Kategoriarkiv: kulturhistorie

Storhelg i vente!

Denne helga er det særs mange arrangement i Kystsogevekene, og kor du enn måtte befinne deg på Vestlandskysten, skulle du ikkje vere langt unna ei flott kystkulturoppleving.

Det er i periferien det skjer, og Periferifestivalen er ei av storhendingane, ein festival der havsus møte populærmusikk på Glesvær i Sund.

Også på Langøy i Fjell vert det god stemning, her vert det to dagar med Langøymarknad  med sal av husflidvarer, aktivitetar, og bryggjedans laurdagskvelden.

I Gulen er det open dag i Treskoverkstaden i Sellevåg på laurdag, og her kan ein utforske den freda treskoverkstaden, og nye gods selskap, kaffe og prat,  Dagen etter kan ein sjå stampa, kvernen og slipesteinen i Takle når dei inviterer til Vassbruksmiljødag på søndag.

På Holsnøy i Nordhordland er det Kystsogedagar i Meland, med marknad, underhalding, utstillingar – her er det både kunst, husflidsvarer og kulturhistorie. Til kaien ligg DS Oster og Vestgar, kan hende tek Hurtigruten ein tur bortom også!

På Radøy kan du høyre godlyden av gamle motorar når Guttorm Storheim inviterar alle til å sjå den store samlinga hans på over 200 av motorar. På Radøy kan du også ta ein kopp kaffe og utforske det restaurerte Nothuset på Kviste, eller ta turen til Sæbø for lyrikkveld, eller til Risnesmarknaden på Rossnes kai.

I Lindås er det både Mellomalderdag på Lyngeisenteret, og du kan få foredrag og bokkafe i Eknesvågen.

På Osterøy er det Mjøsdalsdagar i Hosanger, her er det også ein treskoverkstad, her er utstillingar, aktivitetar og underhalding.

I Strusshamn inviterer dei til Familiedag og her kjem den staselege Galeasen Loyal på besøk!

På Hordamuseet i Bergen inviterer dei til Gøy på landet kor du kan møte båtbyggjaren, smeden, landhandlaren, bestemor i Madlastova, garnbøtaren og skulelæraren, eller ta ein tur på fjorden i robåt eller med segl. Etter Gøy på landet kan ein sjå forestillinga Brugdefangsten – risikosport anno 1770.

Oselvarfestivalen finn du i heimbygda til sjølvaste nasjonalbåten Oselvaren, i Os, her er det også Bondens marknad.

I Fusa er det duka for storstilt 250 årsjubileum for militærgarden Engevik, og dei får besøk av Kong Frederik IV Tambourafdeling av 1704, som vil skape liv og røre med eksersis i sine staselege uniformar.

I Kvinnherad er det open museumsdag på Bygdetunet Rød, med aktivitetar og foredrag, og forestillinga l ljoset frå eld og ljore.

Sveio inviterer til open dag på Ørevik Grendahus i Liareid.

Så kor du enn skulle være denne helga, så er det alltid eit Kystsogearrangement nær deg. Ta turen!

Sjå heile Kystsogeprogrammet

Opplevingar i kø langs heile kyststripa denne helga også
Opplevingar i kø langs heile kyststripa denne helga også

Frå Lindås sjøsluser og opninga av Kystsogevekene 2013

10. august vart ein eventyrleg dag då Kystsogevekene 2013 starta, og Lindås sjøsluser vart gjenopna etter lang tid ut av bruk og restaurering. Her kjem bilder frå dagen då MS Granvin tok turen frå Bergen, gjennom slusen og til Nedre Lindås og Lindåstorget. Det var ein varm velkomst og ein folkefest både på Spjotøy, ved slusene og på Lindåstorget.  Sola skein opp og bada båter, folk og ikkje minst landskap og sluser i sol.

Turen starta på morgonen med fjordabåten Granvin fra Bergen, med ein tur innom Knarvik for å hente fleire passasjerar. Så bar det Indre Farleia vidare mot Lindås sjøsluser. På turen hadde vi den kunskapsrike marinarkeologen fra Bergen Sjøfartsmuseum, Arild Marøy Hansen med oss som guide. Han fortalte spennande og interessante historiar om det maritime kulturlandskapet i og langs leia.

Då vi kom fram mot slusene venta det oss ei folkehav, sluseplattingen var full av folk som ville vere med på denne historiske hendinga. Det var god stemning og ein fantastisk velkomst til fjordabåten som skulle markere opninga. Her var det talar og eit historisk opptrinn og ikkje minst ein liten porsjon spenning då slusene opnast.

Turen gjekk vidare inn til Lindås og Lindåstorget der det var folkeliv og røre, og stor stemning. Her var det utstillingar, kåseri, marknad, musikk, dans, song og slusekake!

Tusen takk til Lindås kommune som var godt vertskap for ein fantastisk dag og start på Kystsogevekene 2013!

Brugdefangsten – Risikosport anno 1770. Eit spel i Kystsogevekene 2013

Det er lange tradisjonar for spel under Kystsogevekene, og i år får vi oppleve spelet Brugdefangsten – risikosport anno 1770.

Gjennom musikk, dikt og drama vert vi med på harpunfangst etter den nest største fisken i verda. Lokalhistorikaren og lyrikaren Johan Tufteland kjende sogene kring denne spennande fangsten som i dag er gløymd.  Han formidla mykje kunnskap frå det gamle fiskarlivet i skriftene sine.

Forestilinga Brugdefangsten – risikosport anno 1770 er ei omarbeiding av ei forestilling Eit anna hav som vart sett opp av Sogn og Fjordane teater i Kulturbyåret 2000.

Spelet er ei dramatisering av brugdefangsten på Vestlandet frå 1770-1850. Gjennom dikta av Johan Tufteland og musikk av Jan Tufteland legg vi til havs med gamle harpunar og segl som råme. Musikken er originalkomponert og nokre av dikta er tonesett.

I samband med markeringa av 100 år sidan Tuftelands fødsel blir stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleva den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda. Spelet er regissert og blir framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod. Framsyninga blir sett opp på nytt på Kystsogevekene i august 2013.

Brugdefangst anno 1770
Brugdefangst anno 1770

Båten

Båten er skapt i auga si form
i handa sitt lag
i hjarta sitt salte hav
som bølgjer innanfrå
mot hud og negler
                                      (utdrag av diktet Båten)

Boklansering under Kystsogevekene

I år er det 100 år sidan Johan Tufteland vart fødd og det kjem ei fin lita bok med utvalde dikt, prosa, omsetjingar, salmar og brev. Noko har ikkje før stått på trykk. Idar Stegane skriv om forfattaren og Einar Økland fortel om brevvenen Johan. “Litt av ein sensasjon i nynorsk lyrikk” skreiv Dagbladet.

Sj meir om Johan Tufteland sitt forfattarskap og virke på Lokalhistoriewiki. http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Johan_Tufteland

Spelet om brugdefangsten vert sett opp på Stangeland gard, Stolmen, laurdag 10. august kl. 17 og i Hengjo i Bekkjarvik søndag 11. august kl 14. Det skal også setjast opp på Hordamuseet på Stend i Bergen 25. august kl 17.

Om forestillingane
Om forestillingane

Tønnegarden i Fusa har vorte Economusee

Familien av Economuseum veks, på fredag vart Tønnegarden i Fusa opna som Economusee.

Eit economuseum er ei levande handverksbedrift der publikum kan kome å sjå korleis ulike tradisjonelle varer vert laga. Det er eit nettverk av handverksbedrifter som held i hevd gamalt handverk, formidler historia og produserer tradisjonelle produkt, og nyskapande produkt ved hjelp av tradisjonshandverk.

På Tønnegarden lagar dei tønner, og i Fusa er det lange tradisjonar knytt til bøkring. Tønnene var tett knytt til fiskeria, og særleg  i dei store sildefiskeria, og var tønna ei viktig føresetnad for å transportere silda. Tønnegarden fortel sjølv historia om tønnene på www.tretonner.no

No er Tønnegarden vorte Noreg sitt sjette Economuse, dei andre er Aurlandsskoen, Oselvarverkstaden, Treskjerartunet, Fjordtønna og Stine Hoff  kunstglass.

Du finn også Tønnegarden på Facebook

Sjå gjerne meir om Economusee – Artisans at Work.

23. november er det Båtsok

23. november finn du eit anker på den gamle primstaven. 

Den heilage Klemet var vernehelgen for sjøfolk, og på dagen hans skulle alle båtar ligga ved land, gjerne også ut året.

Biskopen Clements I var landsforvist frå Roma. Saman med straffangar reiv han heidne tamplar og bygde kyrkjer. Då den romerske keisaren oppdaga dette vart han staffa. Ei legende fortel at han var funnen drukna Svartehavet med eit anker kring halsen.

På dei fleste pirmatavar er dagen merkt med eit anker. Klemetsmesse markerte at vinteren «klemmar» til, at vinterstormane og kaldfrosten kom. Innan båtsok burde båtane  vere berga på land, sidan fjordane kunne fryse til.

Etter gamle verteikn kunne ein seia om dagen at «Er Klemet mild, blir vinter mild». Medan andre verteikn sier at om Klemetsmesse er fin, vert vinteren hard.

23. november er Båtsok

Kilde