Frå Håkonarspelet – Kongen med Gullhjelmen

Første helga i september var det igen klart for Håkonarspel på Fitjar. Johannes Heggland skreiv i si tid fem Håkonarspel som alle var med i Kystsogevekene. Det vert berre sporadisk sett opp, og Kystsogevekene er svært glade dei gongane eitt av dei vert framført. Vi fekk eit lite utdrag av Håkonarspelet – Kongen med Gullhjelmen i fjor, då Fitjarsoga vart vist, og dramaet kring Håkon den gode er ein viktig del av dette, dette utdraget vart vist inne i kultur og idrettssalen, og utan kostymer eller kulisser. I år vart spelet vist i fullskala ute i Moahagen igjen, slik det var i 2010.

Før sjølve spelet begynte var det høve til å få ei historisk innføring i Håkon den Gode og arven etter han, Kjetil Evjen haldt føredrag i biblioteket i Kultur- og idrettshallen. Det vrimla av statistar og aktørar i vikingklede i området, og det var ei viss spenning kring i og lokala, mange born og vaksne skulle vere med på spelet. Etter føredraget gjekk dei fleste vidare til Moahagen og spelplassen.

På veg dit støtte vi på nokre vikingar som slakta ein hjort, og ei gruppe som sat samla kring eit bål, og praten surra både vikingane i mellom og  i publikum. Frå bortaste bakken i Moahagen kom den karakteristiske lyden av ein smed i arbeid, og bålukt låg over heile området og skapte stemning. Mens vi sat der og venta på at spelet skulle byrje kom det born forbi med ein geit i band, grupper av born, unge eller vaksne gjekk spaserande forbi medan dei småprata eller styrte med sitt, folk helste på kvarandre når dei passerte. I det heile tatt tablå som skulle gje inntrykk av kvardagsliv på ein stor og travel vikinggard.

Så kom spelet i gong, og vi kunne ta inn over oss historien om Kongen med Gullhjelmen, med dramatikk, kjærleik og stid. Eit flott gjennomført spel og verkeleg imponerande at det skal ha vore 94 aktørar på scena under spelet, og med orkester, sminke og kostymefolk var totalt 130 personar involvert! Dette er eit dugnadsløft det står stor respekt av!

Fitjarposten har ei større reportasje frå førestillinga.

Før spelet kom i gong var det også eit tablå framført av skuleelevar i høve grunnlovsjubileet.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s