Frå Havfestivalen 2014

Fredag 15. og lørdag 16. august var det Havfestivalen i Storesundet på Syltøy i Fjell, det var den fjerde i rekken, etter eitt års pause. Primus motor for festivalen er Gert Nordvik, med seg har han familien Storesund, som har lange tradisjonar i på staden. Sjå meir om historien om og bagrunnen for festivalen.

Fredag kveld var det dei vaksne sin del av festivalen, med konsertar og show, med Ausekarane, Endre Nordvik, Grace&Menace, MK Marvellous Medicine  og New Age, det var scene både i naustet og ei hovudscene ute.

Starten på helga var det ein del regn, men det møtte likevel opp mykje folk for å få med seg festivalen.

Sjølv kom vi med bil på lørdag, men la merke til at det sto mange bilar parkert på Møvik, og då vi kom ut til Storesundet fekk vi forklaringa – det var sett opp skyssbåt som gjekk i rutefart og frakta folk. Eit populært og godt tiltak!

Laurdag var det familiedag med mange opplevingar og aktivitetar for familiar, med mellom anna besøk av Vennebyen. Likevel var det i stor grad Sjørøvarar og piratar som prega mykje av dagen, i hvert fall då vi var til stades. Det var eit kjekt show først frå scena, og alle måtte ta del i sjørøvaraktivitetar som minna mistenkeleg om aerobic, men kva gjer vel det? Det vekte latter og glede. Ivrige små tilskodarar fekk også ta turen opp på scena for å framføra ein song. Etter showet frå scena retta vi merksemda mot sjøen, og der låg det jammen eit lite sjørøvarskip. Alle ungar og vaksne gjekk mot sjøkanten og sjørøvaren tok fram sin store kanonsprettart for å få tatt fienden sin, og å få tak i ein skatt. Mange fekk vere med å fyre med kanonen som sende vannballongkular mot piratskipet. Til slutt fekk dei has på fienden, nokre av dei måtte gå planken, mens skipet var ført til brygga. Vel i land tok «vår» sjørøvar eit kobbel av ungar med seg for å finne skattekista – det gjorde dei, og skatten vart delt – gullpengar til alle!

Andre aktivitetar hoppeslott iform av eit sjørøvarkip, vi kunne skyte med pil og boge, kaste øks på blink, prøve små elektriske bilar, eller ride på hest.

Ein havfestival har sjølvsagt også hav- eller sjøaktivitetar, og borna kunne komme seg litt utpå i Redningsselskapet sin Eliasbåt. Dette er framleis veldig populært, og i år har Eliasbåtane også fått  ny og finare design, slik at dei liknar meir på Elias som ungane kjenner frå film og TV.

Den gamle landhandelen i Storesund er i dag omgjort til museum av Egil Storesund, med alt mulig «rart» fra «a til å». Her nytta vi høvet til å ta ein kikk innom, og vi fekk ei historie og ny lærdom med oss ut igjen.

Det var også ei mengde ungar ute i sundet i kajakkar, det var tydeleg populært og kjempegøyt! Det var stor stas å handtere farkosten sjølv, og for mange var det gjerne den første, men ikkje den siste turen med kajakk, kan hende ein framtidig hobby.

Det var sjølvsagt også høve til å kjøpe seg mat, vi fekk mellom anna prøvd Fjell kystlag sin deilige fiskesuppe!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s