Kystsogevekene i Os og Fusa

På laurdag 9. august starta Kystsogevekene, med startskot i Øygarden. I regionen Os og Fusa er det først denne helga det vert kystsogearrangement.

I Fusa er inviterar Sævareid ungdomslag 23. august til kabaret i Breidablikk: Ivar Medaas – Dar kjem dampen. Den forestillinga vert den første i Dar kjem dampen sin kystturne, som skal vere fleire stader i Kystsogevekene, mellom anna i Os, på Oseana den 29. august og på Tysnes den 24. august.

Laurdag 23. august vert det opning av Kystsogevekene i Os, det vert med den tradisjonelle fiskekonkurransen og oselvarsegling i Søre Øyane. Bli med!

Det vert sjølvsagt også utstillingsopning på Vedholmen Galleri, denne gogen er det Jan Erik Willgohs som stiller ut. Det vert også ei minikonsert med Gabriel Fliflet.

I Fusa er det klart for Torgdag i Engevikhamn. Det vert stor aktivitet i mellom sjøbuene med torghandlarar både frå Fusa og nabokommunane. Her får vi både sjå demostrasjon av gamle handverk, utstillingar og det vert aktivitetar for store og små. Her skal det bli både rykande ferske bakevarer, torgvarer, lokalt handverk og krimskrams. Det ver omvisning i det historiske bygningsmiljøet og høve til å laga dine eigne småbåtar i tre med kyndig hjelp av båtbyggar!

Seglsluppen «Seladon» er tilbake og tar publikum med på små fjordturar mellom Engevikhavn og Engevik gaard. Engevik gaard er open og her kan ein kjøpa seg middag og kaffimat. Det skal også gå veteranbuss i skytteltrafikk mellom Sævareid, Engevik gaard og Engevikhavn.

Sjå heile programmet for Kystsogevekene i Os

Sjå heile programmet for Kystsogevekene i Fusa

 

 

 

 

 

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s