Kystsogevekene 2014 i Sunnhordland

Laurdag 9. august går startskotet for Kystsogevekene 2014 i Øygarden. No er det igjen klart for Kystsogeveker i 22 kommuner langs heile kysten av Hordaland og i Gulen. Det vert aktivitet i alle sunnhordlandskommunane i denne store kystkulturmønstringa som varer fram til 14. september. Her skal vi få oppleve både konsertar, båtturar, foredrag, revy, messer og mykje meir. 

I Sunnhordland startar dei opp med Fitjarfestivalen alt før sjølve opninga, festivalen strekk seg inn i første helga av årets Kystsogeveker. I Fitjar seinare framføring av Håkonarspelet – Kongen med gullhjelmen, det gler vi oss til! Det vert også Sogekveld i Fitjar i år og open dag. Sjå hele programmet for Fitjar

Vervadagane i Sagvåg er det største arrangementet i Stord i løpet av Kystsogevekene. I tillegg får vi også Open dag på Sunnhordlandstunet. Sjå hele programmet for Stord

Tysnes og Bømlo har til felles i årets kystsogeveker at dei begge stadene viser kabareten Ivar Medaas – Dar kjem dampen! Ei forestilling skriven av Claus Sellevoll som også medverkar saman med venner. Dei skal også mellom anna til Fusa, Os og Meland på ein kystturne som endar opp på Ole Bull Scene i Bergen.

Anna program på Tysnes er Den store reise – 200 års samfunnsutvikling, som Tysnes Sogelag inviterar til, og sjølvsagt Dansegalla i Tysneshallen. Sjå hele programmet for Tysnes

I Bømlo får arrangement i heile den langstrakte kommunen, frå Brandasunddagar i nord, via Kanaldagar og sør til Kystsogedagar i Langevåg. Det vert også Kystsogeutstilling i Moster Amfi. Sjå hele programmet for Bømlo

I Sveio har Sveio Gullforening valt Frå hage til mage som tema for sine Kystsogedagar i Buavåg. Det vert også konsertar og aktive familiedagar. Ryvarden Kulturfyr byr på både fyrjazz, fullmånekveld og utstillingsopning. Sjå hele programmet for Sveio

Kvinnherad er også med i Kystsogevekene, og dugnadsgjengen på Gurine syner fram arbeidet dei gjer på Galeasen Gurine i Skålafjæro. På bygdetunet Rød vert det både utstilling, rytmre og kunstprosjekt. Sjå heile programmet for Kvinnherad

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s