Frå den offisielle opninga av Kystsogevekene 2014

Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2014 var det Øygarden kommune som var vertskap for, og sjølve arenaen var Kystmuseet i Ovågen. Datoen var 9. august og i forkant var det relativt gode vermeldingar. Etterkvart som dagen nærma seg på vart det klart at det var uver i vente. I løpet av dagen fekk endåtil ekstremveret  namn, Lena. 

Til trass for dette gjekk sjølve opningshøgtida og arrangementet greit fore, og vi gjekk klar Lena, sjølv om båten Vestgar som var hyra inn til gjestane, bad om å få dra litt tidlegare, sidan ho skulle heilt inn til Bergen att på kvelden. Jammen gjekk vi klar, og vi hadde ein flott dag med ein god del spenning knytt til veret.

Kystmuseet hadde stelt i stand ein liten marknad, der nokre husflidsaktørar hadde utsal, mellom anna med strikkeprodukt og ikke minst fellar og åkle av villsau. Til ein marknad høyrer det sjølvsagt også til med musikk, og det fekk vi i form av toradarar av Beate Lyngøy og Anne Pollestad. Dale Oen Experience stilte med kajakkar som publikum kunne ta seg ein prøvetur i. Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter, ein trufast gjest på opningane av Kystsogevekene, var saman med kona ein som nytta høret til å få seg ein liten rundtur inst i Ovågen – det såg ut som om om det ikkje var første gongen dei hadde padla! Kystmuseet sin eigen litle snekke Syvert tok også småturar dersom nokon ønskte å vere med utpå ein tur. Det var høve til å ta ein raskt tur ut til visningssenteret for oppdrettslaks som Kystmuseet har samarbeid med. Dette samarbeidet vart også gjenspegla i ei biletutstilling av produksjon og produkt i eit stort nothus på kaien. Den moderne kystkulturen vart også representert i form av tilbod om busstur med veteranbuss til det hypermoderne Kolsnesanlegget som behandler gassen fra feltene Troll, Kvitebjørn og Visund.

Sjølve den offisielle opnina av Kystsogevekene 2014 gjekk føre seg i amfiet utanfor Kystmuseet. Ordførar Otto Harkestad ønskte velkommen til Øygarden, som i år har 50-årsjubileum og trakk linene frå det gamle kystsamfunnet fram til den moderne oljesamfunnet, og la vekt på museet si rolle i å forankre innbyggarane i historia og kulturarven vår i den rivande utviklnga vi er inne i.

Styreleiar i Stiftinga Kystsogevekene og stortingsmann Ove Trellevik, holdt også ein kort tale der han fortalte om spennvidda i programmet for Kystsogevekene 2014, med til saman i programmet nesten 200 ulike arrangement frå kaidagar i Gulen til familiedagar i Sveio. Han nemde noko av det store utvalet arrangement som er med i programmet. Eit godt historisk spekter med blant anna Radøy skal ha steinalderhelg, vikingmarknad på Herdla og Lygra, dessutan også arrangement og festivaler der det historiske møter framtida – som viser kystkultur utvikling. I nabokommunane til Øygarden er det Periferifestival på Glesvær , Open dag på CCB basen på Ågotnes – der vi får sjå Hypermoderne ”kyst og oljekultur”, og den aktive Havsportveka blir også i år arrangert i Nordhordland. Programmet vitnar om at Kystsogevekene som stifting tek vare på historia, samtidig som vi utviklar oss og tar med oss ny kystkultur og samfunnsendringar.

Styreleiar gav ordet vidare til Bjørg Christophersen, leiar for Kystmuseet i Øygarden, og leiar for Nasjonalt nettverkt for fiskerihistorie og kystkultur. Ho haldt ei interessant tale og sette kystkultur i perspektiv før ho foretok den offisielle opninga av Kystsogevekene 2014. 

Etter talene fekk vi ei flott forestilling med Cato Jensen, frå Salhus, som ogås harselerte litt med far sin Bjørn Jensen, kjent frå Vinskvetten og Ausekarane. Han leverte eit flott og morosamt show. Cato Jensen har sjølv vore på turne i Kystsogevekene med forestillinga Singel og sand med Hordaland teater i 2006.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s