Kystsogevekene 2014 i Nordhordland

Nå er det igjen klart for Kystsogeveker langs heile kysten av Hordaland og i Gulen. Startskotet går på Kystmuseet i Øygarden, men alt same dag er det også ei rekkje arrangement i Nordhordland.

Radøy er ein av dei mest aktive kulturkommunane innanfor kystsogevekene, og laurdag 9. august startar også Kystsogevekene i Radøy, og denne gong er det Meierikaien i Nøtlevågen som er arena. Her vert det familiedag med mange aktiviteter, også knytta mot staden sin gamle funksjon. Dagen vert avrunda med bryggetreff med dans og hyggje.

Ein nykommar på Radøy i av Kystsogevekene er Steinalderhelg der vi kan få prøva fiske med beinkrok og klebersteinssøkke, bogeskyting med boger av heiltre, flintslaging, syiing i skinn m.m. Mellom årets praogram finn vi både fiskekonkurranse, amerikareise, gamle motorar og smier, born frå 1800-talet og mykje meir. Sjå heile programmet for Kystsogevekene i Radøy

Også i Gulen inviterer dei til å dele kystkulturen alt første helga. På søndag vert det Kaidagen! på Furneskaien. Kjem det rekebåtar i år også, og har dei fått fangst? Seinare i Kystsogevekene vert det stor aktivitet med heile fire opna dagar på Sellevåg Treskofabrikk. No er også turbinen restaurert og kan dragast i gong. Nytte høvet til å få med deg freda tekniske kulturminnet!  Sjå heile programmet for kystsogevekene i Gulen

Fedje satsar også i år på Kultur i landsbyen i Havet, og har program konsentrert om ei helt, då vert det til gjengjeld både Maritimt meisterskap, konsert, avduking av monument og mykje anna kjekt. Sjå hele programmet for Fedje

I Masfjorden har sommerscena konserter og omvisingar i Kvamsdals fargeri, og Masfjorden båt- og sjøbrukssamling. Nokre av desse kjem også innunder Kystsogevekene, mellom anna Lighthous stories, ein konsert med tonesette fortellingar frå en fyrvoktar. I slike maritime omgjevnader er det duka for god stemning. Sjå hele programmet for Masfjorden

Austrheim er alt godt i gong med Havsportveka, den helg fram ut i opningshelga av Kystsogevekene. Laurdagen vert det også Fonnesdagen, Dajen dar folk møtest, og her kan du nok treffe både venner og bekjente. Seinare i kystsogevekene kan du ta turen i Fiskarbondens rike på Krossøy. Sjå heile programmet for Austrheim

I Lindås kan du treffe vikingar i Kystsogevekene. På Lygra vert det skipa til Viking- og mellomalderdagar i samarbeid mellom vikinglag og Lyngheisenteret. Eknesvågens Venner er som vanleg aktive og inviterer til ei heil rekkje med føredrag kvar søndag i kystsogevekene. Sjå heile programmet for Lindås.

Kystsogedagane i Meland trekk fram Kabareten Ivar Medaas – Dar kjem Dampen, i Claus Sellevoll og venner sin forestilling. Dette vert høgdepunktet i Kystsogehelga på Holmeknappen, men dei har også mykje anna å by på. Det er nye utstillingar både i Holmestova, Sjøbua og Galleri Rustica, og sjølvsagt er det markand på kaien. Sjølvaste Dampen DS Oster er som alltid heidersgjest, og det er stor stas når den hese dampskipsfløyta helsar på Hurtigruten som kjem leia i Herdlefjorden. Sjå heile programmet for Meland

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s