Frå Litlebergen og offisiell opning av Kystsogevekene 2016

Her er mange bilder fra opningsdagen av Kystsogevekene 2016 på Litlebergen. Ein våt, men flott dag! 

Ved den offisielle opninga av dei 20. Kystsogevekene var det talar ved ordførar Øyvind Oddekalv, som trakk fram Litlebergen sin historie og kystsoge. Nyvalgt styreleiar i Stiftinga Kystsogevekene Børge Haugetun talte på vegne av stiftinga om dei 20. Kystsogevekene, og årets kystsogeveker. Varaordfører i Hordaland fylkeskommune, Pål Kårbø sto for den offisielle opninga av Kystsogevekene.

Kystsogevekene har gjennom alle desse 20 åra vore støtta av fylkeskommunen, og arrangement har gjennom alle desse åra funne stad i 22 kommunar på heile Vestlandskysten.

Det var første gong i Kystsogevekene sin 20 år lange historie at den offisielle opninga var lagt til Meland kommune, og dessutan første gong at det var arrangement i Kystsogevekene på Litlebergen. Det passa fint å ta i bruk ein ny arena på Litlebergen, når opninga skulle vere i Meland.

Arenaen var Litlebergen båtlag sitt hamneanlegg med båtplassar og gjestehamn. Det gamle Møllehuset er pussa opp og sett i stand av båtlaget. Det var rigga til scene på kaien, og kafe og salsboder på land. Det var aktivitetar for born, ein gamal traktor og båtmotorar å sjå, og ikkje minst høyre på.

Det var lagt opp til at ein kunne nytte heile dagen på Litlebergen, med underhaldning, fiskekonkurranse, båttur i Fløtøyosen, kajakkpadling, og mykje anna. Det var svært leit at ikkje veret var på vår side, dette gjorde nok sitt til at mange ikkje våga å ta turen ut i det grå og våte veret.

Dei som kom, fekk likevel ein flott dag, gjennomført og mangfaldig sett saman av ein flink arbeidsgruppe. Åge Skjelvik sto bak roret, og hadde med seg eit flott manskap av erfarne arrangørar  frå Kystsogedagane i Meland. I tillegg var det også knytt til seg lag og grupper med tilhøyre i denne delen av kommunen.

Nordhordland Padleklubb, som hadde ei flott oppvising med mange kajakkar, og demonstrerte kunstar, ruller og kameratredning.

Kuttaren MK Fyksesund gjekk turar i Flatøyosen og hadde guide med seg ombord som fortalte om kulturhistoria på ulike starer kring osen, både på Håøy, Flatøy og Fosse.

Sangkoret Vågen sin festforestilling Frå Broadway til Litlebergen vart på grunn av veret flytta inn i tredje høgda  Møllehuset. Her var det fullsett sal mellom råbjelkene, i det ikkje heilt ferdige lokalet. Det var ei flott ramme kring ei flott forestilling som fenga og underhaldt alle, både songarar og publikum. Vi fekk ei flott stund med musikk med Bjørn Berntsen og Ingelin Skei som solist, og Kristine Fluge som dirigent.

Det var god stemning og godt humør, der songarane gjorde raske og enkle omkledningar på scena, og enkle rekvisittar sette rammene og flytta oss med frå ene musikalen etter den andre, frå Bør Børson, Cats, Mamma Mia og Spelemann på taket.

Tusen takk til Meland kommune, arbeidsgruppa for Kystsogedagane, lag og organisasjonar, enkeltpersonar, frivillige og andre som sto på for å gje oss alle ein fin, om enn grå, opningsdag for Kystsogevekene 2016 – den 20. i rekka!

Den offisielle opninga i pressa:

Avisa Nordhordland sin billedserie frå opninga

Strilen sin reportasje frå opningsdagen

Reklamer

Én tanke på “Frå Litlebergen og offisiell opning av Kystsogevekene 2016”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s