Kategoriarkiv: fiske

Kvalfangst i Sveio

Søndag 11. september inviterte Sveio kystlag til temadag om Kvalfangst i Kysttunet ved Auklandshamn. 

Sveio kystlag brukar å vere aktive samarbeidspartnarar for arrangement i Sveio i Kystsogevekene, men denne gongen ønskte dei å gjere noko sjølv også. Tema Kvalfangt engasjerer mange i kystlaget, og dei er kjent for å ha kvalkjøtt med når dei deltek på arrangement.

Sjølvsagt var det kvalkjøt med i bildet på dette arrangementet også – midt i tida søndagsmiddagen, og då vart det kvalgryte, sjølvsagt! Eg rakk akkurat tidsnok til  å meg ei tallerk med den deilige kvalgryta som Sveio kystlag hadde laga. Etterpå var det også sjølvsagt tradisjonell plommekompott til dessert, og kaffi med kaffimat.

Det er ikkje fleire aktive kvalskuter igjen i Sveio, og fast leverandør av kvalkjøt til Sveio kystlag er kvalfangaren frå Fedje, Oddvar Nilsen Husa, som også vart invitert til Sveio og for å fortelje litt om kvalfangst, og det å vere kvalfangar også gjennom ei tid med mykje internasjonal motstand. Oddvar Husa var første gong ute på fangst i 1958.  Han har fangsta i Barentshavet, Jan Mayen, Aust-Grønland, felta rundt Shetland/Orknøyane og i Nordsjøen. Her fekk vi artige anekdoter og fortelling om dramatikk og kvalfangtmotstandarar.

Etter Oddvar Husa sitt innlegg fekk vi sjå film frå då ein av dei lokale kvalfangarane var med på kvalfangst med Husa sin båt, for mange år sidan. Då fekk vi sjå levande bilete frå korleis fangsten gjekk føre seg, og fortelling og forklaring på kva vi såg – spennande og interessant!

Det var også tid til å ta seg ein runde opp for å sjå kystlaget si biletutstilling av lokale båtar, og få høyre litt og prate litt omkring desse. Mange hadde kjenskap til forskjellige båtar og mannskap, og praten gjekk livleg.

I kjellaren har kystlaget ein samlig gjenstandar, som ei museumssamling av forskjellig som er knytt både til fiske og kvardagsliv. Vi fekk sjå oss omkring der.

Tusen takk til alle i Sveio kystlag for ein kjekk, interessant og lærerik temadag om kvalfangst! Kjekt å sjå lokala dykkar!

Les meri om Kvalfangst i Kyst-Norge
Sveio kystlag sin facebookpost om arrangementet

Reklamer

Solrik søndag i Sandviken

Det var Sandviksdagene lørdag 3. september og søndag 4. september. Vi dro til Sandviken og Bergen kystkultursenter på søndagen. Det var Sandviksdagene i hele bydelen, men for Kystsogevekene var det selvsagt viktigst å få med seg det som hadde med kystkultur å gjøre. 

Det var yrende folkeliv i på hele kystkultursenteret i solen. Små og store båter i all slags fasonger var fylt med glade mennesker, fra kaiakk og robåt, til snekker og den store kutteren Erkna.

Vi hadde lyst til å få oss en tur utpå sjøen i godværet, og fikk være med Erkna utpå Byfjorden. Det var det ganske mange andre også som fikk være med på turen, det var deilig med sjøluft, og kjekt å se Sandviken fra sjøen. Vi gikk både utover i retning Elsero med Gamle Bergen, og til Skuteviken med sjøbodene og cruiseskip ved Bontelabo.

MK Erkna har ein historie knyttet til Nordsjøfarten under Andre verdenskrig, og noe av den fortellingen ble vist og fortalt med plakater ombord i båten.

På land var det et lite marked med salg av diverse håndverksprodukter, det var en bod med gamle maritime gjenstander for salg, det var selvfølgelig kafe, som svært mange hadde benyttet seg av, vi fikk i hvertfall kaffe.

Det var også krabbedam og fiskekum som kystkultursenteret har «arvet» av Fisketorget i Bergen. Det ble også drevet forskjellige håndvert, som å dampe båtbord til å reparere båter, barna fikk prøve seg som smed i smien. Ikke minst var det også en hel rekke båtmotorer som ga fra seg lystige, bankende lyder.

Det var kjekt å rusle rundt på det fine området til Bergen kystkultursenter, vi rakk så vidt en liten snartur innom Fiskerimuseet før de stengte for dagen.

Sandviken Kystlag har også base på Kystkultursenteret, og sammen med Kystkultursenteret i Bergen og Norges Fiskerimuseum står de for Bergen Båtdelering som har båter, både kajakk og robåter til utlån og utleie, ikke bare på Sandviksdagene, men gjennom båtsesongen.

Tusen takk til alle aktørene av lag og foreninger knyttet Kystkultursenteret, og til Norges Fiskerimuseum, Museum Vest som ga oss alle flotte Sandviksdager i år også!

Sandviksdagene på Kystkultursenteret er en av mange aktiviteter som er i bydelen disse dagene, alt satt i sving av kulturinstitusjoner og lokalt kulturliv i Sandviken, og som er støttet av kommunen.

Hamnedagane ved Kleppesjøen i Sund

Hamnedagane i Kleppesjøen i Sund på Søre Sotra vart arrangert fredag 19. august og laurdag 20. august. 

Fredagen var det både Hamnemila og Hamnekonsert  med Vivian Steinsland og spelemenn. Ho spela og syng viser, pop/rock og folketoner under sjangeren Havpop. Denne fredagen var det også  første gang Vivian Steinsland song i duett med Helge Grønhaug. Helge er kjent som vokalist og låtskriver i Dvergene og skal denne hausten opptre fleire gongar saman med Vivian Steinsland.

Hamnemila er eit motbakkeløp på ei nautusk mil, 1852 meter opp frå Kleppesjøen og til Kleppeaksla, med 200 meter i høgdeforskjell. Både born og vaksne kunne stille til løp – det gjorde ikkje dagleg leiar, som berre fekk med seg andre dagen av Hamnedagane.

Laurdag var det sjølve Hamnedagen, med marknad, aktivitetar, fiskekonkurranse, kakekonkurranse, dyr, musikk, utstillingar og meir.

Det var fiskekonkurranse i kategorien i indre hamn og utom hamna. Vi tok del i klassen utom hamna, men hadde kort tid på oss, men jammen fekk vi fangst – ein liten fisk til katten… men guten var kry. Han er erfaren fiskar, men for andre var det Den første fisketuren. Sund trulag inviterte til fisketur på ei lita ferge, både for nyekomne og gamle sundsokningar for å gje eit høve til integrering og bli kjente med kvarandre. Mange av våre nye landsmenn vart med på turen, og for mange av dei var det første fisketur, medan dei erfarne fiskarane frå Sund heller drog ut med sin eigen båt, eller sto på berga rundtom.

I indre hamn fekk vi vege inn fangsten, her kunne vi også sjå fisk, krabbar og sjødyr i eit akvarie. I nausta var det ustillingar og salgsboder, og utanfor ein Kaikafe. Inne i det store hengjo der konserten hadde vore kvelden før, var det fotoutstilling på veggen, kafebord og dessutan kakebord med kaker frå konkurransen. Etter kåringa kunne vi kjøpe oss eit stykke kake frå vinnaren eller dei andre deltakarane.

Vivian Steinsland hadde ein liten konsert også på laurdagen i høve utdelinga av Johannes Kleppevik Minnepris, som i år gjekk til Audun Hausberg, som har eigd og vore skipper på Loyal, men som no har overlete skuta til nye eigarar. Han var velfortent prismottakar, og haldt ein fin takketale, der han tala varmt om kystkulturen.

Etter endt arrangement, var det artig å ta veteranbussen tilbake til parkeringsplassen ved skulen.

Vi hadde nok ein kjekk kystsogedag med mykje flott kystkultur, kjekke aktivitetar, god stemning og kjekke folk på Hamnedagane.

Tusen takk til Kleppe grendalag, og alle frivillige som sto bak Hamnedagane på Kleppesjøen i Sund!

Pressedekning i Vestnytt:

Vant-kaketevling-med-sjo-og-anker

Den første fisketuen

Utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris

Fjerde helg i Kystsogevekene 2015

No er vi alt over halvvegs, men det vantar ikkje på arrangement for det! Til helga er det mykje som skjer.

På fredag tek Kystsogedagane i Langevåg til med pubkveld, revy og show. Dei held fram heile helga, og mellom høgdepunkta vert rokonkurransen, kassabilløpet og ikkje minst show med KLYPA.

Kassabilløp i Langevåg på bømlo
Kassabilløp i Langevåg på Bømlo

Fredag og laurdag kjem dampen Oster, både i form av kabareten Ivar Medaas – Dar kjem Dampen, som vert sett opp på Strilatun i Lindås, og i Fjon i Masfjorden.

Sjølvaste Dampen DS Oster tek turen til Holmeknappen og Kystsogedagane i Meland laurdag og søndag, og er du blant dei heldige kan du skaffa billett over vere med når Oster går i rute i Herdlafjorden på kveldstid.

Oster i Herdlafjorden
Oster i Herdlafjorden

Dersom du vil ta tidsreisa litt lenger tilbake enn til Gamledagar, kan du oppleva middelalderstemning på Bergenhusdagene, eller Festningsdagene på Bergenhus festning. Her dukkar det opp ei mengd menneske i middelalderklede og du får forsøke deg på middelalderaktiviteter, smake middelaldermat og gå på middelaldermarknad. Det vert også action når den store kastemaskinen Magnus slynger sine kålhovud over sletta på Koengen, eller pilregnet frå middelalderbogeskyttarar suser over sletta.

Ei vakker middelalderjente som vart lagt merke til av mennene
Ei vakker middelalderjente som vart lagt merke til av mennene

Ønskjer du meir aktivitet på sjøen inviterer Keipane Kystlag til sin flotte familiedag med fiskekonkurranse i Sæbøvågen på Radøy, her kan heile familien prøve seg på fiske og andre kystaktivitetar – her er også fine premiar.

Denne vetle fisken skulle vise seg å vinne premien for minste fisk! Gjett om guten var stolt...
Denne vetle fisken skulle vise seg å vinne premien for minste fisk! Gjett om guten var stolt… Dette var i fjor

På Jensaneset på Stord inviterer det rike kystmiljøet kring Sagvågen kystlag til Vervadagar, med flotte båtar, gamalt handverk, oppgangssag, smed, kafe, konsertar og utstillingar på laurdagen. søndagen vert det Vervagudsteneste med kyrkjekaffi etterpå.

Liten og stor skøyte på Vervadagen
Liten og stor skøyte på Vervadagen

… og dette er berre eit utval av alle arrangementa, sjå heile programmet:

Program Fredag

Program Laurdag

Program Søndag

 

Andre helg i Kystsogevekene 2015

Ei rekkje arrangement står for tur den kommande helga, den andre kystsogehelga i årets kystsogeveker. I Austrheim er dei alt godt i gong med Havsportveka, den starta alt førre helg, og onsdag vart aktiviteten i kystkommunen trappa opp med Ein smak at Austrheim, som også får med fokus på god mat og drikke, i tillegg til all havsportaktiviteten og sosiale tilbod knytt til dette.

Fonnesdagen, også den i Austrheim er ein god kjenning og gjengangar i Kystsogevekene. I år slår bygdelaget i Fonnes på stortromma og inviterar både til Dajen før dajen, konsert med Olav Stedje, og Dajen derpå, med familiedag i Årvika. Det skortar ikkje på tilbod om gode opplevingar i Austrheim denne helga!

Også i Austevoll er det storhelg i vente, når det vert Kystsogehelga i Bekkjarvik og Stolmen. Helga vert innleia med Winemakers Dinner på Bekkjarvik Gjestgiveri, og laurdag med den store rokonkurransen – Edel kappestrid mellom øyane, der det vert stilla lag både i dame og herreklassen. Ungene kan også vert med i konkurranse, nemleg fiskekonkurranse. Det vert sjølvsagt også konsert, både i Hengjo og i kyrkja på Stolmen. Sjøforsvarets musikkorps og gjestar har tema Så lenge skuta kan gå… og Rein Alexander står for god stemning i kveldskonserten på Stolmen.

Laurdag kan vi også få oppleve god stemning både på Hellesøydagen i Øygarden, og Hamnedagen på Kleppe i Sund, og Nøtlevågdagen på Radøy, og Barandasunddagen på Bømlo. Sellevåg Treskofabrikk i Gulen helt open dag og visar oss korleis ein lagar tresko.

Det vert opning at kystsogeutstillingar både i Moster Amfi på Bømlo og  på Vedholmen Galleri i Os, her er det Os inspirerar, og saksofonisten Marius Neset har konsert. I Søre Øyane i Os vet det opninga og starten på Kystsogedagane i Os med fiskekonkurranse og Oselvarregatta.

Søndag vert det Kaidag! På Furneskaien i Gulen, med det tradisjonsrike rekebordet og aktivitetar på kaikanten – Oster kjem også!

I Eknesvågen i Lindås er det alt klart for andre foredrag i rekkja i Kystsogevekene, på bokkafeen i det koselege miljøet på Ekneskaien er det søndag klart for tradisjonelt tauverksarbeid, med ei praktisk innføring i knopp og stikk i ulike typar tau.

I Masfjorden vert det kulturminnekveld med Arne Høyland i Masfjorden båt- og sjøbrukssamling, etterfulgt av konsert  i Kvamsdals fargeri.

Sjå heile programmet på kystsogevekene.no

Friluftslivets år 2015 også på kysten!

2015 er Friluftslivets år og Kystsogevekene vil også markere dette, og vi håpar folk også tenker på kysten som arena for friluftsliv.

Bruk sjøen og kysten til friluftsliv, og ikkje berre fjellet og marka. Vi ønskjer oss eit yrande kystfriluftsår også i våre 22 kommunar i løpet av Kystsogevekene.

Ver ute i naturen ved og på sjøen, gå i lyngheiar og kysttsriper, ta båten ut og utforsk ei øy, gjer strandhogg eller kast ut fiskesnøret. Dra på dagstur, eller ta med telt eller sov i strandkanten.

Ver ute, beveg deg, få frisk luft og nyt friluftslivet også på kysten!

#FÅ15 

Tilbake til 1800-talet i Landrovågen i Fjell

Reisen tilbake til 1800-talet gjekk laurdag 13. september, den første dagen i årets  Kulturminnedagar i Fjell. Dette var den første av tre tidsreiser, andre turen som gjekk dagen etter gjekk til 1900-talet, til arbeidermiljø og industri i Knarrevik, medan siste tur gjekk til Framtida, eller peika mot framtida og dagens høgteknologiske kystkultur på CCB på Ågotnes.

13. september var det 1800-talet og gamle dagar sitt tradisjonelle fiske som sto i fokus, og Landrovågen er ein god representant for tradisjonelt naust og kaimiljø, og utgongspunkt for heilårsfiske. Historikar og museumspedagog Vigleik Mathiesen frå Kystmuseet i Øygarden, Museum Vest, kom og fortalte om tradisjonelt fiske og kystmiljø.

I tillegg var det musikk, sal av fisk og nykokt krabbe frå kai og båt, og kafesal. Folk kosa seg i godværet, og det var høve til å padle seg ein tur med kanoar som velforeninga har.

Viktigast for mange var likevel den store Fiskekonkurransen! Sotra og Øygarden jegar og fiskarforening sto som arrangør for den, og for mange var det berre å gå rett ut på svaberga og prøve fiskelykken. Vi hadde med oss vår eigen gut og ein kompis, og dei var også ivrige på å komme i gang med fiskinga. Dei sto ikkje aleine på svaberga, på alle små knauser og berg sto det spredd grupper av fiskarar, Representantar frå jegar- og fiskeforeninga rusla utover, slo av ein prat med håpefulle fiskarar, kom med råd og vinkt, og såg til at alt gjekk bra med stenger, slukar og sikkerhet.

Vi hadde ein flott dag i Landrovågen, folk koste seg på kaien, i sola og med fiskestonga!

Vestnytt hadde ein reportasje i forkant av 200-årsreisa.