Siste helga i august var det klart for middelalderfestival på Bergenhus festning, Bergenhusdagene, eller Festningsdagene 2015.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bymuseet i Bergen, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg Nasjonale Festninger og Bergenhus Kommandantskap.
Det er eit stort apparat i sving når ein inviterer til eit slikt arrangement, ikkje minst er det mange frivillige involverte. Bjørvin Handverkslag er ei aktiv, viktig og synleg part i Bergenhusdagene. Dei siste åra har dei vore med å gje action på Koengen under Bergenhusdagene. Gjengen har laga ein stor valslynge eller kastemaskin som har fått namnet Magnus, etter den første kongen som tok slike i bruk her i landet. Denne får publikum vere med å trekke når den slynger sine kålhovud langt, og for ikkje å snakke om høgt over gressmatta på Koengen.
I fjor var nyvinninga pilregn med tunge stridspiler, som hagla over marka. I år var det også pilregn og heile oppvisinga slutta av med avfyring av handkanon. I det heile tatt var det ein del historisk artilleri på festningen desse dagane.
Bjørgvin handverkslag driv sjølvsagt også med handverk på Bergenhusdagene, eller Festningsdagene , og viste også fram mange forskjellige handverk.
Bildene er tatt av Kutschera/Fortidsfamilien som til tider sammenfaller med Kutschera/Kystsogevekene. Fortidsfamilien er nemleg familien til dagleg leiar i Kystsogevekene.