene i Radøy

Radøy brukar  å markere startskotet for sine kystsogeveker, og i år var deira opning lagt til Bogatunet den 14. august.

Kystsogevekene og seinsommaren heng saman, det er ei god tid, då møtes vi igjen etter ferietid, og vi har gode stunder saman. Da gjer vi som fuglane, vi samlast og starter på hausten, sa ordførar Jon Askeland innleiingsvis.

At Radøy i år valgte å legge opninga si til Bogatunet var ikkje tilfeldig.  Ordføraren var glad for å kunne sleppe ein politisk lekkasje, at Radøy kommune har fått tilbod om å overta Bogatunet frå Nord- og Midthordland sogelag, regionssogelaget som no legg ned drifta, på grunn av lite rekruttering til laget. Det er ikkje endeleg avgjort, det skal ei politisk handsaming til før endeleg vedtak. Det er føl dessutan mykje ansvar med å overta eit slikt kulturminne, men han lover dei skal gjere sitt beste for å få til ei god løysing, slik at også kommande generasjonar skal få sjå, lære av og oppleve Bogatunet.

Dette er vår Mariakirke sa ordførar Jon Askeland om Bogatunet, og trakk fram kor viktig Boga er som kulturminne, ikkje berre for Radøy, men for heile Nordhordland.

Nils Georg Brekke, var invitert for å fortelje om byggeskikken og på Bogatunet. Han slutta seg til Askeland, og sa at Bogatunet er kulturminne i Europaklassen, og burde vore betre skilta. Nils Georg Brekke er tidlegare fylkeskonservator i Hordaland, har vore direktør på Kulturlandskapssenteret, står bak Kulturhistorisk vegvisar, andre liknande bøker, og mykje meir. Han held i desse dagar på å oversette boka Norsk arkitekturhistorie til engelsk. Han trakk dei lange trådane tilbake til mellomaldersk byggeskikk og synte plansjer og forklarte kvifor denne byggeskikken frå Strilalandet hører til mellom dei viktigaste kulturminna i Europa, og korleis tunet kan vere nøkkelen til å forstå norgeshistoria.

Etter Nils Georg Brekke sitt interessante foredrag fekk vi ei spennande innføring i laksefiske med not frå Berit Kvalvik. Ho fortalte korleis det hadde vore innretta i Boga og Kvistekrinsen, med fangstrettar, om systemet med å sette ut nota og sjekke, om gode prisa og om Laksefly som flaug over for å sjekke at nota ikke sto ute lenger enn regelverket tillot.

Vi fekk også høve til å sjå inni husa i tunet, til å prate med kvarandre, og til å sjå og mimre for dei som hadde kjenskap og erfaring med dei mange gjenstandanstypene som fins i huset.

Keipane kystlag var også del av arrangementet, og hadde aktivitetsløype for born, og dessutan fiskekaker og nubbesild og heimelaga saft for sal i Nordrevågen til Boga. Her kunne vi også få prøvd oss utpå vågen, anten vi ønskte å ro eller padle.

Etter Bogatunet og Nordrevågen kunne vi ta turen bort til grendahuset og ta søndagsmiddag i form av rømmegraut med  spekemat, vaflar og kaffi.

Også denne dagen var det litt grått og vått, men det var likevel ein positiv og fin dag. Tusen takk til Radøy kommune, Radøy sogelag, Keipane kystlag og Kolstad grendehus for ein kjekk dag!

Silje Namtveit song denne vakre songen av Erik Bye og Henning Sommero på opninga:

Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

Tekst Erik Bye/ Melodi Henning Sommero Blå salme

Førehandsomtale i Strilen av arrangementet

På veg til opninga på Litlebergen – og heim att – med Stord 1 og Vestgar

Arrangørane av den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 hadde lagt opp til at det skulle vere høve til å få oppleve å komme sjøvegen til Litlebergen frå bydn, slik folk gjorde før i tida.

Stord 1 hadde oppgåva å frakte passasjerar frå Holbergkaien til Litlebergen på morgonen, medan Vestgar kunne ta med seg passasjerar same turen klokka ti-øve-to, slik fjordabåtane gjorde før i tida på laurdagane. Diverre var det alt for få som tok turen i denne laurdagen, både første og andre avgangen. 

Vi som tok turen med Stord 1 hadde likevel ein fin og kjekk tur på denne flotte båten. Undervegs fekk vi informasjon om stader vi passerte og Indre farleia over høgtaleranlegget. Passasjerane fekk prate og kose seg, sjå seg rundt i båten, både i maskina, salonger og på dekk.

Spenninga var stor då Stord 1 sakka farten då vi nærma oss Krossnessund for å gå under brua. Det er lett å gløyme at desse gamle båtane ikkje har same manaureringsevnene som moderne båter. Her er det ikkje trustera og baupropeller, men det store roret er styrt med rattet som dreg i kjettingane som ligg i kanaler langs dekk. Det er ikkje endring i kurs med ein gong, men sakte og seigt. Det gjeld å stake ut kursen tidleg og peile seg inn mot målet. Det gjekk fint og Stord 1 kunne sige inn mot flytebryggene på Litlebergen, der folk sto og venta.

Stord 1 var på plass, passasjerane gjekk på land, og den offisielle opninga kunne gjerast. Her hadde alt vore aktivitetar på Litlebergen sidan kl 11. Sjølve opningsdagen er alt omtala.

Stord 1 lå til ved flytebryggene utover dagen, og folk kunne komme ombord og sjå seg omkring, og hadde retur til Bergen kl 17.

Klokka ti-øve-to gjekk Vestgar frå bydn, slik fjordabåtane gjorde før i tida. Det tek vel ein time ut til Litlebergen, og Vestgar låg til kai, slik at folk skulle få komme ombord og sjå seg omkring, eller kjøpe betasuppe eller skillingsbollar og kaffi.

Vestgar hadde retur etter at festframsyninga var over i Møllehuset. Vi var ikke mange som skulle vere med på returen til bydn, men vi fekk ei oppleving vi kjem til å hugse lenge. Vi vart inviterte til brua og fekk sjå oss omkring her, og ikkje minst prate med kapteinen og mannskapet. Den største opplevinga fekk nok guten på 9 år som fekk trekke i skipsfløyta midfjords og helse på ein møtande båt – snakk om stas!

Dagen slutta som den starta, med vått og grått ver, og vindauga dogga og regnet rant ned på rutene. Likevel – ein verkeleg flott avrunding av en fin opningsdag!

Tusen takk for turen til både Stord 1 og Vestgar!

 

Liv og røre i Sellevåg treskofabrikk

Sellevåg treskofabrikk ligg nydeleg til i ei bukt i Brandangersundet i Gulen. Dei siste åra har treskofabrikken hatt open dag fleire gonger i Kystsogevekene, og dette var andre gong i løpet av dette årets Kystsogeveker. Vi tok turen til Gulen søndag 13. september, kom fram og fann den vesle gule treskofabrikken som spegla seg i blikklart vatn, i bukten innafor vegen. Her låg det nokre få tømmerstokker i vatnet og vi fekk eit lite inntrykk av korleis det var tidlegare då fabrikken var i full drift.

Vi var litt tidleg ute, men etterkvart kom det bra med folk sigande for å få med seg denne gamle fabrikken, og ei omvising med forklaring av arbeidsprosessar og stasjonar i produksjonen.

Magne Sellevåg eig fabrikken, men får god hjelp av familien på desse opne dagane, ein nevø fortel og visar oss rundt i fabrikken, gode damer steikar lappar og kokar kaffi, og vi betaler inngongsbillett og får stempel av to kjekke jenter.

Det er spennande når vatnet leiast inn i turbinene og reimane koplast til dei enkelte maskinene, her er sliktesterke kamelhårsreimar som har vore nytta i 70 år, og er framleis i god, brukande stand. Vi får sjå kopimaskiner, bandsager, maskiner til utholing av for- og tåparti. I taket på fabrikken går det akslingar og reimer, band svirrar over hjul, og tannhjul koplast til og frå.

Dampen og treskorne heng tett saman i tankane når ein snakkar og Gamle dampen og strilekulturen, og ein av treskomodellane som vart produsert i Sellevåg var nettopp Stril, dei hadde også ein smalare modell kalla Sogn.

Turbinen og reimane driv også ei sag som vart bygd til fabrikken, og plankane ligg stabla i høgda opp mot taket. Ei maskin til å forme ulike skaft var eit av dei siste tilskota på fabrikken sin produksjon, for å tilpasse seg marknaden i ei tid då tresko ikkje lenger var på moten.

Etter omvising, film, prat, kaffi og kaffimat måtte vi sjølvsagt ta turen opp til demninga, der vatnet som dreiv turbinen vart henta. Det er ikkje meir enn 12 meters fall frå stemma og ned til fabrikken, men det var likevel tilstrekkeleg til å få kraft til å drive fabrikken.

I skråninga opp mot demninga kunne vi sjå røyrgata som var klinka saman. Denne var restaurert og sett på plass for nokre år sidan, no ligge den svart og fin i bekken og bakken ned frå vatnet over. Då vi kom opp til demninga såg vi den store karaftige doble muren som har torv og jordmasse mellom for å halde igjen vatnet. Denne dagen var vatnet mykje nedtappa og heile porten var synleg.

Sjølv om ein ikkje fekk med seg denne opne dagen i Sellevåg treskofabrikk, er det høve til å bestille grupper for omvising. Fabrikken er også å finne på facebook.

Vi hadde ei fin og interessant oppleving i ei fascinerande fabrikk, møtte eit hyggeleg vertskap, og hadde ein flott dag i Sellevåg! 

Meir om Sellevåg treskofabrikk:

Kulturminnegranskaren Arne Høyland var på plass i Sellevåg og filma prosessen denne dagen.
Sellevåg treskofabrikk er fredet av Riksantivaren som teknisk-industrielt kulturminne