Kystsogevekene 2015 – snart går startskotet

På laurdag er det offisiell opning av dei 19. kystsogevekene, og årets opning vert på Tysnes. Denne gongen er det ein kommune i Sunnhordlandsregionen som skal vere vertskap, og vi er glade for at Tysnes ville ta på seg den rolla.

I år er det Friluftslivets år, og Kystsogevekene ønskjer at det også vert fokus på kystfriluftsliv. Dette gjenspeglar seg i programmet både på opningsdagen, med høve for tur til Blåbærhaugen, og dessutan i resten av programmet i dei 22 kommunane, med kring 25 ulike turar i kystområde, eller friluftsaktiviteter knytt til kysten.

Programmet i år er som tidlegare år allsidig, mangfaldig og variert, det er kunstutstillingar, konsertar, marknader og familiedagar. Det er både fjordabåtar, rokonkurransar og havsportaktiviteter.

Fleire stader vert det markert Seilingens dag, som også er ei markering i samband med Friluftslivets år. Segling er ein viktig del av norsk friluftsliv og Norges Seilforbund ønskjer å satse meir på alle som bruker seiling som rekreasjon og aktiv naturoppleving. Seilingens dag vert markert 22. august i fleire seglforeningar i regionen.

Vi vil også kunne sjå igjen Ivar Medaas – Dar kjem Dampen, kabareten som gjekk sigersgong i Bergen i fjor haust, og som også hadde ein kystturne i framkant. Under årets Kystsogeveker er det endå fleire stader som skal få besøk av Claus Sellevoll, Olav Stedje, Annlaug Børsheim og Aage Vaksdal.

Ta ein kikk i heile programmet og sjå meir om Kystsogedagar i Os, Meland, Langevåg, Buavåg og Radøy, om Periferifestivalen, Kanaldagane, Vervadagane, Sandviksdagene og Bergenhusdagene. Det er kring 160 ulike arrangement i dei 22 kystsogekommunane i dei kommande vekene, frå 8. august til 13. september.

Finn fram til kva du ønskjer å få med deg, og bli med du også!

Sjå programmet på kystsogevekene.no
eller bla i programmet direkte på nett

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s