Med Stord 1 eller Vestgar til Litlebergen

I høvet den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 på Litlebergen i Meland vert det sett opp to båtar frå Bergen. Stord 1 og Vestgar går begge frå Holbergskaien laurdag 13. august!

Stord 1 startar frå Holbergskaien kl 11. 30 og vil rekke fram til Litlebergen båthamn slik at publikum får med seg den den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016. På Litlebergen vert det også fiskekonkurranse, aktivitetar, sal av mat, kulturhistorisk guida båttur i Flatøyosen med M/K Fyksesund, og dessutan underhaldning, og mykje anna både for vaksne og born. Retur til Bergen kl 17.00. Du kan kjøpe billetter til Stord 1 sin tur på nettet.

Fjordabåtane frå Bergen til Nordhordland hadde fast rutetid med avgong frå byn klokka Ti-øve-to. I samband med Kystsogevekene set vi opp ein avgang Ti-øve-to, laurdag 13. august. Vestgar går frå Holbergskaien kl 14.10. Det hadde vore kjekt om strilafolk, byfolk, og andre ville ta turen nordover.

Vestgar vil komme fram til Litlebergen slik at publikum får med seg festframsyninga til Songkoret Vågen: Frå Broadway til Litlebergen, og siste halvdel av opningsdagen, aktivitetar, kystkultur og meir underhaldning, og dessutan deilig grillmat. Retur til Bergen kl 19.30

MS Vestgar
Vestgar i fin fart i Herdlafjorden på veg frå ein Kystsogedag på Holmeknappen
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s