Reisen til Amerika – Liv i emigranthusa i Utvandringssenteret

Frå Vikingland gjekk turen til Amerika – eller rettere sagt til Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta på Radøy. Her finn vi nemleg eit lite stykke Amerika, landet som norske utvandrarar søkte til for å få oppfylle drømmen om ein lys framtid i betre kår ein i gamlelandet. Bygningar som nordmenn sette opp i Amerika kring førre århundreskifte, er plukka ned og gjenreiste her på Sletta. Denne søndagen i august var det igjen Liv i emigranthusa, og aktivitetar på området, og på flaggstengene vaia det amerikanske flagget.

Dei norske emigrantane møtte indianarar og måtte forhalde seg til det. På Utvandringssenteret fekk vi sjå flintsmeden Morten Kutschera lage pilspisser og andre redskap av stein slik dei gjorde i steinalderen her, men som indianarane framleis gjorde då dei norske innvandrarane i Amerika kom dit. Indianarane brukte også pil og boge, og Børje Møster saman med hjelparar, sytte for at fekk publikum også prøve seg å felle ein «rev».

Eventyrlyst og rykter om godt land og gull var kan hende noko som lokka normenn til Amerika, og denne dagen var det også høve til å prøve seg på «gullgraving», og borna la ned stor iver over tinnfata i jakta på «ekte» gull. I ei av stovene fekk dei forsøke seg på å sy indianar skinnpungar med glasperlepynt.

Inne i kyrkja som også er flytta frå Amerika, var det også konsert litt seinare på dagen. Ved parkeringsplassen utanfor kyrkja var det sett opp kafetelt der veneforeininga solgte amerikansk hamburger.

Både Vestnorsk Utvandringssenter og Lyngheisenteret er med i den konsoliserte eininga Museumssenteret i Hordaland, dei hadde koordinert dei to arrangementa under tittelen Frå Vikingland til Amerika, og sett opp båtskyss mellom Lygra og Sletta, slik at publikum hadde høve til å få med seg arrangement begge stadene. Båtskyssen var eit prøveopplegg og noko dei ønskjer å utvikle vidare. Vi hadde ein strålande dag og var særs glade for å få med oss begge stader. Landveien er det ein lang tur, men med ein rask båt gjekk det kring 10-15 minutt, og det var friskt og herleg på sjøen. Vi hadde litt kort tid på Sletta for vi måtte rekke siste skyssbåten tilbake til Lygra, for ikkje å risikere å strande på Radøy med bil på Lygra, men dette var ein kjekk måte å kombinere to flotte reisemål og arrangement.

Sjå litt meir om Vikingmarked og middelalderdag pa Lygra

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s