Folket på Drange – Kulturløo

Kystsogevekene 2015 starta på Tysnes, og da passa det fint også å vere siste helga i årets Kystsogeveker på Tysnes. Kulturløo på Drange er eit relativ nytt tilbod på Tysnes, dvs løo er ikkje ny, men høvet til å komme inn, få seg litt kaffi og deilige vafler, og ikkje minst sjå seg omkring og få omvising i dette gardsmuseet, er relativt ny ettersom det vart opna i fjor.

Kari og Helge Drange og familien står bak gardsmuseet og selskapslokalet som tek i mot grupper og gjestar på bestilling. Her fekk vi deilige vaflar, heimelaga hylleblomstsaft, kaffe og bollar servert i kjellaren, som var rustikt innreia til koseleg selskapslokale.

Laurdag 12. september var det ope på Kulturløo på Drange, og dei hadde dessutan invitert etnolog og forfatter Ernst Berge Drange til å komme å fortelje om folket i Drongsbygdo for 100 år sidan. Han skulle ha særs gode føresetnader for å sei noko om dette, sidan han ikkje berre er lokalhistorikar, bygdebokforfatter og har skrive gards- og ættesoga for Tysnes, men i tillegg slektar frå Drange sjølv.  Han fortalte om folk fra garden og frå bygda, om folkeliv og arbeid, gardare og anna. Mange av tilhøyrarane hadde kjennskap til personane som vart fortalt om, eller i alle høve kjende slekta og gardane.

Det var ei hyggeleg ettermiddagsstund med etterkvart ein god del folk, som nok flesteparten hadde tilhøyre til garden eller bygda, men det var også folk litt lengre bortefrå som hadde tatt turen.

Etter at Ernst B. Drange hadde fortalt om livet for  kring 100 års tid sidan, tok Helge Drange folk med seg rundt for å sjå på alle gjenstandane på gardsmuseet. Det er ingen som har samla ting her, det er berre ikkje kasta så mykje… fortalte han.  Kulturløo har fått hjelp frå Sunnhordland museum til å organisere og stille ut ting i grupper som naturleg høyrer saman, og det var laga nærast små tablå. Verkeleg ei kjelde til å få i gang praten, anten ein hugsa noko om tilsvarande ting, eller i undring over kva no dette kunne ha vore brukt til. Det er gjort eit stor arbeid med å rydde, vaske, finne fram og organisere alle tinga på garden.

Det  vart ei hyggeleg stund, med gode fortellingar, interessante samtalar og mykje spennande å sjå på!

Tysnesbladet var også tilstades i Drange:
I 1920 budde det 103 personar her

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s