Kategoriarkiv: kulturlandskap

Friluftslivets år 2015 også på kysten!

2015 er Friluftslivets år og Kystsogevekene vil også markere dette, og vi håpar folk også tenker på kysten som arena for friluftsliv.

Bruk sjøen og kysten til friluftsliv, og ikkje berre fjellet og marka. Vi ønskjer oss eit yrande kystfriluftsår også i våre 22 kommunar i løpet av Kystsogevekene.

Ver ute i naturen ved og på sjøen, gå i lyngheiar og kysttsriper, ta båten ut og utforsk ei øy, gjer strandhogg eller kast ut fiskesnøret. Dra på dagstur, eller ta med telt eller sov i strandkanten.

Ver ute, beveg deg, få frisk luft og nyt friluftslivet også på kysten!

#FÅ15 

Performancekunst på Herdla

Laurdag 30. august kunne folk få med seg Performancefestivalen Mellom himmel og hav 2014, Between Sky and Sea 2014 på Herdla fort heilt nord i Askøy. Ei rekke nasjonale og internasjonale performancekunstnarar var invitert til å vise ein performance knytt til årets tema: A given place

Det er fjerde gong Between sky & Sea vert arrangert, første gong i 2005, på Lygra i Lindås, sidan har det vore på Herdla, i 2008, i 2011 og i år, 2014. Det er i natur- og kulturlandskapet som er ramma kring framføringa, og kunstnarane er valgt ut på grunn av at dei på ein eller annan måte jobbar i spennet mellom by og villmark.

Kuratorar for performancefestivalen var Małgorzata Sady and Rita Marhaug, og kunstnarane som deltok i år var:

1   Maurice Blok (Finland/Netherlands)
2   Carpenter + Longva (duo, USA and Norway)
3   Benedicte Clementsen (Norway)
4   Sandra Johnston (Northern Irland)
5   Jolanta Krukowska (Poland)
6   Karen Kipphoff (Norway/Germany)
7   Richard Launder (United Kingdom)
8   Jan Mioduszewski (Poland)
9   Sigmund Skard (Norway)
10 Paulina Zielińska (Poland)
11 Kamoji + Warszawa (duo,  Japan and Poland)

Dagleg leiar hadde ikkje høve til å vere med på Herdla, men er glad for å ha fått låne bilete av Kari Vik. Bileta får tale for seg sjølv, klikk på bileta og få opp karusell med montasjar.  Alle foto Kari Vik, montasjar av Kystsogevekene.

Det skal ha vore ei flott, spennande og spesiell oppleving!

Askøyvæingen var også på Herdla

Her kan du også sjå litt bilete frå forrige Himmel og Hav III i 2011.

Ei reise til steinalderen – i Fosenstraumen

Siste helga i august var det høve for å ta ei heilt spesiell reise, like til steinalderen, på Steinalderhelg på Ramsvikneset. På Radøysida av Fosenstraumen hadde Straume Steinalderpark ved Børje Møster frå Godjord og Morten Flint Smed Kutschera, frå Kutschera Crafts etablert ein steinalderbuplass. Her er i området ved den fiskerike Fosenstraumen som i dag skiljer Radøy og Austrheim, er er det rike spor etter steinaldermenneske, her er funne pilespissar, steinøkser og andre reiskap, det var dette dei ville forsøke å gjenskape.

Morten er Norges einaste flintsmed på heiltid, han er i verdsklasse, spesialist på å lage reiskapar og våpen av flint og andre steinsortar. Han kan trylle fram pilspissar, dolkar, og økser ved å knuse stein. Han deltek ofte på ulike arrangement, har opplegg i Den kulturelle skulesekken for skuleelevar, og lagar replika for museum, utstillingar og andre oppdragsgjevarar. Morten er ein framifrå formidlar, og gjev publikum eit innblikk i det eldste handverket i verda. I høve Steinalderhelgen har han båre med seg kilovis med flint, stein og utstyr for å lage nye reidskap gjennom mark og ulendt terreng for å rigge seg til ved sjøkanten slik steinaldermenneska sat og jobba. I posten Steinalderhelg i Fosenstraumen finn du også ein film der flintsmeden viser og forklarer korleis han arbeider fram redskap.

I på sjøen ligg ein merkeleg farkost og duppar i letter sommarbølger, det er Havelgen, ein ekseprimentell steinalderfarkost, denne kan du sjå mer om i BT sin artikkel Skinnbåten er på sjøen. Det er Børje Møster som driv Godjord i Øvre Manger som både har fått laga båten og teltet som er sett opp på Ramvikneset. Båten var bygd på garden hans, og gjestearbeidere frå fleire land hjulpe til med bygginga. Det er planar om ein Straume Steinalderpark i området, og dette er ein liten forsmak på det.

Børje testa ut og prøvde å få fisk med ein beinkrok som Morten hadde laga, men det var kan hende for fint ver til at fisken ville bite. Vi kunne sjølv også få prøve oss å fiske, eller ungane kunne lage seg ein liten flintflekke til å spikke eller skjære med.

Litt opp for sjøen, i ein lun liten fure i landskapet er leirplassen med telt og gapahuk. Dette har sikkert vore ein vik i steinalderen då havnivået var høgare. Her er det bygga opp eit svært telt, forma som ein samisk lavvo, og trekt med eit utal skinn. Teltet er svært og høyresit, det kan nok romme eit tyvetalls personar. Langs yttersidane er det pallar med skinn på slik at folk kan sitje eller bruke osm soveplassar. Midt i teltet er det bål og grue det det vart laga mat. Vi fekk smake grilla lammelår, låret var dyppa i sjøvatn på førehand og var på den måten lett salta på utsida – kjempegodt!

Lenger opp i det litle dalføret var det sett opp blink, og ein kunne prøve seg som skyttar med pil og boge. Det var diverre ikkje mange som fann veien til Ramsvikneset, men då vi gjekk som det eit par grupper med menneske som ville ha ein steinalderoppleving – då var dei komen til rette plassen!

Sjå også Godjord sine bilete på Facebook frå 30. august og 31. august

Padling og handel på Langøy Kystkultursenter

Helga 23. – 24. august var det igjen tid for Langøymarknaden, Fjell kystlag var arrangør, men samarbeida med fleire andre partar, som Lokøy velforening, Algrøy bygdalag mfl.

I 20 år har Fjell kommune hatt ein avtale med grunneigarar om bruk av plassen og det har vore ei eigen stifting. Kommunen har brukt mykje pengar på vedlikehald av den gamle bygningsmassen og området på handelsstaden på Langøy Kystkultursenter. No er stiftinnga oppløyst og Langøy er tilbake på private hender når arvingar har tatt over. Som Vestnytt  skriv er ikkje dette nødvendigvis noko negativt, arvingane leiger ut to av bygningane på Langøy Kystkultursenter, og dessutan Barkaloftet som er eit flott selskapslokale.

Nye eigarar var heller ikkje noko hinder for Langøymarknaden, som har vore tradisjon sidan 2002. Den helga var det liv og røre kring handelsstaden, med utstillarar i alle bygningar, og aktiviteter i tun, på kaiar og i den flotte vika.

I vika innom sjølve handelstaden var det høve både for leike i fjæra, bade og ikkje minst ta seg ein prøvetur i kajakk eller kano. Sjølv hadde eg med ein 7-åring som forsøkte kajakk på Havfestivalen helga før, og han var ikkje vanskjeleg å få med seg til Langøy då han hørde at det var kajakkar der. Veldig stas både for han, og mange andre born å prøve.

Borna kunne også få lage seg ei tau på ein liten snordreiar saman med Husflidslaget.

Det var 30 utstillarar innanfor eit breitt spekter, frå måleri, brukskunst, husflidsvarer, lokalmat, bøker og mykje anna. Her kunne ein handle både såper, og ostar, bunadsluer og strikkasokker, glasspynt og heklevarer, barnebøker og lokalhistoriske bøker, litt av kvart for mange smakar og ønskjer.

Vi var tilstades på laurdagen og hadde ein flott dag. Det var marknad også søndagen, og då også Algrøy Bygdakor md og underholdt.

Det såg ut til at folk kosa seg på denne vakre plassen, dette året som tidlegare år!

Frå Vikingmarked og middelalderdag på Lygra

Viking og Mellomalderdager på Lygra var i år frå 15. -17. august, dette var eit arrangement i samarbeid mellom Nordhordland Frie Vikinger (NHFV) og Lyngheisenteret på Lygra. Søndag var det også Mellomalderdag på Lyngheisenteret, med innlagt tur til mellomaldergarden Lurekalven.

Lyngeheisenteret har i ei årrekkje hatt sin faste Mellomalderdag i Kystsogevekene, då er det vandring ut i lyngheien og rotur over til den vetle øya Lurekalven, kor vi finn tuftene etter ein mellomaldergard. Vi rakk imidlertid ikkje å få med oss turen til Lurekalven i år, men rusla litt rundt på vikingmarknaden og prata og såg på dei ulike telta og salsbodene.

Ei iaugnefallande aktivitet gjekk føre seg midt i leiren, eit bål, ein haug med ved, fleire trestampar som det tidvis dampa frå – her var det brygging av øl på gang! Dette var brygging av øl med kokstein, der vatnet vert varma opp av steinar som har lagt i bålet og vorte gloheite. Det fresar og dampar når steinen kjem i væska. Ølet får tilsett pors, og ikkje humle som ein er vande med i øl. Pors inneholder, som humle, bitterstoffer, harpiks, garvesyre og eteriske oljer som påvirkar smak, holdbarheit, lukt, og bidreg til utfelling av proteinstoffer i ølet. Porsen gjev ein karakteistisk og særmerkt smak. Eg kan røpe at ølet vart riktig godt, eg har faktisk hatt høve til å smake det ferdige resultatet vet eit seinare høve. Å bryggje øl med kokstein, eller bryggjestein er ein eldgamal måte å lage øl på, dei varme steinane brukast når ein bryggjer i kar som ikkje kan varnast under open eld.

Det var også salsboder av ulikt slag, med mat, smykker, ramslauksmør, sauefeller og korgar. Elles var det leirtelt med kokeplasser, ein smed med feltesse og litt av kvart. Det var også høre for borna å prøve seg å skyte med pil og boge, ein aktivitet som alltid er populær. Det var også omvising og tur med ein skald, eller eventyrforteljing for dei yngre. Tidvis var det også ein del krigarar som kjempa med blanke våpen og skjold, i viking- og middelalderutrutsing.

Inne på Lyngheisenteret var det laga til ein liten utstilling med gamalt handverk, keramikk, veving, nålebinding og sko, i tillegg til ein fotoutstilling i kjellaren.

Søndag var det også lagt opp til eit samarbeid mellom Utvandrersenteret på Radøy, under overskrifta  Frå Vikingland til Amerika. Vi tok heile pakken og gjennomførte reisa både i tid og rom og forflytta oss frå vikingtida på Lygra i Lindås, til Amerika på Sletta i Radøy – og turen gjekk med cabincruiser!

Frå utstillingsopning i Mjøsvågen – Osterøy

I Hosanger på Osterøy ligg Mjøsvågen, eit koseleg lite miljø som tidlegare var kommunesenteret i gamle Hosanger kommune. I Mjøsvågen finn du både Galleri Mjøsvågen, Treskoverkstaden, Mjøsvågen kafe og eit utsal av Norlender sine stikkevarer. Osterøy kunstlag har utstillingar i Galleri Mjøsvågen, og det var her det var utstillingsopningar søndag 10. august. Det var porselenskunst av Kjersti Sletteland og Tone Boska, og i tillegg viste Karin Hay White maleri og teikningar.

I Mjøsvågen er det trivleg stemning, og fint å vandre i det tette miljøet i sjøkanten der mange av dørene står åpne og inviterer deg inn, til treskoverkstedet, opp på loftet for å sjå flotte strikkevarer, eller inn i kafeen som i tillegg til mat på borda har kunst på veggene, for anledninga maleri av Magnhild Hylleseth. Sjølve galleriet er i en villa like overfor sjøhusrekken. Denne dagen var det ovverraskande mykje folk som hadde funne vegen til Hosanger, og utstillingslokale var fullt av kunstinteresserte folk då utslillingane opna. Mange av dei fann også vegen inn i kafeen og elles inn i dei andre husa.

Venner av Mjøsvågen  har eit rikt program gjennom heile sommarsesongen, kalla Søndag i Mjøsvågen. Den mest intensive aktiviteten er i sommarhalvåret, men også utover hausen og vinteren er det fredagsarrangement i kafeen. i tillegg til både markakunst og gartenriutsal og andre småverksemder. Siste dag av Kystsogevekene opna ein ny utstilling i Mjøsvågen, nemleg i Utstillingsopning av Raila Nonås: “Hjort er hjort”, denne er også å sjå når kafeen er open ein fredag i månaden ut året.

 

 

Steinalderhelg i Fosenstraumen

På Ramsvikneset på Radøy, mellom brua og Straume kan har det den siste tida vakse fram ei lita steinalderleirplass. Her er i området ved den fiskerike Fosenstraumen som i dag skiljer Radøy og Austrheim, er er det rike spor etter steinaldermenneske, her er funne pilespissar, steinøkser og andre reiskap.

På Steinalderhelg  i Fosenstraumen, kan du møte Flintsmeden Morten Kutschera og andre steinaldermennesker, og oppleve korleis folk levde for fleire tusen år sidan. Besøk leirplassen og sjå korleis steinalderfolk budde.  Det er også høve til å prøva å  fiske med beinkrok og klebersteinssøkke, sy i skinn, skyte med pil og boge eller smake mat laga på steinaldervis i kokegrop.

Steinalderhelg er lørdag 30. august og søndag 31. august, begge dagar kl 10-16.

Inngang kr. 100 for alle over 8 år. Yngre born gratis. Familiar kr. 300.

Arr.: Straume steinalderpark.

Sjå Flintsmeden i arbeid. Til helga kan du få prøve sjølv å lage din eigen flintflekke

steinalder

Halvvegs i Kystsogevekene 2014!

No er årets kystsogeveker halvgått – tre helger med flotte arrangement er over, og tre helger med nye og innhaldsrike arrangement ligg føre oss.

Dei kommande arrangementa dekker eit stort tidsspekter, frå Steinalderhelg, vikinghistorie med Håkonarspel, Middelalder på Bergenhusdagene, Grunnlovsfeiring og Hagefest på Damsgård, til 50-årsjubileum av fleire kommunar, og Fjordabåttid med Ivar Mesaas – Dar kjem Dampen. Både born, unge, vaksne og eldra skal alle få høve til aktivitetar, underhalding, impulsar og opplevingar.

Det vert fiskekonkurransar, barkebåtspikking, hoffskule, flintknakking, pil og bogeskyting, matlaging, vandringar og mykje meir, med andre ord rikeleg med høve til å ta del i ulike aktivitetar. Det vert også høve til å setje seg tilbake og la god underhaldning skylle over seg, og nyte stunden.

Det utruleg kjekt og viktig for Kystsogevekene å trekke frem alle dei frivillige lag og organisasjonar og enkelsmenneske som står bak alle desse flotte arrangementa som gjev oss alle så mange flotte og gode opplevingar!

Bak kvar modellbåtbygging som ungane kosar seg med å lage, står det organisatorar som lagar treemner og skaffar materialer slik at det skal vere kjapt og kjekt for ungane å lage sit eige fartøy. Bak kvar konsert eller forestilling er det ikkje berre artistar som førebur seg, det er også stolar som skal berast fram, forfriskningar som skal handlast inn, kaker som skal bakast eller vaflar som skal steikast.

Bak kvar marknad eller messe er det utstillarar, men også ei gjeng med menneske som skal legge til rette for at uststillarar skal kunne selgje varene sine. Det skal leitast fram utstillarar som sel varer som ein ønskjer skal passe til marknaden sin profil, det skal gjerast avtalar, det skal kan hende leggast fram straum, bord, benker, stoler og telt skal på plass. Utstillingar skal organiserast, kontakt med kunstnare, foredragshaldarar og musikarar i forkant, og sjølve det praktiske kring arrangementet.

Det skal lagast plakatar, vaktlister, oppgåver skal fordelast både i forkant og på sjølve arrangementsdagen. I det heile tatt så kan det vere lett å gløyme alt arbeidet og innsatsen som ligg bak og i forkant av sjølve arrangementet, og i tillegg til gjennomføringa når dagen er komen.

Dei skal alle ha heider som står på for å gje oss gode opplevingar og gode møteplassar. Dei ivrar for å syne fram kva dei har å by på og kva dei er stolte av. Dette gjer også at vi føler vi høyrer til, og at her vil vi vere! 

Sjå heile programmet på kystsogevekene.no

Her viser vi litt bilder frå arrangement som har vore i Kystsogevekene 2014 – så langt…

 

 

Eit ramsalt familieeventyr på Gaasneset

Søndag 17. august kl 14 inviterer Jan Tufteland til familiedag med segner og eventyr på Gaasneset i Austevoll.

På den gamle familiegarden får vi vandre på garden mellom dei gamle husa, der den eldste stova frå 1770, Janastova frå 1840 og sjøbua frå 1700-talet.

På naustlemen vert det forteljing og demonstrering av gamalt ved Jan Tufteland. Mellom segner, forteljing og dramatisering får vi høyre låtar, stev og viser som høver. Aktørar er Jan Tufteland forteljar, fløytespel (sjuande generasjon på garden), Ingvild Vaage som syng og  Endre Try Tufteland som spelar marimba.

Robåten er viktig på Gaasneset, og utanfor naustet får vi høyre og sjå både roing og segling – kan hende vert det høre til å få seg ein tur utpå også, om veret tillet! Holmar og skjer har eit vrimmel av historier knytt til seg, og vi får høyre nokre av desse, som den om Gjestgivaren frå Hisken som forliste utom Bjødnen om Gjest Baardsen på Gaasneset eller Tussen i Brokaskiten, det er eit rikt sogetilfang å velje i, som Johan Tufteland (1913-1985) har samla inn.

Dette er også ein familiedag og ungane kan nytte høvet til lå fange krabbar, bade, bygge flåter eller prøve sjøkikkert mm. Det vert også dekka til småbord i naustet  og ein kan kjøpe fiskesuppe, kaffi, brus.

For å komme til Gaasneset kan ein møte opp i Stangelandsvågen før klokka 14.00 og løyse billett, så vert ein frakta i oselvarar og båter til naustet på Gaasneset. Prisar kr 100.- pr pers, barn kr 50, familie kr 200.-.

Ver med til Gåsneset og få med deg eit ramsalt familieeventyr! 

Ta med redningsvest og uteklede.

Kulturminnedag – Vindenes og Høybøen

Det var ei kulturminnedag med stor spennvidde vi fekk i Fjell, den 15. september!

Dagen starta med arrangement i Notloftet på Vindenes, loftet på nothengjo som Hans O. Vindenes fekk bygd i 1946, og som kunne tørke opp til 9 snurpenøter på ein gong. Loftet som i dag fungerer som festlokale og har utstilling av gamle bilete og fiskereidskap frå tida med aktivt fiskeri i fiskarhøvdingen Hans O. Vindenes si tid, fram til1973. Han var storfiskar og fiskebåtreiar, og jobba aktivt for å modernisere fiskeria. Olav Kobbeltveit fortalte oss meir om han, medan Jarle Vindenes fortalte om Notloftet. Vi fekk også høyre om folket på Hevrøy av bygdebokforfattar Halvor Skurtveit, medan Gudveig Lillebø fortalte om forfattaren Zinken Hopp si tid på Vindenes, ho var ofte gjest hos Hans O. og familien, og bygde også seg ei hytte her. Olav Ulveseth gav oss musikalske innslag i forma av velkjente songar av Johannes Kleppevik. Galeasen Loyal kom også til arrangementet og la til ved Vindenes kai, her fekk vi høve til å komme ombord og få omvising, og etterkvart kjøpe fiskesuppe.

Nokre valde å avslutte arrangementsdagen på Vindenes, medan en stor gjeng også ville ha med seg vandring med arkeolog Knut Andreas Bergsvik som guide, for å fortelja om dei arkeologiske funna i området. Heile området her er det gjort arkeologiske undersøkingar, sidan dette var eit av dei akutelle områdene for olje og gassutbygging før Kolsnes vart valt. Vi passerte ei rekkje steinalderbuplassar på austsida av Vindenesstraumen, dei eldste frå tidsrommet kring 9700-9400 før notid, før landhevinga var dette ei ope sund og gode fangstplassar. Også frå seinare perioder i steinalderen, 5000-3000 år før notid, har området vore brukt, og det kan endåtil oppfattast som fast busetjing i området i yngre steinalder, med våningshus, husdyr og korndyrking. 

Mellomaldergarden Høybøen var målet før vi skulle returnere. Her kan vi framleis sjå tufter etter mellomaldergarden som har vore heilt utgravd, her var det to fleirromshus som vart lagt øyde ved Svartedauden, det hadde då vore busett sidan 1100-talet. Det har diverre grodd kraftig til i tunet dei seinaste åra, og store husdyr beitar i området, som slit på kulturminna. Folket på Høybøen måtte anten gje tapt for pesten eller dei valde å flyttet til betre gardar som hadde vorte ledig etter den store Svartedauden, og sidan har området berre vore utmark, noko som gjer at spora frå middelaldermenneske i stor grad var urørt og kunne fortelje arkeologane mykje då dei gjorde utgravingane på 1980-talet. 

Det var ein kjempeinteressant og lærerik dag i Fjell, med mange interesserte menneske og turdeltakarar som fekk del i kunnskapet til foredragshaldarane og guiden. Heldigvis haldt regnet seg borte mesteparten av dagen slik at det berre var returen frå Høybøen som var verkeleg våt. Det var verkeleg ein frisk og fin kulturminnedag i godt selskap!

Sjå programmet for dagen