Kyststemne i Trellevik og Johannes Kleppevik Minnepris

Kyststemne ved Trellevik kystkultursenter i Sund

Alt frå starten av Kystsogevekene i 1997 har det vore aktivitet ved Trellevik kystkulturenter, med mellom anna kanopadling, utstillingar og kafe, familiedag og segling. Etter eit år med arrangemnt på forsommaren, var Kyststemnet i Trellevik tilbake til seinsommaren, nærmare bestemt søndag 24. august. I år var det også ramma for å dele ut årets Johannes Kleppevik Minnepris.

Kyststemnet startar med gudteneste søndagen, og etter gudstenesta går det slag i slag med sjø- og øysafari, kappseilas for vaksne. Store og små fekk boltra seg med ymse aktivitear til sjøs og på land, og i konkurransar. Det var også grilling. Kappseilas er viktig del av arrangementet, sjølv om det dessverre ikkje er så mange deltakarar med. I år var det berre tre, og ein måtte bryte på grunn av problem med roret. Det betyr imidlertid ikkje at dei ikkje er dyktige seglarar som er med. Årets vinnar er grossist i Trellevikpokalen, han har ved fleire høve fått vandrepokalen til odel og eige, etter tre sigre, og årets siger var den andre i rekka på denne pokalen.

Til Kyststemne høyrer det ikke berre aktivitetar på sjø og land til, det brukar også å vere eit kulturprogram, og i år var det bestemt at det skulle vere utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris, og kulturprogrammet vart derfor prega av Kystens trubadur.

Silje Emilie Pedersen og Linn Ødegård spelte mellom anna eigenkompnert musikk på toradar. Sotra folkedansarlag viste eit langt danseprogram, og hadde mellom anna øvd inn Vårvise i naustet av Johannes Kleppevik, den var også delt ut til allsong i naustet. Det var også eit kåseri om strilakulturen.

Kulturprogrammet i Bygnaden denne augsutdagen var knytt opp mot at det skulle vere utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris, og noe var tiden komen for tildelinga av Minneprisen til Nils Harald Lie frå Fjell. Han kjente Johannes Kleppevik godt, då dei jobba saman om Torgdagen i Bergen sidan oppstarten i 1977. Det var likevel vel så mykje Nils Harald Lie sitt andre arbeid for kystkulturen og strilakulturen som var grunnen til denne utmerkinga denne gongen. Gjennom mange år har han samla inn eit omfattande materiale av intervju med eldre personar på Sotra, og i dag er dette av stor kulturhisotrisk verdi, og vil verte ei særs vikig kjelde til å forstå og ta vare på mykje av den gamle kystkulturen på Strilalandet.

Kyststemnet i Trellevik var eit flott familiearrangement som gjekk over i eit fint kulturprogram i den store Bygnaden på Trellevik Kystkultursenter. Det var ei flott ramme kring utdelinga av minneprisen etter kystens trubadur Johannes Kleppevik.

Folkeakademiet Sund arrangerte Kyststemne i Trellevik saman med soknepresten i Sund, Tofterøyspeidarane, Tofterøy bygdelag, Toftosen seglarlag, Sund kystlag.

Reklamer

Én tanke på “Kyststemne i Trellevik og Johannes Kleppevik Minnepris”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s