Kategoriarkiv: festivaler

Kanaldagane ved Kulleseidkanalen

Kanaldagane gjekk i år som tidlegare år av stabelen første helga i september, i år var datoene fredag 2. september til søndag
4. september.

Kanaldagane vart starta i 2002 som ein del av Kystsogevekene – og eldsjeler i bygda slo seg saman for å laga ei maritim messe som skulle femna vidt i Sunnhordland. Kanaldagane skulle fremja gammal og moderne kystkultur langs kysten vår. Området rundt Kulleseidkanalen er eit marknadsområde med mange ulike utstillarar og alle slag god underhaldning, og flotte båtar langs kanalsidena.

I år sto humorfiguren Bømlingen for opninga av Kanaldagane på fredag 2. sepember, og laga derfor song med musikkvideo til Kulleseidkanalen

Vi  var til stades lørdagen på Kanaldagane, og kom eit stykke utpå dagen, då var også sola på plass, og Finnås viste seg frå sin gode side. Kulleseidkanalen, veteranbåtane, utstillarboden, framfor scena og heile området i var bada i sol.

Vi kom akkurat i tide til å få med oss koret Voice of Joy som song frå scena. Det var også tid for litt mat, og vi fekk oss deilige heimelaga vårrullar frå ein av salsbodane.

Det var mange flotte båtar som låg langs kanalkanten, og det var kjekt å gå og rusle å sjå på båtane og folkelivet på heile området. Bømlo kystlag var sjølvsagt også på plass, og hadde dessutan besøk frå Halsnøy historiske senter, som hadde med seg dampmaskin og andre motorar med godlyd.

Hovudattraksjonen denne dagen var Mathea Mari, ungjenta på 16 år som er kjent frå både Norske talenter, MGPjr med #online, musikalen Annie på Folketeateret i Oslo, og fleire ganger på TV.

På Kanaldagane var også heile filmen om Melkevik gard vist, ein film som viser gamle bilete og fortel historia  Melkevik frå kommunesenter til turistmagnet.

Vi skulle heile vegen heim til Bergen igjen, og fekk ikkje med oss alt av program. Vi var likevel innom på Telegrafen før vi tok fatt på heimvegen. Telegrafen som vart bygd i 1857, er ein fisketelegrafstasjon i Søndre Vårsildfiskedistrikt. Vi hadde høve til å gå inn og sjå oss omkring, og såg telefonar av mang årgangar, kjekt å få vite meir om Historia til Kulleseidkanalen.

Takk for flotte Kanaldagar til messegeneralen og hans mannskap, som alle er knytt til lag og organisasjonar i Finnås: Finnås SportsklubbBømlo SportsdykkereVåge skulemusikklagTrekløveren Grenda UngdomslagBømlo Kystlag og Finnås Bedehuslag.

 

Reklamer

Oselvarfestivalen

Tradisjonsrike Oselvarfestivalen vart gjennomført
lørdag
3. september i Osøyro, mellom Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden. 

Opningstalen var ved Kjell Magnus Økland nett har sendt boka Oselvaren – den levande båten i trykken. Han oppfordra til bruk av båten, fordi bruk at båt også vil gje trong for bygging av båt, og både det å bygge og bruke oselvaren er ein levande tradisjon og ein kulturarv som må lærast vidare, om ein skal kunne ta vare på kunnskapen og kunsten.

På Oselvarfestivalen vert oselvaren brukt, seinare på dagen var det klart for kapproing, og startskotet var gjort med «dødsing», ein ungdom hoppa ut frå altanen på Oselvarnaustet. Dei som ikkje våga seg på dødsing eller kapproing, kunne sjå på alle dei fine og forskjellige oselvarane som låg i hopen, her var både båtar for kapproing, regatta, vanlege bruksbåtar og båtar for eitt til fleire par årar.

Oselvaren er kåra til Norges nasjonalbåt, takka vere stor oppslutning frå folk som er glad i denne båten. For dei som har oselvaren og os ekstra kjært, hadde denne dagen høve til å vise det også fysisk utanpå kroppen denne dagen og for resten av livet. Kjetil Osablod Grønvigh i Kultureininga i Os hadde nemleg utfordra to tattoveringskunstnarar frå Os, til å komme med motiv frå Os, det var Tid for å forevige osidentiteten, som Os og Fusaposten skreiv. Tattovørane hadde rigga seg til med benkar og utstyr i andre høgde i Oselvarnaustet, og viste fram valg av motiv dersom nokon vågde å merke seg for livet, og fleire lot seg freiste av osmotiva.

Os mannskor har etterkvart vorte fast innslag på Oselvarfestivalen, og stilte sjølvsagt mannsterke også i år, dei var på haustjakt etter fleire songarar. I tillegg var det musikk både nede og oppe i andre høgda på Oselvarnastet utover dagen.

Oselvarverkstaden er også ein sjølvsagt part og medarrangør på Oselvarfestivalen. Her var det også ope hus og båtbyggarar i abeid og klare for å slå av ein oselvarprat. På plenen mellom verkstaden og naustet var det sett opp basseng så ungane kunne testsegle sine eigne nybygga båter. Stas med både bygging og sjøsetting.

Alt i alt vart det ein fin familiedag i oselvaren sin teikn.  Tusen takk til alle arrangørane, Kultureininga i Os, Oselvarklubben, Oselvarverkstaden og alle andre som gav oss musikk, kaffi, aktivitetar og opplevingar!

Her er også ein stemningsvideo fra Oselvarfestivalen, laga av Lind og Lunde

Middelalderfestival på Bergenhus festning

Festningsdagene blei arrangert på Bergenhus festning siste helga i august. Då var festningen fylt med middelaldermenneske og aktiviteter.

I Kystsogevekene er det mykje kystkultur, og mykje historie og gamle dagar, men på Festningsdageene vert det litt meir av soge og det som var utgangspunktet for Kystsogevekene, nemleg konger og spel om makt og dominans. Håkonarspela var første byggesteinen i Kystsogevekene og spela handla om utviklinga av kongemakta i Norge.

Festningsdagene går føre seg på Bergenhus festning eit viktig maktsentrum i Norge i middelalderen. På Festningsdagaene  er det ikkje sogespel eller skodespel, men levandegjering av mellomalderen i form av middelaldermennesker, med både handverkarer, krigarar og handelsfolk.

Det visast fram handverk og kriging, med sverd og skjold, pil og boge, kastemaskin og kanon. Publikum fekk vere med å skyte med pil og boge, nokre heldige fekk trekke  den store kastemaskinen Magnus, som Bjørgvin handverkslag viste. Dei demonstrerte artilleri for publikum. Det var kampoppvising med Kongshirden 1260, sverdleik med Tidsreiser og dessutan ein liten kastemaskin som born kunne forsøke å treffe ein liten mur med.

På marknaden kunne ein kjøpe ullstoff og garn, glas, smykker, leikevåpen og andre mellomaldervarer. Det vart vist fram urter og varer laga av urter og planter, til medisinsk bruk, til såper, oljer og mat, og sal av mat i frå fleire kafetelt.

I Rosenkrantztårnet holdt den unge dronning Ingeborg til, og borna kunne gå på hoffskule og lære seg å te seg rundt og hilse på den unge dronninga, og etterpå vise fram dans og hoffetikette nede på marknaden.

Canardus horribilis sørga for middelalderstemning med deira fengande middelaldermusikk. På kvelden sette dei også stemninga i telta borggården der det var oppvarming før Wardruna skulle ha konsert inne i Håkonshallen, både laurdag og søndag. Vi fekk ein fantastisk opplevelse lyd, lys og ikkje minst stemning i den store kongelege steinhallen.

Festningsdagene er et samarbeidsprosjekt mellom aktører på Bergenhus Festning; Kommandantskapet på Bergenhus, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg nasjonale festningsverk og Bymuseet i Bergen.

Tusen takk for ein flott middelalderopplevelse!

Følg gjerne Festningsdagene på Facebook

 

Dobbel Os på Oselvarfestival

Oselvarfestivalen kunne skilte med dobbel Os i år, då den gjekk av stabelen laurdag 5. september.

To Os Mannskor ei stilte opp på kvar side av elveosen, eine frå Os i Hedmark og andre frå Os i Hordaland. Dirigentane vart rodd opp mot koret sitt, reiste seg i båten og dirigerte til kvar sitt Os Mannskor med sin eigen Os hyllingssong.

Publikum sto spredt omkring på brua eller ved bryggekantene på kvar side. Det var eit flott syn med alle oselvarane som rodde og defilerte i osen, og den eine oselvarseglaren som leika seg ytst mot Bjørnefjorden med fjella og fonna i syningom.

Etter hyllingssongane flytte folkemassen seg over til Oselvarhopen ved Oselvarnaustet, der ordfører Terje Søviknes ønskte velkommen. Her fekk vi meir korsong frå dei to kora, og dessutan nokre nummer saman. Det var tydeleg at folk kosa seg, både i publikum og ikkje minst blant koristane.

Så var det klart for rokonkurranse, der første lag ut var ordførar og dirigent i kvar Os kommune/mannskor, dvs at Os Hordaland sendte sin varaordfører ut i båt. Det vart etterkvart tydeleg at det var kystfolket og ikkje fjellfolket som hadde overtaket, og laget frå Os i Hordaland vann denne venskapelege konkurransen.

Seinare var det klart for politiske duellar, sidan det var valkamptider, etterkvart vart også rockeklubben utpå ein tur.

Inne i Oselvarnaustet var det taffelmusikk og vaffel, medan det utanfor var prat. Oselvarverkstaden gav ungane høve til å lage sin eigen leikebåt, og det var ope inne på Oselvarverkstaden like ved, kor ein kunne få seg ein liten båtprat og sjå oselvarar under bygging.

Artiklar i pressa om Oselvarfestivalen:
I Os og Fusaposten: Førehandsomtale, video med songen Liten Fuggel med Os mannskor x2 og artikkel Mannsterk og magisk
Storslått Oselvarfestival skreiv Midtsiden.no og Tverrpolitisk siger i rokampen

Konferanse og festival i periferien

Glesvær ligg i periferien, langt vest mot havet i Sund på Søre Sotra. Periferifestivalen og Periferikonferansen er faste innslag tredje helga i august.

Periferikonferansen sitt tema i år var svært aktuelt i valgtider og tok for seg kommunesamanslåing. Det var høgt profilerte innleggshaldarar og det vart ein interessant dag. Vi fekk mellom anna høyre stortingsrepresentantane Helge André Njåstad (FrP), Helga Pedersen (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) i debatt, og dessutan ordførarane i dei tre kommunane i periferien vest for Bergen, Åse Gunn Husebø frå Øygarden (Ap), Eli Årdal Berland frå Fjell (H) og Kari-Anne Landro frå Sund (H).

Det var også kulturelle innslag på konferansen. Polkabjørn og Kleine Heine jodla og spelte i starten, medan Ole Paus kom innom ved lunsjtider. Desse tre skulle også ha konsert saman i naustet på festivalen seinare på kvelden.  I avslutningen av konferansen stakk dessutan også sjølvaste Ivar Medaas, i Claus Sellevoll sin skapnad innom med litt refleksjonar kring bymann og stril, og sjølvsagt Gamle Dampen.

Så var det tid for Periferifestivalen, som tradisjonen tru opna med Frode Grytten sin opplesing av diktet Periferi. Festivalen har no tre scener som vert nytta til program, den store Plenen med hovedscena, den meir intime Naustet til Bakke, og scena i Tjednaskaget som var ny førre året. Sjøen, havet og handelsstaden Glesvær er ramma som ligg rundt nå populærmusikk møter havsus. Også i år låg det flotte båtar både av gamal og ikkje minst ny årgang i havna like ved.

I tillegg til gode konsertar er Periferifestivalen prega av god og kjekk festivalstemning i havgapet. Det tilrådas til å ta turen til Periferien, både når det er festival og elles, for det yrar av liv og aktiviteter på Glesvær kafe og i grenda Glesvær heile året.

Femte helg i Kystsogevekene 2015

Vi har bikka månedskifte og første helg i september står for døra, og då er det nye faste arrangement som dukkar opp i Kystsogevekene. 

Kanaldagane er eit av dei største hendingane som er med i stormønstringa Kystsogevekene, og til helga vert igjen Kulleseidkanalen pynta til fest. Med veteranbåtar og andre båtar i kanalen, og med messetelt, båtmotorar, aktivitetar og scene på land.IMG_5985Andre gjengangarar i Kystsogevekene er Sandviksdagene i Bergen, då inviterer miljøet kring Sandviksboder Kystkultursenter og Norges fiskerimuseum til aktivitetar, båtar og mykje kjekt i Sandviken. Sandviksdagene er det største enkeltarrangementet Sandviksboder Kystkultursenter deltar i. Det vert gratis båtturer, fiske på Byfjorden, omvisning i historiske sjøboder, modellbåtkjøring, opne utstillingar og aktiviteter i fiskerimuseet, kjøring av gamle båtmotorer, gjestende veteranskip, og mykje mykje mer.bc3a5tarOselvarfestivalen har skilt lag med Bondens marked i Osøyro i år, og arrangørane satsar på ei Grandios opning laurdag 5. september, med to blad Os Mannskor, både frå hemlege Os, og frå Os i Østerdalen. Os skal også stidast i første heatet i oselvarkapproinga, med dirigent og ordførar frå dei to namnebrødrene, Os kommune og Os Mannskor, så spørs det om ikkje osingane frå kysten har ei fordel framfor innlandsosingane! Det vert også opna for at andre kan ta del i kapporoinga. Sidan det er val er det eit godt høve for dei ulike partia å stille lag, tek dei utfordringa?IMG_2557Liv i emigranthusa på Vestnorsk utvandrersenter vert det denne helga, i den litle amerikanske landsbyen på Sletta på Radøy. Då vert det gullgraving, cowboyleikehestar, lassokasting og andre familieaktivitetar. Det vert liv og røre både laurdag og søndag.amerikaLeik og moro vert det også i Hanevik på Askøy, på Hanevikdagen på søndag 6. september. Tema i år er barneleiker frå Gamledager, som hesteskokasting, tautrekking, kast på boks, mm. Borna kan endåtil vere med på vikingspill og leiker frå middelalderen.  I programmet skal både hjerne, kropp og humør  tilpasses lekelystne i alle aldre.
Her blir bytteloppis for barneleker, underholdning på kaien, og sjølvsagt veteranbuss.

snurrebassg%25C3%25B8y

Andre arrangement denne helga er

Fredag 4. september
Radøy: Bakekurs på Radøystova   Sletta
Lindås: Barn av det blågrøne landet, Nedre Eikanger , Galleri Gamleskulen kl 16 – 19

Laurdag 5. september
Gulen: Sesongavslutning Gulen fiskarbondemuseum, Byrknesøy kl 14 -17
Ope på Kvalheim kulturtun Radøy, Kvalheim kl 12-16
Barn av det blågrøne landet Lindås , Nedre Eikanger, Galleri Gamleskulen kl 12 – 16
Bergen: Sandviksdagene , Sandviksboder Kystkultursenter kl 11 – 16
Os: Oselvarfestival , Osøyro kl 10 -14
Stord: Open dag i Sunnhordlandstunet , Leirvik kl 11-15
Kvinnherad: Kystkulturdag på Bergslagen,  Sunde
Bømlo: KanaldaganeFinnås/Kuleseidkanalen

Søndag 6. september
Austrheim Familiedag i friluftsområdet i Øksnes kl 14
RAdøy: Liv i Emigranthusa, Sletta, Vestnorsk utvandringssenter kl 12-15
Lindås: Bokkafe og foredrag, Eknesvågen kl 15
Lindås: Barn av det blågrøne landet, Nedre Eikanger, Galleri Gamleskulen kl 12 – 16
Askøy: Aktivitetsdag på Herdla fort, Herdla fort kl 10-15
Askøy: HanevikdagenHanevik kl 12-17
Bergen: Sandviksdagene, Sandviksboder Kystkultursenter kl 11 – 16
Fjell: Sau og sild … og litt til , Kallestad kl 12 – 14.30
Bømlo: Kanaldagane, Finnås, Kuleseidkanalen

Seinare i veka:

Onsdag 9. september
Kvinnherad: Nytt grindabygg!  til Kvinnherad kystlag på Valen kl 18

Andre helg i Kystsogevekene 2015

Ei rekkje arrangement står for tur den kommande helga, den andre kystsogehelga i årets kystsogeveker. I Austrheim er dei alt godt i gong med Havsportveka, den starta alt førre helg, og onsdag vart aktiviteten i kystkommunen trappa opp med Ein smak at Austrheim, som også får med fokus på god mat og drikke, i tillegg til all havsportaktiviteten og sosiale tilbod knytt til dette.

Fonnesdagen, også den i Austrheim er ein god kjenning og gjengangar i Kystsogevekene. I år slår bygdelaget i Fonnes på stortromma og inviterar både til Dajen før dajen, konsert med Olav Stedje, og Dajen derpå, med familiedag i Årvika. Det skortar ikkje på tilbod om gode opplevingar i Austrheim denne helga!

Også i Austevoll er det storhelg i vente, når det vert Kystsogehelga i Bekkjarvik og Stolmen. Helga vert innleia med Winemakers Dinner på Bekkjarvik Gjestgiveri, og laurdag med den store rokonkurransen – Edel kappestrid mellom øyane, der det vert stilla lag både i dame og herreklassen. Ungene kan også vert med i konkurranse, nemleg fiskekonkurranse. Det vert sjølvsagt også konsert, både i Hengjo og i kyrkja på Stolmen. Sjøforsvarets musikkorps og gjestar har tema Så lenge skuta kan gå… og Rein Alexander står for god stemning i kveldskonserten på Stolmen.

Laurdag kan vi også få oppleve god stemning både på Hellesøydagen i Øygarden, og Hamnedagen på Kleppe i Sund, og Nøtlevågdagen på Radøy, og Barandasunddagen på Bømlo. Sellevåg Treskofabrikk i Gulen helt open dag og visar oss korleis ein lagar tresko.

Det vert opning at kystsogeutstillingar både i Moster Amfi på Bømlo og  på Vedholmen Galleri i Os, her er det Os inspirerar, og saksofonisten Marius Neset har konsert. I Søre Øyane i Os vet det opninga og starten på Kystsogedagane i Os med fiskekonkurranse og Oselvarregatta.

Søndag vert det Kaidag! På Furneskaien i Gulen, med det tradisjonsrike rekebordet og aktivitetar på kaikanten – Oster kjem også!

I Eknesvågen i Lindås er det alt klart for andre foredrag i rekkja i Kystsogevekene, på bokkafeen i det koselege miljøet på Ekneskaien er det søndag klart for tradisjonelt tauverksarbeid, med ei praktisk innføring i knopp og stikk i ulike typar tau.

I Masfjorden vert det kulturminnekveld med Arne Høyland i Masfjorden båt- og sjøbrukssamling, etterfulgt av konsert  i Kvamsdals fargeri.

Sjå heile programmet på kystsogevekene.no