Kategoriarkiv: jobbhverdag

Takk for meg!

Etter 10 år som dagleg leiar av Stiftinga Kystsogevekene er det tid for meg å setje kursen mot andre oppgåver. Eg takkar alle arrangørar som har stått på i alle desse åra for å gje publikum gode kystkulturopplevingar. 

Eg har fått oppleve svært mange arrangement, og vorte kjent med mange små og store stader i heile kystregionen som er med i Kystkulturmønstringa, frå Sveio i sør til Gulen i nord.

Eg har vore med på båtturar, marknader, føredrag, konsertar, utstillingar, familiedagar, revyar, padleturar, sogespel, festivalar og vandringar og mykje, mykje meir.

Eg har fått med meg alt frå små og koselege forestillingar og konsertar, til store festivalar med hundrevis av besøkande – og mykje midt i mellom.

Eg har vore utruleg priviligert å få sjå og oppleve eit stort engasjement for lokalsamfunna rundt om i regionen. Det er særs mange flotte folk som står på for å vise fram noko dei er stolte av, og som dei vil dele med andre. Saman med utruleg mange glade menneske har eg fått vere med på alt det flotte og kjekke som har vore stelt i stand rundtom.

Alle stader har noko å vere stolt av, alle har sitt særpreg, og alle har desse viktige eldsjelene og gruppene av frivillige lag og organisasjonar som står på for å gje oss gode opplevingar.

Eg takkar alle eg har hatt kontakt med oppgjennom åra, alle de som jobber med kultur i kommunane, arbeidsgrupper for kystsogearrangement  og festivalar, utstillarar, kystlag, artister, lag og organisasjonar, gallerister og alle andre.

Tusen takk for at eg har fått ta del i så mange gode opplevingar i så mange flotte lokalsamfunn!

Eg takkar for meg, og overlet roret til ein ny skippar som skal styre flåten av gode kystsogearrangement vidare!

Lykke til vidare, og stå på for kystkulturen!

Beste helsing
Lena Eikeland Kutschera
avtroppande dagleg leiar
Stiftinga Kystsogevekene

Stiftinga Kystsogevekene søkjer ny dagleg leiar

Vi kan tilby ei spennande og utviklande stilling i Stiftinga Kystsogevekene som er overbygging over kystkulturarrangement i 22 kommunar på Vestlandet. Dagleg leiar har ansvar for å utvikle kystkulturtilbod i regionen, samt å koordinere og marknadsføre den store kystkulturmønstringa.

Stillinga inneber utstrakt kontakt med lokale arrangørar og kontaktpersonar i kommunar og institusjonar, frivillige lag og organisasjonar.

Utarbeiding av både trykt program og nettsider, samt handtering av digitale media er ein del av oppgåvene. Dagleg leiar har også ansvar for den daglege drifta av stiftinga med økonomi, drift og arbeid opp mot styre og representantskap.

Stiftinga Kystsogevekene har ein person tilsett fast på heiltid, og leiger rekneskapstenester.

Ansvarsområder:

  • Utvikle, samle inn og gjere program for den årlege kystkulturmønstringa tilgjengeleg, både trykt og på nett
  • Utvikle kystkulturtilbod og vere fagleg instans for lokale arrangørar
  • Kontakt med frivillige, lag, organisasjonar, institusjonar og det offentlege
  • Søke sponsormidlar
  • Drifte nettsider, blogg og andre sosiale media
  • Dagleg drift av stiftinga og kulturmønstringa

Utdanning og erfaring:

  • Høgare utdanning i kulturhistoriske- eller samfunnsvitskaplege fag, eller relevant erfaring
  • Nettarbeid og bruk av digitale publiseringsverktøy
  • Fotografering
  • Førarkort

Eigenskaper:

  • Strukturert og systematisk
  • God relasjonskompetanse
  • Engasjement for kystkultur
  • Nytenkjande og kreativ

Tiltreding snarast råd. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Fast stilling i 100%. Prøvetid. Lønn i høve avtale. Pensjonsordning i Storebrand.

Opplysningar om stillinga fåast ved å vende seg til dagleg leiar kystsogevekene@hfk.no eller på telefon 91712961, eller til styreleiar Børge Haugetun. Søknad med CV og referansar sendast til kystsogevekene@hfk.no eller post Stiftinga Kystsogevekene, postboks 7900, 5020 Bergen.

Frist 12. desember 2016.

Attester og vitnemål skal sendast etter nærmare oppmoding.

Om arbeidsgjevaren

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje næringsdrivande stifting, med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Stiftinga Kystsogevekene har eit styre på fem personar frå heile regionen, og eit representantskap med medlem frå alle de 22 kommunane som er med i mønstringa.

Kystsogevekene er ei årleg mønstring av kystkultur som går føre seg i fem veker kvart år på haustparten, i august og september. Det første Kystsogevekene vart arrangert  i 1997, og vi opplever framleis stor interesse og glede over kystkulturen i mange lokalsamfunn. Kystsogevekene er synleg i regionen, og kan virke som ein samlande instans som er positiv for fellesskapskjensla også i Vestlandsregionen. Kystsogevekene omfattar 22 kommunar langs heile Vestlandskysten, frå Sveio i sør og like til Gulen i Sogn og Fjordane i nord.

Utlysinga ligg også i NAV sin stillingsbase.

Foto: Kari Vik
Er du Stiftinga Kystsogevekene sin nye daglege leiar?

Årets programhefte er ferdig!

No er programhefte ferdig ferskt frå trykken, og på veg ut i kystregionen. Dei vert levert til dei 22 kommunane, og distribuert til sentrale stader lokalt. Sjå etter programheftet på eit kommunetorg, eit bibliotek, ein turistinformasjon, ein bensinstasjon eller ein butikk. 

Få tak i eit hefte og finn fram til arrangementa DU vil på!

Dersom du ikkje finn eit hefte med ein gong, kan du ta ein kikk i programmet på nettsidene www.kystsogevekene.no 

Vårlege turar kring kysten

Dagleg leiar brukar å besøke mange av kystkommunane som er med i stormønstringa Kystsogevekene. Ho er heldig å få med seg mange vakre stader og opplevingar også på denne tiden av året, sjølv om det ikkje er Kystsogeveker før på ettersommaren. Her kjem eit knippe bilete frå turar så langt i vår.

Synfaring på Lindåsslusene

Den offisielle opninga av både
Kystsogevekene 2013 og Lindås sjøsluser vert 10. august.

Vi er i gong med planlegginga og har vore på synfaring for å sjå området der den offisielle opningshøgtida skal finne stad. Ein dag i mars er det stilt og vakkert ved slusene, om enn sjøen straumar kraftig gjennom slusekammeret. I august er planen å sende fjordabåtar gjennom slusen, og folk og båtar vil vrimla ved slusene og i pollen når dette stykket kysthistorie igjen kjem i bruk.

Det skal verte spennande å følgje med når sluseportane kjem på plass. Sluseportane vert sett i stand og restaurert ved Dåfjorden slipp på Fitjar. Sjå NRK Vestlandsrevyen sin reportasje frå då dei var på besøk i haust.

Frå årsmeldinga

Det er tid for årsmeldinga, og Kystsogevekene vil gjerne dele bileta som vert med i meldinga synleggjere den mangfaldige aktiviteten i året som gjekk. 

Klikk i galleriet, så kjem bileta opp i stort, og med forklaring på stad og arrangement:

Kulturlandskap i Austevoll

På østsiden av Huftarøy, på vei fra Bekkjarvik til Storebø kom jeg over dette vakre kulturlandskapet. Austevoll er kjent for sine villsauer, og på Brekke bar markene tydelig preg av nitidig pleie og beite. Generasjoner før oss har folk lagt opp stein for stein for å få fine marker og rydde landskapet. Bakkemurer og planeringer, kanting av bekkefar og borger av rydningsstein. Fortsatt er landskapet i bruk og blir tatt vare på.

På denne tiden av året får villsauen beite på markene som nok er frodig grønne på sommeren. Litt sky, men likevel nysgjerrig løp villsauen på begge sider av veien. En ferist sørget for å holde holde sauene litt på plass.

Et slikt vakkert, stemningsfullt og velpleiet landskap forteller usagt mye historie, og måtte bare foreviges…

 

   

 

Gullringen frå Vikse

Gullringen frå Vikse er Hordaland sitt eldste gullfunn, den er datert til bronsealderen, og er ca 3000 år gammel. Dette er en svært sjelden gjenstandstype som det er kjent bare omkring 20 stykker i hele landet.  

Da jeg nylig var en tur til Sveio for å treffe mine kontakter der, var jeg så heldig at dette var samme dag som det skulle avdukes en nøyaktig kopi av gullringen. Jeg fikk være med på denne begivenheten sammen med blant annet 4. klasse fra Vikse skole. Det er flott å oppleve at Sveio kommune er så stolt av den vakre gullringen og vil vise den frem på hedersplass i det nye rådhuset.

Sveio kommune har også laget en liten snutt om avdukingen.

TvHaugaland var også laget et innslag om gullringen.

Det er også skrevet om selve gullringen og funnet av den i Kulturhistorisk Vegbok for Hordaland som nå også finnes digitalt på Grind.no 

Kopien av Gullringen frå Vikse er laget av gullsmed Reidun Breistig som selv er fra Sveio, men nå driver smykkeverkstad i Haugesund.

Kystsogevekene på veien

De dryppende ferske programheftene har nå tatt veien ut i fylket. Med bilen fullastet av hefter, plakater og åpningsprogram har vi fartet til en hel rekke kystkommuner som er med i den store kystkulturmønstringen Kystsogevekene.

Fredag startet utkjøringen til Øygarden, Sund, Fjell og Askøy. Lørdag tok vi en liten avstikker til Søre Øyane i Os, og vi var en flott tur til Tysnes der vi fikk med oss et kjekt arrangement, nemlig åpning av Jåttustillingen i Flytenaustet på Våge. Det kommer en egen post om dette litt seinere.

I går gikk turen nordover i fylket og i fantastisk lyn- og tordenvær ankom vi rådhuset på Radøy og fikk avlevert programhefter. Turen gikk videre i Nordhordland til rådhus og turistinformasjoner. Dagen i dag vendte vi snuten sørover etter først å ha lastet bilen opp igjen på trykkeriet. På veien fikk vi med oss litt kystkultur og litt bilkultur, og mange korte treff på Sunnhordlandskommunene sine rådhus. På Stord fikk vi se restene etter helgens Stordfest i form av Bergens egen stolte seilskute som lå til kais.

Styreleder har levert programmet til Osterøy, og nå gjenstår den noen få kommuner før heftene er levert til alle mønstringen sine 20 kommuner.

Her er noen bilder fra turene:

På tur

Denne uken har jeg begynt på noe av det kjekkeste i jobben med Kystsogevekene – jeg har vært på tur til noen av kommunene som er med i samarbeidet og stormønstringen av Kystkultur. Jeg har vært i møter med kommunekontakter og arrangører både i Askøy og på Fitjar.

Det er alltid hyggelig å treffe andre som ivrer for kystkulturen og arrangementene i mønstringen. Det er kjekt å få diskutere og prate om innhold, retninger og valg, hva vi ønker å få til og hvorfor. Ved direkte kontakt får vi diskutert og pratet mer enn om det skulle gå på mail eller telefon, for da føler en at det er viktig å ha noe konkret å ta opp.

Gjennom disse møtene blir vi mer kjent med hverandre og hva vi jobber med, og det er lettere å assosiere og knytte til andre erfaringer og fortelle hvordan andre løser problem eller pratiske ting, og samtidig få høre gode erfaringer og løsninger, noe som kan fungere for flere av arrangørene. Det gjør det også lettere å få oversikt over hva jeg kan bidra med, og hvordan Kystsogevekene på den måten kan være til hjelp og støtte for arrangørene.

 

Dette var bare starten, i ukene som kommer blir det travelt, men utrolig kjekt å reise på møter i forhåpentligvis alle de 20 kmmunene.