Startskotet for kystsogevekene på Radøy gjekk dagen etter det offisielle opninga i Tysnes. Radøy er den mest aktive kommunen der det er flest arrangement med i kystsogevekene, i år er det ikkje noko unntak. Radøy fant at det i høve Friluftslivets år og er 70 år sidan andre verdskrig tok slutt, var heilt naturleg å legga opninga av kystsogevekene til Skageneset,
Turen starta imidlertid ved rådhuset på Manger og ordførar Jon Askeland samla troppene, medan kjentmann Odd Matre losa oss gjennom kystlandskapet. Det var kring 65 menneske med på turen.
Imponerande mange møtte fram i Skageneset, anten dei hadde kommen til fots eller i båt, for minst like mange venta på Skageneset som dei som gjekk turen over land.
I Skageneset som i dag er friluftsområde, vart mange under krigen hjelpt på flukt til Shetland, og dagens heidersgjest Ingeborg Skagenes. Mor hennar, Dorthea Skagenes gav skjul for over hundre flyktningar medan dei venta på å koma seg over til England. Vi fekk eit historisk orienterin om aktivteten i Skageneset under krigen ved ein representant for Radøy sogelag.
Keipane Kystlang og Radøy ungdomsklubb og RS Ung Radøy var alle med og tilbydde aktivitetar for dei frammøtte. Ungdomsklubben hadde skattejakt med borna, og RS Ung tok borna med seg på turar med sin nye båt. Keipane hadde med segfleire kajakkar som folk kunne prøve seg i, og dessutan den fine snekka, Kjekken som tor turar utpå sjøen. Det var også kafe med god kystmat, med fiskeburger tillaga på takke over bål.
Lokalavisene var også med på opningsdagen på Radøy, her kan du lese meir:
Stort å over å vere tilbake Om heidersgjesten fortel om si oppleving i Avisa Nordhordland
Kystsogevekene startar – Førehandsomtale i Avisa Nordhordland
Pangstart-pa-Kystsogevekene – Strilen si reportasje
Opning i Skageneset – Radøy kommune si omtale av arrangementet