Sjå mange av dei gamle fjordabåtane i skalert til liten størrelse ombord i M/S Vestgar på Kystsogedagane i Meland, Holmeknappen.
Bergen Skala Modellbåtklubb er ein gjeng båtentusiastar som legg mykje arbeid ned i å bygge modellar bygge modeller av båter som folk langs kysten kjenner igjen, anten det er fjordabåtar, ferger, hurtigbåtar, hurtigruter eller marinefartøy.
Det er særs begrensa med byggesett å få kjøpt av slike fartøy, og dei har utvikla metoder for å bygge båtene sjølv, slik at i dag vert langt dei fleste modellene bygd heilt fra scatch basert på teikninger og bilete. Mykje arbeid vert lagt ned for å finne fram til mest mogeleg informasjon om kvar av båtane dei bygger.
Dei siste to til tre åra har dei hatt eit prosjekt med å bygge fjordabåter og sjøbusser som trafikkerte områdene vest og nord for Bergen. Gjerne kalt «kvart over to-båtene» (då dei gjekk fra Bergen kvar lørdag kl.14.15 – då var det helg!)
Det er eit 10-tals modeller av denne båttypen dei kjem til å vise fram på utstillinga om bord på Vestgar på Kystsogedagane i Meland, Holmeknappen søndag 28. august. Følgene modeller er med på utstillingen; Seimstrand, Hosanger I, Oster, Vestgar, Melanddrott, Alversund, Midthordland og Hernar.
Bergen Skala Modellbåtklubb gjer eit viktige bidrag til å ta vare på kystkulturen – ikkje minst i vårt distrikt, då det er mye historie i kjølvatnet av desse båtane.
Bergen Skala Modellbåtklubb (BSMBK) består i dag av litt over 35 medlemmer, kor 15 er aktive. Klubben vart starta på 1970-tallet ved at eit beskjedent antall entusiaster med interesse for båter kom sammen. BSMBK har i dag sitt møtested (annankvar tirsdag) på Godvik skole, Bergen vest. I kjelleren har klubben sitt byggelokale kor dei som har mulighet til det, kan komme saman på dagtid for å bygge. Dette gjev selvsagt inspirasjon i tillegg til det sosiale aspektet.
Tusen takk til Frode Bjelland, for alle bilder og informasjon frå i Bergen Skala Modellbåtklubb.
Sjå programmet for Kystsogedagane i Meland, Holmeknappen.
Modellbåtane kjem søndag, men programmet på Holmeknappen startar alt fredag kveld med Kulturkveld i stove og løe. Lørdag og søndag blir det marknad, underholdning og aktivitetar.