Bli med i Kystsogevekene 2015

Det vårast og det byrjar å nærme seg tid for å få på plass årets rangement til Kystsogevekene.

Mange stader i dei 22 kommunane er lag og organisasjoner alt godt i gang med planlegging, medan andre er i startgropa.

Har du eller ditt lag ønskje om, eller planar om å få ei stand eit arrangement med fokus på kystkulturen? 

Kystsogevekene 2015 startar 8. august, med offisiell opning på Tysnes, og stormønstringa varar fram til 13. september.

Programmet i Kystsogevekene  famnar vidt, frå store folkefestar til intime konsertar eller små arrangement. Her er marknader, konsertar, torgdagar, revyar, turar og aktivitetar. Mange veteranbåtar er i sving, og folk i alle aldrar kan prøve seg på ulike maritime aktivitetar. Det er mykje god tradisjonsmat og gamalt handverk.  Kystkulturen er alltid med i Kystsogevekene, anten som hovudelement i arrangementet, som ramme kring eit arrangement, som tema eller som motiv.

Mange av arrangementa har med båtar eller fartøy, og gjev publikum høve til å komme om bord, vere på tur, eller sjølv ro eller køyre. Bruk av tradisjonsbåtar er viktige element i mange av arrangementa. Det vert også arrangert ro-, fiske- eller seglkonkurransar fleire stader. Det er svært mange museum og samlingar som har ope i perioden, og mange kunstnarar og artistar får oppdrag.

I år der det også friluftslivets år og vi ønskjer også å offordre folk til å ta i bruk kysten til friluftsliv – kan hende ta ein langre rotur saman med andre, eller ro rundt ei øy?

Mange av arrangørane syner også moderne kystkultur og kystkultur på nye måtar for at yngre publikum og oppveksande generasjon skal få forhold til kysten, forstå kor viktig den er og har vore for vårt moderne levesett. På denne måten ønskjer ein også at nye generasjonar får kunnskap og kjensle av å høyre til, og få eit godt forhold til kystkulturen.

For å få arrangementet med i det trykte programheftet er fristen 13. mai. Til då er det fint om de har på plass tittel, stad, dato og tid, og gjerne hovudtrekk i arrangementet.

Ta gjerne kontakt med dageleg leiar på kystsogevekene@hfk.no dersom de har spørsmål eller ønskjer hjelp på ein eller annan måte, eller berre vil ha ein prat og lufte tankar om arrangementet.

Håpar å høyre frå deg!

Kystsogevekene er ei stor kystkulturmønstring som går føre seg på Vestlandet frå midten av august til slutten av september kvart år. Dei siste åra har over 45.000 publikumarar tatt del i opp mot 200 arrangement i dei 22 kommunane: Sveio, Kvinnherad, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Fusa, Austevoll, Os, Bergen, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy, Osterøy, Meland, Lindås, Masfjorden, Radøy, Fedje, Austrheim og Gulen.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s