Tredje helg i Kystsogevekene 2015

No byrjar det nærme seg tredje helg i Kystsogevekene 2015, og det er stadig eit vell av arrangement å ta seg til i store delar av vestlandsregionen.

Dei kviler ikkje i Austrheim, men inviterer både til sykkeltur gjennom kommunen, og ikkje minst vandring i Fiskarbonden sitt rike på Krossøy.

Tek ein turen lenger nord til Landsbyen i havet – Fedje, kan ein få med seg revy både fredag og laurdag, og laurdag vil dessutan gamle Dampen Oster, vil ligge ved kai, og det vert både basar og open trafikksentral mm.

På Radøy helt entusiasten Guttorm Storheim ope i den store motorsamlinga si, han samlar på gamle båtmotorar, og det er stor sjanse for å få høyre godlyd på laurdag.

I Bergen vert det Gøy på landet når Hordamuseet inviterer folk til å vere med til Gamle dagar, med både robåtar, seglbåter, hopp i høyet og andre landsens gjeremål, gjerne i klede frå gamledager. Det er også høve for å køyre veteranbuss til Stend stasjon og det litle museet over gamle Osbanen.

I periferien i Vest, på Glesvær i Sund vert det Periferifestivalen, man havsus og populærmusikk, god stemning og god mat frå sjøen. Søndagen vert det Kyststemne i Trellevik kystkultursenter, her vert også Johannes Kleppevik Minnepris delt ut til en person som har særmerkt seg i arbeidet for kystkulturen i Hordaland. Kven som får prisen er framleis ein løyndom!

I Fjell inviterer Fjell kystlag til Langøy Kystgard for den tradisjonsrike Langøymarknaden på laurdag og søndag. Her er det høve for skillingsboller, mat og ein tur utpå sjøen med kajakk eller robåt, og ikkje minst god stemning på den flotte plassen.

I Fusa er dei inspirerte av tv-serien, når dei inviterer kystsogedag på den gamle 1700-tals militærgarden Engevik Gaard Anno 1724. Her vert det både kjente Anno-fjes som bøkkaren Jostein Gangstø frå Tønnegarden og Enok Groven, i tillegg til torghandel, bunader med aner frå 1700-talet og andre aktiviteter.

I Sveio, heilt sør i fylket er det klart for Kystsogedagar i Buavåg, her vert det sosialt og konsert med Embla laurdagskvelen, medan søndagen i er via tema Kultur og fruluftsliv, i høve Friluftslivets år, det vert tur frå Hovda, og vel framme i Sjøhuset vert sjølvsagt den gode hjortegryta servert.

Laurdag 22. august er det også Seilingens dag fleire stader i landet, også her i Hordaland.

Sjå heile programmet for Kystsogevekene

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s