Vått, men Gøy på landet!

Søndag 24. august var det Gøy på landet!Hordamuseet på Stend i Bergen. Dette er eit årleg arrangement på museet knytt livet i gamle dagar, med kystkultur og gardsliv. Det er vekt på kystkulturen, sidan Hordamuseet har den nye Båthallen med ein flott samling av 26 opne klinkbygde trebåtar.

Da det var Gøy på landet! var det mykje gøy å vere med på: skjønskrift i skulestova, klesvask i tunet, leikar på skuleplassen eller hoppe i høyet på Bjorvollen. Ungane fekk bygge seg eigne båtar som ofte var kreative konstruksjonar med og uten segl eller strikkmotor, fartøy som straks kunne sjøsettast i eit lite basseng i tunet. Nede ved nausta kunne dei spikke seg krabbefangarar og prøve i fjøra, eller trene seg på å lage knuter og fortøye båtar.

Båtbyggjaren Hallgeir F. Bjørnevik har i perioder base i Båthallen på Hordamuseet kor han byggjer og vøler tradisjonsbåter, han vår å finne i hallen også denne dagen.

Museet har med seg fleire grupper frivillige lag og organisasjoner på dette arrangementet:

Båtlaget Fanafjorden Tradisjonssegling tok med seg folk på fjorden for å prøve å ro i færing eller i seksæring, eller prøve å segle med råsegl eller sprisegl. Hordaland Husflidslag hjalp born med å lage hoppetau på reperbane og lage snorer med slyngestokkar. Horda Historiske handverkslaug var med på ulike aktivitetar i tunet, mellom anna karding, spinning og bakst. Foreninga Sprattus Sprattus jobbar for brislingens fremme og serverte smaksprøvar på frityrsteikt brisling.

Det var ikkje berre på Hordamuseet på Stend det var arrangement denne dagen, også på Stend stasjon var det aktivitet, liv og røre. Osbanens Venner inviterte publikum til å komme inn i den vetle stasjonsbygningen på Stend. Her er det laga ein liten utstilling med bilete og gjenstandar frå den gamle jernbanen som gjekk frå Os til Nesttun, og det var viste ein liten film frå banen. Venneforeninga solgte også kaffi og vaflar, frimerker og og postkort og få dei stempla i brevhuset i stasjonen. Kort eller brev som vert postlagt på stasjonen, vert stempla med museet sitt eige motivstempel.

Osbanens Venner hadde også invitert stolte eigarar av veteranbilar slik at langs det korte strekke med togskinner i stasjonsområdet, var det stilt opp flotte veteranbilar. Det var også sett opp veteranbuss frå Lagunen til dei to arrangementa på Stend, slik at publikum kunne får med seg begge, og reise på ein standsmessig måte.

Sjølv om dagen var til dels litt regnvåt, og det ikkje var fullt så mykje publikum som ønske, er det grunne til å tru at dei som møtte hadde ein flott dag, det hadde i hvert fall vi!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s