Flott offisiell opning av Kystsogevekene 2015

Onarheim på Tysnes var staden der startskotet for Kystsogevekene 2015 gjekk laurdag 8. august. Vi fekk ein strålande dag, ei luke i den ellers fuktige og gråe sommaren. Himmelen var blå, skyene kvite og solen strålte saman med alle menneska som var med denne dagen.

For nokre av oss starta dagen på Tysnes med guida busstur frå Våge til Årbakka, Kaare Malkenes fortalte oss om stader og historie på vegen, vi passerte mellom anna Johannes Heggland sin heim, der mange av bøkene hans vart skrive.

På Årbakka vart vi møtt av lyden av ein gamal båtmotor, og røykringer sto opp framom dei gamle kvite handelshusa. Vertskapet på Årbakka tok i mot oss som kom med buss, og dessutan mange andre som også hadde tatt turen hit. Vi vart bydd på kaffe, deilige vafler og historie om handelsstaden.

Ved kai låg Senet og seglskuta Seladon. 25 heldige fekk vere med på fjordtur på vet til Onarheim og Alsaker Bryggje der den offisielle opninga skulle gå føre seg.

På Onarheim var det rigga til med scene, telt og nokre salsbodar, og også her hadde mange funne vegen i fineveret. Ei offisiell opningshøgtid inneber talar, og ordførar Kjetil Hestad ønskte velkommen til Tysnes og offisiell opning av Kystsogevekene 2015. Det var mange god ord som vart sagt denne dagen.

Tysnes presenterte også unge lovande musikarar frå øya, og heile programmet var ypperleg sydd saman av Jørgen Knudsen, som med varme og humor leia oss gjennom programmet.

På Alsaker Bryggje var det aktivitetar, bodar og mat. Det var høve til lå komme seg på fjorden, både med robåt og med selgbåten Seladon.

Onarheim var staden for opninga, og Tysnes ønkte også å vise fram den gamle Seløystova, her var det utstilingar, og for å komme dit var det lagt opp til guida turar av menn med hatt. Det var også høve til å komme seg opp bakken til Seløystova og til Onarheimskyrkja med staseleg hesteskyss.

 

Den flotta opningsdagen på Tysnes vart avrunda med at Onarheim kyrkje  vart tatt i bruk som Onarheim kulturkyrkje, og opna dermed for andre aktivitetar og arrangement enn dei reint kyrkjelege. Det var prost Svein Arne Theordorsen som sto for denne innviinga.

I våpenhuset til kyrkja var set sett opp ein plakatutstilling om Johannes Heggland sitt forfattarskap. Og den første forestillinga i Onarheim kulturkyrkje var basert på Johannes Heggland sine bøker, Brød av havet, om kvinna Anna Gyria sitt liv. Det er Johanne Øvstebø Tvedten som har bearbeida bøkene til ei forestilling med berre henne sjølv i rolla som Anna Gyria. Ho mala fram bilete og liv til Anna Gyria og menneska og miljøet kring henne. Ei imponerande forteljing som fengsla ei full kyrkje i dei ein time og førti minutter lange forestillinga.

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s