Kanaldagane ved Kulleseidkanalen

Kanaldagane gjekk i år som tidlegare år av stabelen første helga i september, i år var datoene fredag 2. september til søndag
4. september.

Kanaldagane vart starta i 2002 som ein del av Kystsogevekene – og eldsjeler i bygda slo seg saman for å laga ei maritim messe som skulle femna vidt i Sunnhordland. Kanaldagane skulle fremja gammal og moderne kystkultur langs kysten vår. Området rundt Kulleseidkanalen er eit marknadsområde med mange ulike utstillarar og alle slag god underhaldning, og flotte båtar langs kanalsidena.

I år sto humorfiguren Bømlingen for opninga av Kanaldagane på fredag 2. sepember, og laga derfor song med musikkvideo til Kulleseidkanalen

Vi  var til stades lørdagen på Kanaldagane, og kom eit stykke utpå dagen, då var også sola på plass, og Finnås viste seg frå sin gode side. Kulleseidkanalen, veteranbåtane, utstillarboden, framfor scena og heile området i var bada i sol.

Vi kom akkurat i tide til å få med oss koret Voice of Joy som song frå scena. Det var også tid for litt mat, og vi fekk oss deilige heimelaga vårrullar frå ein av salsbodane.

Det var mange flotte båtar som låg langs kanalkanten, og det var kjekt å gå og rusle å sjå på båtane og folkelivet på heile området. Bømlo kystlag var sjølvsagt også på plass, og hadde dessutan besøk frå Halsnøy historiske senter, som hadde med seg dampmaskin og andre motorar med godlyd.

Hovudattraksjonen denne dagen var Mathea Mari, ungjenta på 16 år som er kjent frå både Norske talenter, MGPjr med #online, musikalen Annie på Folketeateret i Oslo, og fleire ganger på TV.

På Kanaldagane var også heile filmen om Melkevik gard vist, ein film som viser gamle bilete og fortel historia  Melkevik frå kommunesenter til turistmagnet.

Vi skulle heile vegen heim til Bergen igjen, og fekk ikkje med oss alt av program. Vi var likevel innom på Telegrafen før vi tok fatt på heimvegen. Telegrafen som vart bygd i 1857, er ein fisketelegrafstasjon i Søndre Vårsildfiskedistrikt. Vi hadde høve til å gå inn og sjå oss omkring, og såg telefonar av mang årgangar, kjekt å få vite meir om Historia til Kulleseidkanalen.

Takk for flotte Kanaldagar til messegeneralen og hans mannskap, som alle er knytt til lag og organisasjonar i Finnås: Finnås SportsklubbBømlo SportsdykkereVåge skulemusikklagTrekløveren Grenda UngdomslagBømlo Kystlag og Finnås Bedehuslag.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s