Kategoriarkiv: jul

Julekalender i desember

Tradisjonen tru også i Kystsogevekene, er desember kalendertid.

Som tidlegare år vil Kystsogevekene presentere gjensyn med bilete frå mange av dei flotte opplevingane vi fekk i året som gjekk. Kvar dag i desember fram mot julaftan legg vi ut eit nytt bilete på Facebooksidene til Kystsogevekene frå eit av arrangementa under Kystsogevekene 2016.

Vi vert glade om du kommenterar dersom du kjenner deg igjen, har minne frå dette arrangementet, eller denne staden. 

Alle som er likar eller kommenterar, er med i trekninga av ein liten premie, og dei som kommenterar får fleire «lodd» i trekninga, og har dermed større sjanse for å vinne.

Utfordringa vert om du kan finne ut kva for arrangement, og i kva for ein kommune bilete viser. Det er også lagt inn velkjende båter med spørsmål om heimehamna.  Julekalenderen er ein hyggeleg måte å minnast fine seinsommardagar.

Kjenner du deg igjen? 

Vinnaren vert kontakta like etter nyttår.

God førjulstid!

julelogo-skygge

Vinneren av årets julekalender er no trekt, og vinnaren var mellom dei som hadde likt og kommentert biletet som vart lagt ut 10. desember. 10-desember

Det var ganske mange som kjente seg igjen i Kulleseidkanalen, og biletet frå Kanaldagane på Bømlo.

Vinnaren var Lasse Bærøy, han får tilsendt ei flott bok:

Fjorden var vegen: fotopioneren Anders Paulsson Wallevik
Forfattar: Elisabet Vallevik Engelstad

Anders Paulsson Wallevik (1874-1965) er odelsguten frå Hardanger som vart fotopioner og visuell historieforteljar av nasjonal rang. Han etterlet seg ei fotosamling på mellom tre og fire tusen glasplater, for det meste fotograferte mellom 1905 og 1940. Boka dokumenterer hendingar og tilstandar frå ei tid då fjorden framleis var vegen for mange, om livet på sjø og land, om kommunikasjon og om handelssamband fra Vestlandet og heilt opp til det nørste nord. Wallevik kjende mange av sine fotoobjekt – han var både deltaker og tilskodar. Dette gir bileta ofte eit svært personleg uttrykk.

Gratulerer til Lasse Bærøy!

Reklamer

Vinner av Julekalenderen 2015

Her er fasit på alle bileta får årets julekalender.

Det  vart trekt ut først ein dag, og så ein vinnar ut frå alle dei som likte og kommenterte den akutelle dagen sitt kalenderbilete dagen.

Til trekkinga nytter vi ei nettside www.random.org som trekkjer tilfeldig vinnarar. Her vil eg først trekkje ein tilfeldig dag, og så etterpå nummerere alle som har likt eller har kommentert.

Dagen som vart trekt ut vart 16. desember, då var det Vigdis Hovind som vart trekt ut. Gratulerer!

Vinnaren får ei flott bok: Fjorden var vegen, Fotopioneren Anders Poulsson Wallevik, av Elisabet Vallevik Engelstad. 

Her er alle bileta frå kalenderen samla, med fasit.

Godt Nytt Kystkulturår!

Julekalender med kystkultur 2015

Som tidlegare år vil Kystsogevekene presentere gjensyn bilete frå mange av dei flotte opplevingane vi fekk i året som gjekk. Kvar dag i desember fram mot julaftan legg vi ut eit nytt bilete på Facebooksidene til Kystsogevekene frå eit av arrangementa under Kystsogevekene 2015 .

Vi vert glade om du kommenterar dersom du kjenner deg igjen, har minne frå dette arrangementet, eller denne staden. 

Alle som er likar eller kommenterar, er med i trekninga av ein liten premie, og dei som kommenterar får fleire «lodd» i trekninga, og har dermed større sjanse for å vinne.

Utfordringa vert om du kan finne ut kva for arrangement, og i kva for ein kommune bilete viser. Julekalenderen er ein hyggeleg måte å minnast fine seinsommardagar.

Kjenner du deg igjen? 

Vinnaren vert kontakta like etter nyttår.

God førjulstid!

i fjorden

logo 2016 300

Adventskalender med tilbakeblikk

Vinn ei flott bok i adventskalenderen! Kvar dag i desember fram mot julaftan legg vi ut eit nytt bilete på Facebooksidene til Kystsogevekene frå eit av arrangementa under Kystsogevekene 2014. Utfordringa vert om du kan finne ut kva for arrangement, og i kva for ein kommune bilete viser. Vi blir kjempeglade om du skriv i kommentarfelt på Facebook kva arrangement det er, og dersom du var med på arrangementet seier nokre ord om korleis det var. Julekalenderen er ein hyggeleg måte å minnast fine seinsommardagar. 

Kystsogevekene ønskjer å gje bort ei flott bok om kystkultur til ein av dykk som liker eller kommenterer eit av bileta i kalenderen, så her er det berre å like, kommentere og fortelje! 

Sjå nytt bilde kvar dag i førjulstida

Vinnaren vert kontakta like etter nyttår.

Vinneren av kalenderen er no trekt og kontakta. Gratuerer til Stig Thune!

Takk til alle som har likt eller kommentert alle bileta som er vist fram i julekalenderen. Håpar det har fått fram minne frå arragement de har vore på, eller fått nokre til å verte merksame på nye stader for arrangement. Det kjem nye Kystsogeveker i 2015, og det vært nye høve til å ta del i flotte arrangement. Godt Nytt Kystkulturår!

facebook_button

bok fjorden var vegen

snølogo

PS! Dei som har likt og kommentert så langt i julekalenderen er sjølvsagt med i trekninga dei også 🙂

Vinner av sjøvott i julekalendaren

No er det nye året i gong og det er tid for å trekkje vinner av den uhøgtidelege julekalenderkonkurransen.

Til trekkinga nytter vi ei nettside www.random.org som trekkjer tilfeldig vinnarar. Her vil eg først trekkje ein tilfeldig dag, og så etterpå nummerere alle som har likt eller har kommentert den akutelle dagen sitt kalenderbilete.

Då er det klart for trekkning på dag: Dagen som vart trekt ut var 8. desember, og biletet er frå Vervadagane på Sagvåg på Stord:

08.12

Denne dagen var det stort engasjement og mange som likte eller kommenterte bilet på Facebook, og det vert då trekt mellom dei 15 som har likt biletet og to som har kommentert, slik at det til sammen 17 med i trekninga. Då vart det tilfeldig trekt ut nummer sju på lista og vinnaren av sjøvottene er Knut Olsen. Gratulerer!

Takk til alle som har likt eller kommentert alle bileta som er vist fram i julekalenderen. Håpar det har fått fram minne frå arragement de har vore på, eller fått nokre til å verte merksame på nye stader for arrangement. Det kjem nye Kystsogeveker i 2014, og det vært nye høve til å ta del i flotte arrangement.  Godt Nytt Kystkulturår!

Godt kystkulturår

Vinn sjøvotter i julekalenderen!

Vinn gode sjøvotter i julekalenderen! Kvar dag i desember fram mot julaftan legg vi ut eit nytt bilete på Facebook frå eit av arrangementa under Kystsogevekene 2013. Utfordringa vert om du kan finne ut kva for arrangement, og i kva for ein kommune bilete viser. Vi blir kjempeglade om du skriv i kommentarfelt på Facebook kva arrangement det er, og dersom du var med på arrangementet seier nokre ord om korleis det var. Julekalenderen er ein hyggeleg måte å minnast fine seinsommardagar. 

Kystsogevekene ønskjer å gje bort eit par gode, nålebunde og tova sjøvotter til ein av dykk som liker eller kommenterer eit av bileta i kalenderen, så her er det berre å like, kommentere og fortelje! 

Vinnaren vert kontakta like etter nyttår.

Sjå nytt bilde kvar dag i førjulstida

facebook_buttonIMG_20131211_104948

snølogo

PS! Dei som har likt og kommentert så langt i julekalenderen er sjølvsagt med i trekninga dei også 🙂

Julekalender på Facebook

Det er førjulstid og vi nyttar høvet til å starte ein liten julekalender.

Kvar dag i desember fram mot julaftan vil vi legge ut eit nytt bilete på Facebook frå eit av arrangementa under Kystsogevekene 2013. Utfordringa vert om du kan finne ut kva for arrangement, og i kva for ein kommune bilete viser. Vi blir kjempeglade om du skriv i kommentarfelt på Facebook kva arrangement det er, og dersom du var med på arrangementet seier nokre ord om korleis det var.

Julekalenderen er ingen konkurranse, men ein hyggeleg måte å minnast fine seinsommardagar. Følg med på Facebook og fortell gjerne oss andre om du kjenner deg igjen, eller har vore på arrangementet!

Sjå nytt bilde kvar dag i førjulstidafacebook_button

snølogo