Hamnedagane ved Kleppesjøen i Sund

Hamnedagane i Kleppesjøen i Sund på Søre Sotra vart arrangert fredag 19. august og laurdag 20. august. 

Fredagen var det både Hamnemila og Hamnekonsert  med Vivian Steinsland og spelemenn. Ho spela og syng viser, pop/rock og folketoner under sjangeren Havpop. Denne fredagen var det også  første gang Vivian Steinsland song i duett med Helge Grønhaug. Helge er kjent som vokalist og låtskriver i Dvergene og skal denne hausten opptre fleire gongar saman med Vivian Steinsland.

Hamnemila er eit motbakkeløp på ei nautusk mil, 1852 meter opp frå Kleppesjøen og til Kleppeaksla, med 200 meter i høgdeforskjell. Både born og vaksne kunne stille til løp – det gjorde ikkje dagleg leiar, som berre fekk med seg andre dagen av Hamnedagane.

Laurdag var det sjølve Hamnedagen, med marknad, aktivitetar, fiskekonkurranse, kakekonkurranse, dyr, musikk, utstillingar og meir.

Det var fiskekonkurranse i kategorien i indre hamn og utom hamna. Vi tok del i klassen utom hamna, men hadde kort tid på oss, men jammen fekk vi fangst – ein liten fisk til katten… men guten var kry. Han er erfaren fiskar, men for andre var det Den første fisketuren. Sund trulag inviterte til fisketur på ei lita ferge, både for nyekomne og gamle sundsokningar for å gje eit høve til integrering og bli kjente med kvarandre. Mange av våre nye landsmenn vart med på turen, og for mange av dei var det første fisketur, medan dei erfarne fiskarane frå Sund heller drog ut med sin eigen båt, eller sto på berga rundtom.

I indre hamn fekk vi vege inn fangsten, her kunne vi også sjå fisk, krabbar og sjødyr i eit akvarie. I nausta var det ustillingar og salgsboder, og utanfor ein Kaikafe. Inne i det store hengjo der konserten hadde vore kvelden før, var det fotoutstilling på veggen, kafebord og dessutan kakebord med kaker frå konkurransen. Etter kåringa kunne vi kjøpe oss eit stykke kake frå vinnaren eller dei andre deltakarane.

Vivian Steinsland hadde ein liten konsert også på laurdagen i høve utdelinga av Johannes Kleppevik Minnepris, som i år gjekk til Audun Hausberg, som har eigd og vore skipper på Loyal, men som no har overlete skuta til nye eigarar. Han var velfortent prismottakar, og haldt ein fin takketale, der han tala varmt om kystkulturen.

Etter endt arrangement, var det artig å ta veteranbussen tilbake til parkeringsplassen ved skulen.

Vi hadde nok ein kjekk kystsogedag med mykje flott kystkultur, kjekke aktivitetar, god stemning og kjekke folk på Hamnedagane.

Tusen takk til Kleppe grendalag, og alle frivillige som sto bak Hamnedagane på Kleppesjøen i Sund!

Pressedekning i Vestnytt:

Vant-kaketevling-med-sjo-og-anker

Den første fisketuen

Utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s