Kategoriarkiv: kulturlandskap

Aktivitetar og tur på Herdla fort

Søndag 4. september var det Aktivitetsdag på Herdla fort, med opplevingar for heile familien. Heile det store området på Herdla fort var tatt i bruk, av museet og ulike lag og organisasjonar.  Sola skein frå klar himmel, og lokka til vandring i spennande landskap, og dørane til fortet sto ope slik at vi kunne utforske hemmelege rom i fjellet. 

Då vi kom til Herdla fort denne flotte søndagen vrimla det alt av folk på heile det store området. Det var hestar som kunne ris og hundar som skulle vise sine kunster, det var taubane, diskogolf og turløype.

Vi fekk raskt med oss at vi kunne rekke eit lite høgdepunkt på dagen, nemleg kanonsalutt kl 12.15. Med kartet i hand la vi ut på vandring langs vegen rundt neset. Vi passerte utstillingshallen GUL 16 der flyet frå andre verdskrig står utstilt, og der det var kafe. Vi rakk ikkje innom denne gongen, her måtte kanonen prioriterast. Askøy Turlag markerte også Kom-deg-ut-dagen, og det var hengt opp rebusoppgåver langs løypa. Askøy jeger og fisk hadde stand der vegen bøyer rundt, og der De Zee Ploeg minnepark er.

Vi gjekk løypa videre og skunda oss ned til kaien ved torpedo-batteriet.  Det sto ein liten kanon klar på kaien, og kort tid etter var det stor spenning medan vi venta på salutten – og jammen var det smell! Då kruttrøyken hadde lagt seg, såg vi at kanonen hadde flytta seg mange meter bakover på kaien. Artig for store og små som så det, og garantert til å høyre utover eit stor område, både på land og utover fjorden.

Etter salutten hadde vi tid til å roe oss ned og sjå på krabbene som var i kummen, her kunne vi også ha kjøpt med oss krabbe, både kokt og levande.

Torpedobatteriet var også ope, og det er spennande å få gå inn i dette tidlegare militære anlegget. Her låg det torpedoar og missiler i mange storleikar, merka med dummy, heldigvis utan sprengstoff, men med ledningar, bolter, propeller og andre merkelege innretningar. Her kan ein gå rundt lenge og la seg fascinere.

Etterpå gjekk vi også inn i ein fjellhall der store kontainare hang fritt og tungt frå taket, for ikkje å gå istykker om det kom ein stor spreng som ryste bakken. Inni desse var det både soveplass, komandosentral, overvaking og alt som trengtes under den kalde krigen.

Vel ute i sola igjen gjekk vi opp til Herdla fuglestasjon der dei var i gong med å merke fugl. Vi fekk sjå fugler på nært hald, og fekk fortalt korleis ein gjer når ein målger, veger og ringmerker fugler. Dette var populært, og mange stoppa opp også her får å sjå og høyre.

Vidare var det både Vikingaktivitetar ved Askøy vikinglag, og målgang og innlevering for Askøy turlag sin rebus.

Vi og svært mange andre hadde ein flott Aktivitetsdag på Herdla fort. Tusen takk til arrangørane Herdla museum og alle samarbeidsparane Herdla fuglestasjon, Askøy turlag, Askøy diskogolfklubb, Askøy kommune, kulturavdelinga, Gone paddling, Herdla forts venner.

Reklamer

Bogatunet – opning av kystsogevekene i Radøy

Radøy brukar  å markere startskotet for sine kystsogeveker, og i år var deira opning lagt til Bogatunet den 14. august.

Kystsogevekene og seinsommaren heng saman, det er ei god tid, då møtes vi igjen etter ferietid, og vi har gode stunder saman. Da gjer vi som fuglane, vi samlast og starter på hausten, sa ordførar Jon Askeland innleiingsvis.

At Radøy i år valgte å legge opninga si til Bogatunet var ikkje tilfeldig.  Ordføraren var glad for å kunne sleppe ein politisk lekkasje, at Radøy kommune har fått tilbod om å overta Bogatunet frå Nord- og Midthordland sogelag, regionssogelaget som no legg ned drifta, på grunn av lite rekruttering til laget. Det er ikkje endeleg avgjort, det skal ei politisk handsaming til før endeleg vedtak. Det er føl dessutan mykje ansvar med å overta eit slikt kulturminne, men han lover dei skal gjere sitt beste for å få til ei god løysing, slik at også kommande generasjonar skal få sjå, lære av og oppleve Bogatunet.

Dette er vår Mariakirke sa ordførar Jon Askeland om Bogatunet, og trakk fram kor viktig Boga er som kulturminne, ikkje berre for Radøy, men for heile Nordhordland.

Nils Georg Brekke, var invitert for å fortelje om byggeskikken og på Bogatunet. Han slutta seg til Askeland, og sa at Bogatunet er kulturminne i Europaklassen, og burde vore betre skilta. Nils Georg Brekke er tidlegare fylkeskonservator i Hordaland, har vore direktør på Kulturlandskapssenteret, står bak Kulturhistorisk vegvisar, andre liknande bøker, og mykje meir. Han held i desse dagar på å oversette boka Norsk arkitekturhistorie til engelsk. Han trakk dei lange trådane tilbake til mellomaldersk byggeskikk og synte plansjer og forklarte kvifor denne byggeskikken frå Strilalandet hører til mellom dei viktigaste kulturminna i Europa, og korleis tunet kan vere nøkkelen til å forstå norgeshistoria.

Etter Nils Georg Brekke sitt interessante foredrag fekk vi ei spennande innføring i laksefiske med not frå Berit Kvalvik. Ho fortalte korleis det hadde vore innretta i Boga og Kvistekrinsen, med fangstrettar, om systemet med å sette ut nota og sjekke, om gode prisa og om Laksefly som flaug over for å sjekke at nota ikke sto ute lenger enn regelverket tillot.

Vi fekk også høve til å sjå inni husa i tunet, til å prate med kvarandre, og til å sjå og mimre for dei som hadde kjenskap og erfaring med dei mange gjenstandanstypene som fins i huset.

Keipane kystlag var også del av arrangementet, og hadde aktivitetsløype for born, og dessutan fiskekaker og nubbesild og heimelaga saft for sal i Nordrevågen til Boga. Her kunne vi også få prøvd oss utpå vågen, anten vi ønskte å ro eller padle.

Etter Bogatunet og Nordrevågen kunne vi ta turen bort til grendahuset og ta søndagsmiddag i form av rømmegraut med  spekemat, vaflar og kaffi.

Også denne dagen var det litt grått og vått, men det var likevel ein positiv og fin dag. Tusen takk til Radøy kommune, Radøy sogelag, Keipane kystlag og Kolstad grendehus for ein kjekk dag!

Silje Namtveit song denne vakre songen av Erik Bye og Henning Sommero på opninga:

Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

Tekst Erik Bye/ Melodi Henning Sommero Blå salme

Førehandsomtale i Strilen av arrangementet

Liv og røre i Sellevåg treskofabrikk

Sellevåg treskofabrikk ligg nydeleg til i ei bukt i Brandangersundet i Gulen. Dei siste åra har treskofabrikken hatt open dag fleire gonger i Kystsogevekene, og dette var andre gong i løpet av dette årets Kystsogeveker. Vi tok turen til Gulen søndag 13. september, kom fram og fann den vesle gule treskofabrikken som spegla seg i blikklart vatn, i bukten innafor vegen. Her låg det nokre få tømmerstokker i vatnet og vi fekk eit lite inntrykk av korleis det var tidlegare då fabrikken var i full drift.

Vi var litt tidleg ute, men etterkvart kom det bra med folk sigande for å få med seg denne gamle fabrikken, og ei omvising med forklaring av arbeidsprosessar og stasjonar i produksjonen.

Magne Sellevåg eig fabrikken, men får god hjelp av familien på desse opne dagane, ein nevø fortel og visar oss rundt i fabrikken, gode damer steikar lappar og kokar kaffi, og vi betaler inngongsbillett og får stempel av to kjekke jenter.

Det er spennande når vatnet leiast inn i turbinene og reimane koplast til dei enkelte maskinene, her er sliktesterke kamelhårsreimar som har vore nytta i 70 år, og er framleis i god, brukande stand. Vi får sjå kopimaskiner, bandsager, maskiner til utholing av for- og tåparti. I taket på fabrikken går det akslingar og reimer, band svirrar over hjul, og tannhjul koplast til og frå.

Dampen og treskorne heng tett saman i tankane når ein snakkar og Gamle dampen og strilekulturen, og ein av treskomodellane som vart produsert i Sellevåg var nettopp Stril, dei hadde også ein smalare modell kalla Sogn.

Turbinen og reimane driv også ei sag som vart bygd til fabrikken, og plankane ligg stabla i høgda opp mot taket. Ei maskin til å forme ulike skaft var eit av dei siste tilskota på fabrikken sin produksjon, for å tilpasse seg marknaden i ei tid då tresko ikkje lenger var på moten.

Etter omvising, film, prat, kaffi og kaffimat måtte vi sjølvsagt ta turen opp til demninga, der vatnet som dreiv turbinen vart henta. Det er ikkje meir enn 12 meters fall frå stemma og ned til fabrikken, men det var likevel tilstrekkeleg til å få kraft til å drive fabrikken.

I skråninga opp mot demninga kunne vi sjå røyrgata som var klinka saman. Denne var restaurert og sett på plass for nokre år sidan, no ligge den svart og fin i bekken og bakken ned frå vatnet over. Då vi kom opp til demninga såg vi den store karaftige doble muren som har torv og jordmasse mellom for å halde igjen vatnet. Denne dagen var vatnet mykje nedtappa og heile porten var synleg.

Sjølv om ein ikkje fekk med seg denne opne dagen i Sellevåg treskofabrikk, er det høve til å bestille grupper for omvising. Fabrikken er også å finne på facebook.

Vi hadde ei fin og interessant oppleving i ei fascinerande fabrikk, møtte eit hyggeleg vertskap, og hadde ein flott dag i Sellevåg! 

Meir om Sellevåg treskofabrikk:

Kulturminnegranskaren Arne Høyland var på plass i Sellevåg og filma prosessen denne dagen.
Sellevåg treskofabrikk er fredet av Riksantivaren som teknisk-industrielt kulturminne

Aktivitetsdag på Herdla fort

Søndag 6. november var det Den norske Turistforening sin nasjonale Kom-deg-ut-dagen. Denne dagen har vore markert på Herdla i fleire år, og var arvtakar for Herdladagen, og arrangementet har fått namnet Aktivitetsdag på Herdla fort. Det er ei rekkje lag og organisasjonar i sving med få i stand arrangementet, saman med Herdla Museum, ei avdeling i Museum Vest.

Her var det redningshundar, ornitologforening, friluftsrådet, statens naturopplyn, turlag, korps, jeger og fiskeforening, vikinglag og fleire som alle bidro slik at publikum skulle får rikeleg med aktivitetar og opplevingar. Askøy turlag hadde også Tipp-tur, som det var naturleg å ta når ein gjekk på tur mellom aktivitetar og oppgåver, her møtte vi nemleg på postar med spørsmål undervegs, og traff samtidig på fleire av foreningane.

Vi koste oss og fekk litt trim og aktivitet denne føremiddagen på Herdla, og det var det også mange andre som gjorde kunne vi sjå i avisa Askøyværingen: Askøy Turlag vil ha deg ut i og Flere hundre kom seg ut  i Askøværingen

Veka etter aktivitetsdagen kunne vi også lese i Askøyværingen at det no var vedtatt: Herdla-torpedobatteri-fredet-av-riksantikvaren. Vi rakk ikkje å gå til torpedobatteriet denne gongen, men har vore med og sjå den spennande militæranlegge på ein tidlegare aktivitetsdag.

Kystsogevekene var i torpedobatteriet alt då det var Herdladagen, i 2010 og på Aktivitetsdag i 2012.

Kystsogedag på Engevik Gaard Anno 1723

Engevik gard er ei kulturperle frå 1700 talet som tilbyr servering og omvising på den historiske plassen. Her er ni bygningar som skriv seg tilbake til 1700-talet. NRK sin realityserie Anno var populær i vinter, der levde deltakarane på 1700-talsvis.  Anno 1723 vart valgt som tema av arangørane i Sævareidfjordens Ungdomslag, Fusa kommune og Engevik gaard til årets Kystsogedag i Sævareidfjorden. Årstalet var valgt etter året oberstløytant Christian Wilhelm Segelcke, kjøpte garden som sjefsgard, og busette seg der. Dei ville legge vekt på 1700-tals handverk, aktivitetar, marknad, mat og leik.

Årets opnar og attraksjon var Enok Groven, kjent frå NRK Anno sin serie, for mange den moralske vinnaren, sjølv om han kom på andreplass. Han fekk forøvrig  Gullruten som Årets deltaker på tv-bransjen sin kåring.

Enok var ikkje einaste kjente ansikt frå tv-serien som var på Engevik denne dagen. Deltakarane skulle lære seg å lage tønner i løpet av opphaldet. Opplæringa i forkant og bedømming (oldermann) innan bøkkerfaget er det henholdsvis Oddvar og Jostein frå Tønnegarden i Fusa som sto for. Tønnegarden var også til stades på Engevik på Kystsogedagen. I tillegg var også oldermann i båtbygging Hallgeir Forstrønen Bjørnevik på plass for å vise og fortelje om båtbygging.

Det var også fleire innslag frå scena, både kåseri om 1700-talet, framvising og forteljing om den flotte Fusabunaden, og song og musikk ved Idar og Natasja og gruppa Standing still.

Det var også Torgdag ved Engevik gard med sal av ulike både matprodukt og handverk, og Barnas Anno med lykkehjul, krokett og andre leikar.

Inne i hovedbygninga hadde Hålandsdalen Folkedraktsaum utstilling i to vakre stover. Her var både heile bunader, draktdeler og stoff vist fra, og det var høve for å ta en prat om bunad. Det vart også vist fram og fortalt om arbeidet med fusabunaden frå scena. Dette valget av tema var vel neppe tilfeldig, de skjøna vi då det vart avslørt kven som vart tildels Anders Kåre Engevik kulturvernpris for 2015, nemleg eldsjel og initiativtakar til å få rekonstruert fusadrakten. Else Bodil Gjøn er ein kulturarbeider som i mange år har gjort ein uvurderleg innsats for å ta vare på og vidareføra lokal drakttradisjon.

Engevik Anno 1723 viste også fram ei rekkje handverk. Her var det både bøkring, båtbygging, lefsebakst, smiing, og ikkje minst prat om handverket og resultata.

Denne dagen var det også Barna sitt Anno. Det var lagt opp til ein kunnskapsquiz som gjorde at barna kunne oppsøke handverkarane innan fleire fag og få hjelp til å finne ut kva ulike verkøty var for noko og korleis dei skulle brukast, og andre spørsmål som dei kunne lære av. Vinnaren sin premie var ei sverdkamp og litt opplæring i fekting med Enok.

Programmet for dagen

Førehandsomtale i Os og Fusaposten
Cultura Anno i Os og Fusaposten
Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris 2015

Anne Hesvik – kunstnar

 

Dajen darpå i Austrheim

Søndag 16. august var det Dajen darpå i Austrheim, då var det dagen etter Fonnesdagen – dajen dar folk møtest vart arrangert, og to dager etter Dajen før dajen, med konsert på fredagskvelden.

Arbeidsgruppa for Fonnesdagen sto på for skape ei flott helg med opplevingar for store og små, gamle og unge. Då dagleg leiar og familen kom til Årvika vart det ennå litt tidleg søndag føremiddag, dagen etter den store Fonnesdagen, og det var ganske så grått og trist ver, og ikkje minst mykje stikkande smådyr i lufta. Det var ein liten gjeng på plass i den nyopparbeida badeplassen i Årvika, det var fyr i bålpanna og folk i hytta. Ein del ungar prøvde seg på havsportaktivitetar både i kajakk, i SUP-board, og i bad. Minsteguten vår fekk også prøvd seg på ein av favorittakitivitetane, nemleg padle kajakk. Det var ei stille og roleg Dajen darpå. Vi kunne seinare sjå i avisene at det hadde vore godt frammøte då det seinare på dagen vart halde friluftsgudsteneste her.

Etter ein stopp i Årvika var det naturleg å ta turen ut til Vardetangen, vestlagaste fastlandspunkt i Norge. Det var grei merka tur utover, og ein fin tur i det fuktige været. Vel framme ved på Vardetangen fann vi både varde, koordinatar og ei jettegryte. Det er Friluftslivets år, og fint å gå tur i kystlandskap.  Ein slik tur gjer at ein skjønar Austrheim  sitt slagord Opne landskap – ope sinn. 

Sidan det var søndag og Dajen darpå, fekk vi også såvidt eit lite glimt av dei andre arenaene der det hadde gått føre seg arrangement og aktivitetar den siste tida, ikkje berre Fonnesdagen på fonneskaien, men også på kaien i Mastrevik, som hadde vore arena og utgongspunkt for ei rekkje aktivitetar i Havsportveka, her sto bakken til Ta sjansen! telt og utstyr etter dei mange ulike havsportane som hadde stått på programmet. Ein ribbåt kom inn frå ein siste tur utpå bølgjene. No var det tid for å kvile ut etter ein fantastisk innsats både etter Havsportveka som hadde sin siste dag, Ein smak av Austrheim, som pakka telta og utstyret sitt ved Mastrevik torg, og på Fonneskaien og i Årvika.















På tur til Skageneset på Radøy

Startskotet for kystsogevekene på Radøy gjekk dagen etter det offisielle opninga i Tysnes. Radøy er den mest aktive kommunen der det er flest arrangement med i kystsogevekene, i år er det ikkje noko unntak. Radøy fant at det i høve Friluftslivets år og  er 70 år sidan andre verdskrig tok slutt, var heilt naturleg å legga opninga av kystsogevekene til Skageneset,

Turen starta imidlertid ved rådhuset på Manger og ordførar Jon Askeland samla troppene, medan kjentmann Odd Matre losa oss gjennom kystlandskapet. Det var kring 65 menneske med på turen.

Imponerande mange møtte fram i Skageneset, anten dei hadde kommen til fots eller i båt, for minst like mange venta på Skageneset som dei som gjekk turen over land.

I Skageneset som i dag er friluftsområde, vart mange under krigen hjelpt på flukt til Shetland, og dagens heidersgjest Ingeborg Skagenes. Mor hennar, Dorthea Skagenes gav skjul for over hundre flyktningar medan dei venta på å koma seg over til England. Vi fekk eit historisk orienterin om aktivteten i Skageneset under krigen ved ein representant for Radøy sogelag.

Keipane Kystlang og Radøy ungdomsklubb og RS Ung Radøy var alle med og tilbydde aktivitetar for dei frammøtte. Ungdomsklubben hadde skattejakt med borna, og RS Ung tok borna med seg på turar med sin nye båt. Keipane hadde med segfleire kajakkar  som folk kunne prøve seg i, og dessutan den fine snekka, Kjekken som tor turar utpå sjøen. Det var også kafe med god kystmat, med fiskeburger tillaga på takke over bål.

Lokalavisene var også med på opningsdagen på Radøy, her kan du lese meir:

Stort å over å vere tilbake  Om heidersgjesten fortel om si oppleving i Avisa Nordhordland
Kystsogevekene startar –
Førehandsomtale i Avisa Nordhordland
Pangstart-pa-Kystsogevekene – Strilen si reportasje

Opning i Skageneset – Radøy kommune si omtale av arrangementet